JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6377
20240614
6377
20240614

Er mannen galen vorten? Sjølv dei mest trufaste tilhengjarane av Emmanuel Macron mista fatninga då presidenten lyste ut nyval i Frankrike straks etter at resultatet av valet til Europaparlamentet var kjent.

Den nye, hage statsministeren, Gabriel Attal (35), har ikkje vist seg i media etter kunngjeringa. Han skal ha åtvara Macron sterkt mot nyval og risikerer å verte ein fotnote i historiebøkene.

Hypotesane er mange. Såleis: Macron vil hindre folk i å tenkje på nederlaget, altså at dei franske støttepartia hans fekk godt under halvparten av Nasjonal samling (Rassemblement National, RN), som fekk 31,4 prosent. Fram til valomgangane 30. juni og 7. juli tenkjer alle på valet, så er det ferie, dinest budsjettstridane. Eller: Han vil tvinge Republikanarane (Les Républicains) til å gå saman med partialliansen Renaissance i ei samlingsregjering. Eller: Reint diabolsk vil han ha RN i regjering for at folk skal oppleve kaoset deira.

Like streng

Macron seier at med RN i regjering, vil konstitusjonen, velferdsstaten og respekten for Frankrike gå nedanom. Vil «ulv! ulv!»-ropet, brukt i alle valkampar siste åtte åra, atter verke, eller vert utgangen som i fabelen? Macron har sjølv prova seg minst like streng som RN i innvandringsspørsmål, i sosialpolitikk, i kritikken av Nato og EU. Med sine nyttelause dialogar med Putin fyrste året av Ukraina-krigen gjorde Macron putinismen på ytre venstre og ytre høgre stoverein, så den er ikkje same skremmebiletet lenger.

Macron gjorde no RN til viktigaste partiet i landet. Dag og natt fram til valet vil alt handle om Nasjonal samling. Samstundes kan alle med berre auga sjå at der ikkje er einskap hjå Macron-støttespelarane. Etter to år med krangling lyt småpartileiarane no omfamne kvarandre for open scene. TV-kanalane viser kor ukomfortable dei no kjenner seg, med klønete ytringar og forskrekka andletsuttrykk.

Macron-alliansen i nasjonalforsamlinga har ingen valkamporganisasjon, korkje nasjonalt eller regionalt. Dei har fåe valde representantar kringom i landet, og stort sett lite røynde. Sams partiapparat finst ikkje. Irekna gamle Parti Socialiste, som knapt har møtelokale lenger; alt er selt for å betale gjeld.

Macron står stort sett utan maurflittige lokale, tillitsfulle støttespelarar til å bere den stagnerte rørsla hans fram.

Reknar feil

Macron reknar feil om han trur at RN ikkje maktar å stille nok kandidatar til nasjonalforsamlinga på kort varsel. I 96 av 101 fylke fekk RN flest røyster av alle parti som stilte opp. Forklåringa media kjem med, er at æra tilfell den elegante nye leiaren etter Marine Le Pen frå 2022, Jordan Bardella. Ein ordhag, roleg mann utan store fakter, alltid i dress og slips, no 28 år (med avbroten freistnad på akademisk utdanning attom seg – positivt, det, der i leiren). Politikk starta han med i 15-årsalderen, vart fylkessekretær for partilaget sitt som 19-åring – i Seine-St-Denis, brukt som skrekkdøme på miksen mellom kriminalitet, sosial naud og dårleg integrasjon mellom innvandrarar (høgst overdrive, kan eg vitne; eg har budd der i periodar).

Bardella er paradømet på den nye RN-politikaren. RN har kvitta seg med vulgære typar, opne rasistar og holocaustfornektarar, sortert vekk folk som er nostalgiske over Algeriekrigen og kolonitida. Partiet er installert mest overalt, har såleis rekruttert og bygd opp tusentals unge representantar, i flest alle kommunar, fylke og regionar.

Bardella har vore representant i heimkommunen og i regionalrådet og har tenestegjort som sekretær for ein EU-parlamentsmedlem. I sistnemnde teneste vart han jamvel del av politikaradelen med falsk jobb og skattesnyteri. Han har alle trekk folk kjenner att på ein suksessrik ung anti-eliteperson, folkeleg frekk nok til å nytte heile det venstresideretoriske registeret blanda med ein nasjonalisme som før ikkje var comme-il-faut.

Bardella er samd i konspirasjonsteorien om Le Grand Remplacement (den store utskiftinga – av franskmenn med utlendingar). Samstundes har han bygd opp og leier organisasjonen Banlieues Patriotes, der føremålet er, ifylgje manifestet: «å bryte med forstadspolitikken og rekkje ut handa til veljarane i Republikkens gløymde territorium». Arbeidet deira har vekt sympati – også langt inn i innvandrarmiljø. Badella sel paradoks langt betre enn Macron.

størst på nordkysten

Dei før så RN-fiendslege regionane frå Bretagne langsetter kysten ned til Gironde, synte før lågaste tilslutnad til RN i landet (kring 5 prosent i 2022), men no er RN største parti også der. I Paris ser dei ikkje så lett kva for eit jordskjelv det er, at dei tradisjonelle sosialdemokratiske kyststroka i nord har omvendt seg.

Ytrevenstre stod sterkt der som protestrørsle – dei veljarane er gått til RN. Kampanjemodellen av amerikansk type som Macron har satsa på sidan 2016, fungerer ikkje. Macron har ingen entusiastar viljuge til å arbeide seg i hel for han. RN har derimot eit velsmurt, velrøynt apparat av medarbeidarar overalt.

Macron & Co satsar sterkt på at kiv og splid i ytre høgre mellom no stovereine RN og grupper med nazirykte gjer livet vanskeleg for Bardella. Då gløymer Macron alliansane i lokalpolitikken, der RN samarbeider med allslags folk.

Jamvel tante Marine og niesa Marion la måndag straks vekk stridsøksene. Tysdag avviste dei ein samarbeidsinvitt frå sjølvaste republikanarleiar Éric Ciotti. Han sprengde partiet sitt i småbitar med den gesten; protestane er ikkje til å stagge. Dermed seier Bardella at vel, han er då open for å diskutere med rest-republikanarane. Gaullismen er på sotteseng, på det aller siste. No utviklar farsane seg med eksklusjonar og trugsmål i store og små parti; alt styrkjer RN.

Macron ikkje berre leikar med elden, men har sett fyr på landet. Han skaper sjølv trugsmålet han manar til kamp mot. Skulle Macron til haustar hamne i «sambuarskap» (cohabitation: når parlamentet vel ei regjering ikkje utgått frå presidentens parti), er han impotent. Anna enn i utanrikspolitikken, som alltid er presidentens eige domene. Men der skal han få sitt svare strev med å demme opp for tiltak frå putinisten Bardella, som er tilhengjar av dei strengaste ytrehøgrefløyene i Italia – Meloni er for mild.

Europa går mot interessante tider.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

USA var landet der den globale auken i fedme tok til for alvor. Nord-Amerika utgjer i dag halve marknaden for vektreduksjonsmidla til Novo Nordisk.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

HelseSamfunn

Store pengar i tomme magar

Verda er villig til å betale mange milliardar for å misse matlysta.

Per Anders Todal

Tyskland og Frankrike leiar saman luftvernkoalisjonen for å støtte Ukraina. Men Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius (t.v) har ikkje fått med seg Frankrike på sitt initiativ for å investere i felles europeisk luftvern til eige territorium. Biletet syner Pistorius og Ukrainas president Volodymyr Zelensky i Tyskland, der ukrainske soldatar vert trente i å bruke det amerikanske langtrekkande luftvernsystemet Patriot.

Foto: Jens Buttner / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Den innvortes forsvarskampen

Arbeidet med eit felles luftvernsystem over Europa
vert avgrensa av nasjonale industrielle omsyn.

Kong Harald tok i audiens imot Eirik Kristoffersen på Slottet for å tildela han Krigskorset  i 2011.

Foto: Lise Åserud / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Baksida av medaljen

Forsvaret og forsvarssjefen har måla seg inn i eit hjørne. Dei nekta for at dei visste at feil mann blei tatt. Så påstår dei at mannen dei tok, uansett må ha vore ein Taliban-leiar.

Når Billy (Vic Carmen Sonne) og Nilo (Silvana Imam) møtest, blir det kjærleik ved første blikk.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Eksplosjonar i hovudet

Ein har ikkje vondt av å utfordra tankemønstera sine, særleg ikkje når det er underhaldande i tillegg.

Vivienne (Vicky Krieps) innleier eit forhold til danske Holger (Viggo Mortensen) i det vestlege USA i 1860-åra.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Vicky + Viggo

Vicky Krieps slår Viggo Mortensen i den romantiske westernen hans.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis