JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KlimaSamfunn

Ekstremtørke ­trugar Amazonas

Forskarar ropar eit kraftig varsku: Klimaendringane kan tørka ut regnskogen i Amazonas.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Husbåtane ligg stranda ved Puraquequara-sjøen ved Manaus i delstaten Amazonas i Brasil 5. oktober i fjor.

Foto: Edmar Barros / AP / NTB

11093
20240209

Bakgrunn

Tørken i Amazonas

Amazonas-bassenget opplever den verste tørken på over 100 år.

Elveløp tørkar ut, fisk døyr og avlingar sviktar.

Det har vore rekordmange skogbrannar.

Forskarar peikar på global oppvarming som hovudårsaka til tørken og fryktar at heile regnskogen kan forsvinna.

Klima

erik@dagogtid.no

Vassmangel og ekstrem tørke – i Amazonas? Lenge vart det nærmast sett på som fiksjon. Men med varmerekordane i fjor nådde ekstremtørken regnskogen.

– Det er den verste tørken me har sett i Amazonas i nyare tid, kanskje den verste nokon gong, seier professor Tore Furevik, direktør for Nansensenteret i Bergen, til Dag og Tid.

– Elvar me aldri har sett tørrlagde, er no heilt tørka ut, seier forskar Suzette Flantua ved Universitetet i Bergen.

Fleire hundretusen menneske er ramma: Elvane som blir brukte som transportårer, tørkar ut, fisken døyr, skogen brenn, og brønnane tørkar ut.

– Klimaendringane forandrar alt. Det vil bli vanskeleg for oss å leva her, uttaler Maria Vanessa Tavares, ein 36 år gammal lærar som bur ved elva Rio Negro, i eit intervju med Al Jazeera.

Kva er det som skjer?

Ein båt på ein tørkeramma del av Amazonas-elva nær Manacapuru i Brasil.

Foto: Edmar Barros / AP

Skogen kan tørka ut

Forskarane meiner at regnskogen i Amazonas har eksistert i minst 50 millionar år. Amazonas er eit sjølvregulerande system av vassdamp, skyer og luftstraumar som strekkjer seg over enorme areal.

Men no kan dette systemet kollapsa. Årsaka er global oppvarming og avskoging.

– Alle parametrar me kan måla, viser at Amazonas-bassenget, med ulike økosystem som den tropiske regnskogen, er truga av kollaps, seier Suzette Flantua.

Avskoging har lenge vore ein trugsel i Amazonas. Skogen har vorte brend og hoggen ned, og omdanna til beiteområde og savanne. 17 prosent av den opphavlege skogen er så langt fjerna. Men dei siste åra har ein ny trugsel reist seg. Den globale oppvarminga er no så alvorleg at ho trugar med å tørka ut skogen.

Ein viktig faktor er vêrfenomenet El Niño. Eit fenomen forårsaka av uvanleg høge temperaturar i overflatevatnet i Stillehavet, som igjen påverkar luftstraumane over Sør-Amerika. Men at El Niño påverkar temperaturane i Amazonas, er ikkje noko nytt. Det som er nytt, er dei store utslaga det har gitt.

– El Niño har eksistert i tusenvis av år. Men Amazonas er no så forandra og forstyrra av naturinngrep og global oppvarming at det styrkjer dei negative effektane som alt er der, forklarer Flantua.

Tørken i 2015–2016 var ein vekkjar. Mange tre døydde eller brann ned, samtidig som evna skogen hadde til å binda klimagassar, fall. For første gong byrja forskarane å snakka om at Amazonas var ei netto kjelde til utslepp av klimagassar. Skogen sleppte no ut meir karbondioksid (CO2) enn han batt.

– Me har sett ein langvarig trend der det blir varmare og tørrare i Amazonas. Så kjem El Niño på toppen av den langvarige trenden, forklarer professor Tore Furevik.

– Kor ille kan det bli?

– Basert på klimamodellane er utsiktene dystre. Det er ein klar risiko for at heile skogen kan tørka ut, seier han.

– Er ikkje dette ei overdriving?

– Nei, situasjonen er alvorleg, og sjølv om temperaturen er ekstra høg i år på grunn av El Niño, veit me at hetebølgjene og tørken berre blir verre framover.

Ein innbyggjar ber mat og drikkevatn han har fått utdelt som statleg naudhjelp i samband med ein tørkeperiode i Solimoes-regionen i oktober 2023.

Havtemperaturen

At det oppstår tørke i Amazonas, er ikkje uvanleg. Regntida varer gjerne frå desember til mai, medan august til november blir rekna som den tørre perioden. 2023 har likevel vore eit ekstremt år. For i tillegg til dei høge temperaturane i Stillehavet har ein sett rekordhøge temperaturar i Nord-Atlanteren. I juli månad vart det målt ein gjennomsnittleg sjøtemperatur i Nord-Atlanteren på 24,9 grader – langt over normalen, skal me tru det amerikanske direktoratet som gjennom mange tiår har utført målingane: NOAA.

– Den nye rekorden på 24,9 grader er meir enn éi grad varmare enn det som har vore gjennomsnittet for den klimatiske 30-årsperioden 1982–2011, skreiv direktoratet i ei melding då rekorden vart kjend.

Dei høge temperaturane i Nord-Atlanteren trekte den intertropiske konvergenssona (ITCZ) nordover – eit band av skyer og fuktige luftstraumar som til vanleg krinsar rundt ekvator. Slik vart det mindre luftfukt og skyer rundt ekvator som kunne trekkja inn over Amazonas. Vanlegvis kondenserer vassdamp frå havet og driv inn over land, men varm luft har i år gitt mindre kondensering og redusert skydanning. Amazonas fekk sol når han skulle hatt regn.

– Utover hausten 2023 har det vore ekstremt tørt i Amazonas, seier Furevik.

– Me har sett ein kombinasjon av meir varme, mindre nedbør, ekstrem tørke og ein sterk El Niño, som alt har drege i same retning, mot ekstrem tørke, forklarer han.

– Elvar me aldri har sett tørrlagde, er no heilt tørka ut.

Suzette Flantua, forskar

Farleg vippepunkt

For folk på bakken har situasjonen vore prekær. Urfolket i Amazonas rapporterer om sviktande avlingar, død fisk og tørre brønnar. I november vart det sett varmerekord i Brasil, med 44,8 grader i byen Aracuaí. Ekstremvarmen kom etter at det alt hadde vore varmerekordar for juli, august, september og oktober. I Rio de Janeiro vart det målt ein såkalla «kjennest som»-temperatur på 58,5 grader. Forskarar skuldar på menneskeskapte klimaendringar: Forbrenning av kol, olje og gass aukar gjennomsnittstemperaturen på jorda og endrar økosystema.

– Ein kan ikkje sjå bort frå tørke som dette også utan menneskeskapte klimaendringar. Men sjansane for at dei oppstår, og frekvensen av slike hete- og tørkeperiodar over Amazonas, er auka med 30 gonger på grunn av klimaendringar, forklarer Furevik.

Han viser til ein heilt ny studie utført av World Weather Attribution, eit forskingssenter som mellom anna er knytt til Imperial College London. No meiner instituttet at det er klimaendringane som er hovudårsaka til den pågåande tørken i Amazonas, ikkje El Niño. Tørken isolerer menneske og har drepe hundrevis av truga elvedelfinar. Endringane er i tråd med det forskarane har funne gjennom andre klimamodellar.

– Trenden i Amazonas er mindre nedbør, meir tørke og verre tørke. Så kjem avskoging på toppen, seier Furevik.

Suzette Flantua er forskingsleiar ved Universitetet i Bergen og deltek i eit internasjonalt vitskapspanel for Amazonas. Ho seier alle piler no peikar i feil retning.

– Alle teikn peikar på at Amazonas er i ein veldig kritisk situasjon. Alle dei kritiske økosystema i Amazonas er i forandring, seier ho til Dag og Tid.

Dei største trea i Amazonas trekkjer opp enorme mengder vatn frå grunnen og frigjer kvar dag opp mot 800 liter vassdamp gjennom blada. Slik er trea naturlege vasspumpesystem. Vassdampen dei produserer, resirkulerer regnet, senkar lufttemperaturen og gir grunnlag for regnskyer som skaper nesten halvparten av den totale nedbøren i skogen. Det er dette naturlege pumpesystemet forskarane no fryktar kan svikta.

Dei siste 50 åra har altså over 17 prosent av den opphavlege regnskogen forsvunne. Mindre skog gir mindre damp, mindre resirkulert regn og færre tre som skjermar mot varmen. Skal me tru den brasilianske meteorologen og klimaforskaren Carlos Nobre, er regnskogen farleg nær eit vippepunkt: Forsvinn 20 til 25 prosent av skogen, vil vassfordampinga bli så svekt at skogen ikkje lenger klarer å regenerera seg sjølv: Amazonas vil bli forvandla til ein tørr savanne, eller ein einsarta krattskog.

– Me veit heilt sikkert at me nærmar oss desse tersklane, der store delar av skogen samla sett kan gå tapt. Det er sett i gang prosessar som er svært vanskelege å reversera. Men det er uklart kor nær ein er punktet der skogen ikkje lenger overlever, seier Furevik.

Ein mann leitar etter vatn i ein brønn i Puraquequara-sjøen i Manaus i Amazonas.

Ein mann leitar etter vatn i ein brønn i Puraquequara-sjøen i Manaus i Amazonas.

Foto: Edmar Barros / AP / NTB

Fleire blir sjuke

Flantua seier endringane ein no ser, er av historiske dimensjonar.

– Det har alltid vore forandringar i Amazonas-bassenget. Men det me er opptekne av å forstå, er kor store forandringane er no i forhold til før, seier ho.

– Me undersøkjer mengda vatn i lufta, mengda sediment i elvar og bekker, me ser på kvar og kor ofte det regnar, og kor lenge det er tørt. Alle desse parametrane forandrar seg ekstremt raskt. I år har me sett tørrlagde elvar der det aldri har vore tørre elvar før, det er fleire brannar, og heile vassystemet tørkar ut, forklarer ho.

Lengre tørkeperiodar pleidde ikkje å ramma Amazonas meir enn kvart tiande år. Skogen var robust og tolte det godt. Men sidan 1998 har ein hatt seks store tørkeperiodar, tre av dei ekstreme. Det set skogen under stort press. Situasjonen er verst i dei austlege delane av Amazonas, der 30 prosent av skogen har gått tapt.

Gjennomsnittstemperaturen i denne regionen har auka med 3,1 grader på berre 40 år, tørkeperiodar som før varte i tre månader, varer no i fire, og den vesle nedbøren som kjem i tørkeperioden, er redusert med ein tredel.

Ellen Hestnes Ribeiro leier Brasil-programmet i Regnskogfondet og er for tida i Rio Branco, i Acre, der ho møter urfolk frå grenseområda mot Peru. Ho seier tørken har hatt store konsekvensar for lokalbefolkninga.

– Tørken rammar alle funksjonar for dei som bur langt frå byane, dei mest sårbare. Mange har mista drikkevatnet og tilgang til reint vatn. Det har ført til sjukdom også blant barn, fortel Ribeiro på Zoom-link frå Brasil.

Båtar med mat, medisinar og forsyningar kjem ikkje inn, sjuke kjem ikkje ut.

– Tørken i haust var heilt ekstrem. Folk fortel at dei aldri har opplevd noko liknande. Det har også vore situasjonar med insektangrep av svært uvanleg type mot avlingar av maniokplanter. Om det er direkte knytt til klimaendringar og tørke, tør eg ikkje seie. Men det er uvanleg.

Framleis håp

Oktober 2023 var den verste oktobermånaden med skogbrannar på 25 år. Satellittovervaking viste 2770 utbrot av skogbrann, ein auke på 154 prosent frå året før.

– I Manaus låg det eit røykteppe over byen i lange periodar, fortel Ribeiro.

Ho seier det viktigaste no er å stansa avskoginga, noko som også er målet til den nye regjeringa.

– Så lenge avskoginga ikkje blir stansa, vil tørken auke på, og klimaet blir forverra, seier Ribeiro.

Ho trur urfolka i Amazonas må tilpassa seg eit endra klima.

– Syklusane er alt i ferd med å forandra seg, seier ho.

Skulle regnskogen forsvinna heilt, vil det vera katastrofalt for millionar av menneske som bur der, og for det fantastiske artsmangfaldet som finst i skogen. Men det forskarane kanskje fryktar mest, er dei enorme mengdene med lagra karbon som vil bli frigitt. Utrekningar viser at regnskogen lagrar 120 milliardar tonn karbon. Skulle alt sleppa ut i atmosfæren, vil det føra til ei global temperaturstigning på 0,3 grader, noko som igjen kan føra til at andre klimatiske vippepunkt blir utløyste.

Men Suzette Flantua meiner det framleis er håp:

– Me er ikkje over vippepunktet enno. Men det me treng, er den politiske viljen både globalt og lokalt. Ting me bruker her i Europa, påverkar Amazonas. Det blir importert kjøtt, lêr og andre produkt. Det er varer som det er vanskeleg å spora opphavet til. Me må ha meir transparens rundt kvar varene kjem frå, og effekten. Amazonas-bassenget er framleis der. Men store endringar må skje innan 10–20 år. Elles er det for seint. Garantert.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis