JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Dødeleg tortur

Isolasjon, straffarbeid og tortur har lang tradisjon i Russland. Men no er det få som tør å seie ifrå om uretten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

5886
20240223
5886
20240223

Kvar er Navalnyj? Støtte­spelarane til den fremste kritikaren av russiske styresmakter slo alarm 12. desember i fjor, etter at dei ikkje hadde høyrt frå Aleksej Navalnyj på seks dagar. Sist han vart sett, hadde han kjent seg dårleg og svima av på ein benk i fengselet der han sona, i Vladimir fylke ikkje langt frå Moskva. No frykta dei for livet til den tidlegare opposisjonspolitikaren.

25. desember dukka han opp att i ein straffekoloni i Sibir, 1200 mil nord frå Moskva. På X-kontoen sin fortalde Navalnyj at reisa hadde tatt nesten tre veker, og at ruta var så innvikla at han ikkje rekna med at nokon ville klare å spore han opp før midten av januar. Gjennom advokaten takka han alle som hadde uroa seg for han, og fleipa med at han var den nye polarjulenissen.

Nedbryting

Humor vart eit av Aleksej Navalnyjs viktigaste verktøy mot undertrykkinga i fengselet. Men forholda han sona under, var ikkje til å spøke med. Navalnyj reflekterte sjølv over om det at han ofte gjorde narr av å sitje i isolasjon i straffecella (russisk forkorting: sizo), kanskje hadde gjort at folk tenkte det var rein rutine.

Å bli send til sizo er som å sone i eit fengsel i fengselet. Ei isolert straffecelle utan sollys eller frisk luft der ein ikkje har kontakt med andre enn fengselsvaktene utanfor. Rommet er på nokre få kvadratmeter, omkransa av mørke, kalde murveggar, ein brisk, ein vask og eit hol til å gå på do. Ekstrem kulde eller varme øydelegg ofte helsa til den innsette. Den uavhengige nettportalen MediaZona skriv at målet med sizo er å bryte ned menneske som sit der, mentalt og fysisk.

Ekstrem kulde

I ein appell for å krevje at lokalpolitikaren Aleksej Gorinov skulle sleppe ut av same type isolasjon, la han ikkje noko imellom. «Kulda er det verste», skreiv han. «Alle har frose ein gong og vore kald ei lang tid. Kanskje ei natt eller på telttur. Eg kan forsikre deg om at du ikkje har opplevd den same kulda som finst i sizo (isolasjonscella).» Han avslutta med å åtvare om at det å halde ein 62 år gamal sjuk mann som Gorinov i ei slik celle kunne ta livet av han.

Han visste kva han snakka om. Frå han på nytt vart fengsla etter at han vende tilbake til Russland 17. januar 2021, vart han dømt til 15 dagars isolasjon heile 26 gonger. Berre dei siste to månadane hadde han fire slike opphald. I november i fjor skildra han med ironi korleis han slapp ut eit døgn, før dei fann på ei ny årsak til å sende han tilbake til straffecella dagen etter. Langvarig isolasjon er tortur.

Gulag i Kvitsjøen

Metodane for isolasjon, straffarbeid og tortur har lang tradisjon i Russland.

Våren 2001 vitja eg Solovetskij-øyene saman med ein venn. Klosterøya i Kvitsjøen er kjend som den fyrste Gulag-leiren i straffesystemet som forfattaren Aleksandr Solzjenitsyn har skildra i detalj. Vi drog dit for å sjå med eigne auge kvar så mange på umenneskeleg vis hadde lide og stroke med under Sovjet-tida. Blant anna blei mange ukrainske avantgarde-kunstnarar sende til straffeleiren på øya på 1920–30-talet. Vi blei skuffa då guiden vår nekta å kommentere eller vise fram den mørke historia til øya. Fortida skulle ikkje nemnast. Nokre år etter snudde dei russiske styresmaktene og laga eit museum om Gulag på klosterøya og gjorde henne til turistattraksjon. I 2017 avduka Putin til og med eit minnesmerke i Moskva over Solovetskij som symbol på den sovjetiske undertrykkinga.

Navalnyj vende tilbake

Alekseij Navalnyj valde å dra tilbake til Russland i januar 2021, sjølv om han visste kva han risikerte. Det heimlandet Navalnyj vende tilbake til då tusenvis møtte opp på flyplassen, var eit anna Russland enn det landet utvikla seg til etter 24. februar 2022. Etter at Putin gjorde det straffbart å omtale krigen og spreie informasjon om russiske styrkar, vart alle uavhengige media stengde og mange menneskerettsorganisasjonar lagde ned. Kritikarar av krigen har anten flykta, sit i fengsel eller held låg profil i frykt for å bli tatt. Den ovannemnde lokalpolitikaren frå Moskva er berre ein av dei som har blitt fengsla. Han er dømt til sju års fengsel for å ha sagt på eit bydelsmøte at ukrainske barn blir drepne i krigen i Ukraina. Andre frå opposisjonen som sit under umenneskelege kår, er Ilja Jasjin og Vladimir Kara-Murza.

At sivilsamfunnet er råka så hardt, gjer det farlegare for dei som no sit bak murane. Tre av advokatane til Navalnyj vart såleis i fjor haust sikta for ekstremisme då dei formidla Navalnyjs helsingar frå fengselet.

Arrestasjonar

I 2009 dokumenterte menneskerettsforkjemparar at varslaren Sergej Magnitskij døydde i eit varetektsfengsel i Moskva fordi han ikkje fekk medisinsk hjelp. Som uavhengige medlemer av kommisjonen som skulle overvake, kunne dei kome til fengselet berre nokre timar etter at dødsfallet hadde skjedd. Slik er det ikkje no. Det tar tid å reise til straffekolonien i Sibir, og alle uavhengige ekspertar er for lengst kasta ut av overvakingsorgana. Difor trengst det ei internasjonal gransking.

Det er heller ikkje store massedemonstrasjonar i landet, slik det var då titusenvis over heile Russland demonstrerte etter at Navalnyj vart fengsla i 2021. No er fleire av dei som la ned blomar etter Navalnyjs død, blitt arresterte. Ifølge den uavhengige organisasjonen OVD Info er meir enn 380 menneske tekne av politiet i 39 byar over heile Russland. Blomane som vart lagde ned på Solovetskij-minnesmerket, syner at folk kjenner igjen metodane frå fortida. Når eg ser bilete av ukjende menn i sivil som fjernar blomane om natta, og kor redde folk på gata er for å svare korrespondent Gro Holm i Moskva, tenker eg på diktaren Anna Akhmatovas ord: «To stykke Russland stod andlet til andlet. Dei som var i fengsel, og dei som plasserte dei der.»

Ane Tusvik Bonde er seniorrådgivar i Amnesty International Norge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis