JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Guds vreide over Columbia

Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

10892
20240510
10892
20240510

Dei siste månadene har titusenvis av studentar og lærarar over heile USA demonstrert mot Israel og Gaza-krigen. Demonstrantane vil mellom anna ha stans i dei massive våpenleveransane til Israel og har ofte spesifikke krav til sine eigne universitet.

Amerikanske eliteuniversitet er private konsern med store formuar som blir plasserte i fond. Studentane vil ha slutt på at desse pengane blir investerte i våpenindustri og liknande med direkte eller indirekte bindingar til Israel – eller i selskap som driv business på Vestbreidda, der Israel bryt folkeretten. Vi kjenner att denne debatten rundt oljefondet i Noreg.

Demonstrasjonane, som ofte går føre seg ved at studentar slår opp teltleirar på universitetsområdet, har stort sett vore fredelege. Eit unntak er ved UCLA, der propalestinske demonstrantar blei angripe av proisraelske demonstrantar væpna med kjeppar og fyrverkeri. Ved fleire campusar, inkludert Columbia-universitetet, har studentane okkupert bygningar som deretter er blitt storma av politiet.

USA har mange typar politi, og ved mange universitet (men ikkje alle) er studentane blitt fjerna og arresterte av opprørspoliti, utstyrte med automatvåpen og i fullt krigsutstyr. Dei ser aggressive ut, og mange av videoane som har gått viralt, viser det som ser ut som overdriven maktbruk.

Ein eldre kvinneleg professor, Caroline Fohlin ved Emory University i Georgia, pent kledd og med handveske, blei til dømes slengd i bakken av politiet, med hovudet i betongen, for deretter å bli sett handjern på og arrestert. Det same skjedde med Annelise Orleck, som er historieprofessor ved Dartmouth College i New Hampshire. Ho og ei rekke andre damer mellom 60 og 80 år ville skjerme studentane frå politiet, ifølge eiga utsegn. Ingen av dei 90 demonstrantane som blei arresterte ved Dartmouth, skal ha oppført seg valdeleg eller truande. Etter arrestasjonen blei ho utvist frå Dartmouth, der ho har undervist i 34 år og mellom anna vore leiar for eit senter for jødiske studiar.

Politiets framgangsmåte mot demonstrantane har mange stader vore såpass brutal og uproposjonal, at FNs høgkommissær for menneskerettar den 30. april uttrykte bekymring for situasjonen. Mange spør om ingenting har skjedd etter dei landsomfattande (og mykje større) demonstrasjonane mot politivald i 2020.

Ironisk nok kan opprørspolitiet som arresterer studentane som demonstrerer mot Israel, ha lært metodane sine i nettopp Israel, eller av israelske instruktørar i USA. For det ha vore eit nært samarbeid mellom israelsk og amerikansk politi i snart to tiår. Parallelt har det gått føre seg ei markant militarisering av det amerikanske politiet.

I Israel er mange politistyrkar vovne tett saman med hæren, ikkje minst i dei okkuperte områda. Her har Israel utvikla ei brei vifte av våpen, teknologiar og taktikkar som blir prøvde ut på palestinarar, og mykje av denne teknologien blir eksportert vidare. Mange diktatur står på kundelista, men også europeiske land kjøper varer og tenester frå denne israelske bransjen.

USA har tatt samarbeidet fleire skritt vidare, ved at amerikanske politikorps får trening i Israel, eller av israelske instruktørar i USA. Mange spør seg kvifor amerikansk politi skal gå i opplæring hos israelarane? Det er trass alt uvanleg godt dokumentert, av FN og ei rekkje menneskerettsorganisasjonar, som Amnesty og B’Tselem, at israelsk politi ofte nyttar metodar som ikkje er rekna som akseptable i eit demokrati.

«Å framstille amerikanske campusar som ormebol av antisemittisme synest å vere ei overdriving, for å seie det forsiktig.»

I 2020 blei George Floyd drepen i Minneapolis av ein politimann som hadde kneet på nakken hans, etter at Floyd hadde sagt 16 gonger at han ikkje fekk puste. Da det blei klart at Minneapolis-politiet er eit av dei mange politikorpsa som har samarbeidd med israelsk politi, såg mange, med rette eller ikkje, ein samanheng. For kor mange gonger har ikkje verda sett bilete av israelske soldatar og politi som har kneet på nakken til palestinske demonstrantar under arrestasjon? Nokre amerikanske politistyrkar har trekt seg frå samarbeidet etter kritikk på heimebane.

Det er stort sett amerikanske skattebetalarar som betaler for samarbeidet, men fleire grupper frå Israel-lobbyen har òg sponsa prosjektet. Ei av desse er ADL (Anti-Defamation League), den leiande organisasjonen mot antisemittisme i USA. Kvifor ein organisasjon som skal kjempe mot rasisme, ser det som si naturlege oppgåve å betale for at amerikansk politi skal få «etterutdanning» i Israel, som held millionar under ein brutal okkupasjon og har apartheidstrukturar, er mystisk for mange.

ADL overvaker 86 amerikanske universitet og gir dei karakterar i form av såkalla Campus Antisemitism Report Cards. Om ein studerer «karakterane» og rapportane som ADL står bak, er ofte skiljet mellom antisemittisme og legitim kritikk av Israel ganske så utviska.

Universiteta får òg «plusskarakter» om dei nyttar antisemittisme-definisjonen til IHRA (International Holocaust Remembrance Alliance), der sju av elleve eksempel på antisemittisme handlar om Israel. Om det blir registrert hendingar som studentar opplever som utrygge, krev ADL at universiteta handlar.

ADL-direktøren Jonathan Greenblatt meiner universiteta har gjort altfor lite. I desember gav han dei kollektivt botnkarakteren F, og hevda at vi har «sett ein tsunami eller orkan av antisemittisme, og dei amerikanske eliteuniversiteta er sentrum i denne stormen».

Studentane og lærarane som demonstrerer i USA, risikerer ikkje berre arrestasjon og fengsel, men i tillegg å miste jobben, hybelen, studieplassane og nokre moglege karrierevegar. Det verkar som leiinga ved mange universitet handlar i panikk etter kongresshøyringane mot University of Pennsylvania, MIT og Harvard i desember i fjor. Der hevda republikanske politikarar mellom anna at ordet «intifada» er ei global oppfordring til folkemord mot jødar.

Slike påstandar skulle underbygge at demonstrasjonane mot Gaza-krigen er grunnleggande antisemittiske. Presidenten ved Pennsylvania-universitetet måtte gå av etter press frå republikanske politikarar og frå proisraelske «megadonorar» som trua med å trekke støtta. Bill Ackman, ein av Harvards megadonorar, kravde at universitetet offentleggjorde ei liste over studentar som hadde skrive under eit Israel-kritisk opprop, slik at han og andre på Wall Street «ikkje risikerte å tilsette nokon av dei.»

Kravet blei ikkje innfridd. Men den omfangsrike og godt organiserte Israel-lobbyen har i lange tider jobba for å få ulike typar Israel-kritikk definert som antisemittisme. Dei har vunne mange sigrar. Ikkje berre på føderalt nivå, men også i dei fleste delstatar, der ein kan bli utsett for sanksjonar eller miste jobben om ein til dømes gir uttrykk for støtte til boikott av Israel.

UCLA 28. april: Ein pro-Israel demonstrant går forbi demonstrantar som støttar palestinarane i Gaza.

Foto: David Swanson / NTB

For nokre veker sidan måtte leiinga ved Columbia-universitetet stille i ei ny kongresshøyring om antisemittisme. I innleiinga til høyringa skulda den republikanske komitéleiaren Virginia Foxx Columbia for å vere «ein av dei verste yngleplassane for antisemittisme og hat, leiinga har gjort altfor lite, og Columbia har i beste fall gjort seg skuldig i grov neglisjering og i verste fall er ei plattform for terrorisme og vald mot det jødiske folket». Seinare i høyringa trekte republikanaren Rick Allen frå Georgia fram Første Mosebok (kap. 12), da han insisterte på at amerikanske universitet må lære studentane sine kva Guds straff er for dei som ikkje støttar Israel. «Vil du at Columbia University skal blir forbanna av Gud?», spurde den folkevalde representanten rektor ved Columbia, Minouche Shafik.

Shafik protesterte ikkje på dette eller noko anna, men måtte forsvare seg på komiteens premissar. Ho hevda å ha gjort alt som stod i hennar makt for å motarbeide antisemittisme ved Columbia. Ho har oppløyst studentorganisasjonar som Students for Justice in Palestine og Jewish Voice for Peace. Ho har bedt opprørspoliti komme inn på campus for første gong sidan Vietnam-demonstrasjonane i 1968. Ho har oppretta ei handlingsgruppe mot antisemittisme ved universitetet (som ifølge Columbia-professor Bruce Robbins rører saman legitim Israel-kritikk og antisemittisme) og ein ny komité for tryggleik på campus. Ho har endra universitetets regelverk om demonstrasjonar. Ho har sparka lærarar som har uttalt seg om konflikten på «uakseptable» måtar.

Samstundes er mange av dei Shafik skulle representere – tilsette og studentar ved Columbia – opprørte. I eit langt essay i New York Review of Books (publisert 24. desember 2023) viste Columbia-professor Nadia Abu El-Haj, korleis vanlege og innarbeidde demokratiske spelereglar ved Columbia (og andre universitet) var sett til side over natta og utan presedens. El-Haj er langt frå den einaste professoren ved Columbia som meiner presidenten har svikta ansvaret for å halde oppe sentrale akademiske verdiar, ytringsfridomen og rettstryggleiken til studentane, alt for å tilfredsstille ei inkvisitorisk høgreside.

Dei hevdar òg at det faktisk er registrert få tilfelle av klar antisemittisme, og at påstandar om antisemittisme, utan vidare undersøkingar, blir registrert som faktisk antisemittisme. Dei freistar å blande fornuft inn i diskusjonen, til dømes ved å vise at ordet «intifada» ikkje er ei oppfordring til folkemord mot alle jødar, men manar til eit breitt folkeleg opprør mot den israelske okkupasjonen.

På den andre sida er det lett å sjå at situasjonen kan vere svært vanskeleg å handtere for leiinga ved universiteta. Demonstrasjonane forstyrrar nokre stader undervisninga, og enkelte universitet, inkludert Columbia, har utsett eksamenar.

Mange av dei demonstrerande studentane er 19 år, og i intervju kjem det ofte fram at dei ikkje alltid akkurat er sprenglærde i geografi og historie. At det er blitt sagt og ropt ting som er ubehageleg for andre å høyre, som «from the river to the sea», er det ingen grunn til å tvile på. At det har vore episodar som utan tvil må definerast som antisemittisme, er òg eit faktum.

Folk på høgresida seier dessutan at studentane, som ofte høyrer heime på venstresida, får smake av eigen medisin – med tanke på at kanselleringskulturen som er blitt nytta mot folk dei ikkje liker bodskapen til.

Samstundes, sjølv om ein tar alt dette inn i likninga: å framstille amerikanske campusar som ormebol av antisemittisme synest å vere ei overdriving, for å seie det forsiktig.

Kanskje minner det som skjer i USA, om ei form for ny-mccarthyisme, slik det er blitt hevda. Men USA følgjer trass alt etter fleire europeiske land, spesielt Tyskland, der kritikk av Israel kan få store konsekvensar. I begge land er det no større aksept for å kritisere eige lands politikk enn å kritisere Israels.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis