Kommentar
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Teikning: May Linn Clement
I morgontimane onsdag denne veka gjekk det opp for oss: Donald Trump vann ein knusande siger i det amerikanske presidentvalet. Ikkje berre fekk han eit stort fleirtal i valmannskollegiet.
I heile USA var det fleire som røysta på han enn på Kamala Harris. Republikanarane vann fleirtalet i Senatet, og dei styrkte fleirtalet sitt i Representanthuset. USA blei denne veka til Trump-land.
Radikal maktovertaking
Det som skjedde, var det næraste ein kan koma ei radikal maktovertaking i eit demokratisk land. Mannen som er vald til ny amerikansk president, er den same personen som nekta å godta dei demokratiske spelereglane etter valet i 2020. Hadde alt vore normalt, hadde Donald Trump etter den fyrste presidentperioden vore ein ærelaus mann, forvist ut i ytterkantane av den politiske øydemarka. Men alt er ikkje normalt. I heile den vestlege verda kan ein sjå nye politiske mønster som avteiknar seg. Dei sentrumsorienterte partia og rørslene som har forma samfunna våre gjennom generasjonar, blir svekte. I deira stad kjem populistiske rørsler og karismatiske leiarar som skaper ein ny politisk røyndom.
Me såg det i delstatsvala i dei austtyske delstatane no i haust, der ekstreme parti for av stad med opp til halvparten av veljarane. I Frankrike blei ytre høgre-partiet Rassemblement National det største partiet i den fyrste valomgangen i juni. I Italia sit ein ytre høgre-koalisjon trygt ved makta, og så bortetter. Til liks med Trumps parti i USA har desse partia teke over ein stor del av arbeidarklasseveljarane. Endå viktigare er det at dei er blitt partia for unge menn, i mange høve sinte unge menn.
Woke og innvandring
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.