Kommentar
Klimapolitikken er ein annan stad
Ikkje berre er Jens Stoltenberg attende i regjeringa. Klimapolitikken hans er òg på plass att.
I regjeringsplattforma frå Hurdal frå 2021 såg det ut som Støre-regjeringa varsla ei kursendring i norsk klimapolitikk, med meir forpliktande nasjonale mål enn før. Men det var visst ikkje så alvorleg meint, syner stortingsmeldinga Klimamelding 2035 – på vei mot lavutslippssamfunnet, som vart lagt fram rett før påske.
Språket i ei stortingsmelding kan fortelje mykje om tenkinga og prosessen bak. I Klimamelding 2035 er språket ofte vagt og upresist, iblant forvirrande og iblant villeiande. Det første kapittelet heiter «Gode liv i lavutslippssamfunnet», ein tittel som kunne vore henta frå eit livsstilsmagasin. Delar av innhaldet er i same feelgood-stil, og tilslører at det handlar om ei svært vanskeleg omstilling.
Vage mål
Til og med den sentrale lovnaden i klimameldinga er uklar: Noreg skal «redusere utslippene med minst 70–75 prosent sammenlignet med utslippsnivået i 1990», heiter det. Setninga er ikkje berre matematisk vag. Verre er det at stortingsmeldinga også er uklar om kva dei minst 70 – eller 75 – prosentane eigentleg inneber, og korleis ein skal nå målet.
Tilsynelatande inneber stortingsmeldinga ei klar skjerping av dei norske klimamåla. Men det spesielle med Hurdalsplattforma var at ho inneheldt talfesta mål om utsleppskutt i Noreg. Der erklærte Støre-regjeringa at klimagassutsleppa innanlands skulle vere 55 prosent lågare i 2030 enn dei var i 1990. Dessverre har det vore klart ei god stund at dette ikkje kom til å gå. Tiltaka sidan 2021 var slett ikkje tilstrekkelege. I 2023 var til dømes dei norske utsleppa berre 9 prosent lågare enn dei var i 1990. Det går sakte, dette.
Skivebom
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.