Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Teikning: May Linn Clement
Denne veka var det 1000 dagar sidan Vladimir Putin sleppte fullskalakrigen laus over det ukrainske folket. Åtaket har kosta Ukraina dyrt. Fleire titusen soldatar er drepne, fleire titusen sivile er døde, og delar av Ukraina er fullstendig øydelagde.
Om lag ein femdel av Ukraina er okkupert av Russland, og nesten sju millionar menneske har forlate landet. Dei fleste av dei kjem neppe attende, slik at Europas nest største land blir utsett for ei enorm tapping av talent og arbeidskraft. Ein heil generasjon vil sitja igjen med tunge psykiske utfordringar.
Slik det ser ut i dag, kan det godt henda at krigen – i alle fall på kort sikt – kjem til å enda med at territoriet til den ukrainske staten blir noko mindre enn det var før 2014.
Samansveisa folk
Men Ukraina som stat og samfunn kjem til å overleva. Fleire år med russisk krig og terrorbombing har sveisa det ukrainske folket saman. Dei er einige om at dei ikkje vil bli ein del av den russiske staten. Dei fleste ukrainarar ser for seg ei framtid som eit europeisk land, med sjølvstende og demokrati. Altså eit land der staten mest mogleg lèt borgarane i fred, og der retten til å vera usamd med fleirtalet er garantert.
Men korleis er det med Russland? Meir enn tre og eit halvt år inn i fullskalakrigen blir landet styrt einveldig av ein mann som er etterlyst internasjonalt for krigsbrotsverk. Alle borgarlege rettar er avskaffa. Kritikk av krigen, sjølv i private rom, kan bli straffa med fleire år i fengsel. Krigen sluker mellom ein tredel og ein halvpart av utgiftene til staten.
Den einaste forma for innovasjon som skjer i samfunnet, handlar om korleis ein skal laga fleire dødelege våpen for å drepa fleire ukrainarar. Ein stor del av den såkalla intelligentsiaen, tradisjonelt ein viktig del av det russiske samfunnet, har gått i indre eller ytre eksil.
På toppen av det heile er Russland isolert frå Europa, den delen av verda som i alle fall utdanna russarar meiner dei høyrer heime i.
Uopplyste diktatur
I staden for å vera med i ein felles europeisk kulturkrins har leiarskapen i Russland sørgt for at landet er alliert med nokre av dei mest uopplyste diktatura i verda. Skal ein tru etterretningsrapportar, står 10.000 – kanskje endå fleire – nordkoreanske soldatar klare til å gå inn i krigen på Russlands side. For å halda fram med å terrorisera ukrainske sivile er Russland heilt avhengig av dronar frå Iran.
Dei førmoderne diktaturstatane Iran og Nord-Korea har altså blitt dei fremste militære hjelparane. Om ikkje dette var nok, har Putin gjort seg avhengig av kommunistdiktaturet Kina for å få hjula i den russiske økonomien til å gå rundt.
Ein kan trygt seia at den russiske historia er mangslungen, og dei som har styrt det russiske samfunnet dei siste hundreåra, har gjort mykje merkeleg. Men aldri sidan Peter den stores tid kring år 1700 har nokon russisk herskar brote så tvert med alle vestlege land.
Peter den store var ingen demokrat, langt ifrå, men han og dei fleste etterfylgjarane hans forstod at Russland var avhengig av eit eller anna samband med Vesten. I den store nordiske krigen var Peter den store alliert med Polen, Sachsen og Danmark-Noreg mot Sverige. I Napoleonskrigane var Russland alliert med alle andre europeiske land mot Frankrike. I den fyrste verdskrigen var Russland alliert med Frankrike og Storbritannia.
Sjølv ikkje under Krimkrigen, då britar og franskmenn drog til Svartehavet for å hindra at Russland tok over det ottomanske imperiet, blei Russland isolert frå Europa. Austerrike og Preussen var nøytrale, og det blei sagt at den prøyssiske kongen Fredrik Wilhelm gjekk til sengs som russar, men stod opp som brite.
Heller ikkje Stalin
Ikkje eingong Josef Stalin, kanskje den verste tyrannen av alle russiske herskarar, våga å føra krig utan å ha allierte vest for seg. I byrjinga freista han å gå saman med Nazi-Tyskland og Hitler, men då Adolf Hitler førte Stalin bak ljoset i juni 1941, allierte Stalin seg med Winston Churchill og Franklin D. Roosevelt. Den russiske de facto erobringa av halve Tyskland og heile Aust-Europa i 1945 blei utført i samforstand med dei vestlege stormaktene.
Det Putin no har gjort ved å alliera seg med dei austlege autokratia mot dei vestlege demokratia, bryt med russisk historie. Når ein har levd ein del år i Russland, veit ein veldig godt korleis dette blir motteke i den utdanna delen av det russiske folket.
Rett nok er det mange sjølv i den russiske middelklassa som ikkje ser på demokratiet på same måte som me gjer i Vest-Europa. Men kulturelt er dei europearar. Det er i Nice og ikkje i Teheran eller Beijing dei kjenner seg heime om dei forlèt Russland.
Regimet i Nord-Korea ser dei same russarane på som den moderne utgåva av den romerske keisaren Caligulas skrekkregime. No lever dei i ein stat som har invitert soldatane til Caligula inn på sitt eige territorium.
Djupe kløfter
Sjølv om Putin og KGB-kameratane hans har klart å nedkjempa nesten heile den opne opposisjonen, har han gjennom reorienteringa av russisk politikk skapt djupe kløfter i samfunnet. Desse kløftene vil koma til syne den dagen Putin døyr eller regimet hans blir svekt gjennom nederlag på slagmarka.
Blant dei ikkje-utdanna delane av folket vil mange støtta Putin og den antivestlege lina hans. I dei utdanna sjikta er det derimot skapt så mykje sinne, hat og frustrasjon at det kan syna seg umogleg å byggja bru over motsetnadene.
I tillegg kjem dei økonomiske fylgjene av krigen. Russland har dei siste 25 åra levd på to råvarer, olje og gass, som venteleg vil falla i pris dei neste åra. Sett bort frå våpen har landet ingen industrivarer som resten av verda er interessert i. Plutseleg er diktaturet Kina og det halvautokratiske India blitt dei i særklasse viktigaste handelspartnarane. Når desse to landa etter kvart kan bestemma kva dei ynskjer å betala for dei russiske råvarene, blir det lite igjen til den russiske befolkninga. Resultatet blir endå meir fattigdom.
Gjennom desse 1000 dagane med full krig har Putin ført Russland inn i ei blindgate.
Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Norsk bistandshistorie kom ut i 2003.
Foto: Dag og Tid
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»
Fotballpresident Lise Klaveness under ein pressekonferanse på Ullevål stadion.
Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB