Kommentar
Eg er dauden
Samtidig som faren for ein tredje verdskrig er større enn på eit halvt hundreår, ser vi på russiske trugsmål om bruk av atomvåpen som tomme.
Ein atomsopp lyser opp nattehimmelen under prøvesprenginga Badger i USA i 1953.
Foto via Wikimedia Commons
I dag er vi i starten av ein direkte krig mellom Russland og Nato-landa. I ein slik krig vil Noreg, med militærbasar og våpeneksport til Ukraina, vera eit opplagt mål. Vi er alt i praksis i ein uerklært krig med Russland. Vi har kome langt bort frå dei utanrikspolitiske prinsippa Noreg har fylgt i sytti år.
Det er eit paradoks at Noreg deler ut Nobels fredspris til den folkelege japanske rørsla av overlevande frå atomangrepa på Hiroshima og Nagasaki, samtidig som vi i praksis er langt frå nokon fredsmeklar, men snarare part i Ukraina-krigen, som har ført oss nærare atomkrigen enn kanskje nokosinne.
Øydelegginga
Dei to atombombene over Hiroshima og Nagasaki i 1945 drap rundt 200.000 menneske og skapte ufattelege lidingar. Bombinga vart forsvart med argument om at endå fleire ville ha døydd om ikkje Japan hadde vorte tvinga til ein tidleg kapitulasjon. Men slike rasjonelle rekneskap kunne ikkje fjerna inntrykket av at atombomba hadde ført heile menneskeslekta andlet til andlet med trugsmålet om utsletting gjennom ein frykteleg, kollektiv daude.
Den største kjernefysiske sprengladninga som nokosinne har vorte detonert, er den russiske hydrogenbomba «Tsar Bomba» frå 1961, med ei sprengkraft på mest 4000 Hiroshima-bomber. Soppskya nådde 60 kilometer over bakken. Verknadene av sjokkbølgja var synlege i ein radius på 1000 kilometer.
Medan den detonerte tsarbomba hadde ei sprengkraft på 50 megatonn, var modellen berekna til det dobbelte. På nettsida Nukemap kan ein sjølv laga ei simulering av kva skadar ei slik bombe ville skapa om ho vart detonert over Oslo. Heile bysentrumet med Stortinget og Slottet, alt bygt og levande frå Nesoddtangen til Kringsjå og frå Lysaker til Alnabru, ville vorte tilinkjesgjort i eldstormen og strålinga. Skadane ville nå til Kongsberg og Eidsvoll.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.