JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Krig og psyke

Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.

10934
20241011
10934
20241011

Russiske politikarar bestemde seg nyleg for å opne enda ein front. Men den nye fronten inneber ikkje å nedkjempe ukrainarar. No handlar det om ein kamp mot eigne borgarar – mot dei som yter «magiske tenester», trollmenn og -kvinner, astrologar, dei som driv med tarotkort, og andre klarsynte og healerar.

Aleksandr Spiridonov, som sit som representant i den russiske statsdumaen, er i ferd med å leggje siste hand på eit lovframlegg. Dersom det blir vedteke, vil det ikkje berre bety eit forbod mot å avertere «magiske tenester» i Russland, men òg eit forbod mot i det heile tatt å nemne dei som gjev slike tenester, i media. Dei som held fram med å yte slike tenester, vil det bli reist tiltale mot, og dei risikerer minst eit par år i fengsel.

Denne lova vedkjem ikkje berre tenesteytarane, men eit heilt segment av høgare utdanning i Russland, ettersom «astrolog» i praksis er ein offisiell profesjon, og astrologi blir praktisert av tusenvis av russarar som på lovleg vis har registrert private forretningsverksemder som arbeider i denne bransjen.

I Russland blir astrologar utdanna ved fleire private universitet, inkludert Moskva astrologiakademi, som opna rett før Sovjetsamveldet braut saman i 1990. Dette akademiet og liknande etablissement blir truleg nøydde til å stengje eller finne på noko anna.

Å bli astrolog i Russland krev eit fire år langt studium. Og no vil altså ein dumarepresentant, som dessutan støttar krigen mot Ukraina aktivt og ofte besøker dei okkuperte territoria, syte for at russiske astrologar og magikarar blir arbeidslause. Kan hende håper han at desperasjon vil få arbeidslause profetar og spåmenn til å underteikne kontraktar med det russiske militæret og gå ut i krigen mot Ukraina, der kanonføde er konstant mangelvare.

I Ukraina går situasjonen for «esoteriske tenester» i stikk motsett retning. Sidan slutten av fjoråret har det ukrainske parlamentet utsett eit lovframlegg om å legalisere profesjonelle innanfor astrologi, talmagi og tarot, men òg vanlege åndelege og personlege energifremjande øvingar, som yoga. Den nye lova vil syte for utdanning i desse profesjonane og sikre eit system som vil setje instruktørane betre i stand til å utdanne ukrainske spesialistar i «magiske tenester».

Denne utviklinga vil krevje ein ny profesjonsklassifiseringskategori, slik at dei som yter slike tenester, kan registrere seg som private verksemder og betale skatt.

Opphavsmannen til lova, ein representant frå Folkets tenar-partiet, Serhij Hrivko, trur at legaliseringa av verksemda som astrolog eller spåmann vil gje om lag 100 millionar hryvnia (22 millionar euro) i tilskot til budsjettet. Summen svarar til prisen på ei Abrams-stridsvogn eller fire Himars-missil.

Sjølvsagt verkar denne lova malplassert, og ho kan neppe bli sett på som prioritert under ein krig. Men temaet «magiske tenester» har blitt relevant i Ukraina i det siste på grunn av ei historie som har skapt stort offentleg oppstyr.

Ei ung kvinne som hevdar at kjærasten hennar har lege i koma på eit sjukehus i Tyskland etter å ha blitt alvorleg skadd ved fronten, har heile vegen lånt pengar som ho har gjeve til ei kvinne som kallar seg «Guds moder».

For pengane ser det ut til at «Guds moder» er i stand til å gje den skadde mannen «Guds moders» eigen åndelege energi og halde han i live på denne måten.

«Guds moder», som har det verkelege namnet Anna Fesun, byrja «støtte» folk på dette viset før krigen, viser det seg, etter at kafeen ho opna i Kyiv, gjekk konkurs. Ho byrja å leie grupperitual for kvinner som ikkje opplevde harmoni i livet. Det var krigsenkjer og mødrer og koner til sakna soldatar blant dei.

Aktivistar som hjelper familiane til døde eller sakna soldatar, byrja sjå etter advokatar som kunne hjelpe til med å hindre «Guds moder» i å utnytte slektningar og vener av døde, skadde og sakna soldatar. Men det syner seg at det ikkje er noko å gjere med kvinna utan ei erklæring frå offeret. Og ho som har omsut for mannen som ligg i koma i Tyskland, ikkje berre nektar for at ho er offer for svindel – ho forsvarar aktivt «Guds moder».

Bataljonsjef Igor Hryb, som her ligg på paradeseng i heimbyen Voznesensk i Mykolajiv oblast, skaut seg etter at dei siste soldatane i 186. battaljon gav opp å forsvare ruinane av gruvebyen Vuhledar mot russisk overmakt.

No har historia, som er spreidd utover i ukrainske sosiale medium, teke ei uventa vending. Det har kome fram at offeret møtte kjærasten sin hos Anna Fesun. Det syner seg òg at han aldri har vore med på militære operasjonar, og altså ikkje er skadd i krigen. Og kvinna var, fortel venene hennar, plaga med depresjon alt før ho møtte «Guds moder».

10. oktober – verdas dag for mental helse – var media i mange land opptekne av kampen mot depresjon og anna mental uhelse. Saka om «Guds moder» og offera hennar – det ser ut til å vere heller mange av dei – tvingar oss til å ta opp spørsmålet om å verne den psykiske helsa til ukrainarane.

Dette er eit emne som folk her helst ikkje vil snakke om. Likevel er det høgst relevant. Og regjeringa skjønar kor viktig det er, særleg no når innbyggjarane har tilgang til gratis psykologhjelp og psykiatrisk hjelp.

I februar i år godkjende det ukrainske helsedepartementet ei ny, utvida liste over gratis psykologtenester og psykiatriske tenester, som no også omfattar lidingar som kjem av krigshandlingar, tvungen flytting eller at ein nær og kjær har døydd eller blitt skadd.

Likevel er det slik at folk i ein vanskeleg situasjon sjeldan kontaktar psykolog eller psykiater. Dei føretrekkjer å tru på mirakel og vender seg difor til representantar for «det magiske», eller, som det står skrive i lovframlegget til Serhij Hrivko: «esoteriske tenester».

Psykologar som har sett videomonologane til Anna Fesun, alias «Guds moder», meiner at ho sjølv treng hjelp frå psykolog eller psykiater. Men slik hjelp blir altså berre gjeven om pasienten ber om det.

I dei seinaste to og eit halvt åra har ukrainarar motteke dårlege og til og med tragiske nyhende så å seie døgnet rundt. Dei har blitt vane med å dele dårleg nytt i sosiale medium. Dei samlar opp negativitet og «hjelper» andre med å samle på negativitet. Før eller seinare fører det til tungsinn og ei kjensle av håpløyse.

Sjølvsagt er hovudkjelda til dei dårlege nyhenda og tragiske hendingane krigen. Russarane veit korleis dei kan gje næring til depresjon og bruke det som eit våpen mot det ukrainske samfunnet – både sivilt og militært. Det er årsaka til at russiske soldatar med jamne mellomrom skyt ukrainske soldatar som er tekne til fange, og legg ut videoar om skytinga på Telegram og Facebook. Ukrainarar som blir sjokkerte av slike videoar, legg dei i sin tur ut på sosiale medium, og redsla spreier seg vidare.

Den russiske erobringa av byen Vuhledar i Donbas har vore eit kolossalt slag mot psyken til ukrainarane. Men sjokkerande var òg den mykje omtala historia om sjølvmordet til bataljonkommandanten i 123. brigade for territorialt forsvar, oberstløytnant Igor Hryb, som forsvarte Vuhledar.

I dag finst det to versjonar av sjølvmordet. Ifølgje den allment godtekne versjonen skaut Igor Hryb seg etter at over 80 soldatar frå bataljonen hans forlét posisjonane sine i Vuhledar utan løyve og nekta å halde fram med å forsvare byen under ei syndflod av russiske kuler og granatar.

Ifølgje den andre versjonen skaut Hryb seg på grunn av press frå overkommandoen, som gav han ordre om ikkje å trekkje seg attende, men halde fram med å forsvare byen trass i mangel på personell.

Det ukrainske forsvarsdepartementet har sett i verk ei offisiell gransking av sjølvmordet. Det er likevel få som trur at ei grundig gransking vil bli gjennomført, eller at departementet vil gjere resultatet kjent. Sanninga vil vel ikkje kome ut før etter krigen. Det vil seie, gud veit når.

Psykisk stress ved fronten blant ukrainske soldatar er langt farlegare og destruktivt for den einskilde enn problema for dei ukrainarane som lever borte frå fronten. I dei militære personellreglane heiter det at kvar bataljon skal ha ein psykologoffiser. Denne personen skal overvake tilhøva mellom soldatane, hjelpe til med å hindre konfliktar og syte for psykologisk assistanse, særleg rett etter militære aksjonar.

I røynda er psykologoffiseren først og fremst ein offiser som òg tek del i dei militære aksjonane, og som sjølv er utsliten og lir av posttraumatisk stressyndrom. Difor er det uråd å snakke om effektiv psykologisk støtte til dei militære i kampsoner.

For ukrainske sivile kan den beste kuren mot depresjon berre vere gode nyhende frå frontlina. Erobringa av ein del av den russiske Kursk-regionen sytte for ein dose positivitet. Men denne pilla er ikkje lenger effektiv. Det er òg vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein ekte sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere depresjon i det ukrainske samfunnet.

President Zelenskyj har fleire gonger snakka om denne planen og kva som skjer med han. No er planen i Washington, og den ukrainske leiarskapen ventar på at han blir godkjend av den amerikanske regjeringa. Dersom ei godkjenning kjem, lovar president Zelenskyj å avsløre enkelte delar av planen for det ukrainske folket. Andre delar vil framleis vere graderte.

Oppstyret kring planen, saman med det mysteriøse innhaldet, får han til å sjå ut som ein «kur mot depresjon» meir enn som ein verkeleg handlingsplan. Men kven veit? Kan hende har den ukrainske leiarskapen laga to sigersplanar: ein verkeleg plan for militære og politiske tiltak og ein plan nummer to som skal roe folket i Ukraina, som er leie av negative nyhende.

Eg trur at mysteriet kring «planen» vil bli avslørt temmeleg snart, så vi ikkje treng å vende oss til «Guds moder» eller andre astrologar og magikarar for å forstå kva som går føre seg.

Forresten vil lovframlegget frå dumarepresentant Aleksandr Spiridonov om eit forbod mot «magiske tenester» og straff for alle som yter slike tenester, truleg ikkje få fleirtal i den russiske dumaen. Alle i Russland veit jo at president Putin har kommunisert med sjamanar i tjue år og samrådd seg med dei om mange saker, inkludert militære aksjonar i Ukraina.

Russlands mest framståande forretningsfolk og oligarkar følgjer dømet til presidenten, og dei liker òg å vende seg til spåmenn, astrologar og sjamanar. Dessutan er det mange forretningsfolk i Russland som no leiger inn tarotspesialistar og spåmenn til rekrutteringsdelen av personalavdelingane sine.

Den økonomiske uvissa i eit krigførande Russland aukar berre russarane si tru på magi og mystikk. Difor er det ikkje noko poeng i å slåst mot dette fenomenet i Russland.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Russarane veit korleis dei kan gje næring til depresjon og bruke det som eit våpen mot det ukrainske samfunnet.

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte
Ordskifte

Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?

Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.

Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Krig og psyke

Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

Ikkje til stades

«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis