Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Utsett inntil vidare

Vi vil ikkje ha snakk om naturvern og miljø no. Diskusjonen er utsett inntil vidare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6085
20230317
6085
20230317

Vi blir dagleg minte om at Russland har gått til ein brutal invasjon og fører ein krig utanfor alt som heiter folkerett. Eg er vel ikkje den einaste som slår på Dagsnytt kvar morgon i ei blanding av otte og håp: Kan noko tyda på at dette endar snart? Men det er lite nytt, og svært lite godt nytt frå austfronten.

Ein strategi er å halda kvardagen i gang; insistera på kvardagens oppgåver, ikkje la krigarane vinna over tankane også. Men det er ein tvitydig måte å greia seg på. For krigen fører med seg umerkelege og farlege endringar.

Vi har sett korleis det totalitære Russland strammar grepet der dei kan. Politisk ukorrekte ordval er nok til straff, open kritikk er direkte livsfarleg. Og dei freistar å spreie tankekontrollen til naboland og allierte; og modige menneske protesterer.

Vi reagerer på dette med avsky, men kanskje også med ein slags argumentativ triumf: No kan alle sjå kva slags styre dette er, og kva slags politikar Putin er, der han reiser på eiga jernbanelinje mellom bunkeren sin og dei få romma han framleis torer å syna seg i. Den skrekken han brukar for å styra andre, har slått inn i hola hans, og snart er han like isolert som Stalin i sine siste veker.

Andre tankemønster

Men krig er etter sitt vesen totalitært, og dei vestlege samfunna kan også bli freista til å la krigens store sak leggja andre viktige saker i mørke. Det er lettast å sjå i sjølve debatten om krigen. Medan den ytringsliberale ideen er at det opne ordskiftet alltid er best, fordi også feilvurderingar på lengre sikt vil gagna sanninga, ser vi heilt andre tankemønster no.

Kaj Skagen skreiv innsiktsfullt om dette etter debatten om Rødts syn på våpenhjelp til Ukraina. I den saka vart det klart at det å formulera sjølv ein moderat skepsis til våpenhjelp – frå eit parti som ikkje har praktisk innverknad på utanrikspolitikken – vart oppfatta som støtte til Russland. Då har ei slags militærtaktisk vurdering overteke for ytringsfridommen. Det å problematisera den offisielle politikken er i seg sjølv utanfor demokratisk skikk og nærmar seg sviket. Men dette forsøket på å jaga folk ut av debatten liknar meir på russisk presseskikk enn på ytringsfridom.

Energipolitikk

Men verknadane av krigen slår inn også på andre måtar. Krigsrealitetane er grufulle bortanfor alle proporsjonar. Dei er politikkens første faktum. Men dette faktumet kan då brukast taktisk i forhold til andre saker.

Dette ser vi i energipolitikken. I heile etterkrigstida har det vore ei spenning mellom utbygging og naturvern. Fosen-saka set dette på spissen på grunn av urfolksrettane. Men forholdet mellom utbygging og vern har heile tida vore diskutert. Erkjenninga av at urørt natur både er truga på global basis og at dette trugsmålet går inn i økologisk katastrofe-scenarioa, la grunnen for ein forsiktig optimisme på miljøsida.

Vern av natur har no dekning i FN-systemet, og miljøministeren, eller kva vi skal kalle han, har meldt entusiastisk tilbake om framgang i forhandlingane. Den gode Espen Barth Eide sa til og med, då Montrealavtalen endeleg var klar, at han ynskte seg endå sterkare grenser for produksjon av fossilt brensel.

Men krigen gjer sitt stille arbeid. Den same miljøministeren har ingen innvendingar mot at vi byggjer ut nye felt og satsar storstilt på olje og gass. Dei grensene han ville setja på utvinning av fossil brensel, handla berre om måten ein vinn ut olje og gass på. Kan ein gjera det utan fossilt brensel, er det berre å kosta på. At olja og gassen faktisk skal brennast til slutt, og dermed forureina, er ikkje vårt problem, det må andre land ta ansvar for. Slik er miljøprofilen til regjeringspartia.

Og no får dei drahjelp av krigen. Den viktigaste grunnen til at vi må utvinna mest mogeleg olje og gass, og det fort, er at dette er vår innsats i krigen. Slik skal vi berga Europa og hjelpa Ukraina. Det gode med krigen, sett frå dette «miljø»-perspektivet, er at naturvern kan karakteriserast som putinisme. Dersom vi ikkje byggjer ut, og det fort, støttar vi Putin.

Nøkternt forbruk

Det same gjeld energipolitikken generelt. Dei tidlege miljøvernarane argumenterte for å avgrensa uttaket og bruken av energi. Det er ingen grenser for kor mykje energi ein kan bruka; ein kan varma opp bygater og motorvegar for å unngå is og snø, ein kan dyrka bananar på Finnmarksvidda om ein har varme nok.

Men desse gamle tullingane – Arne Næss, Sigmund Kvaløy Setreng, Erik Dammann og kva dei no heitte – meinte at vi skulle ha eit nøkternt forbruk. Det var ikkje uttaket som skulle opp, det var forbruket som skulle ned. Ikkje slik at folk frys i husa sine, men ein må sjå i augo at ein svært stor del av fritidslivet i bil og båt er heilt unødvendig forbruk. Og dei argumenterte for enkle gleder, med fotturar og overnatting på straumlause hytter.

Det er lett å fnysa av dette. Men no treng ein ikkje lenger gjera det. Ein kan visa til krigen. Krigen har vist at energiproduksjonen må aukast nærast i det uendelege. Ikkje berre skal vi erstatta russisk gass, men vi skal også produsera bitcoin i Vaksdal og TikTok på Hamar. Vi skal produsera bilbatteri og annan kraftkrevjande industri. Vi vil ikkje ha snakk om naturvern og miljø no. Diskusjonen er utsett inntil vidare.

Krigen som gjeld

Og den viktigaste av alle saker – korleis ein skal arbeida for å unngå krig – er også utsett. Trass i at vi no får demonstrert krigens demoni kvar dag, er svaret militært, og langsiktig arbeid for å byggja ned konfliktar blir sett på med overberande forakt. For no er det krigen som gjeld.

Krigen har slått inn i tankemåten. Overvaking og tryggingstenester må få frie hender, som dei hadde på femtitalet. Folk som snakkar om fred, må isolerast og uskadeleggjerast. For diskusjonen er utsett inntil vidare.

Men nettopp som frie, vestlege demokrati må vi halda oppe diskusjonen, ikkje stengja ned debatten, også i tider der handlingstvangen er sterk, og støtta til den okkuperte staten må stå fast.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis