JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Høgresidemedium i USA hyllar Donald Trump, mens sentrum- og venstresidemedium hyllar Kamala Harris. Pressa har falle som offer for polariseringa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

5944
20240830
5944
20240830

Alle hugsar me Kamala Harris føre presidentvalet i 2020: Ho dreiv ein mislukka kampanje for å bli kandidaten til Det demokratiske partiet i USA. Så blei ho, utan at nokon heilt skjønte kvifor, visepresidentkandidaten til Joe Biden. Då ho vel var komen inn i Det kvite huset, levde ho eit obskurt tilvære på god avstand til Det ovale kontoret. Alt det ho tok i, såg ut til å bli til gråstein.

Så, gjennom nokre dramatiske sumarveker, trekkjer Joe Biden seg frå det komande valet i november. Kamala Harris blir peikt ut som kandidaten for partiet. Den som i desse dagane les The New York Times, får dagleg demonstrert kva for ein eminent politikar Kamala Harris er. Visepresidenten er plutseleg blitt eit politisk stjerneskot som lyser opp den politiske himmelen i heile verda.

«Medieverda treng å stansa opp og tenkja over det som skjer.»

Går ein til fjernsynsstasjonane på høgresida, spesielt Fox News, får ein eit anna bilete: Kamala Harris er ei kvinne som ufortent hamna i visepresidentstolen. Gjennom noko som liknar på ein djevelsk plan, har ho skuva bort den legitime demokratiske presidentkandidaten Joe Biden frå vallista. Visst kan Kamala Harris lesa opp eit manus frå ein telepromptar, men det er også alt ho kan. Å stilla opp i ein debatt auge til auge med Donald Trump vil ho heilt sikkert ikkje klara. Så vil ein bli kvitt denne Kamala og setja ein stoppar for dei som vil øydeleggja Amerika, har veljarane ikkje noko anna å gjera enn å røysta på Donald Trump, fortel Fox News.

Nokre nyansar

Slik er det generelle biletet av ei kløyvd amerikansk medieverd. Nokre nyansar kan ein rett nok finna. Blar ein seg gjennom nettutgåva til The New York Times, kunne ein denne veka til dømes lesa ein kommentar av forfattaren og journalisten Roger Lowenstein. I artikkelen peiker han på at både Donald Trump og Kamala Harris har kome med det han kallar populistiske utspel om den økonomiske politikken. Om dei gjer det dei seier dei vil gjera, vil det skada den amerikanske økonomien. Kvardagen til veljarane deira blir endå dyrare enn han er no, skriv Lowenstein.

Tilsvarande kan ein på nettsida til Fox News sjå to programleiarar som blir ringde opp av Donald Trump, som kommenterer talen til Kamala Harris på landsmøtet til demokratane nyleg. Programleiarane blir meir og meir utilpass etter kvart som Trump snakkar, og dei freistar litt fortvila å få han av lufta. Innslaget endar med at røysta til Trump forsvinn. Om han blir kutta eller ikkje, er noko uklart. I alle høve er det ikkje ei framsyning som er så veldig smigrande for den tidlegare presidenten.

Slagsider

Desse to døma er unnataka. Hovudbiletet er at amerikanske medium har ei klar slagside anten til den demokratiske eller til den republikanske sida. Nyhendedekninga er ikkje nøktern og nøytral, men minner heller om god, gamaldags propaganda.

Slik har sjølv heiderskrona amerikanske aviser gått frå å vera stader der lesaren kunne henta store mengder intellektuell inspirasjon, til å bli kanonar i den pågåande politiske kampen. Då sosiale medium som Facebook og Twitter oppstod, var den vanlege kritikken at dei skapte ekkokammer ved at dei forsynte brukarane med meir av det dei likte å høyra. I staden for at dei sosiale media har blitt meir like dei redaktørstyrte media, blir dei redaktørstyrte media i USA stadig meir like sosiale medium.

Når ein ser tilbake på denne utviklinga, er det vanskeleg å peika på kva tid USA gjekk frå å vera eit samfunn med temmeleg stor konsensus til å bli det splitta samfunnet som me ser i dag. Store konfliktar reid USA i tiåra etter den andre verdskrigen, fyrst og fremst borgarrettsrørsla og Vietnamkrigen.

Under presidentane Ronald Reagan, Bush senior og Bill Clinton blei likevel såra frå 1960- og 70-talet stort sett heila. Så kom 2000-talet med nedbygginga av den amerikanske industrien, eksporten av arbeidsplassar til lågkostland og finanskrisa i 2007–08. Saman med desse ulukkene kom ei rad med feilslegne utanrikspolitiske eventyr, der krigane i Irak og Afghanistan var dei verste.

Ned til grasrota

Parallelt med dette blei amerikansk folkeopinion meir og meir polarisert. I staden for å byggja bru over motsetnadene blei massemedia propagandakanalar for kvart sitt parti. Og denne splittinga går heilt ned til grasrota. På same måten som ingen republikanar vil at eit barn i familien skal gifta seg med ein demokrat, og omvendt, så finn ingen republikanar på å lesa The New York Times. Ingen demokrat ser heller på Fox News. Berre tanken på å gjera noko slikt får ein liberalar frå New York eller San Francisco til å grøssa.

Frå ein liberal – og frå ein norsk – synsstad er det ikkje vanskeleg å forstå kvifor liberale medium er blitt einsidig Anti-Trump. Ved å nekta å godta valresultatet i 2020 og gjennom åtaket mot Kongressen den 6. januar 2021 synte Donald Trump fram den fascistoide sida si. Det er all grunn til å ottast for det amerikanske demokratiet dersom Trump blir vald igjen, ikkje minst om han også får kontroll med Kongressen. For alle som er glade i det vestlege demokratiet, står ein Trump-siger fram som eit trugsmål og eit mareritt, korkje meir eller mindre.

Men medieverda treng likevel å stansa opp og tenkja over det som skjer. Vestlege journalistar klarte kring 1970–80-talet å rista av seg dei politiske partia som låg over avisene som ei mare. Idealet, ikkje minst inspirert av dei to Washington Post-journalistane Bob Woodward og Carl Bernstein, blei den maktkritiske, undersøkjande journalistikken, anten han råka politikarar på høgre- eller venstresida.

Spørsmålet ein kan stilla, er om kampen mot den illiberale Donald Trump fører til at store delar av journalistlauget i Vesten gjev opp dette idealet?

Og om det skjer, kva vil då gå tapt på vegen?

Halvor Tjønn

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis