Eg tenkte på han då eg stod opp måndag, då gradestokken kraup ned til 10 minus i Oslo. På Ales og dei 1451 andre som sit på kalde steingolv i belarusiske fengsel og straffekoloniar. For å ha delteke i fredelege protestar då dei hadde fått nok etter presidentvalet i august 2020. Og for Ales og kollegaene hans i menneskerettsorganisasjonen Vjasna, for å ha forsvart folks rett til å protestere.
3. mars vart Ales dømd til 10 år fengsel og send til ein av dei mest frykta straffekoloniane i Belarus. Dømd for å ha smugla pengar inn i landet og for å ha finansiert aksjonar som braut med offentleg ro og orden.
Under ei av dei siste rettshøyringane sa nestleiaren i Vjasna: «Vi har ikkje kasta bort livet, vi har bygd opp folk som kan ta over. Ein ny generasjon av belarusarar har vakse opp og held fram med arbeidet vårt. Naturens gang kan ikkje stoppast. Etter vinteren kjem våren, og våren vil kome ein gong.»
Namnet på organisasjonane Ales leier, Vjasna, tyder nett «vår». På den måten hadde orda i retten fleire bodskapar. Men no ventar ein ny mørk vinter, og det er få synlege teikn på at noko vil endre seg med det fyrste. Oppdateringane frå landet Lukasjenka framleis styrer, er gjennomgåande så dystre at folk ikkje lenger reagerer på dei.
Som leiaren for belarusiske PEN skreiv i eit dikt på Facebook, har det gått så langt at belarusarar i eksil er letta om nokon får ni år bak murane i staden for ti. Om dei blir sende i isolasjon, er dei letta, for det betyr at far, son eller dotter deira framleis er i live. Andre har ikkje høyrt noko frå slektningane sine på fleire månader.
I november fortalde kona til Ales til Associated Press at fengselsleiinga hadde straffa Ales etter disiplinære brot. Han vart flytta til ei isolasjonscelle. «Kort fortalt er det eit fengsel i fengselet», sa kona, som fortalte at han ikkje får møte advokaten som har vore hans einaste kontakt med omverda. Det er ein effektiv måte å hindre folk i å klage på. Når advokaten ikkje får tilgang, kan ikkje den innsette varsle om forholda han sit under.
I juli døydde ein belarusisk kunstnar bak murane. Han blei 57 år. Kona til Ales skreiv følgjande SMS til meg då: «Kunst er den høgaste manifestasjonen for den frie og kreative sjela. Det er årsaka til at alle diktatorar hatar fri kunst. Det er årsaka til at Lukasjenkas diktatur øydelegg kunst og fysisk øydelegg kunstnarar – slik som kunstnaren Ales Pusjkin, som døydde i fengsel for nokre dagar sidan.»
Men ho la til: «Det er kunst, musikk, litteratur og teater som gir fengsla menneske ei meining i livet og styrke til å halde ut.»
Tidlegare i år slapp jurist og leiar i Vjasnas avdeling i regionen Gomel aust i Belarus ut av fengsel etter å ha sona ferdig ei straff på tre år. Leanid Sudalenka blei arrestert i januar 2021 då han gjekk ut med søppelet før han skulle på jobb. Etter nokre veker utanfor fangenskap valde han å flykte frå heimlandet.
I etterkant fortalte han til kollegaer i Vjasna at han ikkje hadde noko anna val, då politiet heldt fram med å forfølgje han då han vart fri «Eg blei lauslaten frå eitt og kom ut til eit anna fengsel», sa han då han var i tryggleik i Vilnius.
Å forlate kona og familien var hardt, men kona hans hadde sagt at ho heller ville kome og vitje han i Vilnius enn å sjå han bak murane i eit fengsel i Belarus att.
Mange har gjort som Leanid. Meir enn 100.000 har forlate landet i frykt for å bli straffa.
No kan det å reise til Vilnius bli vanskelegare, etter at Lukasjenka har sytt for at alle som vil ut av landet, må søke visum. Belarusiske styresmakter har i år vedteke at dei som har forlate landet, tiltalte for «ekstremisme» eller for å ha såra nasjonale interesse, vil bli fråtekne statsborgarskapen. I september forbaud dei ambassadane å skrive ut pass.
Som ein fri mann tenker også Leanid på kulda. Han kallar kulda tortur. I eit innlegg på Facebook skildra han nyleg korleis det kjennest å liggje på eit iskaldt golv i minusgrader utan eit teppe over seg. Då han klaga, fekk han høyre at det var i tråd med forskrifta.
Leanid fekk hundrevis av brev medan ha sat i varetekt. Då han hadde det som verst i straffekolonien, var det tanken på breva som heldt motet oppe. Sjølv om han ikkje fekk dei lenger. Rykta om at Ales fekk fredsprisen, nådde han bak murane.
Ane Tusvik Bonde er statsvitar og fast skribent i Dag og Tid.