Kommentar
Koronarapport utan djupn
Rapporten frå Koronautvalet drøftar ikkje godt nok dei vanskelege spørsmåla som handteringa av pandemien reiser.
Koronautvalsleiar Øystein Olsen overleverte rapporten til statsminister Jonas Gahr Støre fredag 2. juni.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Rapporten frå Koronautvalet stempla styresmaktene handtering av pandemien som godkjend. I samandraget av rapporten skriv utvalet at etter deira vurdering handterte norske styresmakter covid-19-pandemien på ein «god måte», og at «Norge kommer godt ut på sentrale utfallskriterier sammenlignet med resten av Europa og verden».
Styresmaktenes hovudgrep med å «møte pandemien med tidlig respons og kraftfulle tiltak, av hensyn til liv og helse og for å unngå at helsetjenestene ble overbelastet», vert vurdert som «riktig».
Kritikk på gummisolar
Korleis utvalet tenkjer, går fram av prioriteringa i sluttkapittelet som listar opp «overordnede vurderinger og anbefalinger». Her kjem det fyrst sterk ros av regjeringane Solberg og Støre, som synte naudsynt «politisk lederskap og handlekraft» i «en nasjonal krise som krever inngripende tiltak overfor befolkningen».
Som eit tillegg til rosen vert det sagt at styresmaktene «i enkelte tilfeller var for tilbakeholden med å lette på smitteverntiltak selv om smittesituasjonen og ny kunnskap viste at det var mulig». Utvalet tenkjer då på breiddeidrett og utandørsaktivitetar.
Vidare i oppsummeringa er det avsnitt om tilhøvet mellom regjering og storting, om regelverk som lyt endrast for å gje betre handlingsrom i kriser, om betring av kapasitet og omstillingsevne i helsetenesta, om samarbeid mellom kommunar, kommunikasjon med publikum, økonomisk kompensasjon og liknande – og om korleis ein kan gjere det rette ein gjorde, «enda bedre», som det heiter to gonger i rapporten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.