JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Baksida av medaljen

Forsvaret og forsvarssjefen har måla seg inn i eit hjørne. Dei nekta for at dei visste at feil mann blei tatt. Så påstår dei at mannen dei tok, uansett må ha vore ein Taliban-leiar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kong Harald tok i audiens imot Eirik Kristoffersen på Slottet for å tildela han Krigskorset  i 2011.

Foto: Lise Åserud / NTB

12808
20240621
12808
20240621

Sist veke fortalde Dag og Tid historia om da norske spesialsoldatar aksjonerte mot ein «sentral Taliban-leiar» i Afghanistan i 2007, og ikkje minst om etterspelet («Lygekorset med sverd og eikelauv?»).

Slik VG har vist i ei rekke artiklar gjennom snart to år: Mange andre visste dette, nesten frå første stund. Feil mann blei arrestert – og sleppt fri etter kort tid.

Problemet

Enkelte lurer kanskje på kva som eigentleg er problemet i denne saka. Ho dreier seg til dømes ikkje om at dei norske spesialsoldatane, inkludert Eirik Kristoffersen, gjorde ein god jobb eller ikkje. Under den omtalte operasjonen blei Mohammed Naseem feilaktig peikt ut som Taliban-leiar Qari Nejat og arrestert. Men det var ikkje nordmennene sin feil. Dei måtte tru på informasjonen frå andre etterretningskjelder, som ikkje var på bakken under operasjonen. Slike feil var vanlege i Afghanistan.

Faksimile frå Dag og Tid 14. juni 2024.

Saka handlar om korleis Kristoffersen har hevda at han heile tida har trudd dei tok Nejat, når «alle» andre visste at det ikkje var tilfelle.

Amerikanarane melde (på ISAF SECRET-nettverket, som Forsvaret delte) alt dagen etter operasjonen (kl. 13.12) at det ikkje var Nejat som var tatt til fange, men Mohammed Naseem. Amerikanarane stadfesta den første meldinga kl. 19 dagen etter. Da var datamaskinane i den norske basen framleis skrudd på, ifølgje VGs opplysningar.

Det er på det reine at ambassaden i Kabul, norsk etterretningsteneste, Forsvaret og Forsvarsdepartementet kjende detaljane i saka alt i 2008.

Likevel visste ikkje Kristoffersen det? Han leia soldatane, som med fare for eige liv skulle hente ut eit høgverdig mål, men undersøkte ikkje noko om effekten av operasjonen? Og ingen av dei mange andre som visste, fortalde noko til Kristoffersen? Det trass i at han sjølv har fortalt detaljert om nett denne operasjonen ei rekke gonger, i bok, podkastar og intervju?

I 2011 fekk Kristoffersen Krigskorset med sverd, og forteljingane om heltedåden i Afghanistan har utvilsamt vore karrierefremjande for Kristoffersen. I 2020 blei han utnemnd til general og forsvarssjef, den høgste stillinga i det norske forsvaret.

Avgjerande operasjon

Brigader Brage A. Larssen skreiv Forsvarets tilsvar til Dag og Tid-artikkelen sist veke. Larssen var sjølv etterretningsansvarleg under spesialoperasjonen i 2007, og fekk St. Olavsmedaljen med eikegrein for innsatsen sin i Afghanistan i 2008 og 2009, ifølgje Forsvarets Forum. Det som gjer saka litt klam, er at Brage Larssen leia etterretninga under operasjonen. Han skulle ha mottatt meldingane frå amerikanarane, slik rutinane var. Han seier han ikkje gjorde det.

I tilsvaret til Dag og Tid-kommentaren sist veke skriv Larssen: «For det første, Kristoffersen ble ikke tildelt Krigskorset med sverd for utelukkende denne operasjonen. Det er også feil at dette var den viktigste operasjonen.»

La oss sjå nærare på denne påstanden. Innstillinga frå Forsvaret i samband med Kristoffersens medalje er frigitt i ein ugradert, sladda versjon. I dette dokumentet blir spesielt Kristoffersens «særdeles fremragende ledelse som Ground Force Commander under bl.a. 2 svært viktige operasjoner» i 2007 og 2008 framheva.

«For både forsvarssjefen og Larssen er det som om Mohammed Naseem må ha vore ein Taliban-leiar, fordi han blei arrestert av dei norske spesialstyrkane.»

I drøftinga til innstillinga av Kristoffersen blir spesielt «operasjon 1» trekt fram. Det var i denne operasjonen Mohammed Naseem blei tatt til fange, og ikkje Taliban-leiaren Qari Nejat, som var det eigentlege målet for operasjonen.

Innstilling til Krigskorset

Forsvaret skriv mellom anna dette: «Oblt. Kristoffersen var Ground Force Commander under en svært avgjørende operasjon i 2007 som var den første i sitt slag i ISAFs spesialstyrkehistorie. Hans særlig fremragende mot og fremsynthet uttrykte ambisjonen og stridsidéen om å gjennomføre en lang og krevende infiltrasjon til fots gjennom et svært krevende fjellterreng og langt inn på fiendens område. Operasjonen ga opprørerne i Tagab distrikt et betydelig tilbakeslag.»

Forsvarets eigen dokumentasjon viser at det heilt klart blei lagt mest vekt på «Operasjon 1» da Kristoffersen blei innstilt til Krigskorset med sverd. «Operasjon 2» blir også trekt fram, men kortare, og som eit tillegg til «Operasjon 1».

I innstillinga får Kristoffersen også skryt for innsatsen i etableringa av partnerskapet mellom Task Force (TF) 51 (den norske spesialavdelinga) og ei afghansk spesialpolitieining, og for «etablering av et banebrytende memorandum of understanding» (kven den andre parten i avtala var, er sladda bort).

Men ein får ikkje Krigskorset med sverd, den høgst rangerte krigsmedaljen i Noreg, for godt utførte administrative oppgåver. Dekorasjonen er ein bragdmedalje (ikkje ein fortenestemedalje eller deltakarmedalje) og spesifikt knytt til kampsituasjonar.

Som det står i paragraf 1 i statuttane, kan medaljen givast til sivile eller militære «som under krig eller væpnet konflikt på særlig fremragende måte har utmerket seg ved personlig tapperhet eller ved ledelsen av en troppeavdeling, fartøy eller flyavdeling under kamp».

Denne dimensjonen er òg heilt sentral i eit anna dokument Forsvaret produserte i samband med tildelinga, nemleg «Vedlegg til forslag om tildeling av dekorasjon», som blei send til Forsvarssjefens stridsdekorasjonsråd 27. januar 2010. I anbefalinga blir det utelukkande lagt vekt på operasjonane i felt. Det som blir trekt fram, er «Kristoffersens ekstraordinære mot, hans særdeles fremragende lederskap og beslutningsevne under svært komplekse og risikofylte forhold, herunder hans evne til å drive stridsledelse langt inne på fiendekontrollerte områder».

Det står også at operasjonane har hatt «avgjørende effekter for sikkerheten til det afghanske folk» – noko som ville gleda det afghanske folk, dersom det var sant.

For å oppsummere denne sida av saka: Kristoffersens handlingar under konkrete spesialoperasjonar var av avgjerande betydning for at han blei tildelt Krigskorset. Og i Forsvarets eiga drøfting er den mykje omtalte operasjonen framheva som den aller viktigaste. Brigader Larssen tar med andre ord feil når han hevdar det motsette i Dag og Tid sist veke.

Vedlegg til forslag om tildeling av dekorasjon

To komitear

Om ein les dokumenta frå Forsvaret og Forsvarsdepartementet i samband med prosessen som førte til at Kristoffersen fekk Krigskorset med sverd, er det også andre sider som drar til seg merksemd.

Saksgangen fram mot Kristoffersens medalje var slik: Først blei forslaget lansert av to anonymiserte offiserskollegaer av Kristoffersen i januar 2010. Deretter blei saka behandla internt i Forsvaret. Så blei saka send til Forsvarssjefens stridsdekorasjonsråd (FSDR), med anbefaling. FSDR sa seg einig, på grunnlag av materialet som Forsvaret hadde lagt ved.

I dette materialet stod det ingen ting om at feil mann blei tatt til fange under den omtalte operasjonen i 2007.

Ville det ha endra saka? I Forsvarets stridsdekorasjonsråd sat generaladvokat Arne Willy Dahl. Den 4. november i fjor blei han intervjua av VG, og uttalte mellom anna: «Det er åpenbart at vi var feilinformert». Og: «– Det hadde aldri blitt noen medalje for denne operasjonen hvis rådet var blitt informert om at feil person ble pågrepet.»

Forsvarets stridsdekorasjonsråd var ikkje siste instans som behandla saka om Kristoffersen krigskors. Etter at Forsvaret var ferdige, sende dei den positive innstillinga vidare til behandling i Forsvarsdepartementet.

Det var Forsvarsdepartementets dekorasjonsråd som tok den endelege avgjerda i saka i 2011. Dei skal ikkje bry seg med dei militærfaglege vurderingane, men vere eit kontrollorgan.

«Det står også at operasjonane har hatt 'avgjørende effekter for sikkerheten til det afghanske folk'.»

I samband med Forsvarsdepartementets dekorasjonsråds endelege anbefaling blei det skrive eit vedlegg. Tittelen på dette er «Drøfting av spesielle forhold». I dokumentet – som er frå 2011, men blei avgradert og offentleg 2. november 2022 – kjem det fram at Forsvarsdepartementet veit at mannen som blei tatt i den eine operasjonen, blei sleppt fri kort tid etterpå: «Dekorasjonsrådet har merket seg at målet for en av disse operasjonene var pågripelse av en person som kort tid etterpå ble sluppet fri fra afghansk fengsel.» Men Forsvarsdepartementets dekorasjonsråd visste ikkje, og fekk aldri vite, at det var feil mann som blei arrestert.

Dei skriv vidare: «Vedkommende, Mohammed Naseem, har nå via et norsk advokatfirma påstått brudd på Den europeiske menneskerettskonvensjon, artikkel 3 og 5, og fremmet krav om oppreising for urettmessig frihetsberøvelse og mishandling under fengselsoppholdet.»

I dokumentet avviser departementet at Naseem hadde blitt mishandla den korte tida han var i norske soldatars varetekt. Dei fråskriv òg det norske forsvaret ansvar om feil mann var blitt tatt til fange, sidan dei berre held seg til ordren om pågriping som var gitt av ISAF HQ.

Men Naseem hevda aldri at det var norske soldatar som stod bak mishandlinga. Poenget hans var at det var dei norske soldatane som tok han til fange, og at Noreg derfor var ansvarleg for at han blei mishandla av afghansk og amerikansk etterretning i fengselet.

Dette lar vi ligge her. Det viktige i vår kontekst er at Forsvarsdepartementet slår fast at dei har detaljert kjennskap til at det var Naseem som blei tatt til fange, at amerikanarane sleppte han laus etter kort tid, og at han hevda å vere uskuldig (Naseem døydde seinare same år).

I dokumentet («Drøfting av spesielle forhold») skriv departementet innforstått om at saka «kan vekke debatt». Dei tilrår derfor at operasjonen blir nedtona i saksframstillinga, og at ein heller framhevar den andre operasjonen til Kristoffersen som blei trekt fram i innstillinga. Slik vi alt har sett: Det skjedde ikkje.

Siste setning i drøftinga er: «Rådet vil dessuten tilrå at i alle slike dekorasjonssaker, hvor den enkelte hendelse eller operasjon har eller kan få et etterspill, skal det redegjøres for den fagmilitære anbefaling til Forsvarsdepartementet.»

Eg tolkar denne setninga slik at departementet meinte Forsvaret burde ha opplyst, i innstillinga dei sende til departementet, om det potensielt problematiske ved at Naseem blei sleppt fri etter kort tid.

Taliban eller ikkje?

Den 25. mai i år stilte Eirik Kristoffersen i eit nytt intervju med VG. Denne gongen hadde han ei anna forklaring, tilpassa all informasjonen som avisa hadde grave fram. No sa Kristoffersen at han ikkje veit kven dei tok til fange den gongen i 2007. Til VG innrømte Kristoffersen no at det ikkje var målet for operasjonen, altså Qari Nejat, som blei meldt heim til hovudkvarteret i Noreg og brukt i rapporten som blei skriven etter operasjonen. Det var Mohammed Naseems namn.

Dette rimar jo ikkje med at Kristoffersen heile tida har sagt at han ikkje visste at dei tok feil mann. Dette forklarer Kristoffersen til VG med at han trudde dei «likevel pågrep riktig person» – berre ein annan «riktig person» enn målet for operasjonen, altså.

I boka Jegerånden (2020) skriv Kristoffersen at dei skulle pågripe «en av de sentrale Taliban-lederne». Qari Nejat var målet for operasjonen. No seier altså Kristoffersen at det ikkje var han som blei pågripen, men at han som faktisk blei pågripen, altså Mohammed Naseem, også var ein Taliban-leiar.

Brigader Larssen skriv det same i sitt tilsvar til Dag og Tid: «Det er ingen tvil om at Mohammed Naseem, som var det navnet den pågrepne oppga, var Taliban.» Men verken Kristoffersen eller Larssen har lagt fram nokon dokumentasjon på dette. Dei veit tilsynelatande ingenting konkret om Naseen. Han stod ikkje på noka ettersøktliste, og ifølgje andre kjelder var han ikkje med i Taliban, men murar og musikar. Etter at han blei sleppt fri, fordi amerikanarane meinte han ikkje var nokon Taliban-leiar, dreiv han beviseleg ein butikk nord i landet. For både forsvarssjefen og Larssen er det som om Mohammed Naseem må ha vore ein Taliban-leiar, fordi han blei arrestert av dei norske spesialstyrkane.

Ville ikkje vite

På PR-språket er det noko som heiter «plausible deniability». Omgrepet skildrar typisk ei sak der nokon nektar for å vite noko dei burde visst, og sannsynlegvis visste, men der det ikkje kan bevisast bortafor all tvil at dei visste.

Eirik Kristoffersen og Brage A. Larssen kan hevde at dei ikkje kjende til effekten av sin eigen operasjon, enda denne informasjonen flaut rundt i fleire miljø, var relativt lett tilgjengeleg og dei burde visst. Når dei hevdar at dei ikkje visste kven som blei tatt til fange, men at dei likevel veit at han var ein Taliban-leiar, verkar det ikkje berre lite truverdig. Det verkar utruleg.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis