JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

10148
20240712

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

I byen vrimlar det no av feriegjester. Restaurantar og kafear, kinoar og teater er fulle. Frå tidleg morgon strøymer tusenvis av ferierande til strendene, og om kvelden går mange av dei på teater og kino.

Trass i hyppige granatåtak på Odesa og Odesa-regionen har det nasjonale jernbaneselskapet blitt nøydd til å setje opp eit dagleg ekstratog mellom Kyiv og Odesa. For det meste er det innbyggjarar i andre granatutsette byar som vel Odesa som feriemål: folk frå Kharkiv, Dnipro, Zaporizjzja og, sjølvsagt, Kyiv.

I varmebølgja som har råka landet, seier det seg sjølv at strand og sjø freistar. Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke.

Mykolaiv-fylket ligg nærare Krym, og er difor farlegare. Odesa fylke blir òg bomba frå Krym med ballistiske missil, men dei fell sjeldan ned på stranda. Dei viktigaste måla der er dei ukrainske hamnene og militær infrastruktur, inkludert luftvernsystem.

Ukrainarar på badeferie er gjerne reddare for russiske miner enn missil. Når dei høyrer eksplosjonar som kjem frå hamna eller andre delar av Odesa-regionen, trekkjer ein del ferierande seg vekk frå stranda ei stund, men dei vender snart attende for å nyte sol, sjø og strand.

Mangelen på ein klar plan for ein slutt på krigen har tvinga ukrainarar som ikkje er mobiliserte, til å finne ein balanse mellom sommarferie og krig. Ferie i Karpatane har vore vurdert som tryggare heilt sidan krigen tok til, og folk frå Odesa føretrekkjer ofte å dra dit. For dei er ein fjellferie først og fremst ei avveksling frå det daglege stresset med missil- og droneåtak.

«Medan Russland nett no bruker det meste av pengane sine på krigen med Ukraina, går den nest største budsjettposten til propaganda.»

Ferie i strandkanten er så visst ikkje stressfri, men dei fleste ukrainarar har ikkje noko trygt val. Dei har ikkje lenger råd til å reise til Tyrkia eller Marokko, for ikkje å snakke om dei logistiske problema med å dra til slike stader no.

Russarane, derimot, kan framleis velje mellom mange trygge stader for ein badeferie. Det gjeld den kaukasiske svartehavskysten, Azovhavet, inkludert ein del av det okkuperte territoriet i Ukraina, og til og med den georgiske kysten med sine luksuriøse strender. Sjølv om Russland annekterte og okkuperte to delar av georgisk territorium i 2008, treng ikkje russiske borgarar visum for å besøkje landet.

Trass i alle desse moglege vala er det mange russarar som hardnakka held seg til Krym som feriestad, oppmuntra av dei høgrøysta erklæringane frå den russiske regjeringa om nye forbetringar av infrastrukturen på feriestader på Krym.

Medan Russland nett no bruker det meste av pengane sine på krigen med Ukraina, går den nest største budsjettposten til propaganda. Alt tyder på at det var propagandapengar som vart brukte til å kjøpe ti haiar frå Singapore. Desse haiane kviler no i St. Petersburg, før dei blir transporterte 2000 kilometer på veg til Krymhalvøya i spesielle tankar med «havvatn».

Reisa blir stressande for både haiar og sjåførar. For å kome til halvøya lyt dei jo køyre over Kertsj-brua, som bind Krym saman med Russland. Ukrainsk militær etterretning har lova å øydeleggje brua mot slutten av denne sommaren, og ho er ofte stengd for trafikk.

I seinare tid har dei russiske styresmaktene enda ein gong endra reglane for kryssing av brua. Tryggingsvakter har tilfeldige kontrollar av bilar, tvingar førar og passasjerar ut av bilen, og går nøye gjennom bagasjen. Køyretøya blir òg grundig kontrollerte, somme med røntgenutstyr. Av og til står det 1500 eller fleire bilar i kø for å krysse brua.

For russiske feriegjester som kjem seg over brua, blir tilbakereisa enklare – det er ikkje så streng kontroll den vegen. Eg ser for meg at russarar som reiser til Krym, kan førebu seg mentalt på den lange ventetida på brua, men dei kan neppe førebu seg på risikoen for å bli drepen eller skadd på ferien.

Det er hundrevis, om ikkje tusenvis, av russiske militære installasjonar på Krym, og mange av dei ligg på svartehavskysten i nærleiken av strendene. Desse installasjonane er legitime mål for ukrainske missil og dronar. Russisk luftvern freistar til vanleg å skyte ned ukrainske missil og dronar rett over strendene på Krym, der dei ferierande slappar av.

Nyleg vart om lag 150 russiske badegjester skadde, og fire, inkludert to born, vart drepne da eit ukrainsk missil vart skote ned. Blant dei som vart skadde av fragment som datt ned frå både det ukrainske missilet som vart nedskote, og det russiske som skaut det ned, var familien til ein høgtståande russisk embetsmann frå Magadan (6000 kilometer aust for Moskva), Oleg Averjanov.

Kvifor reiste han og familien hans 11.000 kilometer heimanfrå til ferie på Krym, når folk i Russlands fjerne Austen til vanleg helst ferierer i Kina, ved turiststader spesielt laga for russiske turistar? Det er no forbode for russiske tenestemenn å reise på ferie til demokratiske land, men Kina er framleis ope for dei. Forresten vil Nord-Korea snart ha ferdig ein annan feriestad særleg berekna på russarar.

Likevel, mange russiske embetsfolk reiser framleis på ferie til Krym, og det er mange forklaringar på dette. Den russiske regjeringa minner stadig sine embetsfolk om at å feriere i Russland er ei patriotisk handling som styrkjer tilliten mellom embetsfolk og det russiske folket, og at å feriere på annekterte Krym er dobbelt patriotisk fordi det krev mot.

Embetsfolk som ferierer på Krym, har difor større sjanse for å klatre oppover på karrierestigen og sanke ekstra «premie» i Kreml.

Å ta ferie på Krym kan òg vere prov på «anger», dersom ein embetsmann er mistenkt for eller har gjort seg skuldig i korrupsjon. I slike tilfelle kan denne typen ferie bli sett på som formildande omstende i ei eventuell rettssak. Det kan godt hende at nokre embetsfolk blir tvinga til å feriere på Krym av sjefane sine.

Embetsfolk kan få gratis ferie på spa eller hotell på Krym, og dei har ikkje anna val enn å akseptere dette «frynsegodet», sjølv om dei ikkje har noko ønske om å dra til Krym.

Krym blir òg brukt av Kreml som ein stad for «mjuk» straff for illojale kulturpersonar og kunstnarar som vil sone for antikrigsytringar eller freistnader på å unngå mobilisering. Desse lovbrytarane må ved ulike høve underhalde på Krym, på spa-hotell, i konsertsalar, for militære einingar og på militærsjukehus. Dei som Kreml vil straffe hardare, blir sende for å opptre i dei okkuperte territoria i Ukraina – Donetsk, Luhansk og andre byar. Grupper av russiske Z-poetar og skribentar som støttar krigen og blir betalte for aktivitetane sine av Kreml, blir òg sende dit, til dei okkuperte territoria, men ikkje til Krym.

Redningsarbeid ved Ohmatdyt barnesjukehus etter det russiske missilåtaket 8. juli.

Foto: Oleksandr Ratushniak / Reuters / NTB

Krym har vore mykje omtala i Ukraina av andre grunnar i det siste. For første gong på fem år klarte Ukraina å få fri ein krymtatar frå eit russisk fengsel – Nariman Dzhelal, visepresidenten i tatarparlamentet på Krym, som er bannlyst i Russland. Han og fleire andre ukrainske politiske fangar vart utveksla med russarar og ukrainarar med ukjende namn.

Kona til Dzhelal, Leviza, og fire born forlét straks Krym og drog til Kyiv for å slutte seg til mann og far. For dei går ingen veg attende. Nariman kan ikkje returnere til Krym før Krym er frigjord. Det tyder at huset deira på Krym blir ståande tomt. Kan hende får dei til å selje det, men det er òg mogleg at dei russiske styresmaktene vil «nasjonalisere» eigedomen.

For nokre dagar sidan vart heimen på Krym til den ukrainske krymtatar-songaren Jamala, som vann Eurovision Song Contest i 2016, «nasjonalisert» av dei russiske styresmaktene. I Russland er ho dømt in absentia for å ha «spreidd falske nyhende om det russiske militæret» og sett på lista over ettersøkte.

Sjølv har Jamala budd i Kyiv i fleire år. Ho har flytta foreldra sine frå den annekterte Krymhalvøya. «No rotar dei gjennom tinga til far min», skreiv Jamala i eit trist innlegg på Facebook-sida si.

«Nasjonalisering» og beslaglegging av eigedom som høyrer til folk på Krym som er illojale til den russiske regjeringa, byrja i 2014, rett etter annekteringa, og tiltaket held fram. Nyleg vart ein villa ved Jalta «nasjonalisert». Villaen er eigentleg eigd av den kjende russiske songaren Sofia Rotaru, som no er ukrainsk statsborgar og har kritisert den russiske aggresjonen. Det nye oseanariet, som snart skal huse haiane frå Singapore som kjem via St. Petersburg, skal byggjast i nærleiken. Kan hende vil den konfiskerte villaen til Sofia Rotaru bli ein del av det framtidige oseanariet.

Det finst andre, liknande planar for den annekterte Krymhalvøya, til dømes ein eksotisk park med krokodiller som skal opnast nær den kjende feriebyen Feodosia. Men det kjem til å bli stadig vanskelegare for dei russiske styresmaktene å trekkje ferierande til halvøya. Tragedien på stranda i Sevastopol vekte ein straum av uventa kritikk frå innbyggjarane mot styresmaktene i byen.

Styresmaktene var sterkt mot å byggje bomberom av betong i byen, men den uventa kritikken har fått dei til å kunngjere planar om å byggje opptil 600 små betong-tilfluktsrom i byen.

Når dei er på plass, er det ingen tvil om at dei vil minne alle om at dei er i ei krigssone, og ikkje på ein trygg feriestad ved Svartehavet eller eit all inclusive hotellkompleks. Innbyggjarar og ferierande vil måtte venje seg til risikoen for åtak, slik vi er blitt vande med den risikoen i Kyiv.

Medan eg skriv dette, har luftvernalarmen gått. Eg lurer på om eg skal forlate kafeen der eg arbeider, og kome meg til eit tilfluktsrom, men før eg rekk å bevege meg, høyrest fleire svære eksplosjonar rett ved. Snart får eg høyre at det sentrale barnehospitalet i Ukraina er treft av eit missil. Eg er redd det er forferdelege nyhende i vente. Nett no har sonen min gått for å hjelpe til med å rydde opp i ruinane som er att etter ein av dei eldre bygningane i sjukehuset.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis