JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

15655
20240322
15655
20240322

Kommentar

redaksjonen@dagogtid.no

USA, for mange symbolet på det liberale demokratiet, står og vippar på kanten av eit autokratisk styresett. Kva har gått gale? Nokre skuldar på Trump. Dei ser han som ei narsissistisk bølle som har kuppa Det republikanske partiet og øydelagt amerikansk politikk. Men dette er ikkje noko godt svar. Trump er ikkje årsak til krisa, men eit symptom.

Då ligg ei betre forklaring i internasjonal politikk: I at maktbalansen har endra seg, og at USA, relativt sett, er ei fallande stormakt. At det produktive kraftsentrum på kloden har drege austover, og at Asia – med Kina i spissen – har ete opp den dominansen som USA har hatt sidan den andre verdskrigen.

Men USA har mykje av skulda sjølv: Landet har avvikla industrien heime og investert ute, der råvarer har vore billige og løner låge.

Stoda er ikkje stort betre på den amerikanske landsbygda. Talet på lokale gardsbruk har falle, og småbyane som i si tid voks opp kring dei, har vorte tomme spøkelsesbyar.

Forfall og frustrasjon

Tendensen var klar alt då den kalde krigen gjekk mot slutten. Då Sovjet kollapsa, skaut forfallet fart. Dette er eit godt utgangspunkt for å skjøna hovudlinene bak amerikansk politikk dei siste tiåra. Men det må supplerast med endringar i Det republikanske partiet: I møtet med forfallet vart partiet ikkje lenger «The Grand Old Party» frå den kalde krigens dagar. Men det var heller ikkje det nykonservative partiet til Ronald Reagan. Det utvikla ei ny form for konservatisme som skilde seg frå den gamle i både form og innhald.

Innhaldet har fjerna seg frå doktrinane om å stimulera den frie marknaden og redusera statens makt. Dagens republikanarar har vorte skeptiske til den frie marknaden – særleg til den globale marknaden. Dei har vorte motstandarar av globalisering og arbeidsinnvandring. Dei vil ha ein sterkare stat som kan stø næringslivet og aktivt verna nasjonen mot gudlause aktivistar og multikulturelt mangfald. Det republikanske partiet i USA har vorte teke over av politikarar med nasjonalistiske, isolasjonistiske og autoritære trekk.

Restriktiv praksis

Desse trekka kjem frå USA sjølv. Frå ein autoritær reaksjon på progressive idear som likskap og fridom.

Dei progressive ideane var revolusjonerande då dei i 1776 fekk si klassiske formulering i USAs sjølvstendeerklæring. Her heiter det at «alle menneske er fødde like, og dei har fått visse umisselege rettar frå sin skapar».

Men ikkje alle var samde i ideen om at alle menneske er like. USAs politiske praksis viste noko anna. Ein trong ikkje sjå lenger enn til forfattarane av sjølvstendeerklæringa for å sjå paradokset: Dei som ville byggja eit nytt samfunn på likskap og retten til liv og fridom, var sjølv slaveeigarar.

USA var grunnlagt på idear om fridom og likskap, men landets politiske praksis var prega av slaveri og ulikskap. Fridom, røysterett og politisk aktivisme var lenge reservert for kvite menn med formue. Andre var stengde ute frå politikken. Demokratiske ideal og ein restriktiv praksis har tvinna seg kring kvarandre gjennom USAs politiske historie.

Når det progressive idealet til sjølvstendeerklæringa har vorte realisert, kjem det av at minoritetar har kjempa dei fram. Arbeidarar, kvinner, svarte og andre grupper har organisert seg og lagt press på staten. Ved rettsleg dom har dei fått fjerna den eine diskriminerande praksisen etter den andre.

Slik sett har den amerikanske staten vore progressiv og inkluderande, medan dei reaksjonære kreftene har vore mot ein sterk stat. Ei antistatleg motstandsbølgje skylde over USA alt på 1840-talet. Ei anna tjue år seinare. Ei tredje kom ti år etter det igjen…

«Demagogar kan vinna val på gode problem­skildringar og lovnader, ikkje på løysingar.»

America First

Ei særs kraftig bølgje skylde over USAs politiske landskap i mellomkrigstida. Den ytra seg mellom anna i slagordet «America First» og dreiv fram immigrasjonslovar som reduserte innvandring.

Då USA vart råka av økonomisk krise rundt 1930, søkte president Roosevelt å takla ho med statlege inngrep og stønadsordningar. Han erta på seg mektige kritikarar som hevda at reformene var «sosialisme» og innebar høge skattar, ein maktsjuk stat og urettvise stønader. Som ein kontrast presenterte dei ein konkurrerande plan med låge skattar, ein veik stat og ein sjølvregulerande marknadsøkonomi. Planen deira var tufta på eit liberalistisk argument, men vart kalla eit «konservativt manifest».

Det var sponsa av kvite næringslivsleiarar og evangeliske kyrkjer og knytt opp mot patriotisme, flagg, familie og fridom frå ein regulerande stat.

Den feite staten

På 1980-talet introduserte Reagan ein ny konservatisme. Dette var i røynda ein liberalistisk politikk, for han var basert på ideen om liten stat, skattelette og den frie marknadens sjølvregulerande eigenskapar.

Han førte med seg raskt aukande ulikskap: I 1990 eigde 10 prosent av USAs rikaste familiar om lag 30 prosent av rikdomane i landet; i 2020 hadde formuen til den rikaste tidelen auka til bortimot 75 prosent av rikdomane.

Republikanarane forklarte ikkje denne ulikskapen med avregulering og skattekutt. Dei nemnde ikkje at det var privatisering, rike lobbygrupper og ein friare marknad som var skuld i at dei rike vart rikare medan andre glei ut i arbeidsløyse og utrygge omstende. Nei, dei skulda på staten. Dei greip tilbake til 1930-talet og mana fram biletet av ein mektig stat som gjorde seg feit ved å skatta vanlege folk og ausa pengar ut over grupper som ikkje fortener det.

Samstundes vart partiet fylt av demagogar. Dei vann val på lovnader om å redusera skattar og gjenreisa amerikansk industri. Dei fekk røystene til vanlege folk som ville ha att trygge arbeidsplassar. Og dei vart sponsa av rikfolk som ville ha lågare skattar.

Ekspresident Donald Trump flørtar med publikum etter eit valmøte i Miami 6. november 2022.

Foto: Rebecca Blackwell / AP / NTB

akilleshælen

Her lyt ein stogga ein augneblink. For her augnar ein akilleshælen i alle liberale demokrati: Demagogar kan vinna val på gode problemskildringar og lovnader, ikkje på løysingar.

Vanlege amerikanarar fekk ikkje att tradisjonell industri. Men USAs rikaste fekk lågare skatt. Og som takk auka dei gåvene til valkampfonda til dei antistatlege demagogane.

I 2015 kom Donald Trump feiande inn på scenen. Han var alt eit kjent ansikt. I over ti år hadde han spela ein dynamisk leiar på TV – ein rådsnar forretningsmogul som kunne avsetja udugelege folk og tilsetja nye på timen.

Og sidan han alt var ein rik eigedomsspekulant i New York, presenterte han seg sjølv truverdig som ein rik, rådsnar, vellukka og viril leiar. Ein som kunne ta avgjerder og skapa seg ein formue i næringslivet, kunne vel ordna opp i politikken òg?

Med dette som springbrett utførte han eit politisk mirakel våren og sommaren 2015: Han danka ut den eine erfarne politikaren etter den andre i dei republikanske primærvala. Dette kunne ikkje dei rasjonelle åtferdsmodellane til statsvitskapen lett forklara.

Sjølv leiarane i Det republikanske partiet vart overraska over framgangen hans. Dei ville helst ikkje ha han som presidentkandidat og hjelpte fram fleire andre, meir kunnskapsrike og erfarne menn. Men utan hell. Berre då han var den einaste som stod att, slutta dei seg til Trump som partiets presidentkandidat.

Den store lygna

Korleis klarte han det? Ikkje ved å argumentera godt for seg og appellera til fornufta til veljarane, men ved å mobilisera og kanalisera kjensler av angst og sinne. Ved å kopla seg på ein autoritær understraum i amerikansk politikk der det allereie låg argument om at statleg korrupsjon skapte urett, at massiv innvandring skapte utryggleik, og at resten av verda utnytta USAs naive rausleik. Så lovde Trump å ordna opp. Bringa fridom og den amerikanske draumen tilbake. Setja USAs interesser fyrst. Gjera USA respektert i verda. Make America great again.

Og veljarane trudde på han. Kvifor dei gjorde det – kvifor dei såg Trump som stødig, sterk og rådsnar og med ein karisma som få – var noko som akademiske observatørar framleis ikkje kan skjøna godt nok. Men det hjelper å kjenna til den autoritære understraumen i USAs politiske historie.

Og det hjelper å vita at Trump lyg. At han skildrar det amerikanske samfunnet i omtrentlege, men dramatiske, ordelag. At han introduserer «alternative fakta», og at han legg nye lag med lygner på toppen av republikanarane sin fantasi om at staten var skuld i uføret i landet. I løpet av kort tid skapte Trump ei samansett førestilling som best kan kallast «den store lygna».

Då Trump i 2015 stilte som presidentkandidat, sa han at sjansane hans var små fordi det amerikanske valsystemet var rigga. Seinare antyda han at Hillary Clinton og Det demokratiske partiet manipulerte systemet, og at massemedia visste om dette. At media og USAs politiske elite var korrupte…

I åra sidan har Trump utvikla denne lygna. Han har fått hjelp av lokale kringkastingsstasjonar, av Fox News og av samansverjingsteoretikarar, som QAnon, på sosiale medium.

Grenselaus storleik?

Den store lygna dannar bakteppet på valmøta til Trump. Tilhøyrarane kjenner argumenta. Trump treng ikkje gjenta dei for at bodskapen hans skal gå heim. Han kan laga show og seia nær sagt kva som helst, for han veit at når tilhengjarane høyrer problemskildringa hans, fyller dei inn detaljane sjølv.

På møtet i Dayton i Ohio sist laurdag skrytte han som vanleg av tilhøyrarane. Dei lever i tråd med autentiske amerikanske verdiar. Dei er kvardagsheltar som forsvarer land og familie.

Han prisa dei «utrulege patriotane» som sat i fengsel – og sikta til dei som storma Kongressen 6. januar 2021. Dei er òg vanlege folk. Men no er dei statens gislar, la han til.

Bodskapen hans var tydeleg. At vanlege folk har ein fiende: «den djupe staten». At han er kontrollert av demokratane. At han skattar folk hardt og auser pengane ut over snyltarar og folk som ikkje fortener det.

Og så la han til ei ny lygn: At kriminaliteten har falle i alle land i verda, bortsett frå i USA. Det er fordi kjeltringar har kome til USA rett frå fengsel i Asia, Sør-Amerika og Afrika. At Joe Biden veit dette, men ikkje gjer noko med det, for han er ein forrædar og ein korrupt kjeltring.

Nær 70 prosent av USAs republikanarar trur på lygna om at Biden har «stole valet». Er det noka grense for kor stor denne lygna kan veksa seg?

Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim og fast skribent i Dag og Tid.

UTDRAG FRÅ TRUMP-TALEN I OHIO

– Ver venleg å ta imot den neste presidenten i USA!

(Songen «God Bless the USA» med strofene «And I’m proud to be an American/ Where at least I know I’m free» hjallar over forsamlinga medan Trump gjer entré.)

– Mine damer og herrar, ver gode og reis dykk for dei forferdeleg og urettferdig behandla gislane frå 6. januar!

(Opptak av nasjonalsongen, sungen av folk som er fengsla etter storminga av Kongressen i 2022.)

Trump: «Takk så mykje, og no ser de ånda til desse gislane. Dei har blitt handsama på verste vis og urettferdig, det er noko alle veit. Og vi skal ta tak i det, den første dagen vi har presidentembetet, skal vi berge dette landet, vi skal ta hand om desse folka som handsamar desse patriotane så utruleg. Dei var verkeleg patriotar. De ser denne ånda (this spirit), dei jublar medan dei gjer det, og dei gjorde det i fengselet, og det er ei skam, etter mi meining.

(…)

Millionar på millionar av folk strøymer inn i landet vårt, truleg 15 eller 16 millionar, det er nesten større tal enn i nokon stat vi har i unionen, og dei kjem inn frå stader du ikkje ønskjer å vite om. Vi skal fikse grensa att, men for ein skade folk har gjort på landet vårt, det er vanskeleg å tru det, for å vere ærleg. Den kjappaste måten å snu kvar Biden-katastrofe på er rett og slett å få meg attende som president.

(...)

Vi skal vinne, og vi skal sjå på skurkaktige Joe Biden, og vi skal seie: Joe, du har fått sparken! Du har fått sparken, kom deg ut herifrå! Du har gjort ein forferdeleg jobb! Du har vore ein forferdeleg president. Han er den verste presidenten vi nokon gong har hatt. Det har aldri vore ein president som har vore så ille som denne fyren, aldri vore noko liknande, han er inkompetent, han er ein skurk, han har ikkje peiling på kva han gjer, han kan ikkje gå ned frå scena, setje saman to setningar, han er ein katastrofe for landet vårt.

(…)

Blant dei første embetshandlingane mine skal vere å stanse denne invasjonen av landet vårt og sende Bidens illegale allianse heim. Dette er dei fælaste folka vi nokon gong har sett, de veit, no har vi fått ein ny type brotsverk – ein kunne kalle det Biden-migrant-brotsverk, men det er for langt. Men ok, lat oss kalle det migrant-brotsverk, og dei er fæle, dei er fæle.

(...)

– Eg trur ikkje de vil ha fleire val i dette landet om ikkje vi vinn dette valet

Donald Trump

De veit, i heile verda no er det langt, langt mindre kriminalitet... Og veit de kva: dei har sendt oss sine kriminelle! Det er sant! I Venezuela er det 66 prosent mindre kriminalitet, dei har sendt oss gjengmedlemene sine og gangsterane sine, dei har sendt oss narkohandlarane sine, og mordarane sine, og dei kjem alle inn i landet vårt, og i Venezuela har kriminaliteten no gått ned med 66 prosent, og over heile verda går kriminaliteten ned fordi dei har sendt dei til USA, og vi har ein stupdum president som lèt dette skje. Stupdum!

(...)

For meg er kriminaliteten det verste. Dei sender dei frå heile verda, ikkje berre frå Sør-Amerika, dei sender dei frå Asia, sender dei frå Afrika, frå Kongo! Førre natta kom 22 frå Kongo, og eg trur gjerne at Kongo er ein fin stad, og dei kom frå fengsel. Kva er adressa di? Fengsel. Dette er råskinn. Dei kjem frå Asia, dei kjem frå Midtausten, kjem frå Jemen! Eg trudde vi bomba Jemen.

(...)

Unge menneske som sit i fengsel i mange år – eg veit ikkje om de kallar dei folk, av og til er dei ikkje folk i mine auge, men eg får ikkje lov til å seie det, for det radikale venstre seier det er ein forferdeleg ting å seie, dei seier: Du må røyste imot dette, for det er ein forferdeleg ting å seie, og dei snakkar om menneska... Eg har sett menneska, og desse er dyr, og vi må få slutt på dette.

(...)

Mexico har over ein periode på 30 år teke over 34 prosent av bilindustrien i landet vårt. Tenk på det, gått til Mexico. Kina byggjer no svære fabrikkar i Mexico, og så trur dei at dei får selje desse bilane i USA utan toll på grensa. Lat meg seie til Kina, om du høyrer etter, president Xi, og du og eg er vener, men han forstår den måten eg forhandlar på: Desse store monsterfabrikkane de byggjer i Mexico nett no, og de trur at det skal gå, at de ikkje skal tilsetje amerikanarar, at de skal få selje desse bilane til oss – vi skal ta 100 prosent toll på kvar bil som kjem over grensa, og de skal ikkje få til å selje dei her. Dersom eg blir vald. Dersom eg ikkje blir vald, vil det bli eit blodbad for landet, det er det minste som vil skje, men dei vil ikkje få selt desse bilane.

(...)

Det er ikkje rart at Joe Biden og staben hans er så desperate etter å stanse oss, og vi veit og dei veit at vi er dei einaste som kan stogge dei, det finst ingen andre. Dersom dette valet, dersom dette valet ikkje blir vunne av oss, er eg ikkje viss på at det vil bli fleire val i dette landet. Ikkje sant? Eg trur ikkje de vil ha fleire val i dette landet om ikkje vi vinn dette valet. Eg trur ikkje det vil bli fleire val, og slett ikkje eit val som er meiningsfullt. Det eg seier, er at datoen, hugs dette, 5. november, eg trur dette vil bli den viktigaste dagen i historia til landet vårt. Det trur eg.»

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis