Kommentar
Korleis kan Frankrike styrast?
«Vinglende viljeløst, vet ei hvorhen» – sitatet frå Henrik Ibsens Kongsemnene (1864) passar utmerkt på situasjonen for franske rikspolitikarar for tida.
Partileiar og parlamentsmedlem Marine Le Pen handhelsar på den franske presidenten Emmanuel Macron etter møtet i presidentpalasset tysdag denne veka.
Foto: Reuters / NTB
Valet på ny nasjonalforsamling vart avslutta søndag 19. juni, og mange reknar resultatet for eit jordskjelv – alle makttilhøve er endra. Dei nye representantane er no innkalla til sesjon i nasjonalforsamlinga i starten av juli. Der skal dei danne partigrupperingar. Korleis dei skal sjå ut, er alt eit stormfullt offentleg tema; dei nye valalliansane vil gjerne splitte seg opp.
Kvifor er flest alle franske profetiar så dystre for styringsevna til ei ny regjering? Ein repeterer ad nauseam at slik oppflising av nasjonalforsamlinga er ukjend sidan 1958, då den femte republikken kom til. Ein fryktar at kaoset i den fjerde republikken, 1946–1958, tek seg opp att, då såg ein 22 regjeringar. Ni av desse vara kortare enn 41 dagar.
Jakobinisme
At den fjerde republikken fekk slike vanskar, kom dels av den gjenoppvekte jakobinismen etter krigen. Jakobinarklubben vart danna i 1789 og stod bak terroren. Dei var sterkt antirojale, lente mot nasjonalisme i ymse gradar, og var samstundes for liberalisme og liberale livssynshaldningar.
Såleis finn ein mildare og hardare jakobinisme overalt i fransk politikk, dermed også i synet på rolla staten skal ha. På yttersidene artar han seg som antiglobalisme og skepsis til staten. Her møtest partia Det ukuelege Frankrike og Nasjonal samling ofte, noko båe sider prøvde å utnytte til å stele veljarar frå kvarandre i siste parlamentsvalkampen. Å framstille presidenten som konge eller gud (Macron som Jupiter) gjer kritikarar frå absolutt heile skalaen likevel.
Symbolmarkeringar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.