JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Den nye forteljinga om Europa

Er det mogleg å fortelje historia om Europa utan å nemne kristendomens samfunnsbyggjande rolle?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er ikkje Europas historie som vert fortald i House of European History.  Det er EUs noverande visjon som vert legitimert gjennom ei selektiv forteljing, skriv Eivor Andersen Oftedal.

Illustrasjon: House of European History

10036
20231222
10036
20231222

Kva er Europa? På eit eller anna vis er Europa sameina av ei felles historie. Europa voks fram på restane av Romarriket, og no kan ein kanskje seie at eit nytt Europa veks fram på restane av den kristne sivilisasjonen. Men når historia om Europa skal forteljast, er det ikkje opplagt at den samfunnsbyggjande rolla kristendomen har hatt, får nokon plass. Eg kjem tilbake til det. Fyrst ein tur til Utrecht i Nederland.

For nokre veker sidan, ein mørk og regntung sundags ettermiddag, stod eg utanfor katedralen i Utrecht. Dørene var stengde, men utanfor kyrkja fann eg ein kopi – i naturleg storleik – av Harald Blåtanns runestein frå Jelling i Danmark. Steinen som vart reist i Jelling i 965, er pryda med den eldste krossfesta kristusfiguren i Norden, medan danekongens anerkjenning av kristentrua er hoggen ut i runar.

I Utrecht minte steinen om korleis vikingane ein gong, eller helst mange gonger, kom nordfrå og herja i Frisland, men òg om korleis misjonærar herifrå freista å omvende det ville folkeferdet i nord. Ifølgje Alkuin, Karl den stores rådgjevar, var danskekongen meir grufull enn eit villdyr.

Den fyrste misjonæren som drog til Danmark, den tapre Willibrord, måtte gjere vendereis og døydde som biskop i Utrecht i 739. Men frøet var sådd. Steinen utanfor katedralen vitnar om korleis trua ein gong samla Europa og vende heidenskap om til kristendom. Sjølv Noreg vart med. Neste år feirar vi tusenårsjubileum på Moster.

Utrecht var for meg siste stopp på ein tur som hadde starta i Brussel. Eg drog til EUs administrative hovudstad for å sjå kva slags forteljing som der vart formidla om Europa. I EUs visjonære museum, House of European History, som vart opna i 2017, fann eg forteljinga som EU sjølv freistar å skape, og som no vert undervist til nye generasjonar europearar.

Det var ei forteljing som var ganske annleis enn den som Jellingsteinen vitna om. Kristendomen, som ein gong batt Europa saman, er her enkelt og greitt forlagt i fortidas arkiv. Årsaka er ikkje fyrst og fremst bevisst motstand, men forsøket på å finne noko som kan samle mangfaldet i det nye Europa. Og då vert det kanskje slik at historia må skrivast om?

House of European History ligg i skuggen av det gigantiske EU-parlamentet, i ein vakker liten park med eit par klassiske bygningar frå 1800- og 1900-talet. Opphavleg var bygningen som no huser museet, eit av dei europeiske tannlækjarinstitutta til George Eastman. Bygningen knyter oss med andre ord til historia. Det som møter oss inni bygningen, derimot, riv oss laus.

I fyrste høgda, innanfor det usedvanleg vakre venterommet til tannlækjaren, møter vi Europa gjennom den mytiske fortida. Her er Europa den greske gudinna som rir på ein tyr. Og historiske kart poengterer at Europa ikkje kan definerast innanfor spesifikke grenser. Greitt nok. Så byrjar det interessante. Under overskrifta «Europeisk arv» vert ulike fenomen viste oss, utan nokon samanheng. Her er fortida eit reservoar av ulike historiske element som vi kan plukke fritt ifrå.

Klassisk filosofi vert representert av ei byste av ein gresk filosof; ein helgenstatue representerer kristendomen – med informasjon om at kristendomen ein gong gjennomsyra alt; torturinstrument i ein monter talar for seg, og deretter følgjer ulike symbol for demokrati, lov, slavehandel, kolonialisme, opplysning, revolusjonar, kapitalisme, marxisme, kommunisme og sosialisme, nasjonalstat og folkemord.

Oppramsinga, som sjølvsagt er selektiv, vert avslutta med spørsmålet: «Kva skal vi late attende, og kva skal vi ta med oss?» Spørsmålet heng i lufta når vi går trappene opp til andre høgda. Her kjem svaret: den franske revolusjonen. Det vi tek med oss, er opplysningsideane. «Fridom, likskap og brorskap» er sporet som skal leie oss vidare til dagens EU. Kristendomen kjem aldri lenger enn til depotet i denne forteljinga.

Det som følgjer den franske revolusjonen, er likevel noko nær religiøst, nemleg kampen mot dei vonde kreftene. For no spirer nasjonalismen som vondskapen sjølv, slik eg les forteljinga. Og i slekt med nasjonalismen er den europeiske rasismen, får vi vite i monteren der utstillingshovud med ulike etniske kjenneteikn frå koloniane på 1800-talet er stilte ut. Her er det med andre ord ikkje så mykje å vere stolt av i fortida vår.

Vi går forbi montrar med militære uniformer, gassmasker og soldatgraver. Vi høyrer og ser korleis dei europeiske borgarane vart meir og meir lojale mot dei nasjonale styresmaktene sine. Dei byrja å tru at dei måtte forsvare landet sitt med krig. Ja, dei hadde til og med nasjonale – altså eigenarta – pensum på skulane i dei ulike landa, vert det informert om. Alt dette skjedde samstundes med eit militært kapplaup, og krigen der 10 millionar menneske mista livet, vart uunngåeleg.

Neste del av utstillinga tar oss med til mellomkrigstida og andre verdskrigen. Her rullar Hitler og Stalin parallelt over kvar sin storskjerm. Dei representerer kvart sitt regime som undertrykkjer folket. Det eine regimet er basert på rasisme og det andre på klasse. Og folket, dei er offer for dei vonde kreftene.

Denne framstillinga av historia vart skriven om etter at EU vart utvida i 2004. Då Aust-Europa vart invitert inn, kunne ikkje holocaust lenger vere den unike hendinga som la grunnen for eit samla Europa. Etter press frå dei nye EU-statane vart forteljinga forma på ny. For aust var det ikkje Nazi-Tyskland, men Sovjet, som representerte det vonde.

Med vekt på dei to despotane får ikkje folket slik dei vert framstilt, sjølvstendig handlekraft. Det er knapt andre enkeltpersonar enn Hitler og Stalin som vert presenterte. Unnataket er nordmannen Vidkun Quisling, som dukkar opp som ein kollaboratør. Men Noreg er jo høveleg nok utanfor EU, så han øydelegg likevel ikkje forteljinga. Forteljinga er at europearane – fram til 1989 – var offer for vonde overgripande strukturar.

Etterkrigstida er vanskeleg i den store forteljinga i House of European History, for i perioden under den kalde krigen var jo Europa slett ikkje samla. Difor vert den vesteuropeiske byrjinga til EU-samarbeidet framstilt som i ein parentes. Vi går gjennom ein korridor der parallelle søyler syner propagandaplakatar frå Sovjet på den eine sida og frå USA på den andre. Men snart kjem vi til endeveggen der videoar frå minnerike scener i revolusjonsåret 1989 rullar over skjermane.

Her vart eg for fyrste gong rørt av utstillinga. Ja, det var eit fantastisk år. For ei historie! Vi som er så gamle at vi hugsar, kjenner på byrgskap og takksemd. Dei som ikkje har dette minnet, får servert det som sjølve inngangen til dagens Europa. Her kastar folket endeleg av seg dei undertrykkjande regima. No står det europeiske folket saman, i fridom, likskap og brorskap. I utstillinga er det EU som no leier Europa vidare mot framtida. Endeleg står vi saman.

Det er sjølvsagt mykje å seie til denne framstillinga av europeisk historie. For det fyrste er det ikkje Europas historie som vert fortald. Det er EUs noverande visjon som vert legitimert gjennom ei selektiv forteljing. Vil eg seie at det er uærleg? Ja, heilt klart. Namnet på museet, House of European History, er ei tilsniking. Det skubbar andre framstillingar under teppet. Historia om Europa bør vere ein diskusjon om kva som skaper kontinuitet. Korleis er det mogleg å snakke om Europa – kva gjer at vi har denne førestillinga om ein lang tråd gjennom tida? Kva har vore den raude tråden?

Korkje arkitektur, kunst, litteratur, musikk, vitskap, filosofi eller religion er nemneverdig til stades i House of European History. Sjølv er eg ikkje minst opptatt av kristendomens samfunnsbyggjande rolle gjennom historia. I vår sekulariserte samtid lyt vi håpe at det er mogleg å byggje eit Europa utan kristendomen som fundament. Det gjeld å satse på menneske av god vilje, som juleevangeliet seier. Eit anna spørsmål er om det er mogleg å fortelje Europas historie utan å nemne kristendomen? Det trur eg er langt verre. Det er ei løgn. Denne løgna vert no fortald til ein generasjon med historiemedvit og historiekunnskap lik ein tabula rasa.

Europarådet og EU har lenge vore opptekne av skulenes historieundervisning. I byrjinga, sidan Europarådets fyrste historiekonferanse i Calw i 1953, var konsensusen at det ikkje var historia som skulle propagandere for politiske løysingar og europeisk eining. Men no, dei seinaste tiåra, har historiefaget vorte eit middel særleg for å fremje demokrati.

Vi ser liknande også i dei norske læreplanane. Då Observatory on History Teaching in Europe, Europarådets «observatorium» for historieundervisning, der 16 medlemsland er med, nyleg møttest i Brussel, trekte leiaren fram dei nordiske landa som døme på ein god strategi: «Dei lærer rett og slett ikkje historie lenger som ei tidslinje, men som hendingar utan noka kopling mellom seg.» For mitt auge ser det ut som den overgripande strukturen EU nyttar historiefaget som middel til eige føremål. Kva fører det til?

Eg tenkte på alt dette då eg reiste vidare frå Brussel til fleire byar i Belgia, og deretter til Nederland, der eg vitja studentdotter mi. Når eg reiser, vil eg sjølvsagt inn i dei store katedralane og mellomalderkyrkjene som dukkar opp på min veg. Men her møtte vi flest stengde dører, og dei få kyrkjene vi fann opne, var iskalde. Her var det ingen som fyrte.

Då vi ikkje kom inn i katedralen i Utrecht og stod og beundra Jellingsteinen utanfor, kom dotter mi på at ho visste om ein open klosterruin ho gjerne ville vise mor si. Vi trassa regn og mørke og traska dit.

Men det synte seg fort at eit betre alternativ i det hustrige haustmørkeret hadde vore å stikke innom ein av kyrkjebarane i nærleiken. I Europa er det hundrevis av kyrkjer som no er endra til barar, bryggjeri, hotell, klatresenter og nattklubbar.

Eivor Andersen Oftestad

Eivor Andersen Oftestad er professor ved Høgskulen i Innlandet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kristendomen kjem aldri lenger enn til depotet i denne forteljinga.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis