JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

«Den romslegare økonomien til folk flest vert eten opp av dei økonomiske problema til kommunane.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

4949
20241011
4949
20241011

Godt nytt frå Finansdepartementet: No blir det lågare kostnader for folk flest. Det blir skattelette for låge inntekter, lågare satsar for barnehage og SFO, det er berre å gle seg.

Den glade bodskapen kjem parallelt med krisemeldingar frå kommunane i ein skala vi sjeldan har sett. Store bykommunar og små landkommunar riv seg i håret når dei skal laga budsjett til neste år. Rett nok varslar statsbudsjettet ein auke i overføringane til kommunane, men det dekkjer knapt halvparten av utgiftsauken. Det blir like fullt smertelege kutt. Ikkje minst er den kommunale delen av helsetilbodet utsett. Ein er også engsteleg for færre stillingar i barnehagar og skular. Det breie samarbeidet for å førebyggja vald mellom ungdom kan kollapsa i dei kommunale budsjetta. Det blir færre lærarar, ikkje fleire, færre tilbod for unge, ikkje fleire.

Det kan verka som den skrøpelege kommunale økonomien har kome overraskande på mange. Grunnen til det er vel at overføringane til kommunane ikkje har minka. Problemet er at utgiftene har auka.

Det har vore mykje merksemd på at utgiftene har auka sterkt i dei private hushalda. Rentene er høge, men framfor alt har prisane skote i vêret. Dette har Kari og Ola merka kvar gong dei har vore i butikken. Matutgiftene har nådd nye høgder.

Dei som har gjort seg tankar om at butikkjedene har auka sin del av inntektene litt meir enn meirkostnadene dei har hatt, har fått rett. Det er ikkje kvar dag Konkurransetilsynet skriv ut bøter på 5 milliardar kroner. Men dei store matkjedene veit jo kvar dei skal ta det inn att, så heretter må vi ikkje berre betala maten, vi må også betala bøtene til grossistane.

Det har teke litt tid før verknadene av det høge kostnadsnivået har kome til syne i offentleg sektor. Men no har høge renter, høge prisar på innkjøp og ikkje minst høge prisar på energi nådd kommunane. Og det råkar nettopp Kari og Ola, som både vil missa viktige tenester og i tillegg betala meir for dei tenestene som er att.

Dette kastar nytt lys over den økonomiske modellen som denne regjeringa har valt. Det er openbert at dei har sett seg ut dette statsbudsjettet som ein slags julepakke som skal få veljarane tilbake til Ap og Sp, som i dag har ei oppslutning som på ingen måte gjer dei til dominerande parti. Støre har sagt dette lenge: Folk vil sjå at den økonomiske politikken verkar, så vil dei forstå at sitjande regjering har den beste politikken trass alt. Ein del av denne politikken er at det siste året før valet gir dei sjenerøse ordningar frå barnehage til sjukeheim. Men det er ikkje noko spesielt sosialdemokratisk eller raudgrønt ved dette, slik agerer alle parti.

Problemet i år er at den kommunale krisa kjem parallelt med dei milde gåvene i budsjettet for valåret. Og her kan det vera på sin plass å koma tilbake til ei sak som var mykje diskutert tidlegare i perioden: straumprisane. Det politiske miljøet stod nokså samla om å knyta Noreg til det europeiske systemet og dermed ta endeleg farvel med prisregulering for straum.

Tilpassinga til internasjonal kapital gjekk svært langt; ein var viljug til å ofra energitryggleiken i eige land for å respektera marknadslovene i EU, og ein aksepterte glatt at prisen på norsk straum skulle fastsetjast på eit ukjent kontor på kontinentet, kanskje av kunstig intelligens.

AP og Støre veik aldri ein tomme her, og naturlegvis stod dei her på same side som Høgre. Å melda seg ut av ein marknadsregulert energipris var like umogeleg som å melda seg ut av tyngdekrafta. At vi hadde statleg fastsette energiprisar her til lands i fleire tiår, gjekk ein fordi i det stille.

Men no har altså straumprisane arbeidd i det stille i norske kommunar, og Oslo må spara 600 millionar, titals millionbeløp må sparast i små og halvstore byar. Helseinstitusjonar som ein har kjempa for å halda på med fakkeltog og folkeaksjonar, kan bli strokne på budsjettet i ei handvending. Og ein viktig – om ikkje einaste – grunn er at Noreg har gitt frå seg både energien og styringa av prisen til overnasjonale styresmakter – som primært sikrar fri prisutvikling.

Eg har tidlegare skrive i denne spalta at det er risikabelt å gifta seg med løns- og prisindeksen. Men det har Støre og hans mannskap gjort, og ringt i klokkene då dei gjorde det. Dei har arbeidd iherdig for at prisauken skal ned og lønene opp akkurat i det viktige valåret.

Men klokkartrua på marknaden har den haken ved seg at ein gir frå seg styringa. Ein kan nok styra i den forstand at ein knip litt inn på bruken av oljefondet i år éin til tre i ein regjeringsperiode, for så å opne slusene i den fjerde.

Men då ein gav frå seg styringa av straumprisen og erstatta denne styringa med eit komplisert og forseinka regime for straumstøtte, så gav ein også frå seg kontrollen over offentleg økonomi.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis