Venstrepopulisme på norsk
Ap bør skale av nokre marknadsteknokratar for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre.
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet.
Foto: Dag og Tid
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum inviterte denne veka Rune Slagstad til å førelese for den politiske leiinga i Finansdepartementet.
Til stades var òg kunnskapsminister Oddmund Hoel og parlamentarisk leiar i Sp Marit Arnstad. Utgangspunktet var nyutgjevinga av De nasjonale strateger. Oppgjeve tema: Ein politisk samtidsdiagnose.
Dag og Tid trykkjer førelesinga.
Tese 1
Avviklinga av den sosialdemokratiske ordenen vart innleidd av Høgres Kåre Willoch og vidareført av Arbeidarpartiet under Gro Harlem Brundtland.
Under Einar Gerhardsens leiarskap vart det etter 1945 skapt ein eigenarta, sosialdemokratisk samfunnsformasjon: velferdskapitalismen, eit kompromiss mellom sosialisme og kapitalisme.
Den ganske motstandslause overgangen til new public management i Noreg på 1990-talet ville knapt vore mogleg utan ved sosialdemokratisk mellomkomst – utan eit Ap som var ideologisk fristilt frå sitt eige prosjekt.
Med ei administrativ tilnærming til politikk regisserte Brundtland Arbeidarpartiets hamskifte. Ho vart ein administrerande direktør for det nyliberalt sosialdemokratiserte Noreg AS.
Tese 2
Arbeidarpartistaten (1945–1981) vart avløyst av konkurransestaten (1981–).
Eg kalla ved eit høve det nye regimet for ein høgrestat; då ville ringen vore slutta: frå embetsmannsstaten (ein høgrestat før Høgre), via venstrestaten og arbeidarpartistaten til høgrestaten.
Det var i og for seg vakkert sagt, men gale tenkt. For det karakteristiske ved konkurransestaten er dobbeltekspansjonen av marknad og stat på ei og same tid.
Ein sentral premissleverandør for Aps ideologiske transformasjon var sosialdemokraten Tormod Hermansen, som Kåre Willoch i 1986 hadde utnemnt til departementsråd i Finansdepartementet.
Hermansen var ein politiserande embetsmann som handla som ein moderniseringsagent med eit program om å omforme dei offentlege styringsinstitusjonane med marknaden som modell. Det sentrale reformdokumentet for dette marknadsteknokratiet var Hermansen-utvalets utgreiing En bedre organisert stat (NOU 1989: 5).
Hermansen-utvalet var tungt lasta med sosialdemokratar, som Christian Hambro, direktør i Statskonsult, sjølve transformatorsentralen for å tilpasse den nye styringsideologien til norske forhold, og Anne Kari Lande Hasle, som frå 1999 var departementsråd i Helse- og omsorgsdepartementet.
Som departementsråd kom ho til å spele ei nøkkelrolle ved helseføretaksreforma. «Selv om det går fort i svingene, er det nødvendig med høy styringsfart dersom vi skal gjennomføre så store omveltninger», sa Hasle i samband med reforma. «Reformarbeid er en tung byråkratisk prosess, derfor er det viktig å ha den politiske ledelsen i ryggen», som ho så fyndig formulerte det.
Tese 3
Brundtland var òg ein fornyande avviklar med statsfeminisme og global miljøpolitikk.
Med Brundtland fekk kvinnekampen eit gjennombrot på høgt politisk nivå. Kombinasjonen av aktivistisk feminisering nedanfrå og reguleringsfeminisme ovanfrå gav det Helga Hernes har kalla «statsfeminismen»: vekst i kvinnemakt via auka statsmakt.
Kvinneintegrasjonen har vore ei suksesshistorie som føyer seg inn i historia om dei norske regimeskifta. Embetsmannsstaten (1814–1884) vart erobra av ein venstrekoalisjon med basis i bonderørsla, venstrestaten (1884–1940) av ei framrykkjande arbeidarrørsle og til sist arbeidarpartistaten av kvinnerørsla.
Den staten som voks seg stor i arbeidarpartistatens fase, og som den nye kvinnerørsla gjerne såg på som ein patriarkalsk formyndarstat, vart det fremste reforminstrumentet for kvinnekampen.
Opprettinga av landets største nasjonalpark på Hardangervidda vart Brundtlands største triumf som miljøvernminister. Men Noreg vart ikkje den miljøpolitiske avantgardenasjonen som oppbrotet omkring 1970 hadde bore bod om.
Éi årsak var at det grøne oppbrotet i tid fall saman med overgangen til oljealderen. Oljen gjorde at vi slutta å tenkje.
På det globale planet oppstod ei miljøpolitisk reorientering knytt til namnet hennar. Som leiar for FNs spesialkommisjon for miljø- og utviklingsspørsmål, Brundtland-kommisjonen, medverka ho med rapporten Our Common Future (1987) til eit gjennombrot for ein global miljøpolitikk under parolen berekraftig utvikling.
FNs vitskaplege klimapanel har med rapportane sine vorte ein stadig viktigare (og stadig mindre vitskapleg omtvista) klimapolitisk premissleverandør, blant anna for klimatoppmøtet i Paris i 2015.
Klimapanelet har sidan den gongen lagt fram ei rekkje rapportar – den sjette i 2021–2023 – om uunngåelege og irreversible klimatiske endringar som følgje av global oppvarming.
Sjølv om ein ikkje treng dele dei mest alarmistiske, apokalyptiske dystopiane, er det openbert for dei fleste at kloden ikkje utgjer eit utømmeleg reservoar av ressursar.
Men eit rimeleg spørsmål å stille – også for oss som reiser på første klasse i det nordvestlege hjørnet av verda, skjerma for det meste – er dette: Kvifor er det fare for at kampen mot klimaendringar vil strande?
Kanskje er det Noreg tyskarane har i tankane når dei snakkar om Grand Hotel Abgrund?
Jonas Gahr Støre på landsmøtet til Arbeidarpartiet i Folkets Hus i Oslo i 2019. På lysbildet bak ser vi mellom andre Jens Stoltenberg og Gro Harlem Brundtland.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tese 4
Politikken har trekt seg tilbake og opna for dei politikkutformande doldisbyråkratane.
I tiåra kring tusenårsskiftet mista politikken – anten statsministeren heitte Willoch, Brundtland, Jagland, Bondevik eller Stoltenberg – posisjonen som samfunnets identitetsdannande sentrum. Politikarane abdiserte til fordel for doldisbyråkratane.
Doldis er avleidd av det svenske ordet dölja: «skjule». Ein doldis er ifølgje Det Norske Akademis ordbok ein «innflytelsesrik, men tilbaketrukket person (som har viktig stilling)». Doldisbyråkratane handlar ikkje mot politikarane sin vilje, for politikarane har ofte ikkje hatt nokon avgjerande eigenvilje. Dei har snarare vorte ei form for saksbehandlarar for politikkutformande byråkratar.
Men alt i Gerhardsens velmaktsdagar ropte den frittalande, sosialdemokratiske lektorpolitikaren Trygve Bull eit varsku om dei sjølvmedvitne, pågåande direktørbyråkratane som «full av indre sikkerhet både når det gjelder å erkjenne målene og å forstå midlene», ville reformere uforstyrra av Stortingets kontroll og den politiske ålmenta.
Bull viste til dei paternalistiske byråkratane på utdanningsfeltet, men kunne òg ha vist til det helsepolitiske og økonomiske feltet. Men den byråkratiske paternalismen har først i konkurransestaten vorte eit meir systematisk trekk ved regimet.
Tese 5
Det kraftsosialistiske Noreg vart med eitt, i 1990, eit kraftliberalistisk føregangsland.
«Vi pløyer ny mark i Norge nå, og går langt foran ethvert annet land i vår tillempning av markedskonkurransen som bærende element for omsetningen av kraft», kunne Erling Diesen, generaldirektør i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), fortelje i 1992 i samband med den nye energilova (1990).
Avviklinga av det gamle reguleringsregimet, etablert i venstrestaten omkring første verdskrigen, kom brått på for dei fleste, også for NVE-direktøren sjølv. Gjennomføringa skjedde så raskt at dei færraste var klare over kva som gjekk føre seg. Kommunenes sentralforbund, som representerte den klart største delen av landets kraftsystem, rakk ikkje eingong å uttale seg om lovforslaget før høyringsfristen hadde gått ut.
Arkitekten bak den kraftliberale strukturreforma var Tormod Hermansen frå posisjonen som finansråd. Den ideologiske nøkkelrolla spelte NHH-økonomane som Hermansen hadde henta inn. Dei hadde gjeve «et helt uvurderlig bidrag», vedgjekk Hermansen i tilbakeblikk: «Takket være dem har Norge nå verdens mest avanserte energimarked.»
Blant dei Hermansen kunne takke, var Eivind Reiten, energidirektør i Hydro. Reitens rolle i hans eige senterpartimiljø var ein parallell til Hermansens rolle i arbeidarpartimiljøet. Det var statsråd Reiten som la fram forslaget til energilov basert på NHH-utgreiingane: «At det nettopp var senterpartimannen, økonomen og Hydro-direktøren Eivind Reiten som var olje- og energiminister i Syse-regjeringen, var antakelig i seg selv en nødvendig forutsetning for at loven gikk gjennom», påpeika Lars Thue, energifeltets fremste historikar, men la til: «Fraværet av en bred offentlig debatt på begynnelsen av 1990-tallet var slående. Det var nesten provoserende å se hvordan et regime som var utviklet gjennom endeløse stortingsdebatter, utredninger og lokalt engasjement gjennom flere tiår, raskt ble skjøvet til side.»
Tese 6
Gro-disippelen Stoltenberg vart ein nasjonal strateg for den endelege avviklinga av arbeidarpartistaten.
Jens Stoltenberg tiltredde som statsminister i 2000 på eit moderniseringspolitisk program med tre hovudpunkt: EU-tilpassing, delprivatisering av Statoil og helseføretaksreform.
Acer, EUs byrå for samarbeid mellom energireguleringsstyresmaktene, vart oppretta i 2009 for å realisere ein felles energimarknad. Stortinget gav si tilslutning til EUs energimarknad i 2018, og Noreg fekk dermed observatørstatus i Acers styrande organ utan røysterett.
Reguleringsstyresmakta for energi (RME), som er det nasjonale styringsorganet for regulering av kraftmarknaden og nettsystemet i Noreg, og som skal sjå til at norsk energipolitikk er i samsvar med forordningane til EU, er eit uavhengig forvaltningsorgan. Det er formelt sett ein del av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), men kan ikkje instruerast av NVE (eller regjeringa). Det er eit arrangement i tråd med Stoltenbergs regjeringsprogram frå 2000, vidareført av Solberg og deretter Støre. Dette illustrerer at EU er eit konstitusjonelt system for å avgrense det representative demokratiet.
Statoil var som selskap ein innovasjon, ein eigenarta konstruksjon i sosialdemokratisk samfunnsånd – ein ny type samfunnsaktør, ein mellomting mellom eit operativt oljeselskap og eit politisk instrument for fornorsking, iverksett av arbeidarpartistatens siste nasjonale strategar: Finn Lied, industriminister i Bratteli-regjeringa i 1971–72, og statssekretæren hans, Arve Johnsen, og bak desse igjen – sjølvsagt – Jens Chr. Hauge, den første styreformannen i Statoil.
«Søk stillinga som administrerande direktør i Statoil», sa Finn Lied til Arve Johnsen. EF-striden var avgjord, regjeringa Bratteli var avgått, og søknadsfristen hadde gått ut.
Nokre veker seinare var Arve Johnsen tilsett – av Jens Chr. Hauge.
Statoils forretningsmessige målsetjing var innfelt i eit nett av politiske plikter: nasjonal industriutvikling, sysselsetjing, regionale omsyn og så vidare. Det strategiske motivet bak Statoil var å skape ein nasjonsbyggjande aktør som kompenserte for den tradisjonelt ganske svake industri- og finansborgarskapen i landet.
Dette perspektivet passa ikkje Willoch, som assistert av den høgre handa si, Terje Osmundsen, innleidde «vengjeklippinga» av Statoil i tråd med den nyliberale ideologien.
Stoltenberg følgde opp i Willochs spor med å få selskapet på børs. Med delprivatiseringa vart Statoil gradvis avvikla som eigenarta samfunnsaktør.
Helseføretaksreforma var eit direkte resultat av Hermansen-utvalet, med den føreslåtte selskapsforma statsføretak. Omforminga av sjukehusa til helseføretak, styrte med grunnlag i rekneskapslova, var Arbeidarpartiets verk: først køyrd gjennom i ekspressfart i Aps organ (2000), deretter på regjeringsnivå og effektuert av Stoltenberg I med støtte frå Høgre og Frp (2001).
«Dette er den største endringen mellom forvaltningsnivåer som er gjennomført i Norge», hevda Jens Stoltenberg i Min historie (2016): «Så store reformer blir vanligvis utredet i mange år i mange runder av offentlige utvalg. Alle grupper av ansatte, pasienter og lokalpolitikere tas med på råd. Det tar mange år.»
Stoltenberg gav Tore Tønne frie taumar i utforminga av den nye sjukehuspolitikken – i stort tempo. Tønne, som òg var «gammel byråkrat», «visste at om vi gjorde det på den vanlige måten, ville det sannsynligvis aldri bli gjennomført». Stoltenberg la til: «Motkreftene ville organisere seg og bli for sterke. I stedet fikk han dette gjennom på noen måneder.»
Den tilbakevendande kritikken av helseføretaksreforma, ikkje minst frå legehald, vart av Stoltenberg i 2016 avfeia med éi setning: «I dag er det knapt noen som mener at vi skal gå tilbake.»
Også her tok Stoltenberg feil. Med helseføretaksreforma har det offentlege helsevesenet vorte underminert frå innsida, og det tidlegare sosialdemokratiske Noreg er på veg mot eit todelt helsevesen, styrt av eit ekspanderande sjikt doldisbyråkratar.
Patologiprofessor Olav Hilmar Iversen hadde alt på 1970-talet diagnostisert eit «slow-virus» som han kalla byråkratitis. Byråkratitis arta seg ifølgje professor Iversen slik: «Når en byråkrat gjør en feil og fortsetter å gjøre den, blir feilen regjeringens nye politikk.»
Tese 7
Adelen som vart formelt avskaffa i Noreg i 1821, har gjenoppstått som ein «føretaksadel» og trivst godt under Støre.
Riksrevisjonen kom nyleg med svært skarp kritikk av den politisk ustyrte innføringa av Helseplattforma i Helse Midt-Noreg, driven gjennom av føretaksdirektørane trass i massiv medisinfagleg motstand. Vi skal lære av Riksrevisjonens kritikk, kunne den vennleg smilande Jan Chr. Vestre forsikre.
Vestre verka uforstyrra av – kanskje òg ukjend med – at megaprosjektet vart starta opp den gongen sjefen hans, Jonas Gahr Støre, var helseminister, elles i tråd med Støres ganske kritikklause beundring for stordrift på helsefeltet.
Helse-Noregs ekspanderande sjikt av doldisbyråkratar kviler på eit system av bruk og gjenbruk. Doldisbyråkratane eller «de ansiktsløse byråkrater», som Høyres Bent Høie kalla dei då han var opposisjonspolitikar, viser seg òg å ha andlet og namn.
Gunnar Bovim, tidlegare direktør for St. Olavs hospital og for Helse Midt-Noreg og leiar for Helsepersonellkommisjonen (2023), har vore styreleiar for Oslo universitetssjukehus (OUS) sidan 2016. Cathrine Lofthus, lenge høgrehanda til OUS-direktør Bjørn Erikstein, vart – via direktørposisjonen i Helse Sør-Aust – i 2021 forfremja til departementsråd i Helse- og omsorgsdepartementet.
Terje Rootwelt etterfølgde Lofthus først som Eriksteins høgre hand, deretter som direktør for Helse Sør-Aust, er no leiar for styringsgruppa for «Nye OUS».
Just Ebbesen, som i 2018 måtte gå av som direktør for Sjukehuset Østfold, vart av Erikstein henta inn som prosjektansvarleg for bygginga av «Nye OUS» i 2019, kort tid før Erikstein sjølv måtte forlate direktørstolen. Det er til å verte svimmel av.
Og no til slutt: Stig Slørdahl var som direktør for Helse Midt-Noreg drivkrafta bak Helseplattforma. Han valde å gå av i forkant av Riksrevisjonens heftige kritikk, men heldt fram som spesialrådgjevar med 1,8 millionar kroner i lønn.
Det var Framstegspartiets Bård Hoksrud som fekk den politiske gleda av å peike på «det umusikalske» i denne nepotismen, som vart analysert alt i 1911 i Robert Michels’ klassiske studie om den «oligarkiske» korrumperinga av makteliten.
Gjennom dei seinare åra fekk Sp med legepolitikaren Kjersti Toppe i spissen ein slags eigarskap til den folkeleg-demokratiske opposisjonen mot den marknadsteknokratiske helsepolitikken. Norsk reformisme har sidan 1800-talet vore sterkt forankra i det vitskaplege. Den populistiske opposisjonen opptrer ikkje berre på helsefeltet gjerne i tandem med ein vitskapleg fagkunnskap.
Koalisjonen populisme og vitskap illustrerer ein norsk utakt i europeisk samanheng. Den helsepolitiske striden illustrerer eit karakteristisk trekk ved norsk venstrepopulisme: alliansen mellom ein populistisk opposisjon og den medisinske fagkunnskapen.
I Hurdal såg duoen Støre og Kjerkol til at denne alliansen ikkje vart regjeringspolitikk.
Leder i Ap Jonas Gahr Støre t.v. og leder i Sp Trygve Slagsvold Vedum legger fram regjeringsplattformen ved Hurdalsjøen hotell.
Foto: Torstein Bøe / NTB
Tese 8
På utdanningsfeltet vart det ein meir gradvis overgang til konkurransestaten.
Då den utdanningspolitiske debatten endra karakter på 1990-talet, kom det framfor alt av éin person: Gudmund Hernes. Med Hernes-utvalets innstilling, Med viten og vilje (1988), vart plattforma lagd for eit ambisiøst reformprogram for heile utdanningssystemet, frå vogge til disputas.
Utdanning var lenge – også under Hernes – ei overvegande nasjonalpolitisk affære; utdanning var nasjonsbygging. Omkring 2000 tok utdanningspolitikken ei ny vending, då nasjonane vart konkurransestatar, anslått av Bill Clinton i 1993: «Vi må konkurrere med nasjonar jorda rundt.»
Tilpassinga til den nye globaløkonomien gav òg den sosialdemokratiske velferdsstaten ei endra rolle: ikkje berre den kompenserande, omfordelande og beskyttande velferdsstaten, men meir og meir ei konkurransestatleg mobilisering av nasjonens ressursar. Borgarane i nasjonen skulle verte aktiverte, ikkje minst via utdanning, til å verte produktive, konkurransedyktige prosjektleiarar i sitt eige liv.
Overnasjonale organisasjonar som Verdshandelsorganisasjonen (WTO), Unesco, Det internasjonale pengefondet (IMF), EU og ikkje minst OECD med sine økonomar og statistikarar vart utdanningspolitiske premissleverandørar.
OECD er ein organisasjon utan legal eller finansiell styrings- eller avgjerdsmakt, med ein autoritet som kviler på kunnskapsproduksjon og politisk-økonomiske konsulenttenester. OECD er ei internasjonal tankesmie som styrer via politisk-økonomiske analysar og statistiske indikatorar.
Det har vorte sagt om OECD at organisasjonen var tenkt som ein «idéutviklar» som gjorde «det utenkjelege tenkjeleg», og som frå posisjonen sin skulle kunne seie ting nasjonale politikarar føretrekte å delegere til eksterne aktørar som gjerne ville sjåast på som objektive, uavhengige og nøytrale.
I løpet av dei siste tiåra har OECD vorte ein dominerande utdanningspolitisk aktør som ser på det å utvikle program for måling og testing av dugleikar og kompetansar som si primære utdanningspolitiske oppgåve. Det kom òg eit program for styring av norsk utdanningspolitikk med Utdanningsdirektoratet som lokal agent.
Med marknadsøkonomi, statistikk og leiing som premissleverande fag oppstår det ei pedagogisk forskyving frå «kunnskap» til «kompetanse».
Tradisjonelle pedagogiske omgrep som oppseding, undervisning og danning har gradvis vorte førtidspensjonerte. Noreg deltek i meir enn 40 ulike testar, i tillegg til rekkja av nasjonale prøver, evalueringar og rapportar i regi av Utdanningsdirektoratet.
I det sentrale Pisa-prosjektet har ein valt bort fag som historie, samfunnsfag og etikk – tradisjonelt sentrale i den norske skulen. Den norske samfunnsmodellen, med nasjonale særtrekk, vert sakte høvla ned.
Nyleg fekk vi ei aktuell påminning om doldisbyråkratane med skulenedleggingane i Innlandet, der den store koalisjonen av Ap og Høgre (med MDG på slep) sette i verk politikken fylkesbyråkratane hadde utforma, i Aps tilfelle til og med stikk i strid med det partiet lova veljarane før valet.
Vil du lese fleire artiklar i Dag og Tid? Prøv avisa gratis i tre veker her.
Tese 9
I Noreg vil vi ikkje ha noko som kan likne på kunnskapselitar. Vi føretrekkjer sportselitar.
I arbeidarpartistatens sluttfase, i 1974, avskaffa Stortinget – med breiast mogleg konsensus frå SV til Høgre – gymnaset (og yrkesskulen). «Den einaste faren» SVs Arne Kielland såg ved det nye namnet «vidaregåande skule», var at det forkorta skulle kome til å heite «VG-skular».
Men berre få år etter at gymnaset vart avskaffa, var det tilbake i form av Norsk Alpingymnas, oppretta som eit privat gymnas i Bærum. Hausten 1993 vart skulen opna for «alle» idrettsgreiner og endra namn til Noregs Toppidrettsgymnas.
Fenomenet toppidrettsgymnas illustrerer ein interessant historisk dialektikk: Ikkje før var gymnastittelen avskaffa av antielitistiske grunnar, før han dukka opp igjen som idrettsgymnas.
Det var på idrettsfeltet ein braut med den sosialdemokratiske konsensusen om vidareføring av einskapsskulen på vidaregåande nivå. Det skjedde altså via alpinsporten, som tradisjonelt sett – saman med tennis, segling og golf – hadde vore ein sportsleg distinksjonsmarkør for overklassa i det norske samfunnslandskapet.
Sportselitar, etter kvart supplerte med underhaldningselitar og næringslivselitar, vart sette på som tipp topp.
Tese 10
Universitetet er ein samfunnsinstitusjon med krympande omdømme som stadig fleire ønskjer å ta del i.
Eit hovudpunkt i Hernes-utvalets innstilling (1988) var tanken om institusjonell funksjonsdeling mellom universitet/ vitskaplege høgskular og statlege høgskular: «Det er ikke ressursgrunnlag for etablering av flere universiteter i Norge.»
Men med teoritunge reformer (R94 og L97) vart den praktiske, yrkesretta utdanninga forsømd. Hernes var dessutan ein fusjonist av velkjent sosialdemokratisk merke: «Stort er godt.» I 1994 vart 98 høgskular fusjonerte til 26, men med særs mangelfull refleksjon rundt konsekvensane for eigenarten til dei ulike profesjonsutdanningane.
I tillegg medverka fusjonen mellom profesjonsbaserte høgskular og distriktshøgskulane til ytterlegare å viske ut dei opphavlege særtrekka ved distriktshøgskuleprosjektet og til å forsterke den teoretisk-akademiske drifta i heile høgskulesystemet.
I staden for ein smule refleksjon over profesjonskunnskapens institusjonelle tilstand vart det ei feiring av fusjonismen med reduksjonen i talet som det vesentlege.
Mjøs-utvalet (2000) vende ryggen til norsk utdanningshistorie, medrekna det sentrale spørsmålet om institusjonell arbeidsdeling.
Mjøs-utvalet vart heilt avgjerande for sementeringa av ein utdanningsreformisme med administrativ-teknokratisk dominans kombinert med blindskap for den historiske eigenarten og den aktuelle relevansen til dei ulike profesjonsutdanningane.
Stjernø-utvalet (2008), som heldt fram i Mjøs-sporet, illustrerte ein tankevekkjande politisk dynamikk – for ikkje å seie dialektikk: Stjernø hadde som rektor ved Høgskolen i Oslo vore ein av dei skarpaste kritikarane av Mjøs-utvalets underminering av den institusjonelle funksjonsdelinga mellom universitet og høgskular.
I 2006 vart Stjernø av partifelle og kunnskapsminister Øystein Djupedal oppnemnd til leiar av restruktureringsutvalet (2008). Stjernøs forslag om regionalisering av universitetssystemet (landsdelsuniversitet) tilsvarte regionaliseringa av helsefeltet ved helseføretaksreforma.
«Vi må satse på kortere kurs og seminarer og sørge for at vi er relevante for samfunnet og arbeidslivet», sa Erna Solberg i 2021. Kunnskapsministeren hennar la til at universiteta «må satse på kortere kurs og seminarer», i det heile teke «mer skreddersydde utdanningstilbud». Statsministeren og kunnskapsministeren vart sekunderte av ein OECD-direktør: «universitetene må endre sin businessmodell.»
Funksjonsdelinga mellom profesjonsretta høgskular og universitet er gradvis eliminert. Med regjeringsskiftet i 2021 hadde nokre av oss håpa at vi ville få ein mindre OECD-styrt kurs med ein renessanse for den praksisretta høgskuleutdanninga, og at den raudgrøne regjeringa skulle gje ein ny kurs.
Men Ola Borten Moe og Oddmund Hoel heldt fram i dei nedslitne spora under parolen «politisk elitisme»: universitet overalt – sikkert med kortsiktig distriktspolitisk gevinst i kikkerten, men utan innovative, institusjonelle ambisjonar.
I 2000 hadde vi fire universitet, i dag er det elleve, i morgon tolv. «Den viktigaste oppgåva dei gamle høgskulane er sette til å gjera, er å syta for god og kveikjande praktisk orientert undervisning for studentane på profesjonsutdanningane våre. Til det treng ein ikkje vera eit universitet. Heller tvert imot», poengterte Dag og Tid på leiarplass.
Tese 11
Det Norske Kongehuset, Det Norske Arbeidarpartiet og Den Norske Kyrkja er tre tillitsskapande, nasjonsberande institusjonar som no er i openberr forvitring.
«Tillit er Skandinavias gull», ifølgje den danske statsvitaren Gert Tinggaard Svendsen. På spørsmål om vi har tillit til dei fleste andre menneske, svarer to av tre skandinavar ja, medan Hellas, Portugal og Brasil ligg langt nede på lista.
Det er, som det har vore sagt, sjeldan at skandinavar ser ein person med ein kniv i den eine handa utan at vedkomande har ein gaffel i den andre.
Kongehusets legitimitet kviler ikkje på – som det mediale kommentariatet synest å meine – det assosierte medlemmer måtte drive med. Langt meir urovekkjande er dømmekrafta til ei prinsesse i arverekkja.
Eg føyer til ein merknad om den tidvise teologiske forvirringa i kyrkja. Statskyrkja vart avvikla av Stortinget i 2012, litt over stokk og stein, drive gjennom i stort tempo av ein koalisjon som sameinte det statsskeptiske, pietistiske lågkyrkjelege med den liberale prestestanden, som tradisjonelt har vore livredd for ikkje å gå i takt med den sekulære tida – og sjølvsagt sekundert av dogmatiske humanetikarar.
Med tilvising til § 14-5 («Forbod mot forkynning») i opplæringslova hevda Lucie Katrine Eidem, utdanningsbyråd i Trondheim (V) og tidlegare fylkesleiar i Human-Etisk Forbund, nyleg at skulens tradisjonelle julegudstenester ikkje var tillatne. Det var ikkje rett; denne eine paragrafen var ikkje i samsvar med «rettleiinga».
Nidaros-biskop Herborg Finnset fullbyrda den teologiske abdikasjonen til kyrkja ved å fortelje «at det ikke skal være forkynnelse i skolegudstjenester». Som Adresseavisen påpeika: «Moderniseringen av Den norske kirke har hatt mye bra for seg. Å slutte med forkynnelse i gudstjenester vil likevel være å gå for langt.»
Tese 12
Tida er inne for å gje den demokratiske populismen eit kraftfullt politisk-ideologisk uttrykk.
Populismen har gjennom dei siste 200 åra vore eit vedvarande trekk ved det norske politiske landskapet, med varierande politisk tyngd.
Johan Sverdrups venstrekoalisjon, som nedkjempa embetsmannseliten i 1884, var ein demokratisk-populistisk opptakt som vart vidareført i venstrestaten. Den demokratiske populismen var òg ein sosialdemokratisk sidestraum dei første tiåra på 1900-talet, leidd av Johan Castberg. Med Johan Nygaardsvolds by-og-land-sosialisme vart han i nokre år på 1930-talet ein regjerande ideologi.
I arbeidarpartistaten etter 1945 vart sosialismen omforma til ein reformteknokratisk styringsideologi, men med ein venstrepopulistisk understraum vedvarande til stades.
Folkets nei til EF i 1972 var ein demokratisk-populistisk siger over den økonomisk-teknokratiske makteliten. Men Nei-koalisjonen vart ikkje omforma til ein ny reformelite med styrande kraft. Det var derimot den eliten som hadde lide nederlag, som fekk behalde styringshegemoniet gjennom dei neste tiåra.
Diskusjonen omkring «sosialisme på norsk» rundt 1980 dreidde seg i stor grad om ein mogleg raudgrøn sosialisme som av marxistiske sporhundar raskt vart stempla som det han faktisk var: eit populistisk avvik.
Den ideologisk reflekterte Sp-politikaren Bjørn Unneberg argumenterte for «ein grøn sosialisme», men åtvara mot å setje likskapsteikn mellom arbeidarrørsla og den norske radikalismen – han har lengre historie og krev breiare plattform.
I 1990-talets nye Europa-strid stod den populistiske Nei-dronninga Anne Enger Lahnstein (Sp) mot den marknadsteknokratiske Ap-leiaren Gro Harlem Brundtland. Eit radikalisert Sp braut ut av den borgarlege blokka og mogleggjorde dermed den raudgrøne regjeringskoalisjonen 2005–2013, leidd av Stoltenberg, kronprinsen til Gro.
Den demokratisk-populistiske rørsla vart marginalisert under Stoltenbergs regime, med ei blanding av teknokratisk og nyliberal ideologi. Under Erna Solbergs nyliberale regime etter 2013 vart Sp ein tonegjevande målberar av ein demokratisk populisme, sekundert av pågåande variantar til venstre.
Den revitaliserte venstrepopulismen opna for ein ny koalisjon med ein kile inn i eit teknokratisk Ap. Samtidig har det vore ei avgrensing ved venstrepopulismen at det taktisk-politiske maktspelet har fått dominans, tilbakevendande illustrert ved den endelause manøvreringa til Sp, eit spel partiet gjennom år har dokumentert at det meistrar.
Når Ola Borten Moe (Sp) signerer ein artikkel i lag med Sylvi Listhaug (Frp) på NRK Ytring, blir ikkje det interessante kva dei skriv om, men at dei skriv i tospann. I ei tid med ekspanderande Frp-populisme medverkar ein slik allianse til å gjere det lettare for veljarane å gå frå Senterpartiet til Framstegspartiet.
Framgangen til Sp under Trygve Slagsvold Vedum var basert på at partiet fekk eigarskap til distriktspolitikken. Partiet i regjering i allianse med eit sentraliserande Ap er i ferd med å miste denne posisjonen, som absurd nok ser ut til å verte overteken av Frp.
Korleis skal ein halde oppe eit desentralisert Noreg? Sentralt i eit desentralisert Bygde-Noreg står skulane, ikkje minst dei vidaregåande skulane. Kva er Senterpartiets svar på denne etter kvart akutte utfordringa?
Det Senterpartiet – og norsk venstrepopulisme elles – har mangla, er ein transformerande maktstrategi: ein overordna, langsiktig visjon for ei alternativ samfunnsutvikling, også for Distrikts-Noreg.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum fotografert i Finansdepartementet før jul 2023.
Foto: Fredrik Varfjell
Tese 13
«Arbeiderpartiet burde skalle av, slik at det blir rom for en storkoalisjon mellom Ap og Høyre», sa Høgre-historikaren Francis Sejersted i forkant av 2005-valet, med støtte av VG. I dag, knapt 20 år seinare, er Sejersteds synspunkt framleis aktuelt, rett nok litt justert: Ap burde skale av nokre marknadsteknokratar, for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre.
Ein aktuell venstrepopulistisk ideologi må i det minste sameine desse fem elementa: radikal, sosialdemokratisk styring av samfunnsøkonomien i kombinasjon med utvida økonomisk demokrati; reformisme som er forankra i vitskapleg fagkunnskap; legalreformisme som har integrert den rettsliberale forståinga; sans for tilhøyrsla til ein verdikonservativ fellesskap, som nasjonsfellesskapen framleis inngår i.
Til grunn må det liggje ei innsikt i pakt med det beste i den norske tradisjonen: kompromissets prinsipielle overskridande innverknad.
Rune Slagstad
Rune Slagstad er idéhistorikar, sosiolog og rettsteoretikar.
Teksten er nyskriven, men delar av han har vorte brukt i artikkelen «De nasjonale strateger, hvor ble de av?» (Khrono 2024).
Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE