JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

10310
20240516

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

I det siste har ukrainarane hatt to ting i hovudet: den russiske offensiven i Kharkiv-regionen og framføringa av den ukrainske duetten i Eurovision Song Contest. Eurovision Song Contest er alt over. Ukraina vart nummer tre – og det var det. Offensiven til det russiske militæret i Kharkiv-regionen, derimot, held fram, sjølv om det i ukrainske massemedium er mindre informasjon om det som går føre seg ved fronten, enn om vinnarane og taparane i Melodi Grand Prix.

Sist fredag kveld åt vi middag med venene våre Vasilyj og Tatjana, og freista finne ut av planane våre for den nære framtida. Klokka åtte om kvelden fekk Vasilyj trong til å slå på fjernsynet.

«Vi burde følgje med på det som skjer i Kharkiv», sa han engsteleg. «Våre kanalar vil ikkje fortelje noko, lat oss sjå på BBC!»

Vi sat i sofaen framfor TV-en. BBC-journalisten, som rapporterte direkte frå Kharkiv, forklarte ganske detaljert om situasjonen i utkantane av byen og i regionen. Rapporten inneheldt kart som viste dei ukrainske landsbyane som sist vart erobra av russiske troppar, og nytt om den no øydelagde ukrainske grensebyen Kupjansk. Der var det 300 innbyggjarar att, medan russiske bombefly heldt fram med å sleppe dusinvis av store bomber kvar dag.

Røysta til kommentatoren høyrdest dramatisk ut, og pessimismen hans gjorde oss tungsindige. Vi såg ikkje på fleire nyhende, men vende attende til bordet og samtalen vår om den nære framtida.

Medan vi var heime hos Vasilyj og Tatjana, bestemde son vår Anton seg for å muntre seg sjølv med eit standup-show på Golden Gate-puben. Han fann ikkje mykje å le av. Enda det var fredagskveld, sat det berre ni menneske der, og Anton kunne ikkje hugse ein einaste vits som vart fortald av dei fire komikarane.

«Eg trur ikkje komikarane var i humør til å fortelje vitsar med så få publikummarar til stades», forklarte han. «Men i det minste var ølet godt!»

Jerry Heil song Ukraina til tredjeplasss i den 68. Eurovision Song Contest-finalen, med eit talande krigssceneshow.

Foto: Jessica Gow / TT / Reuters / NTB

No er det vanskeleg å kome over nye vitsar og anekdotar. Dette er alarmerande, for ukrainarane har alltid sett pris på humor og folk med sans for humor. Å seie at nokon vanta humoristisk sans, pla vere ei alvorleg fornærming. Men tidene har endra seg, det same har fornærmingar og grunnlag for hat.

Nyleg var det ei bølgje av hat mot sirkusarbeidarar ei stund. Hatet nådde slike høgder at kulturministeren, Rostyslav Karandieiev, vart nøydd til å gå ut med støtte til alle klovnar, akrobatar, dyretemjarar og andre «topp»-folk. Denne bølgja av fiendskap mot sirkusfolk vil ein gong bli brukt som eit klassisk døme på manipulering av massemedvit.

Det starta da regjeringa offentleggjorde eit anna dokument med ei liste over yrke som er delvis fritekne for mobilisering. Lista omfattar alle medlemar av nasjonalforsamlinga, tilsette ved våpen- og ammunisjonsfabrikkar, fjernsynsjournalistar som arbeider i kanalen som ligg tett opptil den statlege informasjonspolitikken, og, mot slutten på lista, sirkusarbeidarar. Innan ein time, bokstavleg tala, etter at lista var publisert, var det mange bloggarar som la ut tekstar på sosiale nettverk med tittelen «Sirkusarbeidarar slepp mobilisering». Brått var sirkusfolk fiende nummer éin i det ukrainske samfunnet.

«Denne bølgja av fiendskap mot sirkusfolk vil ein gong bli brukt som eit klassisk døme på manipulering av massemedvit.»

«Eg vart rasande av hatet knytt til tilsette i kultur- og mediefeltet», utbraut Karandieiev. «Dette er eit døme på manglande respekt for folk som gjer arbeidet sitt ærleg og grundig, eit primitivt syn på kva dei betyr sosialt, og den same primitive haldninga til verdien av kultur under krigen.»

Han gjorde greie for kva eit omreisande sirkus gjer. Denne store profesjonelle gruppa er elleve månader på reise i dei frie territoria i Ukraina, inkludert nyleg frigjorde byar og landsbyar. Dei held sirkusframsyningar i sjukehus, bomberom og andre stader som til vanleg ville vere fullstendig ueigna for dei. I 2023 heldt statlege omreisande sirkus over 1500 framsyningar for 145.000 tilskodarar.

Forresten er det berre 14 personar frå dei nasjonale sirkusa i Ukraina som er fritekne for mobilisering. Utan desse ville det vere uråd å skipe til sirkusframsyningar. Resten av dei mannlege sirkusarbeidarane kan få innkalling til militæret kva tid som helst. Dessutan er det alt dusinvis av sirkusarbeidarar, akrobatar, turnarar, dyretemjarar og klovnar som kjempar i militæret.

Den profesjonelle klovnen Mykola Bilenkyj budde og arbeidde i Storbritannia i byrjinga av krigen. Han vende attende til Ukraina i slutten av februar, og melde seg straks til teneste ved fronten. Han vart skadd og fekk granatsjokk, men etter behandling drog han til fronten att, og heldt fram med å kjempe.

På fritida ser Bilenkyj sirkusframsyningar på YouTube og følgjer med på det dei to sønene hans gjer. Dei arbeider òg i sirkus – i Circus on Ice – som turnerer mest i den sørlege og søraustlege delen av Ukraina. Før han reiste til Storbritannia, budde han i Lviv og førebudde nyårssirkus for borna der. Han laga sjølv styltene til bruk i sine eigne nummer. Styltene hans finst framleis i bygningen til det statlege sirkuset i Lviv, og han vonar å kunne bruke dei att etter krigen.

«Er det naudsynt med sirkus under ein krig? Det er det absolutt! Born veks opp, dei treng å slappe av, å sjå noko som får dei til å kjenne seg glade», seier Bilenkyj, som har mista to kollegaer i krigen.

Det militære kallesignalet til Mykola Bilenkyj er «Heldige Harlequin». Kallesignal er vanlegvis korte ein- eller tostavingsord som «Nord», «Djevel», «Demon». Utan tvil har venene til Mykola endra kallesignalet hans til noko kortare.

Men Mykola ser på seg sjølv som heldig fordi han framleis er i live og framleis kjempar. Han er 53 år gamal, men fysisk er han i betre form enn mange tjueåringar. For klovnar så vel som for akrobatar krev sirkusarbeid hard fysisk trening.

Ein annan akrobat og klovn, Timur Kuliev, har òg kjempa i det ukrainske militæret heilt frå starten av den russiske aggresjonen. Han er 33 år og vaks opp i ein sirkusfamilie. Den første framsyninga si gav han da han var tre år gamal, noko som ikkje er uvanleg i familiedynasti i sirkusverda. Kona hans er òg sirkusaktør, og før krigen reiste dei med si eiga framsyning rundt i Ukraina og Europa.

«Som klovn skal eg seie deg dette: Det verkar for meg som at eg er den morosamaste figuren i heile truppen vår. Og om eg kan overføre den positive haldninga mi til andre, så gjer eg det!» seier han.

På sirkuset sjonglerte han med vekter på 16 kilo. Ved fronten sjonglerer han med eple for å oppmuntre dei andre soldatane.

«Det er berre uråd å forlate sirkuset. Dette er ein profesjon som gjev lykke og glede – for oss og for tilskodarane. Sirkuset er mitt narkotikum». seier Kuliev.

I tillegg til ordinære framsyningar bur Kyiv statssirkus seg i desse dagar på Forum for amatørsirkus. Den 31. mai kjem amatørakrobatar, klovnar og andre sirkusartistar til Kyiv, til meisterklassar og rundebordskonferansar. Mange av deltakarane i forumet vil få høve til å vise talenta sine i arenaen til det viktigaste sirkuset i Ukraina. Så, 1. juni, vil Kyiv-sirkuset vere vertskap for ein internasjonal konkurranse i sirkuskunst. Sirkusframsyningar av ukrainske og utanlandske meistrar vil vere tilgjengelege for alle som kjøper billett til kveldsframsyninga den dagen.

Det er ikkje mange som framleis hugsar den nylege bølgja av hat mot sirkusartistar, men noko har endra seg i livet til hovudsirkuset i Kyiv etter at alle diskuterte behovet for å «spare» sirkusfolk for mobilisering. Kyiv-sirkuset har sidan arrangert omvisingsturar for å fortelje om livet og aktivitetane til det ukrainske sirkuset. Omvisingane er leia av sirkusdirektør Vladislav Kornienko og går føre seg ein gong i veka. Deltakarane er til stades ved prøver på sirkusnummer, møter sirkusartistar, vitjar verkstaden der dei lagar sirkuskostyme og -klede, og kan òg stille seg i arenaen midt i rampelyset for å få ei kjensle av kva klovnar og andre sirkusartistar føler i arenaen.

Medan profesjonelle klovnar og sirkusartistar som Timur Kuliev og Mykola Bilenkyj slåst ved fronten, kjem utanlandske klovnar til Ukraina for å erstatte dei. Ein av dei, Marco Rodari, ein slektning av den kjende italienske barnebokforfattaren Gianni Rodaro, er alt velkjend av borna i byar og landsbyar ved fronten, som i Zaporizjzja, Kharkiv-regionen og Donbas.

Han har vore her mange gonger og organisert magiske netter og sirkusframsyningar for born som lever i eit bomberegn. Han kan ikkje lenger ha framsyningar i Bakhmut og Tsjasiv Jar – desse byane eksisterer praktisk tala ikkje. Men borna som opplevde framsyningane hans, vil hugse den italienske klovnen for resten av livet.

Samstundes reiser Moskva sirkus, den viktigaste sirkustruppen i Russland, rundt omkring i den okkuperte Luhansk-regionen med framsyningar. Framsyninga kalla «Historie» tok dei med til Luhansk by, som dei alt har vitja 23 gonger. Dei har òg vore i Altsjevsk, Stakhanov og andre byar som er okkuperte av det russiske militæret.

Den 9. mai, den sovjetiske Sigersdagen – no truleg den viktigaste offentlege høgtidsdagen i Russland – var ein delegasjon av russiske sirkusartistar og klovnar til stades ved monument til minne om sovjetiske soldatar som vart drepne i andre verdskrigen i dei okkuperte territoria i Ukraina, og la ned blomar og kransar der.

Alle land har sine eigne sirkus og sine eigne sirkustradisjonar. No kan vi trygt seie at russiske og ukrainske sirkus er i krig, nett som ukrainsk historie er i krig med russisk historie. I dei okkuperte områda av Ukraina hjelper russisk sirkus med å etablere den russiske versjonen av ukrainsk historie, medan ukrainsk sirkus forsvarer ryktet sitt inne i Ukraina mot hat i sosiale medium og konsentrerer seg om å underhalde publikummet sitt, særleg born.

I Kharkiv er det ikkje mykje att å le av, men livet går vidare. Klokka halv seks om morgonen kunne ein i hovudgatene sjå elevar frå vidaregåande skular som øvde på den tradisjonelle valsen til avslutningsseremonien, som skal vere i slutten av mai.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis