JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Få dagar før det amerikanske presidentvalet er det klart at Donald Trump kan bli vald.

Kva kan ein Trump-siger få å seia for verda, for Europa og for Noreg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Donald Trump held valkampmøte i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB

5925
20241101
5925
20241101

Det få av oss trudde var mogleg, kan koma til å skje tysdag i neste veke: USA, verdas viktigaste demokrati, kan velja ein mann dei aller fleste i Europa – og svært mange i USA òg – meiner er uskikka til å vera president.

Så har det vist seg at Trump veke etter veke har hamra inn den same bodskapen om økonomi og om innvandrarar. Motkandidaten hans, Kamala Harris, har i sterke ordelag åtvara mot Trump. Men kva Harris eigentleg vil gjera om ho vinn valet, det er det mange som ikkje forstår. Går valet gale for Harris på tysdag, kjem nok denne mangelen på klar tale til å vera hovudforklaringa på kvifor ho tapte.

Om Kamala Harris taper, vil det vera eit av dei største politiske jordskjelva i vår generasjon. Ingen kan sjå inn i krystallkula og sikkert vita kva som skjer, men nokre slutningar kan me trekkja. Den aller viktigaste er at USA vil gå frå å vera engasjert internasjonalt til å bli meir isolasjonistisk. Ikkje berre ser det ut til at Trump sjølv er meir oppsett på å prioritera USA på kostnad av gamle allierte. Visepresidentkandidaten hans, J.D. Vance, har til dømes sagt tvert nei til meir hjelp til Ukraina.

Ei endra verd

Ein kan innvenda at dette har me sett før. I innsetjingstalen 20. januar 2017 sa Trump at heretter skulle det bli «America first, only America first». Faktum er at det gjekk toleleg bra. USA trekte seg frå ein god del internasjonale avtalar, men gjekk ikkje ut av Nato, slik mange i Nato-hovudkvarteret i Brussel frykta.

I mellomtida har verda endra seg dramatisk: Det er fullskalakrig i Ukraina. Det totalitære Kina er blitt ei endå viktigare supermakt. Dei antivestlege kreftene i verda er på frammarsj, slik me såg under Brics-møtet i Kazan i Russland i førre veke. Sist, men ikkje minst har Europa gjennom meir enn eit tiår tapt terreng til USA. I 2011 hadde USA og EU det same bruttonasjonalproduktet i absolutte tal. For 2024 er det berekna at bruttonasjonalproduktet til USA er 1,52 gonger større enn i EU. 335 millionar amerikanarar produserer halvannan gong så mykje som 448 millionar EU-borgarar.

Det er berre å slå fast: Det amerikanske toget går stadig raskare. Det russiske og det kinesiske toget har også god fart. Me europearar står for ein stor del igjen på perrongen. Europa er faktisk dårlegare i stand til å stå på eigne bein i dag enn for eit tiår sidan.

Kva gjer me i Europa om USA sviktar Ukraina og samstundes gjer det klart at forsvaret av Europa er noko europearane i hovudsak må ta seg av sjølve? Ein treng ikkje ha overnaturlege evner for å streka opp nokre scenario: Det fyrste som hender, er at den ukrainske hæren utover vinteren og våren 2025 slepp opp for våpena og ammunisjonen dei til no har fått frå USA. Dette utstyret er essensielt for den ukrainske militære kapasiteten. Ukraina kan koma til å måtte be om forhandlingar med Putin, noko mange i Trumps parti har teke til orde for. Den fredsavtalen Ukraina då vil få, vil meir enn noko anna likna på ein russisk siger.

Gje opp Baltikum?

Etter at Ukraina er slegen, og USA har svekt rolla si i forsvaret av Europa, vil dei europeiske landa stå framfor ei rekkje utfordringar. Det aller fyrste vil vera å auke forsvarsutgiftene monaleg. For eit Europa som frå før av lid av låg økonomisk vekst, blir dette vanskeleg nok.

Det neste europearane vil måtte sjå på, er kva for delar av kontinentet som vil vera mest utsette for nye russiske ekspansjonsframstøytar. Ingen kan vita det sikkert, men det er ei nokså vanleg oppfatning i det såkalla tryggingspolitiske kommentariatet at det då vil handla om dei baltiske statane.

Skal Europa forsvara Baltikum, vil det krevja vilje og evne til å senda store militærstyrkar over Austersjøen for å møta den russisk militærmaskina. I dag er dette ikkje mogleg utan støtte frå USA. Om denne støtta blir svekt, vil kanskje det enklaste vera – sett frå europearane si side – å seia opp den militære garantien til Estland, Latvia og Litauen.

Og kva med Finland? Vil dei europeiske landa ha styrke og vilje nok til å garantera fridomen til Finland når det blir reist tvil om støtta frå USA?

Noreg kjem også med i dette reknestykket. Om USA trekkjer ned engasjementet sitt i det nordlege Atlanterhavet, vil flåtestyrkar frå Storbritannia, Tyskland og Frankrike måtta fylla det militære vakuumet der. I motsett fall blir Noreg liggjande langt bak dei fremste linene til den russiske nordflåten.

Skal, skal ikkje?

Hovudspørsmålet vil vera korleis Europa, med eit meir isolasjonistisk USA, skal balansera den russiske militærmakta. Skal me skapa noko som liknar militær jamvekt med Russland, vil det krevja at Europa går over til ein krigsøkonomi.

Om det motsette skjer, nemleg at Europa held fram meir eller mindre som no, blir også fylgjene store: Etter at Russland har sigra i Ukraina, vil Vladimir Putin ha hand om ei formidabel militærmakt. Den mest sannsynlege løysinga for Europa vil då vera å tilpassa seg den russiske makta.

Europa vil sjølvsagt ikkje bli okkupert av Russland, slik ein frykta under den kalde krigen. Men at Putin kan tenkja seg å gjenoppretta det sovjetiske imperiet i ei eller anna form, kan vi ikkje sjå bort frå.

Som sagt: Donald Trump har enno ikkje vunne det amerikanske presidentvalet. Om han vinn, er det langt frå sikkert at han slår inn på ein så isolasjonistisk utanrikspolitikk som er streka opp her. Kan henda vil me inn i Trumps andre presidentperiode pusta letta ut og seia at dette, endå ein gong, gjekk betre enn frykta.

Men det underliggjande politiske straumdraget som heiter amerikansk isolasjonisme, vil likevel ikkje døy med Trump.

Kanskje kan me utsetja problemet med å byggja opp eit sterkare europeisk forsvar til 2028 eller til 2032, men problemet kjem ikkje til å forsvinna.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis