Slutta sirklar av sjølvpisking
Trass i sjølvironien er komikarane kanskje den yrkesgruppa som er døvast for kritikk. Men i showet Megaloman prøver Lars Berrum å bruke seriøs sjølvrefleksjon som komisk motor.
Bakgrunn:
Lars Berrum
Komikar og programleiar
Fødd i 1986 på Bærums Verk
Utdanna sjukepleiar og tidlegare noregsmeister i karate
Bakgrunn:
Lars Berrum
Komikar og programleiar
Fødd i 1986 på Bærums Verk
Utdanna sjukepleiar og tidlegare noregsmeister i karate
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
På Torshov i Oslo ligg Soria Moria, ein gamal kinobygning med høge, klassiske søyler på utsida og flokkar av amatørkomikarar på innsida. Inst i bygningen ligg Nieu scene, yngleplass for aspirerande bajasar, og fremst ligg Cosmopolite, eit staseleg og litt skranglete teaterrom som får ein til å føle at ein er i eit land langt vekke. I alle fall er det langt frå Latter, den meir kommersielle humorscena på Aker brygge, der stemninga alltid minner om eit overtrøytt utdrikkingslag.
Megaloman
Sist veke hadde huset premiere på Megaloman, det nye showet til Lars Berrum, det siste i ein trilogi som byrja med Tuttifruttiland og heldt fram med Amor fatigue – et helt vanlig standupshow med Nietzsche som rød tråd. Berrum seier at trilogien er ei stegvis utforsking av kven han har vore, kven han har blitt, og kven han vil bli. I det nye showet er Friedrich Nietzsche bytt ut med Søren Kierkegaard, og det er òg Kierkegaard som får æra for å ha skrive showet, med «Lars Berrum som rød tråd».
Salen var fullstappa. Scena var full av komikarvennene til hovudpersonen. Stemninga var høg og varm.
Berrum er mest kjend frå podkasten han har i lag med makkeren Martin Beyer-Olsen, der dei bablar ei fin blanding av sjølvhjelpspludder og speeda rabulisme. I periodar har podkasten vore den mest populære i landet.
Berrums komikk er av varierande kvalitet, men på sitt beste er han eit slags norsk svar på James Acaster og Bo Burnham, komikarar eg tenker på som «post woke». Dei maktar å operere innanfor ein oppdatert kode for kva det vil seie å vere anstendige menneske, samtidig som dei er usensurerte og dryge.
«Er det noko komikarar synest er latterleg, så er det avisfolk som analyserer humoren deira.»
Sjølvsabotasje
Er det noko komikarar synest er latterleg, så er det avisfolk som analyserer humoren deira. Særleg tåpeleg er det om avisfolka les vitsane deira som om dei var oppteikningar frå eit kollektivt undermedvit, symptom dei kan nytte seg av for å diagnostisere tidsånd, generasjonskonfliktar og tendensar. Sjølv tenker komikarane gjerne at dei berre er einskilde skrullingar som prøver så godt dei kan å underhalde, og at alle forsøk på å forstå arbeida deira i ein større samanheng er pretensiøse og humørlause.
Som dødsens alvorleg standupfan meiner eg å sjå at det er i nettopp denne avvisinga av kritikk at ein kan finne den vanlegaste årsaka til at lovande humorkarrierar floppar. Eg ser det stadig vekk: Talentfulle komikarar når eit tak i sitt eige kreative potensial, og då lukkar dei seg inne bak vegger av kollegaer som – sjølv om dei harselerer med komikaren – i siste instans forsterkar det etablerte sjølvbildet til vedkommande. Slik lagar komikarane lukka sirklar, sjølvforsynte med kritikk.
Når slikt skjer, går ein grunnleggjande komisk ingrediens tapt: det å vere sårbar.
«Kven har eg lyst til å bli?» er difor eit strålande spørsmål å ha som utgangspunkt for eit humorshow, særleg om målet er at humorkarrieren skal vere ein maraton og ikkje ein sprint.
Teikning: May Linn Clement
Reinskoren roast
Megaloman byrjar med ein klassisk standupmonolog, men blir raskt splitta opp i korte sketsjar som får showet til å minne meir om ein skulerevy enn klassisk standup. Berrum har invitert med seg kollegaer og venner frå humorbransjen, og oppdraget deira er å harselere med han.
Standupkomikaren Jonis Josef leverer liner som eg har høyrt han levere mange gonger før, men det sit likevel fordi han er så karismatisk. Martin Beyer-Olsen parodierer Wolfgang Wees sjølvhjelp frå mannosfæren, noko som fungerer fordi han sjølv i røynda leflar med det same landskapet.
Vi får innslag frå komikarar som Olli Wermskog, ein av desse som dukkar opp som sidekick i alle slags humorkonsept, men som eg aldri har sett eller høyrt gjere noko spesielt morosamt. Høgdepunktet er ein reinskoren roast frå bergensaren Ole Soo, som med finjustert bullshitdetektor plukkar frå kvarandre heile fenomenet «Lars Berrum».
Men fordi kritikken og ransakinga av Berrum bokstavleg talt skjer innanfor rammer som Berrum sjølv har sett, er det vanskeleg å sjå kva som eigentleg kjem ut av all «shaminga».
Mot slutten av showet står hovudpersonen nede blant publikum og held ein banal monolog om å ha innsett at han ikkje er noko utan vennene sine, ei innsikt som visstnok er forankra i tekstene til Søren Kierkegaard. Han vender seg mot ensemblet på scena og seier at no er spørsmålet om også dei vil ha han. Dei svarer med ein klein song om at han er deira eigen «larsissist».
Til slutt kjem Kierkegaard sjølv på scena, spelt av ein av Noregs fremste absurdistar, Vegard Tryggeseid frå Haugesund, og det heile er fryd og gaman, verkeleg.
Heilskap
Eg gjekk derifrå styrkt i den alt sterke trua eg har på norsk humorscene, med sin bognande flora av alt frå hipstarars blaserte antihumor til kulturkritisk brodd frå veltalande folk som nordlendingen Dag Sørås og bergensaren Christoffer Schjelderup. (Humor som vågar å gi seg ut for å vere intelligent, kjem sjeldan frå Oslo, der den falske audmjukskapens arroganse har einevelde og dei fleste speler dummare enn dei er.)
Megaloman hadde streifa borti noko sentralt. Eg kunne ønskt meg litt mindre konsept, litt færre sceneskift, litt fleire gode setningar, litt meir klassisk standup, slik at ein tydeleg fekk sjå kva alt det andre var eit motsvar til, slik at eg kunne forstå kvar Berrum landar.
Kva seier han eigentleg om forholdet mellom seg sjølv og den sjølvinnsikta han seier han strekker seg etter? Og kva er det eigentleg vi ler av når vi ler av humorsjangrane han parodierer?
Ikkje slik meint at komikarar skuldar publikum noko. Ingen kunstnarar gjer det. Men skal det fungere, treng vi ei kjensle av heilskap. Sånn sett var det førre showet, Amor fatigue, mykje betre. Det var smartare og meir formfullenda. Megaloman blir mest som eit uforløyst tilløp til ein potensielt potent samtale om humor, gruppedynamikk og sjølvinnsikt.
Pseudo-sjølvinnsikt
I dagane etter showet las eg opp att The Culture of Narcissism av Christopher Lasch, ein kulturkritisk klassikar frå 1979. Sett på sporet av dei halvtogne ideane i Megaloman beit eg meg merke i eit kapittel eg ikkje hadde fokusert på før: «The Banality of Pseudo-Self-Awareness».
Lasch meinte at tida han skreiv i, var gjennomsyra av karaktertrekk som likna patologisk narsissisme: avhengnad av flyktig varme frå andre, ei kjensle av å vere tom på innsida, grenselaust undertrykt raseri. Han meinte at måten mykje av dette kom til uttrykk på, minte om karaktertrekka til den kliniske narsissisten, han som i ein spagat mellom sjølvforakt og sjølvdigging slår om seg med pseudo-sjølvinnsikt, kalkulert forføring og nervøs, sjølvutslettande humor.
Med dette som utgangspunkt laga eg meg ein ny trepunkts tommelfingerregel om kva eg vil at komikarane eg liker, skal unngå, fordi eg trur at alle desse tre er kimar til sjølvsabotasje:
1. Pseudo-sjølvinnsikt
2. Falsk beskjedenheit
3. Vennegjengmentalitet
Estetikk, ikkje etikk
Same helg såg eg det nyaste showet til Louis C.K., som eg òg såg live i Oslo i fjor. C.K. blei skandalisert under metoo og braut lang tids togn med eit show som heiter noko så passiv-aggressivt som Sorry. Det opna med lina: «Ja, så korleis har dei siste par åra vore for dykk?» Det var vittig, men han gjorde ikkje meir ut av skandalen enn det, noko som gjorde heile greia litt uforløyst.
Å seie at han må nemne elefanten i rommet, kan bli misforstått som eit moralistisk eller woke krav om at ein skandalisert kjendis skal gå kanossagang, gjere offentlege botsøvingar, innrømme privilegia sine og love endring. Men det eg snakkar om her, har ingenting med slikt å gjere. I mi bok er han tilgitt for lengst. Det eg snakkar om, er eit spørsmål om estetikk, ikkje etikk.
For når heile karrieren din er bygd på ein påstand om at du på den eine sida er eit perverst krapyl, og på den andre sida eit menneske med integritet og ryggrad, så går det ut over sjølve humoren om du ikkje lukkast i å gjere noko morosamt ut av din eigen skandale. Ei spenning blir liggande i lufta mellom deg og meg, komikar og fan, og før du forløyser den spenninga, så vil dei andre vitsane dine bli kvelte av det usagte.
I det nye showet ser C.K. bitter og forknytt ut, vitsane kjennest defensive, ikkje offensive, og ein vits fortald i sjølvforsvar er sjeldan vittig.
Vennegjeng
Finst det noka yrkesgruppe i dette landet som er døvare for kritikk enn komikarane?
«Vi er ikkje eit miljø», mumla eit samstemt humormiljø då Morgenbladet i kjølvatnet av Atle Antonsen-skandalen i 2022 laga eit spesialnummer om norsk humor, med fokus på 90-talshumoren.
Komikarane fnyste av omgrepet «humormiljøet», forståeleg nok, for det var jo ikkje slik at alle kjende kvarandre. «Eg har aldri møtt Atle Antonsen», sa ein, og spurde kvifor han skulle stå til rette for Antonsens synder.
Men om ein deltar i TV- og radiokonsept som primært handlar om å skape illusjonar av intimitet, gjennom pludrepodkastar der dei same tjue folka rullerer, så kan ein ikkje bli fornærma om folk går ut frå at dei er ein vennekrins. Komikarane er våre Kardashians. Dei må forvente å bli utsette for ideologikritikk på lik line med andre tonegivande miljø. Dei kunne med fordel ha vore meir interesserte i å utsette seg sjølv for det.
B-kjendisar
I sommar var eg og to venner på Humor Over Oslo, ein standupfestival på Grefsenkollen. Heile dagen sat vi i graset framfor scenene, fulle av velvilje, klare til å le, men blei skuffa. Vi følte at vi hadde vore på ungdomsskulen for ein dag, tatt som gissel av ein gjeng B-kjendisar frå B-klassen, som berre snakka om seg sjølv – med det som mål, ikkje som middel.
Kven trur dei at dei er? sa vi då vi gjekk heimover i sommarnatta. Trur dei at vi kom hit fordi dei er dei? Vi kom hit for å sjå standup, fordi vi er interesserte i standup, ikkje fordi vi er interesserte i akkurat desse folka. Dei oppførte seg som ein blærete gjeng med bøller som ikkje ser at dei er bøller, fordi dei kvar for seg ein gong var keitete outsiderar i skulegarden. Denne sjølvforelska vennegjengmentaliteten er det minst sympatiske og minst vittige på humorscenene.
«Ja, og»
Ein av sketsjane i Megaloman er ein parodi på spelereglane i improvisasjonsteateret, der alle innfall på scena skal bli møtte med eit «ja, og» frå dei andre, og som uansett tilløp har det med å munne ut i runkehumor.
Ein humorteoretikar i skulen etter Immanuel Kant kunne seie at «ja, og» er improvisasjonsteaterets kategoriske imperativ: For at dine eigne vitsar skal fungere, må du bygge vidare på framlegga frå dei andre. Om den eine seier at no er vi på apoteket, så speler du med, då er du òg på apoteket. Ingen får bryte den kreative flyten med eit blodfattig «nei, men».
Folk som lever av å lage ting frå ingenting, har det med å samle seg i klynger av folk som seier «ja, og», fordi dei er avhengige av å surfe på idear i ein modus der skepsis og nøling blir sette til side og flyten får rå.
Men «ja, og»-innstillinga er ikkje berre ein føresetnad for kreativt arbeid. Ho er òg i siste instans ein trussel. Blir ein verande for lenge i «ja, òg», blir den kritiske sansen sløv. Det som først var fruktbart, kan med tida gjere jordsmonnet overgjødsla.
Slik tyrannar ofte til slutt fell fordi dei har levd for lenge bak veggar av ja-menneske, slik kan komikarar vengeklippe seg sjølv ved å søke tryggleik bak gruppeidentitet, pseudo-sjølvinnsikt og forsøk på å ta brodden av alle moglege innvendingar med eit «eg er elendig, eg veit det», eller «eg er en narsissist, eg veit det, skyt meg». Kjem ein dit, er ein ferdig. I ein slik tilstand er ein dømd til å undervurdere publikum.
«Komikarane er våre Kardashians.»
Sårbar
Styrken i klassisk standup ligg i at komikaren er sårbar. Eit menneske står aleine framfor ei folkemengd, utan kostyme eller støttespelarar, berre med ein mikrofon. Tilhøvet mellom komikaren og rommet kan bere eller breste, avhengig av korleis setningane er konstruerte, av tonefall, mimikk, kroppsspråk, av lynnet til publikum.
Når eg reiser til eit framandt land, liker eg så raskt som råd å finne vegen til næraste standupklubb. Det er ein snarveg til ei kjensle av korleis folk der opplever verda, kva slags forhold dei har til sine eigne skjebnar. Av og til treng ein ikkje eingong forstå språket. Det kan vere nok å høyre korleis folk ler, akkurat der, akkurat då, korleis dei gir seg over. Dessutan kan ein lære mykje berre av kva slags folk som held i mikrofonen: Vil menneska her bli underhaldne av folk som vaklar, eller av folk som struttar?
Forløysing
Humor handlar om forløysing. Ei spenning blir bygd opp, kanskje ved at komikaren seier eller gjer noko som er på kanten av det publikum føler er lov, og som samstundes kjennest litt sant. Om komikaren er god, held ho denne spenninga i handa, lèt spenninga få bygge seg ytterlegare opp, før ho forløyser det heile med ein punchline som gir publikum tilbake kjensla av at dei veit kven dei sjølv er, og kva dei ler av, men no med ein litt forskyvd forståingshorisont.
På vegen dit blir sjølvkjensla til alle i rommet utsett for ein slags trussel. Komedie er eit spel som handlar om ulike og ofte konkurrerande nivå av sjølvinnsikt. Utan ein slik risiko, ingen stor scenekunst. Det er først når vi på alvor vågar å gamble med eige sjølvbilde, at vi kan føle oss attfødde i forløysande latter.
Trilogien til Lars Berrum er ikkje genial, men han er merkeleg, gøy og fruktbar å tenke med, og han opnar ei dør til gode spørsmål om tilhøvet mellom humor og sjølvinnsikt.
Ida Lødemel Tvedt er
journalist i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.