Kraftige reaksjonar mot kurdisk sjølvstendeRegjeringa i Irak, nabostatar og stormakter har reagert og sett i verk tiltak etter valet om sjølvstende i Sør-Kurdistan.
Regjeringa i Irak, nabostatar og stormakter har reagert og sett i verk tiltak etter valet om sjølvstende i Sør-Kurdistan.
Den irakisk-kurdiske presidenten Masoud Barzani då han var til stades på eit billøp før valet om sjølvstende i september i år.
Foto: Ako Rasheed / Reuters / NTB scanpix
– Kva er problemet, spør mannen i rullestolen.
Jamal Muhammed (65) sit i rullestol fordi ei kule sette seg fast i ryggsøyla hans for 35 år sidan. Da var han peshmerga for PUK (Patriotisk Union Kurdistan). Han kjempa for Kurdistan og partileiar Jalal Talebani – mot hæren til Saddam Hussein. Den gongen var president Saddam i Irak alliert med USA og vesten. Han hadde nettopp starta den åtte år lange krigen mot Iran. Gassangrepet mot Halabja i 1988 vart ein del av slutten på den krigen.
Eg møtte Jamal i gravferda til partileiaren han ofra ryggen sin for. Jamal sat i rullestol ved sida av kista. Gravferda i Silemanî, om lag 20 mil nord for Bagdad, var i fleire dagar hovudsaka på alle kanalar i Sør-Kurdistan. Alt har handla om Mam Jelal (onkel Jelal) – fridomskjemparen som i ni år var president i Irak. Han vart gravlagt tolv dagar etter den rådgivande folkerøystinga som sa ja til å bryte med Irak for at Sør-Kurdistan skal bli ein sjølvstendig stat.
Jamal røysta ja, men meiner det var feil å ha folkerøysting no.
– Situasjonen er dårleg. Kanskje ville det ha vore betre om to–tre år. Mange seier det same. Dette var ikkje rette tidspunktet viss målet er å gjennomføre det folket sa ja til, seier han.
– Kva er problemet?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.