Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Tiårsminnet for åtaket på Charlie Hebdo viser kva som samlar og splittar fransk kultur i dag. Jau, ein feirar kunsten som uttrykkjer det useielege og rokkar ved maktrelasjonane, og framhevar den stolte franske tradisjonen for politisk satireteikning sidan opplysningstida. Jau, ein insisterer på at alle samla står bak ytringsfridomen. Jau, ein seier klårt og tydeleg at det er barbarisk å møte kritikk og satire med vald.
Så lever alle men-setningane både i bakhovudet og som protestar: Men er dette kunst? Men er det akseptabelt? Men er det naudsynt? Men treng ein krenke folk? Men folk må få reagere på hån? Men er det ikkje farleg å halde på slik?
Januar-åtaka
7. januar 2015 braut brørne Saïd og Chérif Kouachi seg inn i hovudredaksjonen til Charlie Hebdo i Paris, opna eld med automatvåpen og kasta molotovcocktailar inn mellom personalet. Under åtaket døydde tolv menneske: fem verdskjende teiknarar, to redaktørar, økonomen til avisa, ein gjest og ein reparatør. Utanfor låg to polititenestemenn livlause. Elleve personar vart såra, fleire med skadar for livet, blant andre noverande redaktør Riss (Laurent Sourissou): Skadar i skuldra og armen gjorde at han brukte år på å trene opp teikneevnene att.
Der var så mange til stades av di dei måtte drøfte den katastrofale økonomien. Politivakt hadde dei på grunn av åtaket med brannstifting fire år før. Redaksjonen var ikkje fanatisk antireligiøs, slik nokre synest å tru; det fall ateistar, kristne, muslimar og jødar den dagen. Og fire jødiske menneske vart drepne tre dagar seinare, då Amedy Coulibaly skaut ikring seg på butikken Hypercacher (som er strengt koscher). Han tok gislar og ville ha frigitt brørne Kouachi. Politiet storma butikken, og det var slutten for Coulibaly.
«I dei ti åra som har gått sidan 2015, har det ikkje vore fredelege tilstandar i redaksjonen.»
Minnedebatten
President Emmanuel Macron gjorde eit poeng av å halde minnestund ved Hypercacher òg, for det har vore sårt for mange i dei jødiske miljøa at dei falne der har vore langt mindre hugsa enn dei etter åtaket på Charlie Hebdo. Beiskt er det blitt kommentert at gjennom 60–70 år har folk vent seg til attentat mot jødar, noko som etter kvart har legitimert antisemittismen ved mangel på handling.
Frankrike har ein omfattande minnepolitikk, med eigen viseminister (statssekretær) for krigsveteranar og minnearbeid. Ein har fått godt handlag med den rolla minnearbeidet har i sosialt liv. Visse område låg lenge brakk, som hendingane i Algeriekrigen og i den okkuperte delen av Frankrike under krigen. Når ein så har fått betre orden på sjølvransakinga, er det gunstig for den offentlege samtalen. Så også her: Ein har tale om terror, om ytringsvilkår, om statens rolle. Dei mange periodane med unnatakstilstandar har verka dempande, likevel står Charlie Hebdo no som eit sentralt symbol for vesentlege verdiar.
Dei omfattande minnemarkeringane 7. januar gav inntrykk av at Frankrike no står samla bak kravet om full ytringsfridom. Gjev det hadde vore så enkelt. Dei ti åra har snarare synt kor store utfordringar året 2015 samla representerte: Overordna verdiar i Vest-Europa vart sette under åtak.
Politi og ambulansefolk ved redaksjonslokala til det franske satiremagasinet, der væpna islamistar storma inn og myrda 12 menneske 7. januar 2015, mellom dei sjefredaktøren.
Foto: Remy de la Mauviniere / AP / NTB
Emmanuel Todds kritikk
Ein burde teke større lærdom av hendingane i 2012. Skota som fall i Toulouse og Montauban, fyrst mot franske fallskjermjegerar, så mot jødiske skuleborn, synte kva som var på gang. No såg ein ein ny type terror – ideologisk motivert med hemnmotiv etter kolonitida. Slike tankar vart føyste vekk av styresmaktene. «Einsam ulv»-klisjeen vann fram. Rekrutteringa til terrorceller fekk halde fram i fred.
Så kom 2015. Straks etter januar-åtaka oppstod det debatt på venstresida. Især sosiologen Emmanuel Todd meinte at ingen kunne vere pliktige til å hylle eller forsvare satire som var krenkande. I ei bok som kom alt i september 2015, altså eit par månader før åtaka på Stade de France og Bataclan, hevda Todd at dei ikkje forstod si eiga rolle, desse mellom to og tre millionane som demonstrerte med krav om atterreising av Republikkens prinsipp om fridom, likskap, brorskap.
Desse som ropte «Je suis Charlie», meinte Todd, stod ikkje for liberale, republikanske verdiar. Dei hadde tvert om eit anna program i sinnet, fjernt frå idealet dei ropte ut. Todd meinte dei vitna om dei mest deprimerande sidene ved fransk nasjonalitetsforståing: konservatisme, sjølvdyrking, domineringstrong, ulikskap. Å forlange at alle skulle gle seg over dryg satire, var i røynda eit symbolsk maktovergrep. Demonstrasjonane var ikkje noko anna enn ei avvising av muslimane som franske borgarar. Ein burde hylle omforminga av Republikken. Den integrerer muslimar som trur på likskap, i motsetnad til dei kristne i kyrkja. Det ville vere ein styrke for den republikanske tradisjonen.
Nytt syn på saka
Todds kritikk vekte stor merksemd i muslimske land. Sidan har jo utgåvene av Michel Foucaults føredrag, artiklar og radiointervju komme, og ein vart påmint korleis denne «meistertenkjaren» frå og med Iran-revolusjonen i 1979 såg Khomeini og gjerninga hans som den store vona for underminering av imperialismen og vestlege feilslutningar, og for ny giv i tenkinga om sosiale verdiar. I den grad ei venstreside har lese dette som heilagtekstar, har det styrkt posisjonen til Todd og likesinna. Det har likevel vore klår utvikling.
Ei undersøking utført av Ifop (Institut français d’opinion publique), eit internasjonalt selskap som utfører meiningsmålingar og marknadsundersøkingar, er grundig referert i særnummeret til Charlie Hebdo 7. januar i år. Ho syner at trass i dei mange åtaka på ytringsfridomen har oppslutninga om retten til frie ytringar av dei fleste slag styrkt seg, og jamt når ein ser på tidlegare undersøkingar. I 2024 meinte 76 prosent at full uttrykksfridom må gjelde, medan ulike typar karikaturar og uttrykksmåtar vert avviste av 24 prosent. Dette er ei stor endring frå ei tilsvarande undersøking i 2012, då 58 prosent meinte ytringsfridom var fundamentalt, medan 35 prosent tykte at det var mangt ein ikkje burde uttrykkje offentleg.
Blasfemi meir akseptert
Attentata i januar 2015 sette djupe spor. Drapa på journalistar og teiknarar skapte eit kollektivt sjokk. Haldningane er brigda; fleire enn før forsvarar retten til frie uttrykk i ålmenta. Som testspørsmål vart informantane i Ifop-undersøkinga spurde om kva dei tykte om at New York Times har fjerna satireteikningane sine, og dette mislikte 66 prosent av dei spurde, resten var for.
Der er likevel skilje: Halvparten av dei som erklærer seg som religiøse, stør avgjerda til New York Times, og – eigentleg ikkje overraskande etter diskusjonane på venstresida – heile 40 prosent av dei som soknar til partiet La France Insoumise (Dei ukuelege), og heile 42 prosent av dei under 35 år.
Når det gjeld humor, meiner fleire og fleire at ein kan le av det aller meste, utanom vanhelse og ulukker – anten det gjeld døden, bakgrunnen til folk eller den seksuelle legninga deira – og blasfemi er meir og meir akseptert. Men kvinnene er meir skeptiske til kritikk av trusspørsmål enn mennene.
Noko overraskande er det at mellom Dei ukuelege, som ofte er rekna for å vere anarkistar, finn ein 53 prosent motstandarar av at ei fri presse går til åtak på religiøse førestillingar og dogme.
Synlegare religion
Rolla religionsutøvinga har i den sekulære franske staten, har endra seg ein god del dei siste 30 åra, og ho er no meir synleg. Den katolske kyrkja har styrkt seg monaleg. (Såleis markerer Macron gjerne at kristne verdiar er ein del av fransk kulturarv.) Ungdomen er langt meir interesserte i kristne samvære enn tidlegare og oppsøkjer kyrkjene, sidan skulen er fri for religionsundervisning.
Islamsk råd og islamske religiøse leiarar har arbeidd for betre integrering og jamvel ekskludert dei som vil ha sharialover. Ein sekulær tendens er lett å merke hjå mange muslimar, medan andre lever godt med ein privat orientert religion.
Under denne overflata ligg det likevel nokre tendensar som Ifop-målinga, mellom anna, får fram.
Spørsmålet er om dei liberale religiøse i middelklassen, som helst er dei som uttalar seg fritt, berre er indifferente, uinteresserte i dogmatiske spørsmål, eller er det – slik det tykkjest vere tilfelle for ytre venstre – slik at dei ikkje ønskjer konfrontasjonar om eksistensielle spørsmål og grunnlaget for etisk handling?
Fare for repetisjonar
Då kjem vi til den rolla Charlie Hebdo framleis kan ha. I dei ti åra som har gått sidan 2015, har det ikkje vore fredelege tilstandar i redaksjonen. Økonomien betra seg etter omfattande gåve- og innsamlingsaksjonar, mange millionar euro kom inn, og salet av det fyrste nummeret var enormt. Sidan har bladet hatt mange trufaste tingarar og kjøparar. Ein har forvalta inntektene godt og sett av fond, det største kan det ikkje takast utbytte av for aksjonærane.
Det skapte krangel då dei fyrste fire millionar euroane som kom inn, vart fordelte mellom dei etterlatne. Fleire meinte ein burde ha sikra bladet fyrst. Men redaktør Riss har insistert på solidaritet og prinsippet om alle for éin – og å vere uavhengig.
Inntektene er framleis gode, ressursforvaltninga streng. Fleire nye teiknarar og journalistar er rekrutterte, alle får bra betalt. Men det spørst om tida har sprunge litt frå konseptet frå 1960-talet og som er verna om sidan. Det ligg kan hende for fast kva som er låtteleg. Dermed risikerer ein repetisjonar, at framstillingsformene stivnar.
Men liksom ein ikkje fell over ende i krampelått kvar gong ein kjem inn i eit rom der det heng ei vitseteikning på veggen, slik gjer ikkje dei same symbolske formene same inntrykket lenger. Det er ikkje dei same lett synlege ideologiskaparane og makthavarane som dominerer. Kritikken av «overvakingskapitalismen» kan førekome i bladet, men då helst som låtteleggjering av det digitale.
Dei store sosiale motsetningane i det franske samfunnet får jamt over mindre plass enn både religionskritikk og låtteleggjering av presidenten og politikarar.
Utfordre tanken
Som Kant ein gong sa: Vi tenkjer ved hjelp av former og estetiske inntrykk. Difor har den norske avisteiknaren Roar Hagen sjølvsagt rett når han seier at vi treng slike utfordringar for tanken som provokasjonane til Charlie Hebdo stod og står for.
Så får vi sjå om redaksjonen kan unngå å repetere faste formlar i for stor grad. Ein kan utvikle blinde flekkar, sidan ein festar blikket etter visse méd og merke.
Vi får tru at Charlie Hebdo framleis vil gje viktige tilskot til å ryste ålmenta, så folk må drøfte ytringsfridomen. Den dagen vi sluttar å drøfte ytringsfridomen, har vi han ikkje lenger.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.