JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Eit skot for nynorskbaugen

Ei nedlegging av den vidaregåande skulen i Lom vil òg svekke nynorsken på Austlandet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule tilbyr restaurant- og matfag. På Lom er Arne Brimi ein nestor, også språkleg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

3583
20241011
3583
20241011

Kommentar

redaksjonen@dagogtid.no

Den vidaregåande skulen i Lom er den einaste vidaregåande skulen i Innlandet der eit fleirtal av elevane har nynorsk som hovudmål. I forslaget til endringar for skulestrukturen i Innlandet er den vidaregåande skulen i Lom føreslått nedlagd. Med det vil nynorsken miste ein viktig institusjon som bidreg til å styrke det nynorske skriftspråkets posisjon på Austlandet.

Den vidaregåande skulen i Lom rekrutterer i hovudsak elevar frå Lom, Skjåk og Vågå. Dette er kommunar som har nynorsk som administrasjonsspråk, og der elevane har nynorsk som hovudmål i grunnskulen. Gamle Oppland er det fylket på Austlandet der nynorsken har størst utbreiing. Allereie i 1899 innførte Lom nynorsk som skulemål. Skjåk fylgde etter i 1907. Nynorsken held framleis stillinga i Ottadalen. Lenger sør i Gudbrandsdalen har han blitt svekt utover 2000-talet.

Dei siste 10–15 åra har skulen i Lom opplevd at nynorsken har styrkt sin posisjon blant elevane. Tidlegare skifta om lag halvparten av elevane til bokmål som hovudmål når dei starta på vidaregåande. Dei siste åra har 80–90 prosent av elevane halde fast ved nynorsk. For fleire av elevane har dette vore eit bevisst val. Dei ynskjer å halde fram med nynorsk som hovudmål, dei vil ha lærebøker på nynorsk og ytrar ynske om at lærarane brukar nynorsk i undervisinga. Når elevane i Lom skriv uttaler i skulesaka, skriv dei uttalene på nynorsk.

Kultur for nynorsk

Årsakene til at nynorsken står sterkare blant ungdommane på den vidaregåande skulen i Lom, kan vera mange. Mitt inntrykk er at fleire ungdommar er meir stolte over dialekten og tilknytinga til bygdene i dag enn tidlegare. Dei har blitt meir bevisste på å bruke dialekt og nynorsk. Å tale dialekt og å vera frå bygda ser ut til å ha blitt «kulare».

Lom, Skjåk og Vågå har ein stolt diktararv. Olav Aukrust, Tor Jonsson, Tore Ørjasæter, Jan-Magnus Bruheim og Ragnvald Skrede nytta alle nynorsk i diktinga si. I nyare tid har vi forfattarar som Ragnhild Kolden og Magnhild Bruheim som skriv på nynorsk. På ungdomsskulane får dei lokale forfattarane meir merksemd enn tidlegare, med eigne opplegg kvart år. Kanskje har dette bidrege positivt til å styrke nynorsken og til at den oppveksande generasjonen blir meir bevisste på diktararven og skriftkulturen i bygdene.

I tillegg har meisterkokk Arne Brimi, som òg er forfattar, vore ein viktig ambassadør for lokal mat, dialekt og identitet. Ein skal ikkje undervurdere effekten av ein lokal kjendis som løftar fram det særeigne når det gjeld både mat og språk.

Formative år

Truleg er dette noko som har styrkt nynorskens posisjon blant elevane i Lom. Dei ynskjer eit skriftspråk som er dialektnært og knytt til bygdene. Dei fleste lærarane brukar nynorsk i undervisinga, og elevane har gode resultat på eksamen i norsk hovudmål, med eit snitt på rundt 4. Kulturen for nynorsk som ein finn på den vidaregåande skulen i Lom i dag, lèt seg ikkje lett overføre til ein annan skule der bokmål er den dominerande målforma.

Eit sterkt og godt nynorskmiljø blant ungdommane i Lom vil bety mykje for framtida til nynorsken. Dei tre åra på vidaregåande er viktige, formative år, og jo lenger dei unge brukar nynorsk, jo større er sjansen for at dei held fast ved nynorsken resten av livet og overfører han til nye generasjonar. Ei nedlegging av den vidaregåande skulen i Lom vil òg vera eit skot for baugen for framtida til nynorsken på Austlandet.

Rita Mundal er leiar ved Lom folkebibliotek.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte
Ordskifte

Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?

Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Krig og psyke

Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

Ikkje til stades

«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis