Krig og overtru

Å skjøne konflikten i Ukraina vil ikkje vere mogeleg utan at vi tek inn over oss at den andre sida ser verda annleis enn vi gjer.

President Putin poserer, 16. mai i år, mellom leiarane for dei russiske lydrika Armenia, Belarus, Kasakhstan, Kirgisistan og Tadsjikistan, som med varierande entusiasme støttar han i krigen.
President Putin poserer, 16. mai i år, mellom leiarane for dei russiske lydrika Armenia, Belarus, Kasakhstan, Kirgisistan og Tadsjikistan, som med varierande entusiasme støttar han i krigen.
Publisert Sist oppdatert

Som sjølvstendig stat har Ukraina rett til å ønskje seg og søkje om medlemskap i Nato. Men landet har ikkje nokon rett til å krevje at Nato skal gje dei medlemskap. Det er opp til forsvarsalliansen Nato sjølv å avgjere om ein finn ein ukrainsk medlemskap tenleg for dei landa som alt er medlemmer i alliansen, eller om endå ei utviding aukar krigsfaren.

Inntil ganske nyleg var det ei alminneleg meining i både aust og vest at eit ukrainsk medlemskap i Nato ville gjere nett dette: auke faren for storkrig i Europa. Dei som tenkte slik, har fått rett. Trugsmålet om å flytte Nato inn i Ukraina kan ha vore ein av dei viktigaste grunnane til at vi no har ein krig i Europa som har gjort livet for oss utryggare enn kanskje nokon gong sidan 1945.

«Uprovosert aggresjon»

I eit intervju med det amerikanske magasinet The Atlantic i 2016 sa president Barack Obama at «Ukraina er ein kjerneinteresse for Russland, men ikkje for Amerika» og «kjem til å vere utsett for militær dominans frå Russland same kva vi gjer».

I 2008 fortalde den amerikanske ambas­sadøren i Moskva, William S. Burns, regjeringa si i Washington at Russlands tilhøve til Ukraina var «emosjonelt og nervøst», og at russarane oppfatta ukrainsk tilnærming til Nato som eit «potensielt militært trugsmål» og kunne skape omstende som «tvinga Russland til å vurdera intervensjon».

Men no, som noverande direktør i CIA, har Burns kalla den russiske invasjonen i Ukraina «uprovosert og vondsinna aggresjon».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement