JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Lygekorset med sverd og eikelauv?

Eirik Kristoffersen fekk Krigskorset med sverd for leiinga av spesial­operasjonar i Afghanistan. I den viktigaste skulle ein sentral Taliban-leiar ha blitt arrestert. Så begynte historia å smuldre opp.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mohammed Naseem fotografert av Anders Hammer i 2009. Naseem ville då gå til sak og krevje erstatning frå Noreg. Han blei drepen under uklåre omstende året etter.

Foto: Anders Hammer

20863
20240614
20863
20240614

Om natta den 17. september 2007 la ei gruppe norske og amerikanske spesialsoldatar ut på eit hemmeleg oppdrag i Afghanistan. Dei skulle til Tagab-dalen, berre litt søraust for Kabul, for å ta den lokale Taliban-leiaren Qari Nejat til fange. I ly av mørket blei dei flogne inn i det Taliban-kontrollerte området med helikopter. Operasjonen blei leidd av Eirik Kristoffersen frå eit høgdedrag i nærleiken av målet. Bror hans, Frode Kristoffersen, skulle gjennomføre sjølve pågripinga.

Les tilsvaret frå Forsvaret nedst i saka.

Opprørsleiaren blei tatt til fange og frakta ut av området, utan at nokon kom til skade eller eit einaste skot blei løyst. «Effekten av aksjonen og arrestasjonen var umiddelbar blant de lokale. Det var selvsagt fortsatt sympatisører igjen, men det var en leder mindre igjen i dalen. Uansett om han ble sittende i fengsel eller satt fri, var han nå kompromittert», skriv Kristoffersen i det dramatiske første kapittelet av boka Jegerånden (2020).

I ettertid har forsvarssjefen fortalt den same spektakulære suksesshistoria fleire gonger, og med mykje detaljrikdom, i intervju på TV og radio, i podkast og altså i bokform.

«Forsvaret nedgraderte informasjonen alt 13. og 14. november i fjor, men utan at Forsvarsdepartementet fekk vite det – slik at forsvarsminister Gram svarte feil på spørsmål frå Stortingssalen.»

I 2011 blei Kristoffersen og tre andre som deltok i operasjonen, dekorert. Kristoffersen fekk Krigskorset med sverd, den høgst rangerte militære utmerkinga som er mogleg å oppnå i Noreg. Broren Frode fekk St. Olavsmedaljen med eikegrein, den nest høgste norske krigsmedaljen. Ei stund seinare samanlikna Kristoffersens sjef, Torgeir Gråtrud, operasjonen der Nejat blei tatt til fange, med tungtvassaksjonen på Rjukan under andre verdskrigen.

Bragda i Afghanistan følgde Kristoffersen tett mens han klatra oppover ein uvanleg bratt karrierestige. I 2019 blei han sjef for Hæren – trass i at han eigentleg, om ein ser bort frå ein kort periode som sjef for Heimevernet, hadde lite erfaring med å leie anna enn små patruljar.

Året etter blei han utnemnd til general og forsvarssjef, som er den høgste stillinga i det norske forsvaret. Krigshelten Kristoffersen blei den yngste norske forsvarssjefen i moderne tid. Kristoffersens innsats i spesialstyrken i Afghanistan var som regel sentral i presentasjonen av eigenskapane og kvalifikasjonane hans. Han stod fram som ung, dynamisk, open, skarp og ærleg. Pressa teikna eit bilde av ein heilstøypt mann.

Så, den 30. oktober 2022, publiserte VG ei sak avisa hadde jobba med i lang tid og brukt store ressursar på. Avisa kunne dokumentere at heltehistoria frå Afghanistan ikkje heilt var det ho gav seg ut for. Det var ikkje ein «sentral opprørsleiar» frå Taliban som blei arrestert og bortført av dei norske soldatane. Dei tok feil mann og arresterte ein lokal murar og musikar som heitte Mohammed Naseem.

Det er mange dokumenterte tilfelle av at feil folk blei arresterte i Afghanistan av dei USA-leidde ISAF-styrkane (International Security Assistance Force). Nokre blei sende til Bagram-basen, andre til Guantánamo, eller endå verre: til ein av dei hemmelege «svarte» basane der dei blei forhøyrde under tortur og kanskje forsvann.

Nokre av dei som blei arresterte, blei aldri sett igjen. Afghanarane utnytta ofte situasjonen. Ved å melde fiendane sine til amerikanarane kunne dei ikkje berre bli kvitt dei, men kanskje få klekkeleg betalt for det i tillegg.

Denne gongen innsåg amerikanarane faktisk ganske raskt at dei hadde feil mann. Mohammed Naseem blei sleppt fri.

Da VG publiserte den første artikkelen om saka i 2022, konfronterte dei sjølvsagt Kristoffersen med funna sine. Svaret til Kristoffersen var at han ikkje hadde noka aning om at dei hadde arrestert feil mann.

I det relativt vesle norske Afghanistan-miljøet var spesialkommandoen og etterretninga tett kopla saman. Dei og amerikanarane samarbeidde òg tett. Likevel hadde altså ingen fortalt Kristoffersen, eller nokon andre i miljøet, korleis det eigentleg låg an med den mest hylla og omtalte av alle norske Afghanistan-operasjonar?

Det verka veldig rart, frå første stund, at Noreg ikkje hadde betre etterretning enn dette. Om Kristoffersen snakka sant, melde nye spørsmål seg. Var det norske forsvaret berre ein slags bodservice som henta inn dei afghanarane som amerikanarane peika på? Leverte Forsvarets spesialkommando «pakken» på døra og fekk amerikanarane eller dei allierte afghanarane til å signere? Men utan å gjere det som alle transportfirma gjer i dag: å spørje om dei var nøgd med «opplevinga»?

Ein faktor som Kristoffersen brukte som forklaring på at dei ikkje visste, var at denne kontingenten reiste heim til Noreg eit par veker etter operasjonen, i september 2007.

Når VG bit seg fast i saker som dette, slepper dei ikkje taket med det første. Her lever dei i tråd med det Kristoffersen i boka si kallar «jegerånden», som handlar om å ikkje gi seg.

Avisa fann ut meir. Dei spora opp eit brev som den norske ambassaden i Kabul hadde sendt til Forsvarsdepartementet halvtanna år etter operasjonen, i juni 2008. Der går det klart fram at den norske spesialkommandoen hadde arrestert feil person.

Avisa freista òg å finne ut kven som hadde innstilt Kristoffersen til Krigskorset. Det var to av hans tidlegare kollegaer i Forsvaret, og dei gjorde det etter at ambassaden i Kabul hadde informert Forsvarsdepartementet om fakta i saken.

Kristoffersen slutta no å svare på VGs spørsmål, noko som sjølvsagt ikkje førte til at saka forsvann frå radaren i avisa.

La oss ein augeblink zoome litt ut og sjå på det større bildet rundt Nato-alliansens krig i Afghanistan. Den USA-leidde okkupasjonen av Afghanistan varte frå 2001 til 2021. Ein oppnådde ikkje nokon varig fred, ikkje demokrati, ikkje reell økonomisk vekst, ikkje gjenoppbygging av infrastruktur – kort sagt ingenting.

ISAF-styrken allierte seg med tvilsame krigsherrar og sponsa «sine» politikarar som bygde opp eit klanbasert, ultrakorrupt system. Ofte hadde ISAF-soldatane, inkludert dei norske, nok med å sørge for eigen tryggleik. Mange tusen milliardar dollar blei slusa inn frå utlandet til dette systemet. Pengane hamna ofte i utlandet igjen, ikkje minst i Dubai.

I heile den perioden freista norske forsvars- og utanriksministrar å glatte over kor dårleg krigen gjekk. Dei serverte ønsketenking og sminka opp det vesle dei kunne. Enkelte journalistar, som Anders Hammer, reiste rundt på eiga hand, og hans rapportar (reportasjar, bøker og filmar) fortalde noko heilt anna enn dei mange skrytehistoriene frå journalistar som blei med på Forsvarets arrangerte glansbildeturar. På denne tida kunne ein til dømes lese, i VG, titlar som denne: «NORGE ER – STORMAKT i spesialstyrkemiljøet – leder an i kampen mot verdenstrusler».

Bortsett frå slike spesialreportasjar om spesialstyrkane, der utanriksreporterar kryssa sjangergrensene og skreiv ei form for sportsjournalistikk, kom det ikkje mange oppløftande historier frå Afghanistan. Men da dei mykje omtalte norske spesialsoldatane skulle ha fanga ein Taliban-leiar, var det ei ordentleg gladsak som gav litt meining til krigen. Her kunne vi sjå, og vere stolte av, korleis flinke norske gutar kjempa profesjonelt og disiplinert mot det mellomalderske Taliban, i ville fjellterreng fleire tusen kilometer heimanfrå.

Etter ei stund på lågbluss begynte saka å rulle vidare i VG i fjor haust. Mellom anna kunne tidlegare generaladvokat Arne Willy Dahl opplyse at han og andre som sat i komiteen som innstilte til Krigskorset, var blitt feilinformerte. «Det hadde aldri blitt noen medalje for denne operasjonen hvis rådet hadde blitt informert om at feil person ble pågrepet», uttalte Dahl til avisa.

I september hamna saka på Stortinget. Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmål om nøyaktig når Forsvarets spesialkommando rapporterte til Forsvarets operative hovudkvarter at personen dei hadde tatt til fange, var Mohammed Naseem? Forsvarsminister Bjørn Arild Gram svarte ti dagar seinare med eit ikkje-svar: «Spørsmålet om tidspunktet for rapportering er knytt til andre forhold ved operasjonen, og kan ikkje svarast på utan å komme inn på gradert informasjon.»

«Ved å nekte å svare forsterka forsvarsminister Gram inntrykket av at det var ugler i mosen.»

Svaret er merkeleg av fleire grunnar. Kristoffersen hadde sjølv fortalt mange detaljar om operasjonen i ei rekkje lange intervju til TV og radio – og som nemnt i boka si. Om det verkeleg fanst sensitive eller skadelege opplysningar i loggane og rapporten – 16 år etter at operasjonen blei gjennomført, og halvtanna år etter at USA trekte seg ut av Afghanistan – så kunne vel Forsvaret berre sladde desse? Om dokumenta viste at spesialkommandoen og etterretninga faktisk trudde dei hadde fanga Taliban-leiaren Qari Nejat, så ville det gitt Kristoffersens forklaring truverd, noko det begynte å sjå ut som han mangla.

Ved å nekte å svare forsterka forsvarsminister Gram inntrykket av at det var ugler i mosen. Og forresten, Fiskaa spurde ikkje om spesialkommandoen hadde rapportert at Mohammed Naseem var den som blei fanga. Ho spurde når dei hadde gjort det. I svaret kunne Gram berre avvist at spesialkommandoen visste at dei hadde arrestert feil person – om det var tilfellet.

SV, KrF, Venstre og Høgre bad forsvarsminister Gram om å klargjere kva som hadde gått føre seg, og legge korta på bordet. I staden nekta Forsvarsdepartementet Stortinget og VG innsyn i dokumentasjonen og la lokk på saka.

Oberst Eirik Johan Kristoffersen mottok Krigskorset med sverd 8. mai 2011.

Foto: Erlend Aas / NTB

I slutten av januar i år bekrefta fire norske soldatar med innsikt i operasjonen det dei fleste lesarar av føljetongen lenge hadde trudd: Den norske styrken visste alt i dagane etter operasjonen at dei hadde tatt feil person. Amerikanarane delte denne informasjonen med den norske basen.

Derfor blei heller ikkje Taliban-leiaren Qari Nejat stroken frå listene over ettersøkte Taliban-folk (som nordmennene òg opererte med) før han blei drepen i 2008. Den amerikanske oberstløytnanten Shawn Dalrymple, som var i området under 2007-operasjonen, stadfesta dei norske soldatane sin versjon til VG. Han såg ikkje korleis nordmennene kunne ha unngått informasjonen om at det ikkje var Taliban-leiaren dei tok til fange.

Tre norske offiserar som var delaktige i operasjonen, står framleis på Kristoffersens side. Brage Andreas Larssen, som var etterretningsansvarleg, seier at dei ikkje fekk meldinga fordi dei skulle reise heim og hadde kopla ned systema sine. Altså, etterretninga slo berre av sambandet og datamaskinane og las derfor ikkje meldingane frå amerikansk etterretning, i «krigsteateret» dei opererte i? Var det denne forklaringa som skulle gjenopprette tilliten?

Onsdag denne veka blei Larsen utnemnd til «Director of Staff» i Forsvarsstaben. Det første Forsvarets Forum nemner i saka om utnemninga, er Larssens bakgrunn frå spesialstyrkane – og at han i 2013 blei tildelt St. Olavsmedaljen med eikegrein for innsatsen sin i Afghanistan (sjå òg Larssens svar på neste side).

Å vere spesialsoldat i Afghanistan har vore bra for karrieren til fleire enn Kristoffersen. Utan at eg skal meine om det er grunnlag for det, finst det murring i Forsvaret, blant offiserar med kanskje breiare kvalifikasjonar som kjenner seg forbigåtte.

«Det verkar som Kristoffersen tidleg bestemte seg for å binde seg til ei forklaring der ignoranse skulle frikjenne han.»

Den 2. mai hadde VG nok ei sak. Informasjonen avisa og norske politikarar hadde etterspurt i fjor haust, om kva namn som stod i meldingane etter spesialkommandoens operasjon, var visst ikkje så superhemmelege likevel. Forsvaret nedgraderte informasjonen alt 13. og 14. november i fjor, men utan at Forsvarsdepartementet fekk vite det – slik at forsvarsminister Gram svarte feil på spørsmål frå Stortingssalen.

Loggen som spesialkommandoen skreiv dagen etter operasjonen, blei referert og parafrasert av Forsvaret og delt med Stortinget. I fråsegna står det at fangen identifiserte seg som Mohammed Naseem. Men Forsvarsdepartementet hevdar òg at det i rapporten blei gjort «ei vurdering av at hans rette identitet mest sannsynlig var målet for operasjonen».

Dette var som kjent feil. Dagen etter operasjonen sende amerikanarane ut den første meldinga på ISAF SECRET om at fangen ikkje var Taliban-leiaren Qari Nejat. Dagen etter det igjen sende amerikanarane ut ei ny melding som stadfesta den første. Eit par veker seinare sleppte amerikanarane Naseem.

Kristoffersen ville framleis ikkje la seg intervjue av VG. Men i ei skriftleg melding kalla han dekninga i avisa for «forenkla» og «unyansert».

Den 23. mars lét forsvarssjefen seg intervjue – ikkje av VG, men av Dagens Næringsliv. Her var det mest snakk om andre problemsaker som forsvarssjefen var blitt kritisert for, og Afghanistan saka blei behandla med harelabb.

Den 25. mai stilte Kristoffersen opp i eit intervju med VG. Her seier han at han enno ikkje veit kven dei arresterte om natta i Tagab-dalen i 2007. Forsvarssjefen har fleire mystiske utsegner i intervjuet. Når VG til dømes spør om han framleis meiner Naseem var ein Taliban-leiar, stadfestar Kristoffersen det: «Jeg mener han var en Taliban-leder, ut fra den informasjonen vi hadde på målet da vi gikk inn der.»

Dette svaret rimar dårleg med at dei faktisk ikkje tok med seg Taliban-leiaren dei jakta på, men ein mann Kristoffersen seier han ikkje veit noko som helst om, men som blei feilidentifisert som Qari Nejat. Trur Kristoffersen at alle menn spesialtroppen trefte i huset der Naseem opphelt seg (mens Eirik Kristoffersen leidde operasjonen frå ei høgde fleire kilometer unna), var Taliban-leiarar?

I intervjuet seier Kristoffersen både at han ikkje veit kven dei arresterte, og at mannen dei arresterte, faktisk var ein Taliban-leiar, til liks med Taliban-leiaren dei eigentleg var på jakt etter (Qari Nejat). «Ingenting tyder på at han ikke var det [Taliban-leiar]», seier Kristoffersen til VG.

Men vent no litt. Det er faktisk fleire ting som tyder på at Naseem ikkje var ein Taliban-leiar. Ikkje minst at amerikanarane sleppte han fri etter kort tid, fordi dei ikkje trudde han var nokon Taliban-leiar. Naseem stod heller ikkje på noka liste over ettersøkte Taliban-folk.

Amerikanarane hadde ifølge VG (19. februar 2023) til og med etterretning som tilsa at Naseem ikkje var ein Taliban-leiar, men han kunne moglegvis ha vore involvert i våpensmugling. På direkte spørsmål frå VG om amerikanarane tok feil, svarar Kristoffersen at han ikkje veit svaret. Kvifor gir han da likevel inntrykk av det?

Da Mohammed Naseem blei arrestert av spesialsoldatane, var det kanskje første gong han møtte nordmenn. Men det var ikkje siste gong. For i 2009 snappa den alt nemnde frilansjournalisten Anders Hammer opp eit tips om ein afghanar som var blitt tatt til fange av norske soldatar. Han hevda å ha blitt slått og plaga under forhøyr, og han hadde meldt saka til Den afghanske uavhengige menneskerettskommisjonen (AIHCR). Naseem ville gå til sak og krevje erstatning frå Noreg.

Møtet er skildra i Hammers bok Drømmekrigen (2010). For å bli oppdatert om korleis Hammer vurderer dette møtet i dag, ringer eg til han. I alle dei åra Hammer dekte krigen, møtte han trass alt ei lang rekke Taliban-leiarar, og om nokon ikkje-afghanar skulle ha ei kvalifisert oppfatning om spørsmåla rund Naseem, så er det han.

Hammer fortel at han møtte Naseem midt i Kabul. Han hadde ingen livvakter, slik Taliban-folk alltid hadde elles, men var avslappa og aleine. Hadde han vore ein Taliban-leiar, ville han aldri ha operert på den måten, midt i Kabul, på den tida. Da ville afghansk/amerikansk etterretning ha arrestert han. Eit møte med ein Taliban-leiar ville, same kor i landet, hatt heilt andre rammer.

Hammer oppfatta med andre ord ingenting som tydde på at Mohammed Naseem var ein ettersøkt Taliban-soldat, og endå mindre at han skulle vere ein Taliban-leiar. Naseem svarte òg «nei» på direkte spørsmål frå Hammer om han høyrde til Taliban.

Naseem sjølv blei drepen året etter. Rykta sa at det dreidde seg om ein familiefeide, men kven veit.

Er den pinlege saka om kva som skjedde under spesialoperasjonen i 2007 over no? Kanskje, og Kristoffersen har overlevd. Men tillit er eit finstilt instrument, og noko som lever sitt eige liv. For meg verkar det som om dei involverte har visst at spesialkommandoen ikkje fanga ein Taliban-leiar den 17. september 2007.

Og om dei ikkje visste det, noko som står fram som usannsynleg, så slår det også tilbake, fordi dei burde ha visst. All den tid amerikanarane, den norske ambassaden og Forsvarsdepartementet på ulike tidspunkt beviseleg visste at feil mann blei tatt. Det verkar som Kristoffersen ikkje ville vite, og tidleg bestemte seg for å binde seg til ei forklaring der ignoranse skulle frikjenne han.

Den 3. mars i år intervjua VG den dekorerte spesialsoldaten Jostein Mattingdal om saka. Han har sjølv leidd titals operasjonar for å pågripe opprørarar i Afghanistan (han hadde same rolle som Kristoffersen). Om dei tok feil mann, noko som skjedde fleire gonger, fortel Mattingdal, så ville og skulle han vere den første som fekk vite det. Alt anna ville vore «systemsvikt». I tillegg sa Mattingdal: «Som veteran og som bærer av en stridsdekorasjon synes jeg det som har kommet frem er trist for hele systemet med dekorasjoner. Det er nok dessverre mulig at noen får mer heder enn andre, i forhold til hva som er bakgrunnen.»

Ingen kan fullt ut bevise at Kristoffersen kjende til, eller ikkje kjende til, kva som eigentleg skjedde. Samtidig er det ikkje tillitvekkande om forsvarssjefen, landets øvstkommanderande militære, ikkje ville vite kva han hadde vore med på, og ikkje brydde seg med å sjekke noko som helst, ifølge eigne utsegner til VG. Det verkar nesten utenkeleg at dei i ettertid ikkje hadde interesse av å vite om den risikofylte operasjonen dei hadde deltatt i, hadde ønskt effekt. Særleg når Kristoffersen i ettertid nytta mange høve til å fortelje om akkurat denne operasjonen i media.

Stakk verkeleg heile miljøet av offiserar, som levde av etterretning og informasjon, hovudet i sanden for å ikkje få med seg at dei tok feil mann, mens soldatar som var involverte, seier dei visste alt heile tida? Er svaret ja, er det litt krise. Er svaret nei, er det òg litt krise. Der står saka no.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Artikkelen vart oppdatert 14. juni kl. 15:04

Tilsvar frå Forsvaret

Basert på et premiss om at soldater fra Forsvarets spesialkommando (FSK) pågrep feil person i en spesialoperasjon i Tagab-dalen nordøst for Kabul i Afghanistan i 2007, stiller Morten Strøksnes spørsmålstegn ved troverdigheten til Eirik Kristoffersen. Det antydes at han har blitt tildelt Krigskorset med sverd på sviktende grunn. Dette premisset er grunnleggende feil, og det er trist at dette er en historie som får lov til å leve videre, basert på VGs serie av artikler om temaet.

For det første, Kristoffersen ble ikke tildelt Krigskorset med sverd for utelukkende denne operasjonen. Det er også feil at dette var den viktigste operasjonen. Forsvaret har offentliggjort anbefalingen, innstillingen og vedlegget til hva som førte til at Eirik Kristoffersen ble innstilt til Krigskorset med sverd. Der står det at han ble dekorert fordi han etablerte samarbeidet med den afghanske spesialstyrkeenheten CRU, og for fremragende ledelse av en rekke spesialoperasjoner i Afghanistan i 2007 og 2008, der to ble spesielt fremhevet. Nevnte operasjon er en av disse to.

For det andre så er det gjennomføringen av operasjonen som blir fremhevet. Den var banebrytende, svært krevende og ble gjennomført uten å løsne et skudd, samtidig som personen som etterretningen pekte ut, ble pågrepet. De som fysisk deltok utviste stort mot, og utsatte seg for høy risiko. Under gjeldende juridiske engasjementsregler kunne styrken ha kalt inn kampfly som kunne ha bombet målet og drept alle der. Alt innenfor krigens folkerett. Det gjorde de ikke. De viste Taliban at de kunne komme seg usett inn på et mål og pågripe en leder. Det er ingen tvil om at Mohammed Naseem, som var det navnet den pågrepne oppga, var Taliban. Det var på ingen måte en «uskyldig murer», slik noen har hevdet. Det var en tungt bevæpnet Taliban-gruppe, og de pågrep han som to uavhengige etterretningskilder pekte ut som målet for operasjonen.

Da fangen var overlevert afghanske sikkerhetsmyndigheter, var operasjonen over for FSK sin del. Styrken returnerte da også til Norge kort tid etterpå etter avsluttet oppdrag. Hovedpoenget er at general Kristoffersens høyst fortjente dekorasjon ikke handler om hvem de pågrep, det handler om hvordan denne operasjonen (og flere andre) ble ledet og gjennomført.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tårnseglaren drikk også helst medan han er på vengjene. Då flyg han tett på vassyta med ope nebb.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Seglarane som aldri går i land

Tårnseglarar et, drikk, parar seg og søv på vengjene.

Naïd Mubalegh

Breispektra: Barbie kan brukast til det meste – også til å selje fruktdrikk til born.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Fruktdrikk til born

Å halvere fruktinnhaldet i fruktdrikk er ikkje noko helsemål. 

USA var landet der den globale auken i fedme tok til for alvor. Nord-Amerika utgjer i dag halve marknaden for vektreduksjonsmidla til Novo Nordisk.

USA var landet der den globale auken i fedme tok til for alvor. Nord-Amerika utgjer i dag halve marknaden for vektreduksjonsmidla til Novo Nordisk.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

HelseSamfunn
Per Anders Todal

Store pengar i tomme magar

Verda er villig til å betale mange milliardar for å misse matlysta.

Kong Harald tok i audiens imot Eirik Kristoffersen på Slottet for å tildela han Krigskorset  i 2011.

Foto: Lise Åserud / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Baksida av medaljen

Forsvaret og forsvarssjefen har måla seg inn i eit hjørne. Dei nekta for at dei visste at feil mann blei tatt. Så påstår dei at mannen dei tok, uansett må ha vore ein Taliban-leiar.

Feature

Bønder i krigstid

UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis