Nattverd i Paris
Fridomen til å leva individuelt, også seksuelt, og til å nytta satire og kritikk i kunsten, er like sentral i europeisk kultur som kristendomen.
Mangfaldig OL-tablå på Passerelle Debilly.
Foto: OL i Paris via X
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Nokre dagar etter opninga av sommarolympiaden i Paris var det ikkje idrettsprestasjonane, men opningsseremonien som tok merksemda.
Det gjeld då særleg innslaget som synte eit langbord med «dragqueens» arrangerte på begge sider av ein sentral figur som vart spela av den frodige DJ-en Barbara Butch, som kallar seg sjølv «kjærleiksaktivist» og driv kampanje for «feit aksept».
Dette var ein kort sekvens av ei omfattande dramatisk framstilling av sentrale omgrep i fransk kultur og historie, så som dei revolusjonære slagorda fridom, likskap og brorskap frå 1789. Truleg kunne ein ha vore tilskodar til heile den fire timar lange og imponerande produksjonen utan heilt å leggja merke til sprengstoffet i tablået med langbordet.
«Nattverden»
Likevel vart nett dette innslaget dominerande i den internasjonale reaksjonen på opningsseremonien. Mange meinte at det seksualiserte festbordet på ei av bruene over Seinen var ein parodi på Leonardo da Vincis namngjetne målarstykke «Nattverden», som gjev att det sentralbiletet frå evangelia der Kristus natta føre krossfestinga bryt brødet og deler med disiplane og såleis innstiftar nattverden.
Biletet er sentralt av di nattverden er eit av dei to viktigaste sakramenta, og symboliserer – etter det mange trur: realiserer – einskapen mellom Gud og menneske. Men på brua over Seinen har dragdronningane, som for mange med rette eller urette symboliserer seksuell grenseløyse, teke plassane til apostlane, og i Kristi stad sit altså den kvinnelege feitt- og kjærleiksaktivisten.
«Pride-hending»
Innslaget vart oppfatta som spotting av kristendomen. Den katolske kyrkja i Frankrike klaga opningsseremonien for å ha innslag av «latterleggjering av kristendomen». I den italienske katolske avisa Avvenire vart det spurt om poenget med å gjera «kvar global hending, til og med sportsstemne, til ei pride-hending».
Barbara Butch, som hadde den sentrale rolla ved festbordet på Seinen, vart ifylgje advokaten hennar truga med drap, valdtekt og tortur på sosiale medium. Leiinga for olympiaden rykte ut og orsaka seg for innslaget, som no er trekt frå OLs offisielle nettside.
Den kunstnariske direktøren for opningsseremonien, Thomas Jolly, var rask til å svara at scenen med assosiasjonar til «Nattverden» ikkje var inspirert av Leonardos bilete eller hendinga i evangelia, men berre synte «ein heidensk fest» knytt til gudane på Olympen. Meininga med innslaget, sa Jolly, hadde aldri vore å fornedra noko eller nokon. Tvert om hadde ønsket vore «å snakka om mangfald». Han sa vidare: «Mangfald vil seia å vera saman. Vi ville inkludera alle, vanskelegare er det ikkje.»
Grunnbiletet
Til støtte for dette kan ein peika på at det er eit måltid som går føre seg på brua, og måltidet er i seg sjølv eit heilagt og forsonande ritual, ein møteplass der ein deler selskap og mat. Et og drikk ein saman, er ein vener. Ein ser òg at aktivisten som i Paris spelar Kristi rolle, om ein tenkjer på likskapen med Leonardos «Nattverden», rett nok har ein glorie – ein vanleg hovudpryd for heilage personlegdomar – men denne glorien kan òg vera ei gresk Apollo-sol.
Kunsthistorikarar har peika på at festscena kan vera inspirert av den hollandske målaren Jan van Bijlerts «Gudane held fest» frå 1635–40, som syner eit liknande festbord med dans, drikk og erotikk, altså eit bakkanal. Som for å understreka det heidenske i motivet har koreografen for OL-seremonien dumpa ein blå, blomstrete og naken mann, opplagt ein Dionysos- eller Bacchus-skapnad – den antikke guden for nyting, vin og seksualitet – rett på langbordet framfor Kristus og apostlane, eller var det kanskje dei olympiske gudane. Liknande målarstykke med same motiv har vorte laga av Brueghel og Tizian.
Men alle desse seinare festbileta går attende til eller «siterer» grunnbiletet, som er Leonardos «L’Ultima Cena», veggmåleriet frå 1495–98 i klosteret Santa Maria delle Grazie i Milano. Same kva den kunstnariske direktøren Jolly seier, syner dragscenen på brua til Leonardos førebilete.
Mykle-sak
Såleis har festtablået fleire lag. Det øvste laget, det ein ser fyrst, bakkanalet med dragdronningane, slår sterkast, fordi det er knytt til transseksualiteten som ligg i tida og er eit av dei heitaste temaa i den pågåande «kulturkrigen», særleg i USA og England. Mellomlaget er den dionysiske rus- og nytingsideologien som i nyare tid fekk eit gjennombrot i slutten av 1960-åra. Bakarst og djupast ligg assosiasjonen til Leonardos «Nattverden».
Det er denne sambindinga av nye og meir grenselause seksuelle normer med sakrale element i kristendomen som har «krenkt» både personleg kristne og kulturkristne. Men å lata seg krenkja på dette viset er eit fall attende til sensurhaldningar som i Noreg leidde til rettssaka mot forfattaren Agnar Mykle i 1950-åra.
Ein treng ikkje vera rundbrennar for å meina at korkje kristendomen eller dei kristne har noko å tena på å gå attende til denne gamle beredskapen til å verta krenkt av det ein ikkje likar. Å vera kritisk til pride-ideologien er ikkje det same som å gå inn for forbod. Fridomen til å leva individuelt, også seksuelt, og til å nytta satire og kritikk i kunsten, er like grunnleggjande i europeisk kultur som dei kristne verdiane.
Men denne fridomen gjeld òg kritikk og satire av frigjeringsideologiar som marxisme, postkolonialisme og transseksualitet. Dei som reagerer på utnyttinga av Leonardo-motivet i Paris, skulle heller nytta høvet til å analysera uttrykket enn å demonstrera kjensler av å vera krenkte.
Det enkle
For bodskapen i dragshowet på Passerelle Debilly, som brua heiter, verkar meir enn tvilsam. Kan sanseleg nyting, grenselaus seksualitet, oppløysing av kjønnsroller og overskriding av skiljelinene mellom kjønn og legning vera grunnlag for ein heil sivilisasjon, slik kristendomen faktisk var? Er seksualisering av kulturen eit framsteg, eller syner det til mangelen på berande kultur?
Det vanskelege ligg i å stilla slike spørsmål og finna gode og utfyllande svar på dei. Det enkle er å krenkja og verta krenkt.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.
President Donald Trump og budsjettdirektøren hans, Russel Vought, held pressekonferanse i Det kvite huset i Washington i 2019. No får Vought på ny denne jobben. I mellomtida har han vore sentral i Project 2025.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Project 2025 – ein plan for omforming av USA
Les eit utval av politikkframlegga her.
Thomas Hylland Eriksen fotografert i samband med utgjevinga av boka Appenes planet i 2021.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
«Eit førebilete på den offentlege intellektuelle som ujålete og usnobba ytra seg i ålmenta.»
Thomas Hylland Eriksen (1962–2024)