Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Stadutviklaren Olav Thon

Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

5435
20241122
5435
20241122

Olav Thon er truleg Noregs mest kjende forretningsmann. Eigedomsutviklaren og investoren gjekk bort førre veke heile 101 år gamal. Vi alle kjenner han frå media: den sparsame, joviale karen med raud strikkehuve, med sans for fjell og friluftsliv.

Olav Thon var heilnorsk. Der andre forretningsmenn stakk til utlandet med inntekter og formue, der vart Thon verande att, samtidig som han oppretta Olav Thon Stiftelsen som gjev millionar til forsking. Han var ein mann som aldri gløymde småkårsbakgrunnen i Hallingdal og norske lokalsamfunn, som statsminister Jonas Gahr Støre sa i helga.

Dei siste dagane har vi difor fått høyre om den unge Thon, som vart fødd i 1923 i Ål i Hallingdal. Han måtte velja bort medisinstudium på grunn av krigen, men lukkast med handel og investering. I 1950, som 18-åring, kjøpte han sin fyrste bygard i Oslo.

«Eit klesplagg som hadde passa Olav Thon betre, er cowboyhatten.»

Cowboyhatt

Men som Cecilie Langum Becker, økonomikommentator i NRK, skriv: Thon var òg ein «knallhard forretningsmann, som kunne sine knep – noe den joviale tonen utad kunne kamuflere». Den raude topphuva fører tankane til hyttekos og små tettstader. Men dersom vi med sistnemnde meiner koselege sentrum og småbutikkar, har vi kome langt unna det Olav Thon stod for. «Det var hyggelig og morsomt med småbutikkene rundt omkring, men tiden har løpt fra dem. Kjøpesentre er kommet for å bli. Folk vil ha dem.» Det sa han til Dagens Næringsliv 16. juni 2013.

Eit klesplagg som på mange måtar hadde passa han betre, er cowboyhatten. Selskapet hans, Olav Thon Gruppen, har skapt dei norske «westernbyane»: tettstader sentrerte kring store parkeringsplassar og kjøpesenterkjeda Amfi. Vi skal ikkje langt ut av hovudstaden før vi støyter på «Betongvika» eller «Thonvika», som Sandvika heiter på folkemunne. Der finst eit av Noregs største kjøpesenter, Sandvika Storsenter, på om lag 60.000 kvadratmeter. Ei av dei seinaste satsingane til Olav Thon Gruppen er Sørlandssenteret ved Kristiansand, som er dobbelt så stort, 112.000 kvadratmeter. Men det kan likevel ikkje måle seg med Lagunen Storsenter utanfor Bergen, på 150.000 kvadratmeter.

Olav Thon Gruppen står for enorme maktkonsentrasjonar gjennom hotell- og kjøpesentereigedomar. Ein liknande maktkonsentrasjon ser vi inni kjøpesentera. 90 prosent av butikkane der er kjedebutikkar med hovudkontor i storbyen eller i utlandet. Omsetjinga går ut av bygdesentruma. Dei står ikkje for såkalla patriotisk kapital, som lokalbutikkane i eit bysentrum ville ha gjort.

Det har ført til «amerikanske tilstandar» også når det gjeld oppløysing av tette bykjernar. Staten har fleire gonger forsøkt seg på kjøpesenterstopp for samtidig å få ned bilbruken. Noreg er desidert størst når det gjeld kjøpesenterkvadratmeter per innbyggjar i Europa, om lag 1000 kjøpesenterkvadratmeter per 1000 innbyggjar. Dobbelt så høgt som dei fleste landa i Europa på lista.

Profitt

Vi ville dermed tru at Olav Thon hovudsakleg var ute etter eigedomsutbyte. Slik var det ikkje. «Jeg bygger ikke et hotell i Kautokeino eller et kjøpesenter på Flå for å tjene penger, men for å få i stand utvikling», sa han òg til Dagens Næringsliv i 2013. Thon såg på seg sjølv som stadutviklar. Mange kulturhus reiste i byar og bygder kan vi takke Thon for. Men her har selskapet også tenkt profitt. Utbygging av kulturhus for ein kommune har skjedd gjennom avtalar om utviding av det lokale Thon-hotellet – ved dispensasjon frå reglar for kor breitt og høgt ein kan byggje i eit bysentrum.

Men når alt kjem til alt, har Thon berre gjort det som mange investorar ville ha gjort. Mange norske kommunar har stor gjeld og skort på kompetanse innan byplanlegging. I andre land har stadutvikling skjedd i nært samarbeid mellom innbyggjarar, fagfolk i kommunen og utbyggjarar. Norske kommunepolitikarar har gjort det enkelt for seg ved å gje investorar stor makt og fritaking frå reguleringsplanar.

Dei stadene der det har vore god og open planlegging, er også stadene utan kjøpesenter på fleire titals tusen kvadratmeter og ruvande hotellbygningar. Mange av desse bygdebyane har difor kalla seg «landsbyar» og vunne prisar for god byggjeskikk og tilrettelegging for mjuke trafikantar. Døme er Røros, Ringebu og Norheimsund. Her skal du leite lenge etter Olav Thon Gruppen.

Men vent litt – det finst faktisk eit Thon-hotell i Norheimsund, og det skil seg ut frå dei sedvanlege Thon-kassene: Det tradisjonsrike Hotel Sandven frå 1857, eit elegant trehushotell som ligg ved sjøen og speglar seg i Hardangerfjorden. Ein tidlegare eigar, Tron Bach, gjorde ein iherdig innsats med restaurering, men måtte gje opp på grunn av dårleg økonomi. Så kom Thon inn og kjøpte bygningen i 2011. Olav Thon nytta mange millionar og realiserte prosjektet då han overtok. Hotellet vart opna i 2014. «Folk trur ofte at alt eg gjer, skuldast nøye planlegging. Det stemmer ikkje. Ofte lèt eg hjarta og ikkje hovudet styra», sa han den gong til lokalpressa.

Det finst fleire slike prosjekt som Olav Thon Gruppen har gjennomført, som restaurering av Svensgården på Bryggen i Bergen og Rostadbrygga i Verdal. Olav Thon er kalla ein Oskeladd i norske aviser, men han var like mykje ein Peer Gynt som såg sin sjanse der andre ikkje passa på.

Ronny Spaans er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis