Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Skjermbrukutvalet har levert sin rapport. Han kunne vore skriven av ein chatbot.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6046
20241115
6046
20241115

Dei siste 10–15 år har Noreg vore gjennom ein stille revolusjon. Skulane våre, og i mange tilfelle barnehagar, er blitt digitaliserte. iPadar og digitale læremiddel har mange stader tatt over for papirbøker, penn og papir, som har vore verktøy for læring sidan tidleg mellomalder.

Ingen undersøkte om endringa var bra for barna og læringa deira. Svært mykje forsking, for ikkje å snakke om erfaringar frå foreldre og lærarar, viser det motsette: at skjermbruken går negativt ut over barns lese- og konsentrasjonsevner. Digitalisering blei eit mål i seg sjølv, mens ein i stor fart suste forbi alle fareskilt. Å kalle det som har skjedd, «systemsvikt», er neppe for sterkt.

Som kunnskapsminister har Kari Nessa Nordtun (Ap) sett i gang ei realitetsorientering og ein snuoperasjon. Derfor blei Skjermbrukutvalets rapport (NOU 2024: 20), som blei levert denne veka, møtt med uvanleg stor interesse. Utvalet skulle sjå på korleis skjermbruk påverkar helse, oppvekst, læring og trivsel i barnehagen, på skulen og på fritida.

Tittelen på rapporten, Det digitale (i) livet, lovar ikkje godt. Han er som skapt til å føre lesaren rett inn i ein mental tåketilstand alt før sjølve lesinga tek til. Men la det vere sagt med ein gong: Om ein greier å kjempe seg gjennom dei nær 300 sidene, finn ein mange klare tilrådingar. Skjermbruken bør avgrensast, stort sett over heile linja. Det finst ikkje haldepunkt for at han fremjar læring.

Skjermbrukutvalets rapport blei levert denne veka. F.v. barne- og familieminister Kjersti Toppe, leiar av utvalet om skjermbruken til barn og unge Robert Steen, kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og statssektretær i Helse- og omsorgsdemartementet Usman Ahmad Mushtaq.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Likevel, tonen i rapporten seier ofte meir enn sjølve innhaldet. Det er som om forskarane bak teksten sjølv er fanga av problema dei skal analysere. Språket er heile tida fullt av sjølvsagde formuleringar, ein slags medviten naiv-diplomatisk stil. Eit av mange eksempel er: «Barn og unge opplever mange gleder og positive sider ved sosiale medier og dataspill. En vesentlig del av barn og unges sosiale liv utspiller seg på skjermene, og de er i dag en viktig arena for å få og opprettholde vennskap. Sosiale medier gir underholdning, inspirasjon og kontakt med venner og kjente.»

Ja, greitt. Men er ikkje poenget at dette «sosiale livet» har kolonisert – og for mange erstatta – det sosiale livet og leiken i den verkelege verda? Og er det ikkje nett dette som sannsynlegvis er årsaka til så mange problem av psykisk og fysisk art, som angst, depresjon, dårleg motorikk, overvekt og lærevanskar?

«Det er som om rapporten langt på veg avskaffar kategorien barn.»

Mange av forskarane som har vore med på rapporten, er – eller har vore – digitaliseringsvenlege. No, når mange andre trekker i naudbremsa, ser dei seg nøydde til å tilrå justeringar. Ein vil ikkje heilt sjå nederlaget på vegner av heile kunnskapsfeltet i auga, eller ta alvorleg sjølvkritikk. I staden er det som ting berre gjekk litt over styr, sånn av seg sjølv.

Når det gjeld barns bruk av sosiale medium og digitale spel, kjem det med jamne mellomrom små glimt av klar sikt. Rapporten peikar på ein heil haug med farar og problem. Små barn bør sjølvsagt ikkje vere på sosiale medium, og rottefangarane i form av teknologigigantar held sine eigne barn langt unna.

Burde då samfunnet sørge for ei aldersgrense? Eg forventa at konklusjonen blei eit klart ja, ut frå det rapporten sjølv legg fram. Men nei, Skjermbrukutvalet tilrår ikkje noka aldersgrense.

Kvifor skal kvar lærar og forelder måtte kjempe denne kampen, i eit land der alle andre farar og uvanar blir detaljregulerte av staten? Kva gale ville skjedd om ein i det minste sette ei aldersgrense på 12 år?

Det er som om rapporten langt på veg avskaffar kategorien barn i tradisjonell forstand. Barn er liksom små vaksne som har krav på respekt som politiske individ og informerte konsumentar på ein fri marknad. Som dei skriv: «Barn og unge har ikke bare rett til beskyttelse, de har også informasjons- og ytringsfrihet. Jo høyere en lik aldersgrense for alle sosiale medier settes, desto større risiko er det for at den går ut over muligheten til å delta digitalt for en gruppe som allerede har mindre demokratisk tilgang enn andre ved at de ikke har stemmerett.»

Skjermbrukutvalet utviser lågt medvit om korleis teknologien og big tech faktisk formar barna politisk. Er ikkje sosiale medium, som i høg grad avgjer kven ein snakkar med, og kva ein blir eksponert for, i seg sjølve ein politisert teknologi? Barns merksemd og oppfatningar blir konstant manipulerte på ein måte dei sjølv ikkje har nokon sjanse til å oppdage. Sosiale medieplattformer og semimonopolistar som Google samlar inn enorme mengder data om alle brukarar for å nytte dei kommersielt – og kanskje politisk. Er ikkje dette i seg sjølv eit trugsmål mot det liberale demokratiet og barns sjølvstende?

Plattformene legg trass alt ikkje berre føringar for kva vi skal kjøpe, men for kva vi skal meine.

Overvakingskapitalismen blir så vidt nemnd i rapporten. Konklusjonen er at teknogigantane ikkje primærter drivne av omsyn til barnas beste. Her har vi rapportens retoriske strategi i eit nøtteskal. Eit anna eksempel: «Men forskning finner ikke positive sider ved skjermbruk for de aller yngste barnas utvikling.»

Kvifor ikkje skrive at det er plenty med forsking som viser skadelege verknader av skjermbruk? Bevisbyrda er skeivt fordelt heile vegen.

Kjensla av at barn er vaksne som berre er låge av vekst, toppar seg i siste kapittel. Der vender utvalet seg direkte til barn ned i seksårsalderen om korleis dei sjølve bør regulere sin eigen skjermnarkomani. Det begynner med: «For å være frisk og glad trenger du nok søvn, lek, bevegelse, mat og tid med venner og familie. Derfor er det viktig at du har en god balanse mellom ulike aktiviteter i løpet av dagen.»

Når eg spør ChatGPT om skjermbruk er bra for barn, får eg omtrent opp konklusjonane i «Det digitale (i) livet». Det er mykje bra, blir det hevda frå innsida av iPaden. Berre ikkje la det gå heilt over styr.

Eg er genuint usikker på om det er skjermutvalet som har inspirert ChatGPT, eller omvendt.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis