Lyden av elektrisitet
Dei siste to månadene har Kyiv byrja høyrast ut som ein traktorfabrikk.
Ukrainske brannfolk sløkkjer brann i ein transformatorstasjon etter eit russisk åtak frå lufta over storbyen Kharkiv.
Foto: Yakiv Liashenko / AP / NTB
Andrej Kurkov
Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.
Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Eg har sant å seie aldri vore i ein traktorfabrikk, men eg innbiller meg at støyen i mange av bygatene er som i verkstadene der dei lagar slikt tungt utstyr. Det er lyden av generatorar som no erstattar hovudforsyninga av elektrisk kraft.
I ei av dei sentrale gatene i Kyiv – Jaroslaviv Val – står det generatorar og buldrar for kvar 15.–20. meter. Ofte buldrar dei frå tidleg om morgonen til lunsjtid og forsyner kafear, butikkar og venleikssalongar med straum. Så – i tre–fire timar, kjem den vanlege elektrisiteten att, og gata blir overraskande stille. Eller, for å vere meir presis, ho blir stillare, og etter bråket frå generatorane går bilane nærmast lydlaust i gata.
«No verkar det som dei kriminelle har vant seg til dei nye tilhøva, med nye metodar og nye offer.»
Men om kvelden blir straumen slått av att, og igjen er det støyen frå generatorane som fyller lufta. Skjema for straumutkopling i ulike område kan ein finne på internettet, og verksemder – særleg barar og restaurantar – er nøye med å be kundane om å betale med kort før straumen forsvinn og det er tid for stearinlys og kontantar.
I tillegg til å auke støynivået i byen har desse utkoplingane av den vanlege straumen ført til eksplosjonar og brannar i husvære. Folk i Kyiv som har råd til det, kjøper kraftige batteri og andre innretningar for lagring av straum, noko som gjer det råd å bruke alt i bustaden som om det ikkje var straumutkopling.
Folk med mindre pengar må vere kreative, og mange koplar bilbatteri til det elektriske systemet i bustaden. Det første folk gjer når straumen er attende, er sjølvsagt å lade alt som ladast kan: batteribankar, mobiltelefonar, datamaskinar og – eventuelt – bilbatteri.
Fleire av desse systema har eksplodert under lading og vore årsak til alvorlege brannar. Innbyggjarar i Kyiv som vaknar om natta på grunn av slike eksplosjonar, spring først for å gøyme seg i gangar og søkjer så på internett etter detaljar om det dei trur er enda eit russisk åtak.
Indirekte er desse eksplosjonane sjølvsagt resultat av russiske åtak – åtak som har øydelagt nesten heile det ukrainske kraftsystemet.
I tillegg til brannane heime hos folk har nattlege bilbrannar blitt ei kjelde til uro. Desse brannane oppstår berre i parkerte bilar som høyrer til militært personell eller militære einingar.
Så snart dette mønsteret var lagt merke til, sette politiet og tryggingsstyresmaktene i verk undersøkingar, og dei første som vart arresterte for å ha sett fyr på bilar, var lokale tenåringar på 13–14 år.
Det kjem fram at russiske spesialtenester no tilbyr ukrainske tenåringar «litt ekstra pengar» i byte mot eldspåsetjing.
Russarane følgjer først aktiviteten til tenåringane på sosiale medium, før dei nærmar seg brukbare kandidatar og byr dei mellom 100 og 300 dollar for å lage anti-ukrainsk graffiti på husvegger.
Det er venta at tenåringane sender bilete av verka til dei russiske kundane sine. Dersom desse føler at dei kan stole på ungdommane, ber dei tenåringane om å setje fyr på ukrainske militærkøyretøy for ein mykje større sum.
Russarane fortel tenåringane at sjølv om dei blir tekne, vil ingen stille dei for retten fordi dei er mindreårige. Det dei russiske kontaktane ikkje fortel, er at eldspåsetjing og andre handlingar utførte etter ordre frå russiske spesialtenester, ikkje blir klassifiserte som vanleg kriminalitet, men som terrorisme, og at i Ukraina er lågalderen for terrorhandlingar 14 år.
Nyleg vart ei mor og den 14 år gamle sonen hennar arresterte etter å ha sett fyr på bilen til ein meinig soldat. Dei hadde reist til hovudstaden frå Tsjernihiv-regionen i nord eins ærend for å tene pengar ved eldspåsetjing. Etter at dei var arresterte, sa mora at dei hadde stor gjeld, og at dei ikkje hadde annan utveg for å få betalt gjelda.
Russiske spesialtenester har nok folk til å overvake aktiviteten til ukrainske born på sosiale nettverk og til å setje opp lister over moglege kontaktar det kan vere råd å få til eit hemmeleg samarbeid med.
Eg lurer på om cyberverksemda til Den russiske føderasjonen kan delast inn i dei som arbeider med tenåringar, og dei som arbeider med vaksne. Det må òg vere underavdelingar på kvart område: Dei som konsentrerer seg om å oppmuntre til kriminelle handlingar, og dei som konsentrerer seg om spesielle psykologiske operasjonar eigna til å manipulere ulike delar av den ukrainske folkesetnaden.
Det er klart at arbeid med dei vaksne ukrainarane er ein prioritet for Russland. Det er tusenvis av russiske robotar plasserte i ukrainske chatteprogram som er vigde til spørsmålet om mobilisering og korleis ein kan unngå det, eller der folk diskuterer når og korleis den russisk-ukrainske krigen kan ende.
Oppgåva til dei russiske robotane er å skape og halde ved like panikk blant ukrainarane, og, sjølvsagt, å få så mange mannlege ukrainarar som mogleg til å unngå mobilisering.
Det ville vere tåpeleg å tru at motstanden mot mobilisering kjem av russisk påverknad, men den nylege auken i åtak på tilsette i registrerings- og innskrivingskontora tyder på at arbeidet til den russiske cyberverksemda er alarmerande vellukka.
Tilsette i dei militære registrerings- og innskrivingskontora er no utsette for åtak ikkje berre når dei gjer arbeidet sitt, til dømes når dei leverer innkallingspapir til personar, men òg når dei er på veg heim frå arbeid. Det har utvikla seg ein målretta kamp mot det ukrainske mobiliseringssystemet, og dette har tvinga det ukrainske parlamentet til å røyste for ei lov om organisering av eit militært spesialpoliti.
Ifølgje denne lova vil det militære politiet vere bygt opp på same måte som det vanlege politiet, men det skal hjelpe dei tilsette i dei militære registrerings- og innskrivingskontora og leite etter dei som unndreg seg mobilisering.
Dette politiet vil ha utvida rettar i forhold til det ordinære politiet. Mellom anna kan dei ta seg inn i heimen til ukrainske borgarar utan rettsavgjerd. Dei vil òg patruljere folkerike område, ha rett til å stogge og undersøkje bilar og sjølvsagt kontrollere papira til sjåførar, passasjerar og fotgjengarar.
Lova avgrensar talet på tilsette i det militære politiet til 1,5 prosent av det samla personellet i dei ukrainske væpna styrkane. Med andre ord er det snakk om ein mogleg stor væpna styrke med opptil 150.000 tilsette.
Det første spørsmålet som melder seg i samband med den nye lova, er: Kvar skal staten få tak i så mange? Kan hende vil eit slikt politi i første omgang bli rekruttert direkte frå militæret og blant veteranar. Dette er absolutt ikkje den rette tida til å overføre soldatar frå militæret. Det ville berre svekkje styrkane våre.
Som sjefen for den ukrainske etterretningstenesta, general Budanov, nyleg sa til amerikanske Philadelphia Inquirer: «Det er ikkje noko armageddon i Ukraina nett no, men situasjonen er svært vanskeleg.»
Etter hans oppfatning vil det russiske militæret leggje stort press på heile frontlina i minst éin månad til, i ein freistnad på å få til ein merkbar framgang før jubileumstoppmøtet i Nato, som er planlagt til midten av juli for å markere at Nato er 75 år.
Denne perioden med auka press er truleg det som har sett i gang ein ny diskusjon om behovet for å få tak i nokre vanlege politifolk og tilsette i andre tryggingsorganisasjonar som til for kort tid sidan har vore haldne tilbake.
Medan parlamentet førebudde lova om det militære politiet, underteikna regjeringa eit dekret som slo fast at frå no og frametter kan det vanlege politiet ikkje halde tilbake meir enn 50 prosent av dei tilsette.
Samstundes som det er gjort lovleg å sende vanlege politifolk til fronten, kan den nye lova om militært politi syte for at meinige blir sende frå fronten for å hjelpe til med mobilisering.
Eg lurer på om desse underlege prosessane vil føre til at det militære politiet vil kome i staden for det vanlege politiet så lenge det er krig. Eg vonar det ikkje blir slik. Det er trass alt det vanlege politiet som tek seg av vanleg kriminalitet, og den har auka i det siste nettopp på grunn av forhold i ei krigstid.
I førre veke vart utpressarar arresterte i Tsjerkasy. Dei hadde valt offera sine blant familiane til drepne soldatar. Ved hjelp av trugsmål og utpressing freista dei kriminelle å ta dei pengane som familien hadde fått som kompensasjon for dødsfallet. (Eingongsutbetalinga er 15 millionar hryvnia, som er om lag 350.000 euro.)
I tillegg til pengane kravde dei at medlemer av denne familien offentleg erklærte at ein av dei medskuldige i brotsverket var den illegitime sonen til den drepne soldaten. Det ville gje denne personen høve til å krevje statleg økonomisk støtte i framtida.
I byrjinga av den fullskala krigen gjekk kriminaliteten i Ukraina noko ned, men no verkar det som dei kriminelle har vant seg til dei nye tilhøva, med nye metodar og nye offer.
Samstundes oppmuntrar altså Russland ukrainske ungdomar til å gjere kriminelt forræderi for å tene pengar. Vil desse tenåringane, som for 500 dollar set fyr på ukrainske militærkøyretøy, bli «profesjonelle» kriminelle i framtida? Sjansen for at dette skjer, må bli større dersom dei ikkje blir arresterte og tekne hand om fordi så mange vanlege politifolk og etterforskarar er sende til fronten.
Og kan hende får vi ikkje bruk for ein ny styrke til å spore opp dei som lurer seg unna mobilisering. Det kan bli lett nok å finne dei når vinteren set inn – i kafeane og liknande stader der dei har eigen oppvarming og buldrande generatorar. Alle blir nøydde til å bruke dei, for det blir ikkje råd å overleve i husværa våre. Representantar for den nasjonale elektrisitetsforsyninga, DTEK, har kunngjort at ukrainarane blir nøydde til å klare seg utan straum 20 timar i døgnet i vinteren som kjem.
Dette er ikkje det likaste å sjå fram til. Men det er temmeleg realistisk. Ein må berre bu seg på denne situasjonen, både psykologisk og teknisk.
Andrej Kurkov
Omsett av Lasse H. Takle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.
President Donald Trump og budsjettdirektøren hans, Russel Vought, held pressekonferanse i Det kvite huset i Washington i 2019. No får Vought på ny denne jobben. I mellomtida har han vore sentral i Project 2025.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Project 2025 – ein plan for omforming av USA
Les eit utval av politikkframlegga her.
Thomas Hylland Eriksen fotografert i samband med utgjevinga av boka Appenes planet i 2021.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
«Eit førebilete på den offentlege intellektuelle som ujålete og usnobba ytra seg i ålmenta.»
Thomas Hylland Eriksen (1962–2024)