Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Fredsavtale med biverknader

Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.

Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB

6552
20241129
6552
20241129

Kommentar

Endeleg kom det godt nytt frå Midtausten: På tysdag inngjekk Israel og Libanon ein avtale som skal gjere slutt på den 14 månader lange konflikten, som har vart sidan Hizbollah tok til å sende rakettar mot Israel 8. oktober 2023.

Avtalen er ei stadfesting og styrking av FNs tryggingsråds resolusjon 1701 frå 2006, som vart vedteken etter den førre krigen mellom Israel og Hizbollah. Partane skal slutte med offensive operasjonar mot kvarandre, og både Israel og Hizbollah skal trekkje seg ut frå Sør-Libanon. Etter 60 dagar skal ikkje israelske styrkar operere nord for grensa mellom landa (den blå lina), og Hizbollah-styrkar skal ikkje operere sør for Litani-elva, som ligg 30 kilometer nord for grensa. I dette området skal berre libanesiske sivile, den libanesiske hæren (LAF) og FN-styrken Unifil halde hus. Avtalen gjer det mogleg for sivile nord i Israel og sør i Libanon å flytte heim. Den gamle trepartsmekanismen mellom Israel, Libanon og Unifil vert utvida til ein fempartsmekanisme der Frankrike og USA deltek.

«Noko av det viktigaste er føresetnadene som ikkje står i avtalen.»

Press frå USA

USA og Frankrike har rolle som garantistar. USA skal ha truga Israel med ein ny tvingande FN-resolusjon, ein fred påtvinga ovanfrå, om ikkje Israel vart med på avtalen med Libanon. Neste veke tek USA over presidentskapen i Tryggingsrådet. Om Israel ikkje følgjer opp og trekkjer seg ut, kan dei vente seg sterkare lut frå amerikanarane. Avtalen gjev òg USA i oppgåve å forhandle om uteståande saker mellom Libanon og Israel, med hjelp frå Tryggingsrådet. Frankrike er militært til stades i Libanon og skal sjå til at den libanesiske hæren (LAF) kan forsterkast i tråd med avtalen. Det er LAF som skal fylle tomrommet etter Hizbollah-styrkane i sør og langs dei libanesiske grensene andre stader. I praksis er det FNs tryggingsråd som no installerer seg på kvar side av grensa mellom Israel og Libanon.

Denne avtalen er eit stort gjennombrot. Og noko av det viktigaste er føresetnadene som ikkje står i avtalen, men som likevel utgjer noko av fundamentet.

Tause partar

Ein slik føresetnad er knytt til det mest prekære punktet i avtalen og gjeld våpensmugling frå Iran til Hizbollah. Den israelske offensiven i haust har redusert våpenlagera til Hizbollah i Libanon og Syria. Om Hizbollah no fyller opp att lagera med nye våpen utanfrå, kan det velte avtalen. Avtaleteksten stadfestar at det er libanesiske styresmakter som skal sjå til at nye våpen ikkje fell i hendene til Hizbollah, med hjelp frå Frankrike. Men det klarer ikkje LAF og Frankrike på eiga hand.

Då kjem vi til dei tause partane i avtalen. Våpen kjem inn i Libanon frå Middelhavet eller over syrisk territorium, frå aust. Det er Assad-regimet i Syria, og støttespelaren Russland med marinebasen sin i syriske Tartus, som held Libanon i eit grep frå aust, nord og nordvest. Våpena kjem frå Iran, men det er Assad og Putin som er «vaktarane» av Libanon.

Arrestordrar

Og her får denne soga ein interessant vri: I sommar auka Frankrike presset mot sitjande statsleiarar som er skulda for folkerettsbrot, ved å ta ut arrestordre mot den sitjande presidenten i Syria, Bashar al-Assad. Saka gjeld ei sak som Canada og Nederland har bringa inn for Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) mot Syria for brot på torturkonvensjonen. Men arrestordren mot Assad signaliserer at Frankrike ikkje respekterer immunitet for sitjande statsleiarar, noko som òg vil gjelde andre statsleiarar med arrestordre mot seg.

Dette inkluderer den russiske presidenten Vladimir Putin, som har ein arrestordre mot seg frå ICC, Den internasjonale straffedomstolen i Haag, for deportasjon av born frå Ukraina. Og då eit dommarpanel i ICC sist veke tok ut arrestordre mot Netanyahu, vart det heitare for den israelske statsleiaren òg.

Men kva skjedde dagen etter våpenkvileavtalen mellom Israel og Libanon? Då gjekk Frankrike ut og stadfesta at sitjande statsleiarar har immunitet, slik Frankrike ser det. Kven gjeld så dette for? Formelt er det Netanyahu, som no også har Frankrikes støtte for at han ikkje kan verte utlevert til Haag. Men ettersom folkeretten skal gjelde likt for alle, får utsegna frå Frankrike òg konsekvensar for dei to partane Frankrike treng hjelp frå for å implementere våpenkvileavtalen i Libanon – Assad og Putin. Frankrike held ICC unna dei to statsleiarane for å få med seg partane som må spele på lag. Prisen for fred i Libanon er truleg at presset frå domstolen i Haag lettar mot Putin og Netanyahu.

Krigens reglar

Så melder spørsmålet seg: Kva andre biverknader kan denne avtalen få? Kan det vere slik at palestinarane må betale prisen for å få fred i Libanon?

Truleg er det ikkje slik. Då dommarpanelet til ICC 21. november tok ut arrestordre mot Benjamin Netanyahu og den nyleg avsette forsvarsministeren Yoav Gallant (i tillegg til den avdøde Hamas-leiaren Muhammed Deif), var det ein stor siger for palestinarane –  av grunnar som ikkje har noko med desse leiarane å gjere. Frå den hemmelegstempla arrestordren har vi fått vite at domstolen legg til grunn at reglane for krigføring mellom statar gjeld også for krigen på Gaza. Dette har det vore stor usemje om, blant anna har Frankrike gått imot denne tolkinga.

Konklusjonen til ICC inneber at det er strenge reglar for kva som kan reknast som militære mål på Gaza, og at uproporsjonale åtak mot sivile faktisk er å rekne som krigsbrotsverk også der. Sjølv om ikkje israelske leiarar blir arresterte og sende til Haag, vert okkupasjonsmakta Israel sitjande med statsansvar for krigsbrotsverk på Gaza. Denne sigeren til palestinarane står seg.

Isolert Hamas

Den andre viktige effekten av avtalen mellom Israel og Libanon er at Hizbollah ikkje lenger støttar Hamas. Då Hamas vart kasta ut av Qatar nyleg, skal rørsla ha møtt ei stengd dør hjå Assad i Syria, der Hamas heldt til før den syriske borgarkrigen braut ut i 2011. Når Libanon, Assad og Hizbollah har vendt ryggen til Hamas, er rørsla meir isolert enn nokosinne.

Men det same kan vi seie om den stadig meir ytterleggåande regjeringa til Netanyahu, som no i praksis er utsett for delvis våpenembargo frå USA. I desember tek USA over presidentskapen i FNs tryggingsråd. Samstundes er korta som vart kasta opp i lufta av Hamas-åtaket på Israel i oktober 2023, i ferd med å lande. Kan det vere lov å håpe på fred til jul i Midtausten i år?

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis