JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Når journalistane tek makta

Boka Partiet – en innsideberetning om Arbeiderpartiets fall av Jørgen Gilbrant og Steinar Suvatne bidreg til å tåkeleggje politikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dagblad-journalistane Jørgen Gilbrant og Steinar Suvatne på veg ut av lokala til Gyldendal forlag.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

7918
20240927
7918
20240927

Det er kome ei bok som heiter Partiet. Tittelen er misvisande. Boka handlar om éin person – Jonas Gahr Støre, partileiar og statsminister – og korleis han har leia Arbeidarpartiet frå den eine katastrofen til den neste i si tid ved roret frå 2013. Oppslutnaden frå veljarane har gått frå den eine botnrekorden til den andre.

Sjølv stortingsvalet i 2021, då Arbeidarpartiet kom att i regjering etter åtte år i opposisjon, vert i denne boka skildra som noko negativt – sett frå synspunktet til partiet. Jonas Gahr Støre har øydelagt det som i si tid var Det norske Arbeidarparti – landets største, viktigaste og mektigaste politiske organisasjon.

Dette er meininga til forfattarane, og stort meir er det ikkje å få ut av boka.

«Dei går frå restaurantmåltid til nachspiel. Kven som har sagt kva, vert mildt sagt uklårt.»

Forfattarane seier at dei har snakka med ei rekkje personar som dei ikkje vil namngje. (Vi kan ikkje vite om dei som er siterte i boka, er kjelder i seg sjølve, eller om dei viser til noko andre har sagt.) Dei har det til felles at dei er samde i konklusjonen til forfattarane: Det står dårleg til med Arbeidarpartiet, og det er partileiar Støre som har skulda, og han åleine.

Påfallande mange av dei som er siterte, har vorte sparka frå posisjonar i partiet eller regjeringa av nettopp Støre.

Ikkje noko av dette er nytt. Alle som har opna ei avis eller sett på TV dei siste ti åra, har fått med seg at Støre har slite med eit parti som er rive opp av intern strid, og har hatt problem med å halde disiplin. Det har vore fritt fram å kritisere leiaren, ope eller i løyndom, og kritikken har straks leke ut til velviljuge pressefolk som har halde oss orienterte.

Boka gjev nokre detaljar i dette maktspelet som kanskje kan interessere dei som har stått midt oppe i det, og som kan sjå etter i personregisteret for å sjekke om dei har vore viktige nok til å bli nemnde i boka.

Ingeborg Volan er direktør i Gyldendal Litteratur som har gitt ut boka om Arbeidarpartiet, skriven av Dagblad-journalistane Steinar Suvatne og Jørgen Gilbrant.

Ingeborg Volan er direktør i Gyldendal Litteratur som har gitt ut boka om Arbeidarpartiet, skriven av Dagblad-journalistane Steinar Suvatne og Jørgen Gilbrant.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

På eitt vis er personregisteret det mest interessante i boka for oss andre òg. I maktspelet som har gått føre seg i partiet – og forfattarane nøler ikkje med å seie at «Arbeiderpartiet er maktkamp» – er det mange aktørar. Tillitsvalde i partiet er knapt dei viktigaste. Dei opptrer ofte som statistar. LO-leiarane, derimot, er mektige.

Og dei verkeleg viktige er pressefolka. Arenaen som maktspelet faldar seg ut på, er media. Den som forstår å kontrollere denne arenaen, har overtaket til kvar tid. Difor er stillinga som «spinndoktor» ved Statsministerens kontor den viktigaste politiske stillinga i landet, om vi skal tru forfattarane.

Korleis det har vorte slik, eller kvifor Arbeidarpartiet vert styrt gjennom ein prosess i venlege og uvenlege medium utanfor huset, like mykje som i interne organ, har forfattarane ikkje noka meining om. Det er berre slik det er.

Det ligg ein Gerhardsen-nostalgi til grunn for boka. Det var andre tider då Haakon Lie styrte med jernhand som partisekretær og landsfaderen førte partiet frå siger til siger. Glansbiletet er ei historieforvrenging, men forfattarane har gjort seg til talsmenn for dei innanfor partiet som trur og håpar at det kan bli slik att ein gong i framtida. Og då må vi ha ein god leiar, ikkje ein pingle som Jonas Gahr Støre. (Vi aner ein Stoltenberg-nostalgi her òg. Slik var det ikkje då Jens var her. Så kort har hukommelsen vorte i Arbeidarpartiet.)

Forfattarane har ikkje noko syn for at ein leiar er ein som vert skapt innanfor ein kultur. Det var Arbeidarpartiet sjølv som fekk fram Gerhardsen og Lie, ikkje omvendt. Om dei verkeleg hadde vore opptekne av partiet, som dei sjølv skriv, kunne forfattarane ha sett på kva som er skjedd med partikulturen – med organisasjonen og korleis han fungerer. Men dette har dei ikkje noko syn for. Dei har ikkje ord og omgrep for å beskrive det, og det synest som om dei ikkje er interesserte.

Det forfattarane skriv om, er maktspelet. Støre er ein dårleg leiar av di han ikkje meistrar spelet. Ikkje før heilt til slutt, då statsministeren og partileiaren plutseleg stig fram som Maktpolitikaren, han som feiar mektige rivalar frå bana og set inn sine eigne folk.

Så, ja, boka vert ei hyllest til den sterke maktpolitikaren. Han som meistrar media. Som utan å nøle skyv heidra veteranar til side. Som fangar opp kva veljarane – folket – vil høyre, og gjer det til sin eigen politikk. Kort sagt: ein Donald Trump. Ikkje ein ny Gerhardsen.

Forfattarane har ein norsk Trump i ermet, til og med, som står klar. Dei skriv i etterordet at dei er merksame på faren som ligg i at ein journalist kan bli reiskap i maktkampen. Men det har dei vakta seg for, seier dei. På den måten at dei har gjort seg til særs viljuge talsmenn for Trond Giske, som i denne boka vert frifunnen for mest alt han har vore skulda for, og rosa opp i skyene. (Hadia Tajik, derimot, skriv dei berre stygt om, heilt til ho òg finn grunn til å klage på Støre for at ho vart kasta ut av regjeringa – sjølvsagt utan nokon reell grunn. Ingen i heile boka vedgår å ha gjort noko gale nokon gong, og forfattarane godtek det utan vidare. Regelbrot er berre noko som vert brukt i maktkamp.)

Fenomenet Donald Trump har det vore skrive ein heil litteratur om, og det er her forfattarane har funne førebileta sine. Mengdevis av informantar har stått fram under lovnad om anonymitet. I så måte er boka ein illustrasjon av ei amerikanisering av norsk politikk. Det gjev diverre ikkje boka større tyngd eller autoritet.

Det vert ikkje Bob Woodward av dette. Forfattarane gjev ikkje djuptpløyande analysar. Dei står fram som naive observatørar som lett vert snakka rundt. Mest interessant er det dei ikkje finn grunn til å spørje om, men som dei tek for gjeve. Eg har funne eit døme på dette, på side 238.

Når norske politikarar møter nordiske kollegaer, vert desse forundra over det nære hopehavet mellom norske politiske leiarar og journalistane som følgjer dei overalt, og som dei har tett samkvem med, både i baren og på nachspiel. Slik er det ikkje i dei andre landa. Der er avstanden mykje større, skriv forfattarane – og finn ikkje grunn til å spørje kvifor.

Kvifor har ikkje forfattarane spurt seg om korleis ein i det heile kan drive politikk i Noreg under desse vilkåra? I denne boka minglar journalistar og politikarar med kvarandre frå side til side, med eit glas vin eller øl i handa, og helst fleire. Dei går frå restaurantmåltid til nachspiel. Kven som har sagt kva, vert mildt sagt uklårt.

Vi aner i boka at det finst ein røyndom utanfor ein stad. Som av og til slår inn. Samfunnsinteresser. Veljarar. Ei verd utanfor Noreg. (Men dei vart berre irriterte i partiet då Støre drog til Paris for å diskutere Ukraina i staden for å leie sentralstyremøtet.)

Men kva denne røyndomen har å seie for maktspelet, har forfattarane berre vage tankar om.

Det er trass i alt viktige ting som vert avgjorde, kvar dag, i politikken. Kva skjer når politikarane er attende på kontoret, medan journalistane framleis slit med bakrusen? Vi kan undre oss. Forfattarane hjelper oss ikkje mykje med å få greie på dette. Tvert om er dei i denne boka med på å leggje eit tjukt tåketeppe, vil eg meine.

Gode journalistar har som ei viktig oppgåve å trekkje folk i maktposisjonar til ansvar. Denne boka gjer det motsette. Anonyme informantar får seie kva dei vil, utan ansvar.

Gode journalistar kan gje vanlege folk innsyn i kva som ligg bak viktige avgjerder, og kva for interesser som vert tekne omsyn til. Denne boka gjer det motsette. Her vert alt redusert til eit internt maktspel der også journalistar vert aktørar utan å bli dregne til ansvar.

Forlaget Gyldendal synest ikkje ha lært noko av røynslene etter Hva visste hjemmefronten?. Forlaget har endå ein gong gjeve ut ei bok som ikkje tener til opplysing, men til villeiing.

John Peter Collett er historikar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det blei teater av Brynjulf Jung Tjønns sterke og prislønte diktsamling.

Foto: Den Nationale Scene

Meldingar

Sterkt og poetisk om etnisk utanforskap

Ei enkel, framifrå framsyning om vondskapen som synest å ha bite seg fast i oss.

Jan H. Landro

Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.

KrigSamfunn

Krig og psyke

Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis