Miljø

Klimaproteksjonisme

EU har vedteke å innføra karbontoll. Det kan vera godt nytt for europeisk industri, kanskje. Om det hjelper mot global oppvarming, er meir usikkert.

Den nye og gamle tida. Ei last med elbilar på veg forbi eit kolkraftverk.
Den nye og gamle tida. Ei last med elbilar på veg forbi eit kolkraftverk.
Publisert

Det er dårlege tider for dei som trur på konkurranse, nøytral næringspolitikk, frihandel og politisk distanse til marknaden. Men endå dårlegare tider er det for nordmenn som er motstandardar av EU. Igjen må dei vera med på ferda medan dei protesterer for heile verda.

På toppmøtet i EU den 14. og 15. desember, som omtalt i Dag og Tid førre veke, vedtok leiarane i EU at vi skal få eit nytt prissystem for kraft sidan EU manglar energi, mellom anna av di dei i over tjue år no har prøvt å venja seg av med å nytta fossile kjelder.

No vil dei at resten av verda skal prøva noko liknande. På det same toppmøtet som dei vedtok å ville gjera seg mindre avhengige av gassprisane i produksjon av kraft, vedtok EU-leiarane å innføra ein karbontoll. Og sidan EU vil innføra ein slik toll, må Noreg gjera det same for framleis å vera ein del av EUs indre marknad. Det treng ikkje å vera så gale. For om ein tenkjer klima, er ein karbontoll i regi av EU ein god idé, i det minste på papiret.

Standardsettaren

EU er verdas største marknad og dimed ein standardsetjar. Når EU til dømes har kravd ein felles standard på noko så enkelt som mobilladarar, gjer verdas produsentar av slike ladarar EU-standarden global. Når 450 millionar rike europearar skal ha like ladarar, ja, så er det upraktisk å laga ulike ladarar for alle andre der ute. Snart kjem dagen der vi ikkje lenger treng krangla om ladarar.

Målet med klimatollen, i det minste i ei ideell verd, er at omverda til EU gradvis skal kopiera EUs klimapolitikk, som på papiret er verdas mest ambisiøse. EU vil at alle som vil selja energiintensive varer – slikt som stål, sement, kunstgjødsel, straum, aluminium og hydrogen – til EU, skal møta ein toll på grensene inn til EU dersom produksjonen av varene har ført til høge CO2-utslepp, og om utsleppa ikkje er like høgt skattlagde som i EU.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement