Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Kommentar
I Syria er halve befolkninga på flukt, to tredelar er avhengige av humanitær hjelp, og sanksjonsregimet er hjarterått. Bitre fiendar skal no bli samde om ein overgang til eit fredeleg styre. Kan dette gå bra?
Frå avstand er historia om Syria slåande lik historia om Irak. Båe landa vart plasserte på den amerikanske «vondskapsaksen» i 2001. USA ville ha bort båe regima. Og slik tyrannen og Baath-partileiaren Saddam Hussein fall i Irak i 2003, etter 13 år med krig, sanksjonsregime og innblanding utanfrå, har tyrannen og Baath-partileiaren Bashar al-Assad no forlate Syria etter 13 år med krig, sanksjonsregime og innblanding utanfrå.
Samansetnaden av befolkninga og den geopolitiske plasseringa er òg slåande lik for Irak og Syria. Båe ligg i det nordre beltet av arabarverda, og utgjer saman ei bru mellom Middelhavet og Golfen. Båe landa har arabisk majoritet, men har ei kurdisk befolkning i nord som ligg som ei buffersone mot Tyrkia. I beltet mellom arabiske sunnimuslimar i sør og kurdiske sunnimuslimar i nord lever ei lang rekke etniske og religiøse minoritetar. Kurdiske og arabiske sjiamuslimske grupper av ulike slag, kristne, jesidiar, ja, nærast heile regnbogen av konfesjonsgrupper i Midtausten har halde hus her, mellom kurdiske og arabiske sunnimuslimske majoritetar i sør og nord. I Irak har åra etter Baath-regimets fall vore ein enorm tragedie for dei religiøse minoritetane. Dei religiøse minoritetane i Syria har valt å halde seg til Assad-regimet.
«Frå avstand er historia om Syria slåande lik historia om Irak.»
I begge statane var det ei minoritetsgruppe som var det viktigaste grunnlaget for Baath-regimet. I Irak var det sunnimuslimske arabarar, med nære band til andre arabiske statar, særleg Jemen og Egypt. I Syria har det vore den sjiamuslimske sekta alawittane. Etter den sjiamuslimske revolusjonen i Iran i 1979 vart banda tettare mellom Damaskus og Teheran. Syria stod blant anna på Iran si side under Iran–Irak krigen på 1980-talet. Medan Baath-regimet i Irak var alliert med republikkane i arabarverda mot vest og sør, var altså Baath-regimet i Syria alliert med sjiaislamistiske Iran i aust.
Baath-regimets fall i Irak etter den amerikanske invasjonen i 2003 førte til store politiske reformer under amerikansk leiing. Men den politiske prosessen femna ikkje heile samfunnet, og ein borgarkrig rasa frå 2005 til 2008. I Irak vart det eit sjiamuslimsk fleirtalstyranni. Frå 2003 til 2015 vart den kristne befolkninga i Irak redusert frå over ein million til under 150.000, og då IS fossa fram frå 2014, vart jesidiane i Nord-Irak offer for folkemord. I Syria er det her den store frykta ligg. Kjem det no eit sunnimuslimsk fleirtalstyranni som vil drive dei religiøse minoritetane bort på liknande vis?
I Irak førte Baath-regimets fall til at Irak hamna i det klamme famntaket til det iranske sjiastyret. Iran har nytta Irak som buffer mot den sunnimuslimske verda, og samstundes hindra at den kurdiske delen av Irak fekk sjølvstende. Ein slags fred (mellom Iran og USA) vart pressa på Irak i 2008. Då amerikanske styrkar drog frå Irak i desember 2012, vart det danna ein farleg symbiose av Saddam Husseins tidlegare militæretterretning og jihadistar. Dette vart Den islamske staten (IS), som erklærte kalifatet sitt i Vest-Irak og Aust-Syria i 2014. Mykje av verda samla seg etter kvart i kampen mot IS. Men den kampen var avhengig av Damaskus (der Iran stod sterkt) og Bagdad (der Iran stod sterkt), og pressa vestlege land inn i eit indirekte samarbeid med Assad-regimet og Iran.
Vestlege styrkar ville ikkje stå saman med desse kreftene, og opererte i staden frå kurdiske område i Nord-Irak og Nord-Syria, og frå den arabiske Golfen, særleg dei små kongedøma Qatar, Bahrain og Kuwait. Amerikanske styrkar står framleis i dei kurdiske områda i Nord-Syria og «passar på». Dei vernar den kurdiske befolkninga i Syria mot IS i sør, mot tyrkiske styrkar i nord, og mot Damaskus i vest. Der sat Assad-regimet fram til førre veke, og no er det nye makthavarar som ingen kjenner enno. USA har nyleg klargjort at amerikanske styrkar vert ståande i Syria til 2026. Just in case.
I skuggen av den syriske borgarkrigen og kampen mot IS var heile Midtausten bekymra for den veksande makta til Iran i Damaskus. Då Russland vart invitert inn for å berge Assad i 2015, var det noko mange statar i regionen eigentleg støtta. Ikkje berre fordi russarane kunne hindre radikale sunnimuslimar i å ta over makta i Damaskus, men også fordi Russland kunne redusere rolla til Iran i Damaskus.
Etter fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022 har Russland nedskalert engasjementet i Syria. Men hamnebasen Tartus og flybasen Khmeimim i Syria er sentrale for Russlands militære posisjon både i Midtausten og Afrika, og er ikkje noko russarane vil gje opp utan kamp. Det er kjent at USA har ønskt å svekke Russlands rolle i Syria. Det målet kom mykje nærare da Assad-regimet fall.
Sidan oktober 2023 har krigen mellom Israel og Hizbollah i Libanon og Irans sjiamilitsar svekt støttespelarane til Assad og Iran i Syria. Slik fekk opposisjonen mot Assad høve til å bryte ut av Idlib-enklaven og ta over landet. Men er dette den same radikale sunniopposisjonen som mange frykta i 2015, og er Iran no ute av biletet? Truleg er svaret nei på begge spørsmåla.
Den politiske prosessen mellom dei syriske partane har etter 2017 føregått i det såkalla Astana-formatet. Det er Russland, Tyrkia og Iran – dei tre eksterne hovudaktørane i den syriske borgarkrigen – som held i denne prosessen. Dei siste åra har også arabarstatar vorte inviterte inn.
Dei tre møttest i Kasakhstan til koordinering i midten av november, og på ny i Qatar under framrykkinga til opprørarane i førre veke.
Ifylgje den panarabiske avisa Al-Sharq al-Awsat visste Moskva om offensiven på førehand, og rådde Assad til å «akseptere eit politisk initiativ som opna døra til dialog med opposisjonen». Assad skal ha avslått. Russland og Iran «skal ha bede Assad om å ikkje setje inn hæren», kva no det måtte tyde. Slik gjekk det i alle fall. På møtet i Doha med utanriksministrane frå Russland, Iran og Tyrkia skal også deltakarar frå Saudi-Arabia, Egypt, Irak, Jordan og Qatar ha vore invitert. Dette var medan opprørarane var på veg til Hama. Dei som under borgarkrigen stod på ulike sider, inkludert ulike fraksjonar blant opprørarane, sit no etter alt å døme ved same bordet. Frå alle desse kjem same beskjed: No må syrarane sjølve få sitje i førarsetet.
I kjølvatnet av Assads fall pressar no særleg Israel og Tyrkia på Syria militært. I nord ser tyrkarane no sitt snitt til å sikre seg ei sone langs heile grensa til Syria. I aust har IS starta å røre på seg, og amerikanarane har hendene fulle med å halde dei i sjakk. Men også Israel har teke for seg til gagns i Syria dei siste dagane: angrep mot Hizbollah-lager, lager av kjemiske våpen og dei tyngste militære kapasitetane til den syriske hæren. Israel har òg gått inn på syrisk jord frå dei okkuperte Golanhøgdene, noko som vekkjer stor uro.
Spørsmålet er om Israel og Tyrkia no berre sikrar eigne interesser i Syria og deretter lèt syrarane styre si eiga skute. Eller om Syria går frå å vere i grepet til Russland og Iran til å hamne i skvis mellom Tyrkia og Israel, utan nokon som har evne eller vilje til å få landet på fote att. I så fall kan soga om Syria kome til å minne om den botntriste soga om Irak etter 2003.
Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.