JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Ein ukrainsk-nordkoreansk krig på russisk territorium. Ingen forfattar av dystopisk fiksjon kunne ha klekt ut eit slikt scenario, skriv Andrej Kurkov.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.

Foto: Ukrainsk forsvar

10675
20241025
10675
20241025

Sist måndag i byen Vinnytsia i den sørvestre delen av Ukraina vart mange som besøkte parken i sentrum, overraska over å sjå ei gruppe eldre menneske med mørke briller og lange metallstavar i den delen av parken som er vigd til minnet om kjende menneske frå Vinnytsia-regionen.

Gruppa stod lenge og saumfór byster og monument medan dei diskuterte noko. Så gjekk dei til eit monument som nettopp var flytta dit frå byen Potrovsk, som gradvis blir øydelagd av russiske bomber og missil. Dette monumentet framstiller Mykola Leontovytsj, ein ukrainsk komponist som har laga ein melodi som er kjend over heile verda, sjølv om opphavsmannen ikkje er det. Han vart fødd i nærleiken av Vinnytsia for 150 år sidan.

Det var Mykola Leontovytsj som skapte den verdskjende julesongen «Carol of the Bells». Utflukta til sentrumsparken var organisert av augelegen Nelja Krivetska i Vinnytsia, i samarbeid med Senter for kulturelle aktivitetar i det lokale Selskapet for blinde og svaksynte.

Statuen av komponisten Mykola Leontovytsj er nett evakuert frå ruinane i Pokrovsk til ein tryggare plass i Vinnytsia.

Livet til ukrainske blinde og svaksynte har ikkje blitt lettare etter at krigen starta. Dei manglar framleis infrastruktur som kunne betra tilhøva for dei. Rett nok får dei framleis hjelp frå medborgarar som bryr seg, og frå ulike offentlege institusjonar, men denne delen av det ukrainske samfunnet er stadig «usynleg» for den sjåande majoriteten.

Det er grunnen til at prosjektet «Ver synleg» no held fram med å minne ukrainarane om at dei har medmenneske som «ser» verda gjennom å ta på henne. Gjennom den taktile sansen ser, eller snarare høyrer, dei den krigen som endra så mykje for mange av dei. Blinde og svaksynte frå Donbas og Zaporizjzja har blitt flyktningar i Storbritannia og Tyskland, i Canada og USA. Der har dei blitt aksepterte i krinsane til blinde og svaksynte som, takk vere dei nykomne, no utgjer ei kraftfull støtte ikkje berre for sine ukrainske sysken, men for Ukraina som eit heile.

Ukrainske blinde og svaksynte, utan omsyn til kvar dei er, følgjer nøye med på det som skjer ved frontane i den russisk-ukrainske krigen, og på frontane til det ukrainske diplomatiet i andre land.

I den seinare tida har så vel svaksynte som sjåande ukrainarar byrja ein oppheta debatt om fysikk og dei fysiske lovene – særleg kjernefysikk. Dei diskuterer utsiktene til å lage ei atombombe under provisoriske tilhøve, og er interesserte i om kjernefysisk avfall frå atomkraftverk kan nyttast som våpen. Kort sagt: Det Putin skulda Ukraina for førre året, har no blitt eit emne for diskusjonar og draumar blant ukrainske borgarar. Kjernevåpen. Det spelar inga rolle om dei er «skitne» eller reine.

Alle hugsar Budapest-memorandumet frå 1994, som kravde at Ukraina overførte alle atomvåpen og strategiske bombefly til Russland, i byte mot «forsikringar» om ukrenkelege grenser og vern av suverenitet. Dei som garanterte for tryggleiken til Ukraina, var USA, Russland og Storbritannia. Sidan da har Ukraina vore sett på som eit atomvåpenfritt land.

Men nyleg vart vi minte om at Ukraina overførte sine siste 50 kilo høgopprikt uran til Russland så seint som i 2010, etter krav frå president Obama. Det skjedde under presidentskapen til den prorussiske politikaren Viktor Janukovitsj. Desse 50 kiloa vart flogne til Moskva i fem fly som til saman inneheldt 21 konteinarar. Det var materiale nok til å framstille to atombomber. I 2010 vart Janukovitsj hylla av Obama for denne operasjonen. Han frykta at Ukraina i løyndom kunne sende dette uranet vidare til Iran eller Nord-Korea.

Der det er atomkraftverk eller kjernefysiske forskingssenter, som i Kharkiv, er det sjølvsagt alltid noko uran. Og denne tanken gjev ukrainarar som ikkje skjønar seg på kjernefysikk. ein grunn til å drøyme om eigne atomvåpen, som ei siste von for Ukraina til å forsvare retten sin til å eksistere.

Profesjonelle kjernefysikarar har alt forklart kvifor det er umogleg å lage eit atomvåpen i Ukraina i dag. Det handlar ikkje berre om tekniske årsaker, men også om dei politiske konsekvensane av slike freistnader.

Nord-koreanske soldatar hentar her russiske millitære effektar, melder ei rekkje nyhendebyrå. Biletet er henta frå ein video som den sør-koreanske etterretninga har publisert.

Den kjende ingeniøren, bloggaren, skribenten og aktivisten frå Dnipro, Jan Valetov, sjokkerte lesarane sine ved å slå fast at berre det å lage ei lita atombombe straks vil føre til sanksjonar frå Vesten. Det kan innebere slutten på militær og anna hjelp, og kan hende til og med eit missilåtak ikkje frå Russland, men snarare frå dei noverande partnarane våre. Freista han berre å få ukrainske atomvåpenaktivistar til å ta til vitet?

Denne gongen var det likevel ikkje bloggarar og aktivistar som reiste spørsmålet om atomvåpen, men president Zelenskyj sjølv. Og han byrja snakke om det etter at «Sigersplanen» hans vart kritisert av nokre av dei europeiske allierte.

Under ein pressekonferanse i Brussel 17. oktober nemnde president Zelenskyj ei samtale han hadde med presidentkandidaten Donald Trump, der han sa til Trump at «anten vil Ukraina ha atomvåpen, eller så må landet bli medlem av Nato».

Desse orda flaug rundt i verda og vende attende til Ukraina med langt høgare lydnivå, takk vere kommentatorar, journalistar og utanlandske politikarar.

No når vi kjenner den opne, ikkje-hemmelege delen av «Sigerplanen» til Zelenskyj, kan vi trygt seie at han var skriven meir for det vestlege politiske etablissementet og leiarskapen i Nato enn for ukrainarar. Det første punktet i «Sigerplanen» gjeld omgåande medlemskap i Nato, sjølv om Ukraina enno ikkje har fått tilbod om å starte på vegen til det målet, langt mindre fullt medlemskap.

I kva plan som helst, veit vi, er det første punktet det viktigaste. Og dersom det er uoppnåeleg, mistar dei andre punkta i planen all meining. Statsministrane i Ungarn og Slovakia kritiserte planen til Zelenskyj på ganske aggressivt vis, og leiarane i somme andre partnarland peika meir varsamt på at det var liten sjanse for å få gjennomført ein slik plan. Etter dette fekk erklæringa til Zelenskyj i Brussel 17. oktober ein annan, meir kjenslemessig tone.

Putin erklærte at Russland ikkje under nokon omstende ville tillate Ukraina å bli ei «atommakt».

I Ukraina auka populariteten til Zelenskyj litt etter erklæringa, men dei høglydte og optimistiske diskusjonane på sosiale nettverk om framstillinga av atomvåpen formørka stemninga blant folk som veit meir om kjernefysikk.

Den offentlege meininga og stemninga i eit samfunn er svært sårbare saker, særleg i kritiske situasjonar. No er tida inne for andre, meir realistiske planar, eller i det minste realistiske og oppnåelege tiltak. Sjefen for dei væpna styrkane i Ukraina, general Syrskyj, prøvde seg på dette ved å kunngjere behovet for å reformere treningsprogrammet for unge soldatar – og utvide det til minst ein og ein halv månad.

Denne avgjerda vil kunne spele ei positiv rolle, men berre dersom mobiliseringssystemet blir endra. «Tvungen mobilisering» fører gjerne til negative resultat. «Av dei tjuefem vernepliktige som er blitt mobiliserte med makt på gata, er det berre éin som faktisk slåst, resten har anten desertert eller døydd i løpet av dei første få dagane i kamp», seier ein bataljonssjef i det ukrainske militæret. At slike soldatar døyr, er resultat av utilstrekkeleg trening og manglande motivasjon. Eigentleg kjem mangelen på trening i stor grad av mangelen på motivasjon.

Russland svara på den ukrainske draumen om atomvåpen med ei melding om 12.000 nordkoreanske soldatar som skal slåst mot dei ukrainske væpna styrkane. Blant dei er 1500 av dei beste nordkoreanske spesialstyrkane, klare til å døy på ordre frå Kim Jong-un. I russiske sosiale nettverk eksploderte beundringa for Nord-Korea og trua på Nord-Koreas evne til å gjere det som det russiske militæret ikkje makta – å sigre over Ukraina.

Ifølgje dei seinaste nyhenda vil ein nordkoreansk styrke bli send til Kursk-regionen av Russland for å frigjere område frå det ukrainske militæret. Dette skaper ein eineståande situasjon der to atommakter er allierte mot eit atomvåpenfritt land, men samstundes liknar det ein ukrainsk-nordkoreansk krig på russisk territorium. Ingen forfattar av dystopisk fiksjon kunne ha klekt ut eit slikt scenario!

No følgjer Sør-Korea nøye med på det som skjer med den nordkoreanske deltakinga i den russisk-ukrainske krigen. Den sørkoreanske leiarskapen er interessert i kva det nordkoreanske militæret gjer. Lat oss ikkje gløyme at krigen mellom Sør- og Nord-Korea ikkje formelt er over, han har berre vore sett på pause i mange år.

Ukraina ventar no at militærhjelpa frå Sør-Korea vil auke monaleg. Dessutan kan Sør-Korea sende sine spesialistar og militære omsetjarar til Ukraina for å spørje ut nordkoreanske krigsfangar. Informasjonen frå dei kan betre den sørkoreanske forsvarsevna.

I Ukraina har opplysningane om at nordkoreanske styrkar kjem til Russland, skapt ei bølgje av vitsar som av og til er framandfiendtlege, og i beste fall bygde på klisjear. Delar av det ukrainske samfunnet kjenner ikkje forskjellen mellom nordkoreansk slaveri og sørkoreansk demokrati. Vitsar og mem som dukkar opp på sosiale nettverk, viser no og da koreanarar, rett og slett, ikkje nordkoreanarar. Dette er krenkande for ukrainske koreanarar. Ein av dei, Vitalyj Kim, har vore guvernør i frontregionen Mykolajiv dei siste fire åra.

Ein dag etter nyhenda om den føreståande nordkoreanske deltakinga i den russisk-ukrainske krigen, var det nokon som sette fyr på den koreanske restauranten Pan-Syo i Kyiv. Ein kunne tru at dette var enda eit ukultivert utslag av den prorussiske politikken til diktatoren Kim Jong-un. Men det syner seg at eigaren av den øydelagde restauranten er Ilja Bogdanov, ein russisk frivillig og tidlegare offiser i dei russiske hemmelege tenestene FSB som forlét Russland og flytta til Ukraina heilt i byrjinga av konflikten. Årsaka til åtaket på restauranten kunne altså ikkje ha noko å gjere med nokon del av Korea. No samlar vanlege ukrainarar saman pengar for å hjelpe Ilja Bogdanov med å byggje opp att restauranten.

Det finst situasjonar som ikkje kan kallast opplagde, anten ein har eit skarpt sinn og eit skarpt syn eller ikkje.

Om to månader er det jul. Nokre av dykk vil truleg høyre «Carol of the Bells» av Mykola Leontovytsj i kyrkja eller på radio denne dagen. Det er mykje meir ukrainsk sjel i denne julesongen enn i nokon draum om atomvåpen. Urealistiske draumar, også dei mest populære, lever ikkje lenge, til forskjell frå musikk, som ber om fred og harmoni.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.

Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.

Foto: Ukrainsk forsvar

KrigSamfunn

Ein ukrainsk-nordkoreansk krig på russisk territorium. Ingen forfattar av dystopisk fiksjon kunne ha klekt ut eit slikt scenario, skriv Andrej Kurkov.

Andrej Kurkov
Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.

Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.

Foto: Ukrainsk forsvar

KrigSamfunn

Ein ukrainsk-nordkoreansk krig på russisk territorium. Ingen forfattar av dystopisk fiksjon kunne ha klekt ut eit slikt scenario, skriv Andrej Kurkov.

Andrej Kurkov
Størsteparten av den grove kriminaliteten i Sverige er knytt til slektsbaserte kriminelle nettverk, ifølgje boka «Klanerna». Biletet viser politiet i aksjon etter at to personar vart skotne i Hässleholm i Skåne i 2019.

Foto: Johan Nilsson / TT NYHETSBYRÅN / NTB

Samfunn

Storfamiliar med innvandrarbakgrunn står bak grov kriminalitet i nabolanda våre.

Politiet vil ikkje utdjupe kor omfattande problemet er i Noreg.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis