Helse
Kostbar vaksineskepsis
Kor mykje kostar det å behandla ein uvaksinert covidpasient som hamnar på intensivavdeling? Vi snakkar truleg om minst éin million kroner. Om vi derimot ser på samla samfunnskostnad, snakkar vi om langt høgre tal.
Demonstrasjon ved rådhuset i Oslo mot koronatiltak i november 2020.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
No skal vi taka opp nokre vanskelege spørsmål som det ikkje finst veldig gode svar på. Det som vert skrive her, er basert på statistikk og bakgrunnssamtalar. Spørsmåla er kva uvaksinerte kostar oss, og om vi gjev for god behandling til for mange. Kostnadsoverslag er noko helsevesenet held på med konstant, det er difor staten har eit eige prioriteringsutval.
Fyrste høyrer det med å nemna at Noreg har god vaksinedekking. I skrivande stund har 79,5 prosent teke minst éin dose, 72,7 har teke to dosar, og 28,8 prosent har fått tre dosar. Island er best i Norden, dei har 82,7 fullvaksinerte, altså minst to dosar. Best i Europa er Portugal, som har fullvaksinert 89,6 prosent. Men så har dei òg vaksinert langt fleire born enn andre land.
Truleg er dei norska tala til og med betre enn dei offisielle tala viser. Noreg er eit av Europas fremste innvandringsland, og ein del som står som uvaksinerte i våre journalar, har truleg fått vaksine i heimlandet. Men det er ikkje til å koma forbi at rundt 5–6 prosent av vaksne som bur i Noreg, ikkje ser ut til å ha planar om lata seg vaksinera. I skrivande stund er 7 prosent av dei over 18 som bur i Noreg, registrerte som uvaksinerte.
Og nei, det er ikkje slik at mange ikkje kan taka vaksinane på grunn av ein eller annan underliggjande sjukdom. Det finst ikkje såkalla kontraindikasjonar mot vaksinen. Ja, nokre særs få kan få allergiske reaksjonar. Desse promillane av promillar kan ikkje få same vaksinen igjen. Det er rett at nokre særs få har fått myokarditt, infeksjon på hjartemuskelen, etter å ha teke Moderna-vaksinen. Før jol var det publisert ein studie i Nature Medicine på 38 millionar vaksinerte britar over 16 år. Risikoen for å få myokarditt var mykje høgre etter å ha fått covid enn etter å ha fått vaksine.
Tiltaka
Det er mykje på grunn av dei uvaksinerte vaksne vi i dag har covidtiltaka, som i all hovudsak botnar i at vi skal hindra at kapasiteten på norske intensivavdelingar vert sprengd. Ein kan sjølvsagt velja ein alternativ tanke, at styresmaktene ikkje hadde stengt ned, og kva som hadde skjedd då, men det vert ein hypotetisk tanke vi ikkje diskuterer her.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.