Kommentar
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Det er tunge tider for den norske kongefamilien. Slumpen ville det slik at valdssiktinga mot Marius Borg Høiby og vedgåinga hans av kokainmisbruk kom rett før prinsesse Märtha Louise og sjamanen Durek Verrett skal feire bryllaupet sitt i Geiranger, der medierettane er selde til kjendisbladet Hello! og Netflix.
Ingen av desse hendingane er eigna til å styrke oppslutnaden om monarkiet. 36 prosent av dei spurde seier at dei har fått eit meir negativt syn på kongehuset det siste året, synte ei spørjeundersøking NRK fekk laga denne veka.
Her skal det ikkje handle så mykje om valdssakene eller bryllaupet. Båe delar blir svært fyldig dekte andre stader. Derimot er det verdt å sjå nærare på årsakene til at desse sakene er skadelege for kongehuset, og om dei innebygde veikskapane i moderne monarki – veikskapar som blir stadig meir synlege.
Marius Borg Høiby ved feiringa av 18-årsdagen til prinsesse Ingrid Alexandra i 2022. Høiby er sikta for kroppskrenking og skadeverk på Frogner natt til 4. august.
Foto: Haakon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Offentleg
I prinsippet kan ein hevde at aktivitetane til Høiby og Märtha Louise ikkje lenger har noko med kongehuset å gjere. Ingen av dei er tronarvingar (Märtha Louise er rett nok på fjerdeplass i arverekka). Ingen av dei har offisielle representasjonsoppgåver, og ingen av dei får apanasje, som er løna kongelege får frå staten. Like fullt er dei offentlege personar gjennom tilknytinga si til kongefamilien, anten dei vil eller ikkje.
Det er dessutan framleis økonomiske band som knyter livet deira til kongehuset, og dermed til det folket som betaler for å halde det norske monarkiet gåande. For å skjøne meir av bakgrunnen, og for å kaste lys på nokre av problema som følgjer med eit kongehus i eit demokratisk land, skal vi gå attende til 1905 og lønsforhandlingane mellom den norske regjeringa og den danske prins Carl. Men først litt om den pussige ordninga vi kallar apanasje.
Forsikring
Ordet apanasje kjem frå fransk og tyder til brød. Fenomenet dukkar først opp i mellomalderen i Europa, og var mest utbreidd i Frankrike. Råderett over jord og retten til å skattlegge bønder var den viktigaste kjelda til velstand, og kongar og fyrstar delte ut eigne landområde til prinsar og prinsesser utan arverett til trona, for å sikre dei ein livsstil i tråd med den høge rangen deira.
I dette låg det òg eit element av forsikring: Ordninga skulle sikre at prinsar utan arverett vart mindre tilbøyelege til å utfordre tronarvingen når kongen døydde. Apanasjen var såleis ein måte å kjøpe seg fred for monarkiet på – eit aspekt som ikkje er heilt irrelevant den dag i dag. Det kjem vi attende til.
Da moderniseringa sette inn på 1800-talet, slutta monarkane med å dele ut landeigedom til prinsar og prinsesser. I staden gav mange av dei barna apanasje i form av årlege pengeoverføringar, som gjerne var knytte til offisielle oppdrag for kongehuset. Slik kunne ungane til monarken halde oppe den eksklusive livsstilen sin. Men ikkje alle kongehus var like rause.
Fattig prins
I 1905, da oppløysinga av unionen med Sverige nærma seg, var det ikkje berre den norske staten som var i ein sårbar situasjon. Den danske prins Carl var nest eldste son av kong Frederik. Han hadde utdanning som marineoffiser, men ikkje karriereutsikter som sømde seg for ein prins. Sidan han berre fekk småpengar i apanasje frå det danske kongehuset, hadde økonomien vore nokså trong inntil kona Maud byrja å få 6000 pund i året som arv etter at dronning Victoria døydde i 1901. Det var truleg ikkje så freistande for ein prins å leve på kona si heller.
Så kom altså tilbodet om å bli konge av Noreg. Den norske regjeringa la ein pakke på bordet: 700.000 i årleg apanasje, residens på Slottet i Oslo, eit slott på landet og ein yacht. Prins Carl slo til, og vart krona til kong Haakon 7.
Omstridd
Utgiftene til det nye kongehuset var omstridde frå første stund. Arbeidarpartiet og radikale røyster i Venstre meinte apanasjen var altfor høg, og regjeringa var redd for at folket skulle bli provosert om utgiftene vart for høge. Kong Haakon fekk klare signal om at hoffet ikkje måtte bli for stort. Det demokratiske Noreg ville neppe godta ein konge som velta seg i luksus. Da statsminister Christian Michelsen tok imot den påtroppande monarken på kaia i november 1905, sa han i talen: «Enkel og jevn som Folket selv vil han øve sin kongelige Gjerning iblandt os.»
Her låg det ei spenning frå første stund. Om ein skal halde seg med eit kongehus, følger det pomp og prakt med på kjøpet. Det må ein viss luksus til, også i livsstilen. Ein konge som lever på industriarbeidarløn, ville ikkje bli teken seriøst. Neppe ein konge på statsministerløn heller.
Om ein skal halde seg med eit kongehus, følger det pomp og prakt med på kjøpet.
Sparsemd
Dette var òg grunnen til at Arbeidarpartiet, som ville ha republikk i staden for monarki, gong på gong fremma forslag i Stortinget dei neste åra om å setje ned apanasjen til 100.000 kroner i året. Ap-representant Alfred Eriksen sa rett ut at målet var å gjere vilkåra så vanskelege for kongehuset at det ikkje ville overleve.
Ein viss luksus vart det saktens rom for, sjølv om apanasjen til den norske kongen i 1905 var godt under den kongane i Sverige og Danmark fekk. Men Haakon tok til seg påbodet om å vere sparsam. Mellom anna skal han ha vore nøye med å sløkke lyset når han gjekk ut av eit rom. «Det eneste økonomiske trekk som er gjennomgående i kong Haakons biografi, er hans lidenskap for å spare», har kongebiograf Tor Bomann-Larsen sagt til Dagens Næringsliv.
Kameraderi
Vi spolar kjapt gjennom dei neste tiåra: Den opphavlege apanasjen på 700.000 kroner årleg var meint å gjelde for heile regjeringstida til Haakon 7. Beløpet skulle dekke det meste av den daglege drifta av Slottet og annan kongeleg eigedom. Men summen viste seg raskt å vere altfor liten, sidan han ikkje vart justert med prisstiginga. Apanasjen vart difor jekka opp steg for steg av Stortinget, og kronprins Olav fekk sin eigen apanasje da han vart myndig i 1924.
Men den store endringa var at stadig meir av utgiftene til kongehuset vart flytta over på statsbudsjettet, i staden for at kongen og kronprinsen brukte apanasjen sin på det. I hovudsak skjedde dette i det stille, truleg for å unngå å provosere folket. «Det kan virke som om det har vært en viss form for ’kameraderi’ mellom departementet og hoffet», skreiv Dag Trygsland Hoelseth i ei utgreiing om kongehuset og apanasjeordninga frå 2002.
Kong Haakon 7. med kronprins Olav på armen vart møtt av statsminister Christian Michelsen på kaia 25. november 1905. Kongen skulle utøve gjerninga si “enkel og jevn som folket selv”, sa Michelsen.
Foto: NTB
Dyrt i drift
Dei 700.000 kronene kong Haakon 7. fekk i 1905, svarer til 56 millionar kroner i dagens pengeverdi. I dag får kongeparet 15 millionar i årleg apanasje, medan kronprinsparet får 12 millionar. Men i dag dekker apanasjen berre drift og vedlikehald av private eigedomar, private utgifter og offisielle antrekk for dei kongelege. Dei samla utgiftene er langt større. I fjor var det sett av 291,5 millionar kroner til kongehuset på statsbudsjettet.
Men dette dekker slett ikkje alt, for mange kongelege kostnader er førte opp på andre budsjettpostar. Kongeskipet er til dømes på forsvarsbudsjettet, politieskorte er dekt av Justisdepartementet, utanlandsreiser av Utanriksdepartementet, og så vidare. I 2016 rekna Dagbladet seg fram til at dei samla utgiftene til kongehuset truleg var på kring 460 millionar kroner, det dobbelte av det offisielle talet.
Vi skal ikkje gå inn i budsjettdetaljane her, men det ser ut til at den legendariske sparsemda til Haakon 7. har blitt borte på vegen. I 2020 laga CNN eit oversyn over dei offentlege kostnadene med kongehusa i Europa. Der kom utgiftene til det norske kongehuset på fjerdeplass, langt framfor kostnadene med dei danske og svenske kongehusa.
Den samanlikninga må vi ta med ei klype salt: Som Dagbladet oppdaga, kan dei totale utgiftene vere krevande å rekne ut. Men vi kan slå fast at det norske kongehuset ikkje lenger utmerkar seg ved å vere billeg i drift.
Pålagd rikdom
Mykje tyder på at nordmenn flest har blitt meir tolerante for kongelege utgifter sidan kroninga av Haakon 7. Dei mange medieoppslaga om kostnadene med kongehuset såg lenge ikkje ut til å rokke ved oppslutnaden kring kongefamilien eller monarkiet som statsform. Republikanarane har hatt tronge kår i Noreg. Så lenge kongeparet og kronprinsparet fører seg med stil og fyller rollene sine, har dei aller fleste godteke at eit kongehus er dyrt i drift, og stadig blir dyrare.
Sidan livet til dei kongelege er så fullt av avgrensingar, med stor offentleg merksemd om alt dei gjer, kan ein òg sjå det som rimeleg at det må følge store privilegium med på kjøpet. Ein god del menneske i Noreg er rikare enn kongefamilien. Det spesielle med dei kongelege er at dei er pålagde å leve eit liv i rikdom, det er så å seie ein del av samfunnsoppdraget deira. Apanasje er noko så rart som ei politisk vedteken løn laga for å sikre eit luksusliv, fordi dette er ein del av funksjonen til monarkiet.
Biverknader
Men merksemda og rikdomen har leie biverknader, ikkje minst for familiemedlemer som ikkje skal arve trona. I nyare europeisk historie er det flust av døme på at etterkomarar av monarken har streva med å tilpasse seg livet i det fri, ikkje minst med å finansiere ein livsstil som liknar den dei voks opp med. For prinsesser har løysinga ofte vore å gifte seg til ny rikdom, helst med adelege menn. Dette har truleg òg falle naturleg, sidan kongefamiliar stort sett rører seg i krinsar av folk med mykje pengar.
Søstrene til kong Harald ordna seg ganske greitt. Prinsesse Astrid fungerte som førstedame etter at mora Märtha døydde i 1954, og fekk difor sin eigen apanasje inntil ho gifta seg med forretningsmannen Johan Martin Ferner i 1961. Prinsesse Ragnhild gifta seg med skipsreiaren Erling Lorentzen alt i 1953. Båe ekteskapa var i si tid kontroversielle, sidan ektefellane ikkje var kongelege, men prinsessene slapp å ha økonomiske bekymringar.
Slik var verda på 1950-talet. Men kva med vår tid, når dei færraste vaksne vil bli forsørgde av foreldra eller ektefellen? Da er vi omsider attende ved Marius Borg Høiby og Märtha Louise.
Lite inntekt
Det har lenge vore kjent at 27 år gamle Høiby har strevd med å finne plassen sin i verda. Han har hatt fleire kortvarige jobbengasjement, mellom anna for utelivsappen Moodie og som «trendredaktør» i det britiske magasinet Tempus. Han har òg jobba som motorsykkelmekanikar.
Likningstala syner at jobbane har kasta heller lite av seg, med ei årsinntekt på 238.000 på det meste. Og den einaste grunnen til at privatøkonomien hans får offentleg merksemd, er at han etter alt å døme må leve på mora og stefaren, som er offentleg finansierte gjennom apanasjen sin. Da kjem dei ubehagelege spørsmåla om Rolex-klokka Høiby har posert med på bilete, og om korleis han har finansiert det kokainforbruket som han sjølv har vedgått. Kommentator Eva Grinde stilte spørsmålet direkte i Dagens Næringsliv denne veka: «Betaler vi for kokain, party og fine biler?»
Den mest verdifulle arven til Märtha Louise er namnet hennar og statusen som prinsesse.
Sjølvstende
Langt meir er kjent om økonomien til prinsesse Märtha Louise. Ho fekk eigen apanasje fram til 2002, da ho sa han frå seg. Representasjonsoppdraga ho tok på seg fram til 2022, da ho slutta med slikt, vart dekte av kongen. Märtha Louise forklarte avgjerda slik til TV 2 i 2021: «Jeg fikk apanasje et par år, og fikk da 160.000 i året. Men det kan jeg ikke leve av. Må jeg da gifte meg med en rik mann og fortsette å få det fra staten, eller må jeg si fra meg de pengene jeg får fra staten og da gå ut og tjene mine egne penger?»
Sidan da har prinsessa vore sjølvstendig næringsdrivande, og har til dels gjort det godt, mellom anna som forfattar og med klesselskapet Hést. Men Märtha Louise gjekk ikkje heilt tomhendt heimanfrå. I 2001 fekk ho eigedomen Bloksberg på Hankø som forskot på arv, rett før ei lovendring som medførte at ho var pliktig til å betale arveavgift. Hytta var kjøpt av daverande kronprins Olav i 1947, og Märtha Louise selde eigedomen for 26 millionar i 2020.
Arv og status
Trass i dette er den mest verdifulle arven til Märtha Louise namnet hennar og statusen som prinsesse. Både boksalet og klessalet ville gått langt tråare utan, og engleskulen hennar ville ha fått færre søkarar. Det er denne statusen som gjer at Hello! og Netflix vil betale ein ukjend sum for eksklusive rettar til bryllaupet. Märtha Louise følger ei liknande oppskrift som prins Harry av Storbritannia, som sa frå seg offisielle oppdrag for kongehuset i 2020 og tener godt på boka om livet sitt og dokumentarseriar for Netflix. (I sjølvbiografien sin i fjor røpa prinsen mellom anna at han vart introdusert for kokain som 17-åring.)
Men desse mekanismane går to vegar. Når dei fråfalne kongebarna på dette viset livnærer seg på glansen frå kongehuset dei kjem frå, bleiknar glansbiletet av monarkiet i same slengen.
Nye tider
Dei historiene som no spelar seg ut om Märtha Louise og Marius Borg Høiby, er fundamentalt ulike. Den eine skal feire eit storslege bryllaup, den andre må svare for seg i retten. Like fullt tærer båe sakene på kongehuset. Same kor ulike sogene deira er, syner dei båe problema med å vekse opp i rampelyset. Både luksus og kjendisstatus kan vere vanedannande. Medietrykket no er dessutan i ein heilt annan skala enn kongehusa levde med inntil nyleg, og freistinga til å cashe inn på statusen sin gjennom Instagram eller Netflix er ikkje lett å stå imot.
Det er òg grenser for kor mykje foreldra kan gjere. Monarkar i eit demokrati rår ikkje like fritt over pengane som dei eineveldige kongane gjorde i gamle dagar. Dei kan ikkje lenger kjøpe seg fred ved å dele ut gods eller hertugdøme til barna som hamnar på sida av arverekka. I tillegg har også illusjonen om det moderne, jordnære, demokratiske monarkiet til Haakon 7. slege store sprekker. Formaninga som Christian Michelsen kom med i 1905, kling lett komisk. Mykje kjem til å bli sagt om bryllaupsfesten i Geiranger denne helga. Men det er lite truleg at nokon kjem til å nytte orda enkel og jamn som folket sjølv.