Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Kyiv eitt år etter

KYIV: – I midten av desember var vi 120 soldatar i kompaniet. Ti dagar seinare var vi 18. Dei andre vart anten drepne eller skadde, seier Roman, ein skadd korporal.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
St. Michaels klosteret sett frå Volodymyrska passasjen i sentrum av Kyiv. Passasjen binder saman klosteret med St. Sofia-katedralen.

St. Michaels klosteret sett frå Volodymyrska passasjen i sentrum av Kyiv. Passasjen binder saman klosteret med St. Sofia-katedralen.

Foto: Peter Batanov

St. Michaels klosteret sett frå Volodymyrska passasjen i sentrum av Kyiv. Passasjen binder saman klosteret med St. Sofia-katedralen.

St. Michaels klosteret sett frå Volodymyrska passasjen i sentrum av Kyiv. Passasjen binder saman klosteret med St. Sofia-katedralen.

Foto: Peter Batanov

12913
20230217
12913
20230217

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Ukraina

svein@dagogtid.no

Det er tysdag 7. februar, og eg er tilbake i Kyiv. Det er fire månader og éin dag sidan sist. Jarnbanestasjonen er som i oktober. Den staselege ljosekrona heng framleis i taket, og i byen er det liv og røre. Men noko er annleis. Etter bombinga som tok til då eg forlét Kyiv i oktober, står no aggregat og durar på gatene for å gje straum og varme til kafear og butikkar. Når mørket kjem, går folk med lommelykter.

Titusenvis av ukrainske soldatar er drepne på desse fire månadene. Sprengde i filler av granatar eller gjennombora av maskingeværkuler med blod og kjøtrestar spreidde rundt øydelagde kroppar.

På same vis er òg titusenvis av russiske soldatar drepne. Vi nærmar oss eittårsdagen for invasjonen, og det er umogeleg å sjå korleis dette skal enda. Men det vi trygt kan slå fast, er at krigen vert meir og meir brutal.

Det har snødd i morgontimane, og det er kaldt når vi forlèt jarnbanestasjonen. I morgon skal det verta minus ti grader ved krigsfronten i Bakhmut. Vi går den same ruta som eg gjekk i oktober, opp til gamlebyen som ligg på eit av høgdedraga i Kyiv. Eg kjenner meg trygg der. Hotellet har eit godt bomberom og ligg i eit ambassadestrøk, som ikkje er mål for dei russiske rakettane som med jamne mellomrom kjem innover mot byen frå Svartehavet. Men kven veit?

Vi er to denne gongen. Mats Tangestuen, som er historikar ved Jødisk Museum i Oslo, er med. Han skal møta folk som arbeider med jødisk kultur og historie i Kyiv, byen der 20 prosent av innbyggjarane i 1940 var jødar. Mats har vore i krigen før. Geværmann i Libanon og Bosnia og etterretningsoffiser i Afghanistan. Sjølv har eg berre eit kort opphald i militæret i gamlebyen i Fredrikstad, før eg vart militærnektar etter at USA og Ronald Reagan finansierte Contras i Nicaragua.

Etter at vi har sjekka inn på hotellet, tek Gabriella, fiksaren og tolken vår, og dottera til Dag og Tids skribent Andrej Kurkov, oss med til eit sjukehus med skadde soldatar. Utanfor ein liten kjøkeninngang står det mange og røykjer, med ein eller to føter eller armar.

Vi kjem i prat med Roman. 38 år, ingeniør, gift og med ein son på 14 år. Roman kom til sjukehuset frå Bakhmut. Denne vesle byen i Donetsk med 70.000 innbyggjarar før krigen, har blitt ei grotesk slagmark.

Han er kledd i reine, fine kamuflasjeklede, har nye støvlar og to vinklar på brystet som fortel at han er korporal. Vi vert ståande å tala med han i nesten ein time i det kalde, sure vêret. Han er roleg, med eit skarpt blikk, og svarar på alle spørsmåla med største alvor.

Han hadde vore i militæret som ung og melde seg til teneste så fort han kunne den 24. februar. Den 2. april vart han kalla inn. Som ingeniør vart han lagførar for ei gruppe på fem som fekk i oppdrag å leggja ut miner. Seinare har han vore fleire stader ved fronten før han via Lysychansk kom til Bakhmut 16. desember som ein del av ein tropp på 30 soldatar.

– Oppgåva mi som lagførar var å sprengja vegar og bruer – og å grava skyttargraver. Det siste er heilt avgjerande for at soldatane skal overleva, seier Roman.

Telen i jorda gjer at dei no fyrst må sprengja med eksplosiv, før dei nyttar feltspaden. Deretter tek det tjue minutt, oftast under konstant bombardement, å grava ei halvannan meter djup einmannsgrøft.

– Feltspaden er det viktigaste verktyet til soldaten. Utan ei grøft å gøyma seg i, vert du fort drepen. Grøfta vernar deg òg mot trykket frå artillerivåpena, seier han.

Dei ukrainske soldatane er utstyrte med ein 50 centimeter lang russisk feltspade. Spaden er så å seia uendra etter at han vart patentert av den danske kapteinen Mads Linnemann i 1869 etter røynsler han hadde gjort seg i den tysk-danske krigen fem år tidlegare.

Linnemann skjøna at soldatane trong ein personleg reiskap for å verna seg mot splintane frå artillerigranatane. Snart vart spaden nytta av dei fleste europeiske hærane. Spaden kan òg brukast som steikjespade, som øks og som nærkampvåpen å slå sund kragebeinet til motstandaren med.

Granatane som møter både dei ukrainske og russiske soldatane ved fronten vert sprengde anten når dei treffer bakken, eller vert sprengde 15–20 meter oppe i lufta. Det siste gjer at dei små og store raudglødande stålsplintane spreier seg ut over eit større område. Desse granatane er farlegare for soldatane, sidan dei enkle skyttargravene er utan tak. Splintane kuttar seg gjennom kjøt og knuser bein. Berre trykket av nedslaga kan gje hjerneskaking som set soldatar ut av striden.

Det er som om ein er tilbake i skyttargravskrigen under fyrste verdskrigen. Roman og medsoldatane hans var konstant øre i hovudet av dei kraftige smella og lufttrykka frå bombenedslaga.

– Korleis er situasjonen i Bakhmut no?

– Byen er ganske enkelt øydelagd. Det er konstant bombing. Det er kaldt, og ein frys heile tida. Når ein er ute i meir enn ti dagar i strekk, finst det ikkje klede som hjelper mot kulden.

Roman er redd Bakhmut kan falla til russarane, men meiner at det likevel er viktig å halda byen så lenge som mogeleg. For slik russarane held på med å pøsa på med soldatar, kan dei ukrainske styrkane påføra dei store tap.

Han fortel korleis russarane sender små grupper på 10–15 utrena soldatar rett mot stillingane deira. Desse soldatane vert fort drepne, men i kaoset som oppstår, freistar meir erfarne soldatar å snika seg inn på flankane. Desse avleiingsmanøvrane vert russiske soldatar ofra i store mengder dag etter dag. Men òg ukrainarane opplever store tap.

– I midten av desember var vi 120 soldatar i kompaniet vårt. Ti dagar seinare var vi 18. Dei andre vart anten drepne eller skadde, seier Roman.

18 att av 120. Styresmaktene i Ukraina går ikkje ut med eigne tapstal. Folk skjønar likevel kva som skjer, og ser så langt ut til å godta det. Som ein seier: «Trøysta er at det vert drepne endå fleire russarar.»

Gabriella, Mats og eg går på eit franskinspirert konditori for å varma oss. Kyiv er full av kontrastar. Her, ved Den gylne porten, i den rike delen av byen, er det restaurantar og kafear på kvart hjørne.

Eg vert aldri klok på korleis soldatane som risikerer livet kvar dag, ser på dei som ikkje er soldatar og sit ved sida av oss og et franske bakverk. Tilsynelatande er det ingen stor konflikt. Alle menn under 60 år har forbod mot å forlata landet og kan kallast inn når som helst.

– Vi hamnar alle i krigen til slutt, som éin sa.

Kyrylov er ein av dei som står for tur. Vi møter han utanfor eit av dei mange vervekontora i Kyiv, i ein av dei meir slitne bydelane. Han er 27 år og jordbruksarbeidar, er gift og har ein son på sju år.

Han og familien er frå Prymorsk ved Svartehavet. Etter ein stor eksplosjon i byen reiste dei til Kyiv, og dei bur no saman med fleire andre internt fordrivne i ein tidlegare heim for foreldrelause born. Sist veke var han til medisinsk kontroll. No har han fått beskjed om å møta til teneste.

– Eg har ikkje vore i militæret før, så eg skal gjennom opplæring fyrst, fortel han.

– Er du redd?

Han dreg på det, smiler, men gjev ikkje eit klart svar. Eg ynskjer han alt godt før vi forlèt kvarandre.

Ein annan ved vervekontoret er den 38 år gamle Yaroslav. Han er tidlegare politi, er skild og har ei dotter på sju år. Yaroslav har enno ikkje fått innkalling. Han har ein eldre bror, fortel han, som er i krigen og har vorte skadd fleire gonger. Men broren vil ikkje fortelja noko om korleis han har det.

– Er du redd for å hamna i krigen?

– Det er klart ein er redd for å verta drepen.

Å vera i Kyiv kjennest trygt. Å reisa hit som journalist for å dekkja krigen i Ukraina er som å reisa til Saigon for dekkja Vietnamkrigen i 1960-åra. Ein er langt frå krigsrøyndomen.

Likevel må ein òg i Kyiv ta sine føregjerder. Gjennom heile dagen sjekkar Gabriella mobilen annakvart minutt for rakettåtak. Ho har ikkje tilgang til bomberom i området der ho bur, så når ho får varsel på mobilen eller høyrer flyalarmen, går ho ut i gangen i bygarden ho bur i. Der er det veggar på kvar side utan glasvindauge, som kan skada ho om ein missil skulle eksplodera like ved.

– Om missil er på veg mot byen, hentar eg kattane mine og litt mat og set meg på yogamatta mi og ventar. Eit missil nyttar 30 minutt til Kyiv frå Svartehavet. Høyrer eg eksplosjonar, vert eg i gangen til faren-over-signalet kjem.

Om alarmen går når ho er ute i byen ein stad, bryr ho seg derimot ikkje, slik dei fleste andre heller ikkje gjer.

Seinare på kvelden møter vi Nazar, som eg òg møtte i oktober. Sidan den gong har han vore fleire turar til fronten med mat og utstyr. Siste tur var til Bakhmut i fyrstninga av februar. Saman med venene Andrei, Vitsliy, Pasha, Vika og Anina køyrde dei 14 timar i to bilar med 170 matpakker og ein generator som skulle varma opp eit lite bomberom i byen.

Trass i enorme øydeleggingar og bombing er det alltid nokon som ikkje vil evakuera frå krigsområda. Ifylgje det ukrainske politiet var det knappe 6000 menneske i byen 2. februar. Men andre meiner det er langt fleire.

– I nesten ein time prøvde vi å overtala ei kvinne til å bli med oss til Kyiv, men til inga nytte, seier Nazar.

Ein ser det i by etter by som er utsette for harde kampar. Fattige, som ikkje veit kvar dei skal reisa, eldre, sjuke og demente, som ikkje ser seg i stand til å reisa, heroiske folk i byadministrasjonen eller sjukepleiarar som vil halda stand så lenge som mogeleg. Eller folk som i det stille ventar på at russarane vil sigra og overta byen. «Zhduny», vert dei ofte kalla av dei ukrainske soldatane – russisk for «dei som ventar».

Å reisa til Bakhmut er livsfarleg. På same turen møtte han dei to norske friviljuge hjelpearbeidarane som vart skadde og seinare frakta heim til Noreg.

Nazar syner meg bilete av lemlesta kroppar. Eit hovud liggjande i ei grøft, eit einsleg og forkola bein, ein halv kropp.

Bileta får meg til å tenkje på eit dikt farbror min Johannes har skrive. Han var fire år i 1940. Den 23. april starta den tyske bombinga av Voss, og Johannes og familien søkte ly i fjøset. Med eitt høyrde dei ein stor eksplosjon like ved, og dei såg tjukk røyk stiga opp frå nabogarden. Heile huslyden til Anders og Anna Rykke og dei tre borna Ingjerd, Arthur og Erna vart drepne i bombenedslaget. Dei hadde òg gøymt seg i fjøset.

Tragedien skaka bygda og feste seg i minnet til Johannes. Mange år seinare skreiv han diktet «Då bombeflya kom», om korleis krig råkar born og uskuldige:

Då bombeflya kom

over bygda

søkte eit foreldrepar

med tre små born

ly i smalfloren under løa

der var digre steinheller til tak

og tjukke murar.

Ei bombe råka just løa

der dei var.

Grannen kom straks flya

var farne.

Dei låg der alle fem.

Faren levde enno, han tala

til grannen:

«Du må sjå til henne

vetla Ingjerd,

meg er det visst forbi med

– nei, sjå der ligg foten min!»

sa han, og døydde der.

Ho Ingjerd var heil,

men levde ikkje,

fortalde grannen sidan;

foten til faren låg avriven,

slengd inntil veggen.

Kvar dag går vi forbi sjukehuset med dei skadde soldatane. Bohdan sit på ein benk og røykjer og seier ja til å snakka med oss. Han er 54 år, skild og har ein son på 22 år. Det var 16. oktober, datoen han no kallar sin andre fødselsdag, at han vart råka av metallsplintar nær flyplassen i Donetsk. Dei låg og venta på forsterkingar då gruppa hans på tolv hamna i eit russisk bakhaldsåtak. Éin døydde, og alle dei andre vart skadde.

Bohdan har vore i krigen sidan 2014 og er tydeleg prega av det han har opplevd. Han har mista mange vener. Eg spør om han slit med psyken og søvnen. Han svarar nei og fortel at han har fått hjelp. Han vil at vi skal skriva at behandlinga han får på sjukehuset, har vore svært god.

– Eg er heldig som er i live. Ynsket mitt no er å koma tilbake til fronten og drepa fleire russarar.

Nattoget tilbake til Shehyni og den polske grensa går presis klokka 22.52. Medan toget vårt køyrer den elleve timar lange strekninga denne natta, skal russarane koma til å skyta 71 kryssarmissil mot ulike mål over heile Ukraina. 61 av dei vert skotne ned av luftforsvaret, ifølgje ukrainske styresmakter. Ikkje minst takk vera det Kongsberg-produserte luftvernsystemet Nasams til 600 millionar kroner per stykk.

Som takk «for å gjera liva til innbyggjarane våre mykje tryggare» har det ukrainske forsvarsdepartementet laga ein takkevideo til Noreg. Med Griegs «Dovregubbens hall» som bakgrunnsmusikk syner filmen russiske missil som vert skotne ned av Nasams-rakettar. Han vert avslutta med rulleteksten «The land of the Peace Price is protecting our cities».

Denne krigen endrar på så mykje. Det er ikkje meir enn to år sidan Kongsberg Jazzfestival hadde problem med å få artistar fordi festivalen var sponsa av Kongsberg Gruppen. No skal våpenindustrien på Kongsberg tilsetje 2000 nye medarbeidarar dei komande åra.

Fleire artiklar

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén
Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén
Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring
Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis