Kommentar
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Eg sat heime i jola og vart underhalden av Magnus Carlsen (34) i kjend stil i New York og duoen Torstein Bae/ Ole Rolfsrud i storform på NRK. Responsen frå folket, både i Noreg og internasjonalt, var eintydig tvitydig: Dei elskar å elska/ hata påfunna til Carlsen. Hans Niemann (21) langa ut mot NRK på direkten: Den norske statskanalen serverer korrupt søppelsjakk-TV utan journalistisk integritet, sa skandalemakaren, som Carlsen gjorde til verdsstjerne då han skulda amerikanaren for juks i 2022.
Eg er inhabil etter ti år i NRK-sjakken, men lat meg peika på nokre paradoksale tidstypiske trekk i spørsmålet om underhaldning versus kva som eigenleg er viktig: På kviledagen mellom hurtig og lyn sende NRK «NM i kjendissjakk». Tidlegare glamourmodell Linnie Meister var ein dark horse, ifylgje stalltipset til Bae. Ho kom til semifinalen, etter sterkt spel (ifylgje Bae), men éin million nordmenn spelar betre sjakk enn den «nysingle realitystjerna» (Dagbladet). Kjendisane var kor som er uvanleg nervøse og sympatiske denne kvelden.
Det var direkte-TV, og tidsskjemaet sprakk. Så kom ei oppsiktsvekkjande melding på skjermen: «Nyheitene klokka 21 går ut.» NM i kjendissjakkfjas vann over røynda og journalistikken! I vår absurde (medie)verd var konseptet briljant. Dette var dristig, ekte reality-TV, direktesend sakte-lynsjakk med kommentator Bae i fri dressur, ikkje redigert ned av smarte redaksjonar, men tenkt ut av smarte NRK-folk. Publikum kjende seg att i bukkane og offera til kjendisane.
Den norske rebellen
Dagen før kjendis-NM hadde Carlsen trekt seg frå VM i hurtigsjakk etter å ha nekta å ta av seg dongeribuksa og fylgja kleskoden. Elon Musk greip til tastaturet og heia på den norske rebellen mot systemet. Ingen prata lenger om at Carlsen hadde hatt to dårlege speledagar i hurtigsjakken og låg langt bak før tredje og siste speledag. Ingen i NRK kommenterte detaljar rundt dei tre russarane som enda på toppen av resultatlista: Gullet gjekk til 18-åringen Volodar Murzin, som er trent av stefaren, putinisten og skandalemakaren Mikhail Kobalija. Sylvet gjekk til Aleksandr Grisjtsjuk, ein gjengangar i Z-turneringane til krigshissaren Sergej Karjakin. Bronsen gjekk til Jan Nepomnjasjtsjij, som i mange år har vore sponsa av ein av dei mest lojale Putin-oligarkane, Vladimir Potanin.
Hovudsponsor for verdsmeisterskapen i New York var den russiskfødde kasakhstanske oligarken Timur Turlov, som står på Ukrainas sanksjonsliste. Og i kulissane sit alltid mannen frå Kreml, Fide-presidenten Arkadij Dvorkovitsj. Den mest kompetente og høgrøysta kritikaren av denne samrøra er den danske stormeisteren Peter Heine Nielsen, sjeftrenar for Carlsen sidan 2014 og før det trenar for Vishy Anand. Nielsen bur i Litauen og er gift med stormeister Viktorija Čmilytė-Nielsen, som er leiar for det litauiske parlamentet og sterkt engasjert i Ukrainas forsvarskamp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.