JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

«Førebygging av flaum og skred gjev betre avkastning enn oljefondet.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå flaumen i Utvik i 2017.

Frå flaumen i Utvik i 2017.

Foto: Oddbjørn Bruland

Frå flaumen i Utvik i 2017.

Frå flaumen i Utvik i 2017.

Foto: Oddbjørn Bruland

6494
20241018
6494
20241018

Kommentar

redaksjonen@dagogtid.no

Verdsbanken viser at for kvar krone investert i tiltak som reduserer konsekvensane av flaum og skred, får vi opp mot ti kroner tilbake i samfunnsøkonomisk verdi. Det er så høg avkastning at det er meiningslaust å rekne om i prosentar.

Ein tilsvarande studie med tilsvarande resultat er nyleg gjord i Noreg. Til samanlikning har den gjennomsnittlege avkastninga i oljefondet vore på 6,3 prosent. Det vil seie at ei krone investert i oljefondet har gjeve 1,063 kroner tilbake. Då verkar det logisk for ein normalt utrusta person kor vi bør investere oljepengane våre. Det er det tydelegvis ikkje for staten Noreg.

I første halvår i år sette staten nemleg inn 188 milliardar koner i oljefondet. Samtidig løyvde staten 472 millionar kroner eller 0,25 prosent av dette til flaum, ras og skredsikring for heile 2024. Vi er alle glade for å ha oljefondet, som skal sikre pensjonen vår, men når hus blir vaska på fjorden og samfunnet rundt oss raknar i saumane, blir ikkje pensjonen lenger vår største bekymring. Vil vi då ein gong i framtida leite fram rapporten frå Verdsbanken og lure på kvifor vi ikkje heller investerte meir i forbygging og klimatilpassing?

«Klimaendringane truar sjølve eksistensgrunn­laget vårt, og difor gjev kvar krone investert i å berge dette så høg avkastning.»

Slekta «Hans» kjem

Og det er mogleg. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har estimert at det trengst 85 milliardar kroner for å sikre Noreg mot skred i bratt terreng, flaum, erosjon og kvikkleireskred. Eller om lag halvparten av det vi pøste inn i Oljefondet første halvår i år. Bakgrunnen for verdiane Verdsbanken kjem fram til, er at reparasjon og tap av samfunnsøkonomiske verdiar er langt dyrare enn førebygging. Dess lenger vi ventar med å sette i gang omfattande tiltak, dess mindre avkastning sit vi med andre ord igjen med. Med dei løyvingane staten i dag set av til dette arbeidet, vil det ta 180 år før arbeidet er ferdig. Innan den tid har vi hatt altfor mange besøk av verre, farlegare og dyrare slektningar av uvêret «Hans».

Staten veit kva som må til. Dette har regjeringa vist gjennom stortingsmeldinga Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred, som kom ut i mai i år. Meldinga peikar på konkrete tiltak og korleis desse må angripast. Ein av premissane som ligg til grunn, er at tiltaka må vere samfunnsøkonomisk lønsame. Sjølv om studien viser at klimatilpassing er svært lønsamt, er det ein god logikk i at tiltak skal prioriterast. Men flaum- og skredmeldinga tek dessverre ikkje stilling til om vi har det kunnskapsgrunnlaget og dei verktøya vi treng for å gjere denne prioriteringa.

Ingen blei råka då delar av ei fjellskjering raste ut på riksveg 13 ved Lovraeidet hausten 2021.

Foto: Peer Einar Klungtveit / Statens vegvesen / NTB

Kva skal ligge til grunn i slike vurderingar, og korleis skal vi vekte dei ulike forholda mot kvarandre? Kva skal vi sikre oss mot i eit klima som er i stadig endring, og kor kan vi i framtida vente oss skadar og kvifor? Kva krefter snakkar vi om i ei fossande elv frå ei bratt dalside, og kor losnar jordsmonnet og bryt seg fram og tek med seg alt på sin veg? Og ikkje minst: Korleis skal vi få folk til å forstå og akseptere dei prioriteringane vi må gjere?

Dette og mange andre spørsmål har vi ikkje gode svar på enno, og dette er kunnskap vi treng for å optimalisere tiltak med tanke på samfunnsøkonomisk nytte. Flaum- og skredmeldinga peikar på trongen for utdanning av fleire spesialistar på dette området, men skal desse handtere utfordringane vi har i vente, treng dei eit endå betre kunnskapsgrunnlag enn vi har i dag.

Økonomi og kompetanse

Noreg er spesielt, vi har eit vekslande klima som kan variere frå streng vinter til kontinentalt klima i løpet av ein dag. Vi har dalsider som stuper ned godt over tusen meter i fjorden eller dalbotnen. Vi har ein utsett infrastruktur som knyter saman landet, kommunar og bygder. Og det er kommunane i dette vidstrekte landet som til slutt sit med utfordringane.

Ansvaret for klimatilpassing har staten lagt til kommunane. Men berre dei få største og knapt nok dei har til ei viss grad kompetanse på dette området. Og når dei verken har økonomien, som seksjonssjef Janniche Lim Cramer i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) framhevar til NRK Buskerud, eller kompetansen til å gjere dette mest mogleg samfunnsøkonomisk kostnadseffektivt, så er det mange utfordringar som må løysast før vi kan hauste dei store gevinstane av betre klimatilpassing.

Auka kapasitet

Vi kan sjølvsagt starte med å auke løyvingane til kommunane for å sette i gang tiltak, men det åleine er ikkje nok. Vi må auke kompetansen og kapasiteten på dette området så vi gjer dei rette tinga på rett måte. For samtidig som vi sikrar mot flaumane og skreda, må vi ta vare på folk, kultur og historiske verdiar og ikkje minst miljøet i og langs vassdraga og i landskapet for både folk og organismar i dag og i framtida.

Dette krev brei fagleg kunnskap, men berre på den måten vil vi sikre eit samfunnsøkonomisk optimalt og berekraftig utbytte av dei tiltaka vi set i verk. Dessverre ser ikkje regjeringa ut til å skjøne dette heller. Med reduksjon av alt skrinne løyvingar til utdanning, forsking og utvikling går dei tvert imot all fornuft og baklengs inn i ei endå farlegare framtid.

Randsfjord badepark vart sett under vatn av uvêret «Hans» på Austlandet i 2023.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Angsten for ein overoppheta økonomi som følgje av altfor ivrig bruk av oljepengar er sjølvsagt eit godt og velbrukt argument mot å bruke meir pengar i offentleg sektor. Og mange vil sikkert hevde at det finst mange andre formål som står framom i køen. Med «Hans» fekk vi ein liten forsmak på kva vi har i vente, og når samfunnet stoppar opp, kjem vi oss ikkje til sjukehuset uansett kor godt eller nær dette er.

Klimaendringane truar sjølve eksistensgrunnlaget vårt, og difor gjev kvar krone investert i å berge dette så høg avkastning. Vi kan starte med å skaffe oss og formidle den beste kunnskapen for å gjere dette på den beste måten. Dernest kan vi utvikle og ta i bruk meir og betre teknologi som overvaker og varslar kor og når desse hendingane inntreffer. Auka investeringar på dette området vil ikkje føre til ein overoppheta økonomi, men vere eit viktig klimatilpassingstiltak med stor samfunnsøkonomiske verdi. Og kan vi i tillegg optimalisere den innsatsen vi gjer, og dei ulike aktørane klarer å finne, prioritere og sikre dei plassane der effekten er størst, har vi oppnådd ganske mykje.

Oddbjørn Bruland er professor i vassdragsteknikk ved Institutt for bygg- og miljøteknikk ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis