Ein Kennedy grip etter makt
I USA kan det gå mot ein omkamp mellom Joe Biden og Donald Trump i presidentvalet i 2024. Skal ein tru meiningsmålingane, har begge svære forsprang på alle konkurrentar i kvart sitt parti til å vinna primærvala og nominasjonane.
Robert F. Kennedy jr. kunngjer at han vil vera presidentkandidat for demokratane i 2024.
Foto: Marco Bello / Reuters / NTB
Men den sitjande presidenten Joe Biden står fram som stadig meir svekt, særleg på grunn av alderen. I ei fersk måling seier 62 prosent av amerikanarane at dei trur Biden, som ved slutten av ein ny presidentperiode vil vera 86 år gamal, ikkje er mentalt skikka til fire nye år i Det kvite huset. Samstundes søkk populariteten hans ned mot 40 prosent.
Samstundes finst det inga opplagd erstatning for Biden. Visepresidenten Kamala Harris har aldri vore nokon veljarmagnet. Mange har peika på Michelle Obama, som ikkje vil stilla til val. Guvernøren i California Gavin Newsom vert av mange rekna som den beste kandidaten, men har ein elitistisk profil som ikkje appellerer til «vanlege folk». I tillegg vil ingen frå etablerte miljø i det demokratiske partiet stilla opp så lenge Biden sjølv går for ein ny periode. Det opnar for andre, meir radikale kandidatar.
Ein ny Kennedy
Ein av desse er juristen, miljøvernaktivisten og vaksinekritikaren Robert Kennedy jr. Dei høge tala han har oppnådd på meiningsmålingar tidleg i kampanjen, har overraska dei fleste. Sist i ei CNN-måling rett føre pinse ville 20 prosent av demokratane røysta på Kennedy og berre 60 prosent på Biden, eit svakt resultat for ein sitjande president, særleg med tanke på at Kennedy-kampanjen berre er nokre veker gamal.
Endå verre var det at 35 prosent av uavhengige veljarar som sympatiserer med demokratane, ville røysta på Kennedy. Verst av alt for Biden var det at 66 prosent av alle amerikanarar såg på ein ny valsiger for Biden som ein «katastrofe» eller eit «tilbakeslag».
Få trur likevel at Kennedy kan lukkast med kampanjen sin. I Washington Post vart kandidaturet hans omtala som «oppblåse». I New York Times vart han omtala som «den siste i ei lang rekkje av marginale aspirantar til presidentvervet frå begge partia, som stiller til val for å vekkje merksemd om ei sak eller om seg sjølv».
«Alt kan henda no»
Men andre nøler med å avvisa han. I ein artikkel i The Spectator 13. mai vart han omtala som ein «anti-vaccine crank» – ein fantast med merkelege og fikse idear om at vaksinar kan vera skadelege. Men artikkelforfattaren, den britiske historikaren Niall Ferguson, ville likevel ikkje heilt avskriva Kennedy, fordi ein «aldri kan sjå vekk frå overraskingar i amerikansk politikk».
Robert F. Kennedy jr. som falkoner og forteljar i eit naturprogram frå Kenya i 1974.
Foto: Keystone Pictures / ZUMAPRESS
Matthew Scully i det konservative National Review kallar Kennedy «ein verdig motstandar og ærleg dissident» 15. mai. Spaltisten Peggy Noonan i Wall Street Journal skriv i ein artikkel frå 27. april at amerikansk politikk er inne i ein «lang periode av galenskap», og at «alt kan henda no», slik at Robert Kennedy jr. «må ein fylgja med på; han kjem til å verta ei kraft i år».
Den amerikanske forfattaren Anis Shivani skriv i det venstreorienterte CounterPunch 12. mai at USA «gjekk av sporet» gjennom dei politiske attentata i 1960-åra, og ser Robert Kennedy jr. som ei lekamleggjering av det nasjonale traumet og «ein sjeldan sjanse til ei frigjering frå det».
Kven er han?
Den 69 år gamle Robert Kennedy jr. profitterer på den mytologiske dåmen som ligg over Kennedy-familien, og hentar mykje av støtta si frå namnet. Men han har sin eigen karriere og si eiga dramatiske fortid som kan både skada og hjelpa han i freistnaden på å verta presidentkandidat for Det demokratiske partiet.
Han var ni år gamal då onkelen hans, president John F. Kennedy, i 1963 vart skoten og drepen i eit attentat berre eit mindretal av amerikanarane reknar for å vera oppklart; han var 14 då far hans, Robert «Bobby» Kennedy, vart myrda i Los Angeles i 1968 like etter å ha vunne primærvalet i California og låg an til å verta ny amerikansk president frå 1969. 14-åringen såg faren verta skoten og drepen på fjernsynet.
Etter attentatet på Robert Kennedy i 1968 vart den unge Robert, alt då ein «vanskeleg» gut mora ikkje syntest ho kunne handtera, send heimanfrå til internatskular. Ein familieven, den 50 år gamle Lem Billings, kom i fars stad for Robert jr. Ifylgje Jerry Oppenheimers biografi RFK Jr. – Robert F. Kennedy and the Dark Side of the Dream var det Billings som overtydde den unge mannen om at det var «lagnaden hans» å verta president i USA.
Den lagnaden såg det i fleire år til å vera lange utsikter med. Robert jr. vart utvist frå skule etter skule på grunn av narkotikabruk, mest marihuana og LSD, som mange unge brukte på denne tida. Etter ei av utvisingane vart han stilt for ungdomsrett for å ha hatt marihuana på seg, men han slapp unna med ein prøvedom og ei bot.
Men det vart meir enn ei flyktig ungdomssynd. I slutten av tjueåra vart han arrestert for å ha med seg heroin på eit fly som skulle frakta han til ein institusjon for rusmiddelavvenjing. Først i 1983, etter 15 år med misbruk, kom han seg fri. Etter å ha vore edru i 40 år fylgjer han dagleg eit program for å halda seg rein.
Falkjegermeister
Men midt i elendet held interessa hans for ville dyr seg levande. Frå eit av internata han budde på, vert rommet hans skildra som ein heilagdom med ein byste av den drepne faren og minnebilete av han klistra på alle veggene, men skite ned av ein sporvehauk han hadde laus der, for interessa hans for falkejakt var no vakna. Han er i dag godkjend falkejegermeister.
På 1970-talet skaffa Robert Kennedy jr. seg ein bachelorgrad i amerikansk litteratur og historie. Etter å ha lagt rusmisbruken bak seg utdanna han seg til jurist, men også her er det hovudinteressa hans for vill natur som står i sentrum: Han vart advokat for fleire miljøorganisasjonar, særleg Hudson Riverkeeper, i årelang rettsleg strid mot forureinande verksemder langs Hudson-vassdraget i delstaten New York. Han får mykje av æra for at Hudson-elva i dag er den siste storelva i USA som har bevart det tradisjonelle artsmangfaldet.
Robert Kennedy jr. har også fronta forsvaret for rettane til minoritetar og urfolk mot økonomiske interesser, der det har stått om øydelegging av livstilhøva gjennom forureining. Dette er berre noko av den svært omfattande og ofte vellukka innsatsen hans på dette området.
Slik vann han seg namn som «The Kennedy Who Matters» – Kennedyen som tel – som var tittelen på eit portrett av han i New York Magazine i 1995. I 2001 vann han Men’s Journals heltepris for miljøarbeidet sitt. I 2009 stod han på Rolling Stone’s liste over «100 Agents of Change».
Vaksinemotstandar
Denne suksesshistoria er komen i skuggen av at han i dei seinare åra har pådrege seg eit rykte som vaksinemotstandar, fyrst etter artikkelen «Deadly immunity» i magasinet Rolling Stones og den venstreliberale nettsida Salon i 2005, der han argumenterte for ein samanheng mellom nyare vaksinepraksis og vekst i autisme hos born. Artikkelen fekk langvarig kritikk gjennom fleire år og vart i 2011 trekt attende frå Salon.
Under pandemien vart Kennedy eit internasjonalt namn som kritikar av politikken med nedstenging av samfunnsfunksjonar og avgrensing av rørslefridom. I den nyaste boka hans, The Real Anthony Fauci – Bill Gates, Big Pharma, and the Global War on Democracy and Public Health, som ligg på bestseljarlista til New York Times, skildrar han pandemien som ei global samansverjing mellom pengefolk og byråkratar for å gjennomføra «eit historisk statskupp mot vestleg demokrati».
Her kan det sjå ut som om Kennedy ligg nær opptil det å personifisera strukturell makt. Det vil seia at han legg inn medvitne intensjonar hos høgtståande byråkratar som i røynda er umedvitne – om enn kanskje i «dårleg tru» – reiskapar for dei anonyme kreftene i økonomien, staten og andre maktstrukturar.
Robert F. Kennedy jr. saman med demonstrantar utanfor Capitol i Washington i februar 2019. Dei protesterer mot eit påbod om vaksine mot barnesjukdomar.
Foto: Ted S. Warren / AP / NTB
Legg ein for lite vekt på flokktenkinga og sjølvbedraget, altså det falske medvitet, fell ein lett ned i konspirasjonstenking som i staden for maktanalyse opererer med konkrete og særleg vonde individ som med vitande og vilje ofrar menneskeslekta for eigne føremonar.
Likevel står han ikkje fram som nokon galning. Tek ein seg tid til å søkja opp dei mange politiske talane og intervjua med Kennedy som ligg på nettet, vil ein sjå at han står fram som ein sympatisk mann med karisma og ein rasjonelt argumenterande stil. Det gjeld det tre timar lange intervjuet av den tidligare Fox-journalisten Megan Kelly og ein artikkel av David Samuels i det jødisk orienterte Tablet Magazine 25. april.
Monsteret
Robert Kennedy jr. er ikkje ein alminneleg «konspirasjonsteoretikar». Han vil ikkje at vaksinekritikken hans skal oppfattast som prinsipielt retta mot vaksinar, men mot ein mektig farmasøytisk industri som har ofra folks ve og vel på alteret til den økonomiske profitten. Han meiner at dette har kunna skje ved at dei offentlege instansane som skulle verna folk mot overgrep, er tekne over av pengeinteressene.
Når ein les Kennedys vaksinekritikk i lys av maktanalysen hans, vert det vanskeleg å sjå vekk frå to grunnleggjande røynsler i livet hans: for det fyrste attentata mot onkelen og faren, og for det andre den lidenskaplege naturinteressa som har prega heile yrkeslivet hans. I begge høve er fienden den same: alliansen mellom storkapital og statsmakt som har gjort folk forsvarslause mot dei omsynslause økonomiske interessene.
I augo til Robert Kennedy jr. har «det militærindustrielle komplekset» som president Eisenhower åtvara mot i avskjedstalen sin i 1961, teke over heile det amerikanske samfunnet – ein lyt berre leggja til CIA, som Kennedy trur myrda onkelen og faren hans, og den farmasøytiske industrien som med dårleg utprøvde vaksinar framom alt råkar borna, dei mest maktlause og sårbare av alle.
Det er dette monsteret som øydelegg naturen, utryddar vilt liv, forureinar elvar, sjøar og hav, umyndiggjer menneske og held mange nede i naud, skaper ein helsefarleg livsstil og gjer folk sjuke. Det er det same uhyret som med ein av dei tallause armane sine produserer utrygge og eksperimentelle vaksinar.
Sjølv har han fått spastisk dysfoni, som gjer det vanskeleg å snakka og forvandlar røysta til noko raspande og hakkande ein må venja seg til, og han har sagt, halvt ironisk, at spastisk dysfoni er ein mogeleg biverknad av influensavaksinane han har teke årvisst.
Korleis skulle Robert Kennedy jr. kunna lata vera – medvite eller umedvite – å sjå på seg sjølv som eit eksemplarisk offer for denne vondsinna mastodonten? Han har teke frå han alt han elska, onkelen og faren og heile familien, han sende han ut i 15 års rusmisbruk, og han trugar den ville naturen han elskar, han har kanskje tilmed teke frå han røysta.
Fotskot
Det overraskar heller ikkje at Kennedy er ein praktiserande katolikk som trur på samvitsrøysta og kallets røynd. Han er mindre politikar enn «sanningssigar». Presidentkampanjen hans er, seier han sjølv i eit intervju med komikaren Russell Brand, eit «eksperiment» for å sjå om det skulle vera mogeleg å «sameina menneske frå både høgre og venstre i eit populistisk opprør mot den korrupte samanblandinga av korporativ og statleg makt».
Politisk er han tilhengjar av ein kapitalisme med menneskeleg andlet, ein slags sosialdemokrat, men tilhengjar av ein radikal økologisk orientert politikk, men han vil ikkje vinna folk for klimasaka med redsle, men gjennom naturvern. Han er ein kompromisslaus fredsaktivist som vil trekkja USA ut av Ukraina-krigen og avslutta han med ei gjenoppliving av den siste Minsk-avtalen. Samstundes er han ein kulturkonservativ som ikkje vil sleppa «transkvinner» inn i kvinneidretten.
Eit feilsteg tok Kennedy då han i 2022 jamførte nedstengingspolitikken under pandemien med Hitler-regimet i utsegna: «Til og med i Hitlers Tyskland kunne du gå over Alpane til Sveits, eller gøyme deg på eit loftsrom som Anne Frank.» Etterpå unnskylda han seg for referansen til Anne Frank. Han hadde vilja, sa han, «nytta døme frå fortidas barbari for å syna den uhyggjelege i kontrollen som spring frå dei nye teknologiane» som «kan føra til nye totalitære regime».
I pinsa forverra han dette feilskjeret med ei Twitter-melding som støtta Pink Floyd-stjerna Roger Waters som no er under tysk etterforsking etter eit sceneshow som publikummarar har meldt inn som antisemittisk. I Twitter-meldinga hylla Kennedy popstjerna som ein «slik helt Orwell tenkte på då han sa at ’i ei tid av universelt bedrag er det ei revolusjonær akt å seia sanninga’». Meldinga vart raskt sletta.
Den tomme hovudrolla
Det er enno for tidleg å seia korleis Kennedys steg inn på den store politiske scena kjem til å utspela seg. Ein ny president Kennedy verkar ikkje sannsynleg, men kor sannsynleg verka ein president Donald Trump i 2015? Fordi begge dei to leiande presidentkandidatane Biden og Trump forverrar den borgarkrigsliknande situasjonen i landet, opnar dei for usannsynlege og desperate val.
I dramaet som utspelar seg i det amerikanske samfunnet, teiknar det seg ei rolle som folk frå alle klassar og parti må lengta etter å sjå fylt. Intrigen ligg der, manuset er skrive, men hovudrolla er enno ikkje teken. Stykket ventar på noko anna, til dømes ein overraskande opptreden, ein dynamisk, karismatisk og personleg truverdig populist som kjem utanfrå det politiske maktområdet.
Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement