JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Oppdrettsbastarden har ikkje berre stole namnet til den rette laksen. Den ekte atlantiske laksen – villfisken – er på veg ut av historia.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Laks hoppar i Eggfossen i Gaula. Denne store elva i Trøndelag er ei av dei mange norske lakseelvane som no er stengde for fiske.

Laks hoppar i Eggfossen i Gaula. Denne store elva i Trøndelag er ei av dei mange norske lakseelvane som no er stengde for fiske.

Foto: Matt Hayes

Laks hoppar i Eggfossen i Gaula. Denne store elva i Trøndelag er ei av dei mange norske lakseelvane som no er stengde for fiske.

Laks hoppar i Eggfossen i Gaula. Denne store elva i Trøndelag er ei av dei mange norske lakseelvane som no er stengde for fiske.

Foto: Matt Hayes

13431
20240628
13431
20240628

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Utvikling og endring høyrer med i historia. Mange vil seia at verkeleggjeringa av det som bur i oss – både individuelt, nasjonalt og globalt – er sjølve meininga med livet. Vi kan heller ikkje slutta å utvikla oss, om vi det ville, for om livet stoggar opp, storknar eller ròtnar det.

Men rørsla og utviklinga kan, som vi veit, gå vill. I samfunnet kan utviklinga føra ut i totalitære regime, utbyting og naturøydelegging.

Kombinasjonen av meir eller mindre fri kapitalisme og avansert teknologi har ein kraftig dynamikk som i stigande mon gjer om på ikkje berre jordoverflata og atmosfæren, slik vi har sett det i urbanisering, avskoging og klimaendring, men òg på levande vesen – planter, dyr og menneske.

«Oppdrett er ei verksemd som strir mot alle økologiske og 'grøne' ideal i ein nasjon som briskar seg globalt av dei same ideala.»

Desse endringane ligg der som lovnader og trugsmål. Dei kan føra til betre liv gjennom meir velstand og mindre sjukdom, men òg til øydelegging av livet ved at økonomiske interesser nyttar framsteg i vitskap og teknologi til å fornedra levande vesen – både dyr og menneske – som middel til rikdom.

Få område syner dette så klårt som industrilandbruk i USA og EU, der enorme konsentrasjonar av dyr, i regelen ala opp med større omsyn til auka produktivitet enn til dyra sjølve, fører med seg systematisert dyreplaging.

Også i Noreg har vi innslag av dette, til dømes i svinehaldet. Men ingen stader fell det så sterkt i augo som i lakseindustrien.

Laboratorielaksen

Oppdrettslaksen, som ikkje er ein laks, men eit laboratorievesen, har stole namnet til den rette laksen, Salmo salar. Seier vi «laks» i dag, tenkjer mange på salsvara, produsert i 1960-åra for å gje størst mogeleg økonomisk profitt, og ikkje på den urgamle ville fisken som har levd og utvikla seg gjennom tusenvis av år utan tanke på John Fredriksen og formuen hans på 114 milliardar kroner, hopa opp gjennom spekulasjon i «laks».

Men det er ikkje berre namnet oppdrettsbastarden har stole. Den ekte atlantiske laksen – villfisken – er på veg ut av historia.

Søndag vart laksefisket stogga i 33 elvar og i sjøen på grunn av svært liten fangst hittil i år. Miljødirektoratet seier at frykta for at det skal bli for lite yngel i elvane, ligg bak tiltaket. Også 2023 og særleg 2021 var katastrofeår for villaksen, som no står på raudlista over truga artar.

Sidan tidleg i 1980-åra har innsiget av vill laks frå havet til dei norske elvane vorte redusert med over 50 prosent. Berre 20 prosent av dei norske laksestammane har god kvalitet når det gjeld gytefisk og genetisk oppblanding – ein tredel av villaksen har stor genetisk innkryssing frå rømd oppdrettsfisk.

Utløpet av Oppstrynsvatnet. Her byrjar Stryneelva, som lenge var ei av Noregs beste lakseelvar. Natt til sundag blei ho og 32 andre elvar stengde for fiske grunna rekordlåg oppgang av laks.

Utløpet av Oppstrynsvatnet. Her byrjar Stryneelva, som lenge var ei av Noregs beste lakseelvar. Natt til sundag blei ho og 32 andre elvar stengde for fiske grunna rekordlåg oppgang av laks.

Foto: Sjur Haga Bringeland

Øydelegginga

Som vi veit, skjer gytinga til villaksen i elvane. Herifrå vandrar laksen ut i havet og kjem attende til gyteelva for sjølv å gyta, i ein syklus som vitskapen enno ikkje har makta å avlura fisken.

Men om vi ikkje skjønar korleis det er mogeleg for laksen å finna attende til gyteelva – etter år i havet – og forsera høge fossefall for å koma attende til same staden i elva der han vart klekt – så veit vi korleis vi kan utrydda han.

Det skjedde mellom anna gjennom storfisket av laks i sjøen, som i 1960-åra kunne koma opp i over 2000 tonn årleg, før fangstane fall bratt i 1967. Men frå 1989 kom det reguleringar av dette fisket, til dømes vart drivgarnfiske i sjøen forbode.

Kraftutbygginga frå slutten av 1800-talet og gjennom førre hundreåret greip inn i elveløpa, slik at vandringa til laksen vart hindra eller forstyrra. Dette kan ha vore ein hovudgrunn til utryddinga av den legendariske storlaksen i Vosso. Også vegbygginga langs elvane, med dumping av jord og stein i elva, øydela mange av dei gytestadene som kraftutbygginga etterlét seg. Truleg vert laksen òg stressa gjennom fjerning av vegetasjon langs elva og brubygging over gytekulpar, slik som i den vesle Øysteseelva, som òg hadde stor laks.

Såleis har det vore ein motsetnad mellom behova til den ville laksen og behova til det moderne samfunnet med kraftutbygging og folketalsvekst, industrialisering og urbanisering.

I denne striden har laksen vore taparen.

I dei seinaste tiåra er dette tapet forsterka av oppdrettsnæringa. Sidan vi legg anlegga for oppdrettslaks i fjordane der lakseelvane munnar ut, vert oppdrettslaksen beiteområde for lakselus. Førekomsten av lus aukar, og parasitten spreier seg til heile fjordområdet og infiserer villfiskungane som er på veg ut til havet.

I ei undersøking frå 2017 fann ein at all villaks i Sognefjorden var infisert av lakselus, og at heile den ytre delen av fjorden var «full av lakselus». Mykje tyder på at det vert oppdrettsnæringa som set kroken på døra for den ville laksen.

Utskiftinga

Årleg har det i dei siste åra kome kring 500.000 villaks inn i dei norske elvane. Det kan høyrast mykje ut, men er ned mot ein tredel av innsiget i 1980-åra. Det er forsvinnande lite mot talet på oppdrettslaks i merdane.

Det vert produsert 400 millionar oppdrettslaks kvart år. Det går 800 av dei på éin villaks i landet. Ein reknar med at éin til to millionar av dei rømmer kvart år, og mange blandar seg med dei ville laksestammane og svekkjer truleg overlevingsevna til laksen, som gjennom fleire tusen år er tilpassa livsvilkåra i nettopp deira elv.

Ein kan diskutera kva som har vore lagnadstyngst for villaksen: vasskraftutbygginga, naturøydelegginga langsmed elvane, sjøfisket eller sportsfisket, eller oppdrettsindustrien med lakselusa, sjukdomane, rømminga og den genetiske blandinga. Dei nordlege elvane har dessutan vore råka av den globale oppvarminga, som favoriserer den russiske pukkellaksen, som kan fortrengja dei stadeigne laksestammane.

Men truleg er kraftutbygginga og oppdrettsindustrien mest øydeleggjande. Vi kan diskutera vekta i desse ulike bidraga til utryddinga, men det er liten tvil om at fleire og fleire norske laksestammar kjem til å verta utrydda.

I eit langt tidsperspektiv må ein rekna med at dei norske villaksstammane vert skifta ut med vitskapleg framavla tamlaks.

Denne utbytinga tok til om lag samstundes med den industrielle revolusjonen og kan sjåast som eit produkt av nyare teknologi og økonomi. Reint idémessig kan ein sjå utskiftinga som eit symptom på kva den moderne teknologiske og samfunnsmessige utviklinga inneber for naturen, men sjølvsagt òg for oss menneske og livet vårt.

«Medan villaksen har vore her i 10.000 år, forma av naturen, er oppdrettslaksen forma av vitskapen og har berre vore her i 50 år.»

Nykomaren

Samanliknar ein villaksen med tamlaksen, vert ein slegen – nokså hardt – av skilnadene.

Villaksen er forma av naturen gjennom uminnelege tider – dei norske laksestammane tok til å danna seg for 10.000 år sidan. Derimot er tamlaksen, slik vi kjenner han i Noreg, eit heilt nytt fenomen.

Sjølv om akvakulturen også er gamal med fleire tusen års historie, byrjar livet til oppdrettslaksen i 1960-åra, då forskarane samla inn villaks frå meir enn 40 norske elvar for å avla fram ein type som passa til oppdrett.

Den fyrste framavla oppdrettslaksen vart slakta så nyleg som i 1971, for berre litt over 50 år sidan. Så medan villaksen har vore her i 10.000 år, forma av naturen, er oppdrettslaksen forma av vitskapen og har berre vore her i 50 år.

Men no tek nykomaren over.

Den innfødde

Livssyklusen til villaksen er eigna til å vekkja undring og ærefrykt. For 20 år sidan gjekk eg langs breidda av Stryneelva ei sumarnatt. Dagen før hadde det vore tale om at laksen enno ikkje var komen opp i elva, ingen hadde sett storfisk. Bygda, fjella og elva låg i eit dimt ljos, stilla venta på morgon, eg høyrde knapt fuglar. Men brått lydde dumpe smell langt borte frå dalen, mest som fjernt torevêr.

Men himmelen var klår. Dei dempa drønna kom nærare.

Eg speida nedetter elva og såg at det langt borte stod skumsprøyt opp frå vatnet. Då drønna og skumsprøyten kom endå nærare, såg eg skinande ljos reflektert i vasspruten som stod til vêrs, og alt rørte seg mot meg i stor fart.

Det var laksen som kom.

Heile den breie elva gjekk i rørsle, som om det skulle ha vore vulkansk aktivitet i elvebotnen. Vatnet rulla og skumma, og opp ifrå kvervlane sprang skinande kvitblank storlaks berre ein famn eller to unna meg. Dei ensa meg ikkje, berre levde ut krafta si i dette blenkjande forspelet til gyting og forplanting lenger oppe i den same elva dei hadde forlate eitt eller fleire år tidlegare, leidde av livsviljen lagd ned i arten og ein stadsans vitskapen ikkje har greidd ut. Eg kunne ikkje telja dei, men det var mange, eg såg åtte–ti over vatnet berre der dei fór forbi meg. Det tok eitt minutt eller to, så var dei vekke.

Tamfisken

Medan villaksen tek ansvar for eiga forplanting gjennom den naturlege livssyklusen sin i elv og hav, har tamfisken opphavet sitt i høgteknologiske stamfiskanstaltar, der kjønnsmogen hofisk vert halden i fangenskap. Driftsteknikarar tek rogna, som vert frakta til setjefiskanlegg for klekking og oppfôring av smolt, som etter nokre månader veks seg stor nok til å kunna leva i sjøvatn. Lakseungane vert då overførte til eit stort bur nedsøkkt i sjøen, ein merd.

I ein merd kan det verta halde 200.000 tamlaks i fangenskap. Tettleik i merden kan vera opptil 25 kilo «biomasse» – det vil seia oppdrettslaksar som til saman veg 25 kilo, altså om lag tolv tokilos eller seks firekilos laks – per kubikkmeter vatn. Om eit vanleg badekar rommar 250 liter eller tek 0,25 kubikkmeter, får du med same tettleik som i merdane seks kilo biomasse eller tre tokilos oppdrettslaksar i badekaret ditt.

I slike overfylte merdar vert oppdrettslaksen halden fanga heile livet. I dei knappe to åra i det nokså tettpakka sjøburet lever han ikkje av byttedyr i havet, fiskelarvar og småfisk som han jaktar opp sjølv, slik som villaksen gjer, men vert fôra opp på pellets som vert strøydde ut i sjøen, små fabrikkproduserte brune tablettar, produserte av Skretting-fabrikkane i Stavanger. Etter knappe to år av dette livet utan anna meining enn å skapa forteneste, vert tamlaksen – dei som overlever – slakta og eksportert til over 100 land, med ein samla eksportverdi på over 120 milliardar kroner.

Sjukdomane

Men utbytinga av vill laks med tamlaks gjeld ikkje berre opphav og livsform. Med berre auga ser du at utsjånaden er vorten endra. Hale-, rygg- og brystfinnar er slitne og delvis misdanna på oppdrettslaksen, og på grunn av den raske veksten han er ala opp til, er gjelleloka forkorta og dekkjer ikkje alltid gjellene.

Livsrommet for denne omforma laksen er skrumpa inn frå storhavet, fjorden og elva til eit bur der dei lever som sardinar i boks. Alt det storarta ved dyret er borte. Det er ikkje lenger fødd for å leva, men er vorte konstruert for å verta selt og ete, og for å fylla bankkontoane til smarte forretningsfolk.

Livsforma i merdane står i sterk strid med lakseartens naturlege livsform. Definerer vi dyreplageri som mellom anna å halda ville dyr i fangenskap og tvinga dei inn i ei anna livsform enn det som er naturleg for dei, fell truleg lakseoppdrettet inn under dyreplageriet. Laksen kan ikkje samanliknast med husdyra, men må sjåast som eit vilt dyr som ikkje lèt seg temja og må haldast i fangenskap.

Dette synet vert styrkt av alle sjukdomane som råkar oppdrettslaksen.

Oppdrettarane nyttar mange legemiddel til dømes mot innvolsorm, bakteriar og lus i merdane. Ein nyttar òg roande og bedøvande middel. Det hindra ikkje at 62 millionar oppdrettslaks døydde i merdane i 2025. I den tidlegare setjefiskfasen døydde 92 millionar laks i 2022. Alt i alt døydde over 100 millionar laks i 2023 under produksjonen, over 16 prosent. På Vestlandet døydde så mange som 25 prosent.

Til samanlikning er dødstala for lam i fjøs og på beite 8,5 prosent og for vaksen sau 3 prosent.

Sjukdomane som råkar oppdrettslaksen, synest å henga saman med den produktorienterte oppalinga og det lange fangenskapet i kummar og merdar. Forutan lus, infeksjonar og sår får mykje oppdrettslaks hjarte- og muskelbetennelse, og såkalla hjartesprekk, ein døyeleg virussjukdom som gjer at hjarteveggen sprekk.

Krondømet

Er lakseoppdrettsnæringa berre eit husdyrhald der dyrevelferda vert teken for lite omsyn til, eller er heile næringa ei utskeiing der dyra vert misbrukte og mishandla for å hopa opp store rikdomar?

Eg ser lakseoppdrettet som eit krondøme på forvillinga i den nyare sivilisasjonen. Lakseindustrien i det enorme formatet han har i Noreg i dag, er for meg systematisert dyreplageri som syndar mot respekten for levande vesen og produserer kontinuerlege og aukande miljøskadar.

Det er ei verksemd som strir mot alle økologiske og «grøne» ideal i ein nasjon som briskar seg globalt av dei same ideala, og denne dobbeltmoralen inneber ei fornekting av eigne ugjerningar som medfører eit offisielt, nasjonalt hykleri.

Men framom alt er lakseindustrien eit symptom på det store og veksande potensialet i moderne teknologi og marknadsøkonomi til å omforma jorda og livet og sjølv levande vesen – også mennesket – til forvrengingar av seg sjølve.

I utbytinga av den ville og sjølvrealiserande laksen med den forgjorde og oppala etterlikninga innestengd i merdane som lidande slave for rikdoms skuld, ser vi eit mene tekel, ei skrift om ikkje på veggen, så på sjøen, om kva som kan råka oss sjølve om denne utviklinga framleis får fri bane.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Fleire artiklar

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Eva Aalberg Undheim
Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Eva Aalberg Undheim

Foto: AP / NTB

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Springsteens «før og etter»

Det går an å skrive ei heil bok om Born in the U.S.A., i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
ØyvindNordli

«Det er absurd at dei fremste klimaforskarane i Noreg skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.»

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit
Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis