JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Vår skuld til Libya

Når rekneskapen av skuld og ansvar skal gjerast opp, kan også norske politikarar koma på tiltalebenken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hjelpemannskap nærmar seg ein skadd bygning etter kraftige regnbyger og storm i byen Derna i Libya.

Foto: Ali M. Bomhadi / Reuters / NTB

5614
20230922
5614
20230922

Flaumkatastrofen i Libya slår mot oss frå media, i den grad katastrofen får plass mellom dei norske habilitetsskandalane. Ekstrem nedbør skapte for stort press på demningar, og då dei brast, utsletta vatnet fleire bydelar på nokre minutt.

I skrivande stund er meir enn 20.000 døde, og tala er både usikre og aukande. Det er stor fare for utbrot av sjukdom. Diskusjonen om årsakene er i gang. Ein talsmann for det hardt prøvde rettsvesenet i Libya uttaler at dei som er skuldige i dette, skal finnast og straffast.

Skamfór infrastruktur

Det var norske kampfly som bomba Libya i 2011, og som skamfór infrastrukturen der, på oppdrag av Nato. Dei hadde skaffa seg eit FN-mandat, men kritikarane seier at dei gjekk langt utover dette. Dei skulle verna sivilbefolkninga, etter at det kom påstandar om massakrar, som seinare er dregne i tvil.

FN-mandatet omfatta ikkje å fremja systemskifte. Men det blei systemskifte; Muammar al-Gaddafi var fanga og drepen, og det harde regimet hans vart erstatta av ein borgarkrigsaktig tilstand, med to regjeringar i to ulike byar. Ulike væpna grupper står mot kvarandre, og den øydelagde infrastrukturen er på ingen måte ført tilbake til nivået før bombinga.

«Human intervensjon»

I det første tiåret på 2000-talet nydefinerte Nato si rolle. Dei to første bokstavane i namnet, som viser til nordatlantisk, gjaldt ikkje lenger. Nato vart no USAs globale reiskap og kunne i staden kalla seg USAs globale allianse. Men i staden for å justera namnet fann dei opp omgrepet «human intervensjon» som skulle erstatta det gamle krigsomgrepet. Det var store demonstrasjonar i Europa mot det såkalla nye Nato, og alliansen mot det var brei. Mellom andre uttrykte Kåre Willoch ein varsam kritikk, han var avgjort tilhengar av det tradisjonelle Nato, men stilte seg spørjande til den nye rolla.

Dette var i den arabiske vårens tid. Optimismen rådde: No skulle dei arabiske statane blir moderne demokrati, og dei gamle diktatura fall eitt etter eitt. Men demokratiaspektet i våren varte ikkje lenge. Dei islamistiske gruppene kom fort på banen, og særleg i statar der USA og Nato var aktive, vart den islamistiske motstanden sterk. IS etablerte seg i Irak og Syria og fekk ei kortvarig rolle også i Libya. Seinare kasta Taliban ut dei vestlege frigjerarane og innførte eit av verdas verste diktatur, som i realiteten held halve befolkninga i husarrest.

«Fylgde mandatet»

Når ein ser konsekvensane av desse humane intervensjonane, skulle ein tru at det var mogeleg å formulera ein sjølvkritikk hos dei som var med på dette. I tilfellet Libya gjaldt det statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Jonas Gahr Støre. Det vart også sett ned eit utval, leia av tidlegare høgreleiar og utanriksminister Jan Petersen, som skulle vurdera den norske innsatsen i Libya.

Utvalet leverte rapporten sin i 2018, og dei godkjende det norske bidraget på alle punkt. Noreg hadde fylgt mandatet til Nato og FN, det var ingenting å utsetja på dei. På spørsmål om ikkje dei faktiske konsekvensane var dårlege, svara Petersen at mandatet for vurderinga ikkje var å sjå på konsekvensane, men å sjå etter at dei hadde fylgt mandatet.

Etter lanseringa av evalueringa sa Jens Stoltenberg til NRK at avgjerda om å intervenera var rett, og at han ville gjort det same igjen (14. september 2018). Då var han på plass i Nato. Om han hadde vonde draumar om kva folk i Libya faktisk har gått gjennom, både under dei 600 bombetokta og i tida etter at landet vart ein oppløyst stat, så spela det inga rolle for hans offentlege standpunkt.

Ufattelege tapstal

Men no melder Libya seg på ny. Demningane som brast etter ekstremnedbøren, har ikkje vore skikkeleg vedlikehaldne sidan årevis før Gaddafis fall, og slikt vedlikehald vart uråd etter den «humane intervensjonen». (Stoltenberg la i 2018 særleg vekt på at det aldri var tale om ein krig – det var så å seia berre ein militær spesialaksjon.)

Øydeleggingane er massive, tapstala ufattelege. Årsakene er nok samansette, i den forstand at katastrofen var utløyst av ekstrem nedbør, som er heilt uvanleg i denne delen av verda. Men det var ikkje ein rein naturkatastrofe i noko tilfelle. Krig er ikkje natur, det er valde menneskelege handlingar, enten ein no kallar det humane intervensjonar eller spesialoperasjonar.

Og det ekstreme vêret, som har synt seg i så å seia alle delar av verda denne sommaren, er heller ikkje uavhengig av menneskelege handlingar. Klimaendringane er menneskeskapte, og Libya har utmerkt seg med særleg skiten oljeproduksjon. Men også her har oljenasjonen Noreg eit ansvar – ved å insistera på å halda fram produksjonen av fossilt brensel. Vi kamuflerer problema med dette ved å bokføra utsleppa hos kjøparane og ikkje hos seljarane.

Den aktuelle situasjonen, med Russlands åtak på Ukraina, har gjort det vanskeleg å formulera nokon slags kritikk av våre eigne og våre allierte sine handlingar. Men det er ikkje formuleringa av slik kritikk som trugar Nato og dei demokratiske ideala. Det er forteiinga av våre eigne misgjerningar og feilvurderingar. Når ein held store brotsverk unna gransking og juridisk vurdering på vestleg side, svekkjer ein den moralske posisjonen sin, og ein blir meir og meir lik den motparten ein tek avstand frå.

Den norske regjeringa har løyvd 25 millionar til hjelpearbeid i Libya. Det er godt. Men det betaler på ingen måte den moralske gjelda vi står i, til det landet vi var med på å øydeleggja.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis