JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Russland får kjenna krigen

Den ukrainske innmarsjen på russisk territorium kan vera eit vendepunkt i den to og eit halvt år lange krigen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6202
20240816
6202
20240816

Då ukrainske styrkar i førre veke gjekk inn i det russiske Kursk-fylket, kom det som lyn frå klar himmel. Verda fekk sjå mange øydelagde russiske køyretøy og ikkje minst ei russisk avdeling som kollektivt gav seg over til ukrainarane. Ifylgje presserapportar – som det rett nok er vanskeleg å få stadfesta – skal stemninga i Kreml ha sokke som ein stein.

Det gjorde ikkje saka betre at leiaren for den russiske generalstaben, Valerij Gerasimov, skal ha fått rapportar om den ukrainske styrkeoppbygginga, men nekta å ta dei alvorleg. Mest sannsynleg var Gerasimov – til liks med mange andre militære leiarar gjennom historia – så sikker på eigen suksess at han neglisjerte åtvaringane han fekk.

«At dei aller fleste russarar har kunna leva vidare som vanleg, heilt upåverka av krigen, har vore ein viktig føresetnad for at Putin kunne halda fram med å drepa ukrainarar.»

Halvor Tjønn

Tenking på toppen

I skrivande stund står enno eit ukjent tusental ukrainske soldatar langt inne på russisk territorium. Når ein ser på den reaksjonen – eller snarare mangelen på reaksjon – dei blei møtte med då dei gjekk inn over grensa, må ein uvilkårleg tenkja på nokre kjende konstantar i det russiske samfunnet: For det fyrste handlar det om den autoritære kommandostrukturen i landet. Tenkinga skjer på toppen, og dei nede i maktpyramiden har å lyda. Om det skjer noko på bakken som dei på toppen ikkje har tenkt på, då openberrar veikskapen i det russiske samfunnet seg. Dette skjedde tydeleg den 6. august og i dagane etter. Dei ukrainske styrkane kunne meir eller mindre uhindra marsjera inn på russisk territorium fordi ingen på toppen hadde tenkt på at dette kunne henda.

Ein annan konstant er den kroniske mangelen på folk som har særmerkt det russiske samfunnet. Landet har alltid vore for stort til at éin herskar i sentrum har evna å kontrollera det. I dag, når mesteparten av den russiske militærmakta står langs den 1000 kilometer lange frontlina gjennom Aust-Ukraina, ligg resten av grensa mot Ukraina stort sett utan militært vern. Ukrainarane har sjølvsagt visste dette lenge, men heller ikkje dei har hatt folk til å gå laus på dei nesten opne grenseområda til Russland. No har ukrainarane synt at dei har styrkar som dei kan overføra frå sjølve frontlina til andre stader.

Hybrid operasjon

I tillegg gjorde ukrainarane noko som heilt sikkert kjem til å særkjenna krigføring i framtida: Dei sette i verk ein såkalla hybrid operasjon, i dette tilfellet å slå ut elektrisitetsforsyninga i området dei var i ferd med å gå inn i. Slik lamma dei viktige samfunnsfunksjonar på russisk side, heilt i samsvar med moderne doktrinar for krig.

Eigentleg er det ukrainarane har gjort, heilt logisk. I fjor sommar var meininga å setja i gang ein gigantisk motoffensiv mot dei russiske invasjonsstyrkane i Aust-Ukraina. Den ukrainske hæren stanga inn i dei defensive russiske stillingane og gjekk på eit bittert nederlag. Å driva ut den russiske hæren ved å gå rett mot frontlina, synte seg umogleg. Då den amerikanske støtta vart sterkt redusert ut på hausten og vinteren 2023/2024, hadde ukrainarane meir enn nok med å halda på dei posisjonane dei hadde.

Skulle ein skapa ny dynamikk og gje både det ukrainske folket og dei vestlege allierte trua på at det var mogleg å vinna krigen, måtte ein gjera noko heilt anna og uventa. Det er dette ukrainarane har gjort no i august 2024. Dei har gått utanom dei sterke russiske forsvarslinene på okkupert ukrainsk område og inn i eit dårleg forsvart Kursk-fylke i Russland.

Ved sida av å hausta ein viktig propagandasiger, har den ukrainske overkommandoen gjort noko som truleg er heilt naudsynt for å vinna krigen på lengre sikt: Dei må fortelja dei mange millionar russiske borgarane som aktivt eller passivt har støtta krigen til no, at dei ikkje kan halda fram med det utan at det får kostnader for dei sjølve.

Den russiske sivilbefolkninga må – diverre – bli påført noko av den same smerta som ukrainarane har kjent i to og eit halvt år. At dei aller fleste russarar har kunna leva vidare som vanleg, heilt upåverka av krigen, har vore ein viktig føresetnad for at Putin kunne halda fram med å drepa ukrainarar.

Tilbakeslaget

Når ein ser på utviklinga av krigen, er det ingen grunn til å leggja skjul på at det kanskje største tilbakeslaget for ukrainarane har vore krigen på Gazastripa. Åtaket på Israel den 7. oktober i fjor og den påfølgjande israelske krigføringa har fått mange vestlege politikarar til å snakka som om krigen mellom israelarar og palestinarar er den viktigaste konflikten i vår tid. Det er sjølvsagt ikkje tilfellet. Om Russland derimot vinn krigen i Ukraina, kanskje kombinert med ei amerikansk tilbaketrekking frå Europa, då vil alle europeiske land måtte innstilla seg på at den sterkaste militærmakta på det europeiske kontinentet er den russiske.

Før markeringa av 75-årsjubileet til Nato i sommar, snakka mange europeiske statsleiarar om at ein russisk siger i krigen aldri måtte skje. Difor ville ein trappa opp støtta til Ukraina. No til hausten og vinteren vil verda få sjå kor mykje desse orda har vore verde. Vesten har dei våpena og den teknologien som skal til for avgjerande å svekkja den russiske militærmakta.

Om ikkje det ukrainske infanteriet klarer å ta seg gjennom dei russiske linene i Aust-Ukraina, kan dei ta i bruk vestlege langtrekkande våpen til å øydeleggja flyplassar, ammunisjonsdepot, oljelager og annan infrastruktur, slik at den russiske militærmakta blir avgjerande svekt. Om Vesten trappar opp leveransane av slike våpen, samstundes som den russiske hæren har problem med å erstatta tap av folk og materiell, har militæranalytikarar i dei fleste tenkjetankane i Europa trua på at krigen kan gå inn i ein ny fase.

Men Vesten har neppe all verda med tid. Det ukrainske folket har vore utsett for ekstreme påkjenningar i lang tid. Om krigen dreg ut i to og eit halvt år til, kan russarane ha øydelagt store delar av landet, den ukrainske økonomien og samstundes viljen til å stå imot Putins regime.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis