Forfatterforbundet på ranstokt
Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.
Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.
Foto: Vidar Ruud / NTB
Kommentar
jan.h.landro@gmail.com
Det er berre sju år sidan nokre forfattarar – mange av dei slike som ikkje tilfredsstilte dei kvalitative opptakskrava til Den norske Forfatterforening (DnF) – skipa sitt eige forbund, Forfatterforbundet (FF), som er ope for alle som skriv skjønnlitteratur. Deretter gjekk det ikkje lang tid før krava kom om likestilling mellom FF og DnF. No er det fordelinga av det statlege bibliotekvederlaget FF ikkje godtek, så gjennom LO leverte dei før jul sivilt skilsdomssøksmål mot DnF for å få halvparten av vederlaget.
Etter at fleire FF-medlemer har trekt seg frå forbundet i protest mot det aggressive utspelet, inviterer FF-leiar Eystein Hanssen no til samtale med DnF. Men det urimelege kravet hans står visst fast. Kva er det då å samtale om?
I 2024 utgjorde vederlaget frå staten 162 millionar kroner, og av dette gjekk 40 prosent til skjønnlitterære vaksenbokforfattarar. I november i fjor avgjorde det uavhengige Forhandlingsutvalet for bibliotekvederlag at DnF skulle ha 25 prosent av desse, FF 15 prosent. Det innebar at FF-delen auka med 2 prosentpoeng – og at DnF-delen blei tilsvarande redusert. Men for FF var ikkje det godt nok.
På eitt punkt er dei to partane heilt samde: Forfattarane får for lite for arbeidet sitt. Det er eit syn som er lett å dele. Men då er det rein og skjær galskap å setje i gang eit stort juridisk apparat – med kostnader i millionklassen – for å tvinge motparten i kne. «Underbetalte» norske forfattarar får ikkje meir ved at organisasjonane som skal representere interessene deira, på dette viset kastar bort millionar som kunne gått til stipend.
Korleis har Eystein Hanssen og resten av styret i FF blitt så forblinda at dei ikkje ser det som er openbert for både skrivande og ikkje-skrivande?
Det forfattarorganisasjonane burde kjempe for, samla og utanfor rettsapparatet, er å få opp bibliotekvederlaget, syte for at staten gir forfattarane skikkeleg kompensasjon for at kvar og ein av oss kan låne bøkene deira gratis i alle landets bibliotek.
Denne saka handlar ikkje berre om pengar, men også om korleis FF set heile forfattarstanden i vanry og bringar det mødesamt oppbygde politiske partssamarbeidet i fare. Korleis kan dei unngå å sjå at denne advokatmaten også er gefundenes Fressen for ei stadig sterkare politisk høgreside, som nyttar alle påskot til å svekkje den «elitistiske» kulturpolitikken?
Eystein Hanssen vil ikkje sjå at DnF gjennom 131 år har arbeidd fram dei rettane norske forfattarar, også medlemene hans, i dag nyt godt av. Han leier ei foreining som nektar å offentleggjere medlemslista si (vi kan alle tenkje kvifor), som ikkje stiller kvalitetskrav til medlemene sine, ei foreining som truleg berre har om lag helvta av det medlemstalet DnF har med sine strenge opptakskrav.
Og så roper han på likeverd og rettferd!
Vi veit at medlemstala i LO er fallande, men at organisasjonen skulle falle så lågt som å nytte si framifrå juridiske avdeling til å støtte ein slik destruktiv rettsprosess, er ikkje til å tru. I staden burde dei ha forklart Eystein Hanssen og resten av styret litt om rettferd og sunn fornuft.
Kan vi vone at det er det dei no har gjort?
Jan H. Landro er sakprosaforfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.