JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

6451
20240920
6451
20240920

Eureka, hurra, halleluja, for ei skam, svik, idioti! Letta sukk eller rasande utbrot kom frå alle sider i fransk politikk då det torsdag i veke 36 vart kjent at Michel Barnier overraskande var utnemnd til statsminister i Frankrike, 60 dagar etter at landet vart utan effektiv regjering i og med nyvalet.

Barnier har du nok ikkje høyrt om, nei. Like fullt er han ein ringrev og av mange høgakta. Han er med sine 73 år ein hardbalen grå eminense i fransk og europeisk politikk. Mellom anna har han vore parlamentsmedlem sidan 1978, senator, utanriksminister, miljøvernminister, fiskeriminister og viseminister for europasaker. Han aldri vore brikjande oppteken av å få æra for noko, ein diskresjon som var med på å gjere han til eit godt val som EU-kommisjonær og at han fekk ansvaret for forhandlingane med britane om brexit.

Som handverkarson frå Isère med mange arbeidsår i Savoy er han ikkje redd for å syne at han har praktisk handlag. Ein venleg mann, men kjend for å verte særs utolmodig med klønete folk, og han seier då klårt ifrå utan omsveip eller omsyn for statusen til dei han talar til. Til gjengjeld baktalar han aldri nokon. Så har han då også breie nettverk han no kan ha nytte av. Ei brei meiningsmåling syner at han nyt tillit; 57 prosent er tilfredse med valet, betre enn for nokon statsminister på lange tider.

Han vart vørd for arbeidet som medpresident i vinterleikane i Albertville i 1992. Framleis er han med i ein olympisk komité for vern av tradisjonar og god skikk i leikane. I 2030 kan vinterleikane atter leggjast til dei franske Alpane – dersom regjeringa innan 15. oktober i år kan garantere for utgiftene. No trur alle vintersportsentusiastar, som det ikkje er flust av i Frankrike, at det må då gå bra, med Barnier i rette stolen.

Så enkelt er det ikkje. Innan 1. oktober må Barnier-regjeringa etter lova leggje fram statsbudsjettet. Så langt vil ingen vere finansminister med dei vilkåra som gjeld; vedkomande vil verte syndebukk for all framtid. President Emmanuel Macron har nemleg signert for enorme overforbruk.

Her ligg ein hovudgrunn til at Frankrike enno ikkje har ei fungerande regjering etter 75 dagar. Ingen parti ynskjer å sitje med ansvaret for å rydde opp i det gedigne underskotet i statsbudsjettet, der utanlandsgjelda er 5,6 prosent høgare enn brutto nasjonalprodukt. Dette er 2,4 prosenteiningar høgre enn den grensa EU har for å setje eit land under administrasjon, slik det til dømes har hendt med Irland, Portugal og Hellas. Og no brumlar byråkratane i Brussel tungt.

President Macron har så langt prøvd å blidgjere Ursula von der Leyen med å avsetje ein for henne brysam, kritisk fransk EU-kommisjonær (Thierry Breton). No sender han henne ein motviljug ung mann som ikkje har gjort noko ut av å vere utanriksminister sidan januar i år, som ho kan kommandere ikring – Stéphane Séjourné er gjerne omtala som ein klon av Macron. Samstundes minner Macron jamt og samt om at han rår over dei største militærstyrkane i EU, noko unionen kan få god bruk for, men berre dersom dei steller seg greitt med Frankrike.

Sidan jobben til Barnier ikkje vert lettare ved at Macron held fast på vanen sin med å utnemne gode vener med uklår kompetanse hit og dit, må han no fyrst og fremst sikre statsfinansane. 16. september erklærte han at alle skattar og mange avgifter må aukast, støtteordningar må vekk og mange statsutgifter – førebels uspesifiserte – må kuttast.

Den i Noreg så ofte omtala «venstrealliansen» i nasjonalforsamlinga er ingen eigentleg allianse: Dei har ikkje lyst til å regjere, noko satirepressa har gjort eit stort nummer av. Dei hadde ein valallianse, og alle val – også til komitear i parlamentet – er ferdige.

Frankrike har ikkje parlamentarisme slik vi kjenner det. Presidenten kan ikkje overstyrast av nasjonalforsamlinga. Han kan i prinsippet kastast, rett nok, men franske statssjefar er avsett berre tre gonger: Med Ludvig XVI i 1789, Napoleon III i 1870 og den franske quislingen Pétain i 1944. Så sjølv om Dei ukuelege og Nasjonal samling krev han avsett, skjer ikkje det.

Presidenten står likevel ikkje over lovene. Like fullt styrer han utanrikspolitikken, mykje av økonomien og svært mange pågåande forretningar slik han vil – og rett som det er då på kanten eller over, med omsyn til gjeldande føresegner og einskildvedtak.

Dei ukuelege, Sosialistane, Kommunistane og Dei grøne (til saman 182 representantar), støttespelarar og «frie radikalar» har krangla seg imellom om det meste sidan valet. Presidenten avviste eit framlegg om ei ung sosialistkvinne (Lucie Castets, 37 år), som har ry for å vere ein dyktig byråkrat, gjekk så til Republikanarane (46) og sitt eige parti Ensemble (168), medan han førte underhandssamtalar med Nasjonal samling (RN, 143). Slik plukka han omsider fram den solide gaullistiske republikanaren Barnier.

Spørsmålet er om Macron alt har gjeve Nasjonal samling for stor makt, ved å ta omsyn til dei. Gjennom åra som har gått, har han i mange samanhengar, så som innvandring, vore utydeleg og då helst med slagside til høgresida, sameleis i skattepolitikk, klimapolitikk og europapolitikk.

Ideologisk har Macron glidd frå å tale høgt og lenge om å forme rettvise institusjonar der ein tek vare på det gode liv, og gått over frå å hylle retten til og gleda over mangfald til å framheve nasjonale heltar – frå Clovis, Jeanne d’Arc, Napoleon, de Gaulle, jamvel Pétain i den førkollaboratoriske versjonen, men òg motstandsfolk, så som Josephine Baker, som gjorde seg så fransk som nokon. Dette påverkar den nokså omfattande minnepolitikken Frankrike har utvikla – dermed kjem òg skuldingar om nykolonialisme og fransk maktbrynde opp.

Trotskistane i Dei ukuelege og dei mørkebrunaste i Nasjonal samling ligg båe og vaker for å kunne underminere ei ny regjering og presidenten, slik at dei ved neste val oppnår det som skapte så mykje trøbbel i 1940–50-åra og førte til den femte republikken i 1958: krisetilstandar der inga regjering vart sitjande lenge og ingen hadde kontrollen.

Klarar dei å tvinge fram ei ny grunnlov og ein ny republikk, har ytre venstre og ytre høgre mange punkt dei raskt kan verte samde om er gunstige – for dei sjølve og verdsforståinga deira, og då især avvisinga av internasjonalt samarbeid.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis