JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Møll, kakerlakkar og ein «nobelpris»

Dei målretta missilåtaka på journalistar og offentlege figurar i Ukraina syner at tradisjonane frå KGB lever i Russland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nyleg vart over 300 teppe sende frå den vesle byen Mukasjeve til frontlina. I krigssona vil dei bli nytta til å dekkje jordgolva i dei militære stillingane. Det blir deira siste heroiske rolle, den endelege bruken av desse tidlegare kultobjekta frå livet i Sovjet.

11233
20240830

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Her om dagen i Kharkiv, under eit missilåtak, bar ein mann eit stort, samanrulla sovjetisk teppe ut frå husværet sitt og hengde det opp på ei stong i bakgarden. Så gav han seg til å slå laus på det med ein teppebankar.

Denne vanlege handlinga vekte merksemd hos fleire titals naboar. I staden for å springe til eit bomberom eller gøyme seg i gangane sine, valde dei å ta bilete av teppebankinga med mobiltelefonane sine. Videoen spreidde seg straks på sosiale nettverk, og verka oppmuntrande på folk som sat på metrostasjonar eller i bomberom eller gøymde seg i gangane i bustadene sine.

Eg òg såg denne videoen, og kunne ikkje anna enn smile. Eg såg meir enn berre ei open utfordring til dei russiske aggressorane i reinsinga av eit teppe under eit granatåtak. Det var også ironi i denne handlinga.

Da Putin gjorde teneste i KGB, fekk han tilnamnet «Møll» fordi han var lite iaugefallande og, sjølvsagt, liten av vekst.

I sovjettida såg ein på møllen som det viktigaste trugsmålet mot teppe, og alle i Sovjet slost jamleg mot dette skadedyret, nett slik mannen i Kharkiv nyss gjorde. For ein respektabel person i Sovjet var det viktig å ha eit teppe – eller helst fleire.

Dei vart lagde på golvet og hengde på veggane som statussymbol, og folk i Sovjetsamveldet tok vare på teppa sine som best dei kunne, ved å verne dei mot møll med den rituelle bankinga i bakgarden og naftakuler. Eg hugsar korleis den temmeleg ubehagelege lukta av den kjemiske substansen var overalt i sovjetiske bustader.

«Kan hende er det ikkje overraskande at den russiske «møllen» og den belarusiske «kakerlakken» har slått seg saman.»

Ein annan fiende som invaderte heimane i sovjetperioden, var kakerlakkane. Kampen mot desse skadedyra var enda hardare enn kampen mot møll, men mot kakerlakkar var ingen våpen heilt effektive, og dei var ei plage overalt i ukrainske heimar til lenge etter sjølvstendet. Da kona mi og eg kjøpte eit husvære til den veksande familien vår, var det fullt av kakerlakkar og måtte desinfiserast i tre dagar før ein kunne starte renovasjonsarbeid.

Kakerlakkane levde først og fremst på kjøkenet, men også i soveromma. Titals, om ikkje hundrevis av dei losjerte under møblementet, under sprekkar i parketten, under tapetet. Kan hende passar det bra at «kakerlakk» no er tilnamnet til den illegitime presidenten i Belarus, Aleksandr Lukasjenko. Det er dette belarusarane kallar den plaga dei ikkje blir kvitt, og slik teiknar dei han i karikaturane sine.

Kan hende er det ikkje overraskande at den russiske «møllen» og den belarusiske «kakerlakken» har slått seg saman i denne krigen mot det proeuropeiske Ukraina, desperate etter å dra landet attende til den triste sovjetiske fortida, fylt med sovjetisk sensur, kommunistisk ideologi og den daglege kampen mot møll og kakerlakkar.

– Eg såg meir enn berre ei open utfordring til dei russiske aggressorane i reinsinga av eit teppe under eit granatåtak, skriv Andrej Kurkov.

Stillbilete via Telegram

Den 26. august, da mannen i Kharkiv banka teppet sitt, gjekk Russland til åtak på Ukraina med 127 missil og 109 dronar, eit åtak som vara i over ti timar. Det må ha vore det kraftigaste åtaket sidan krigen byrja.

To missil vart skotne ned over den vanlegvis trygge Zakarpatska-regionen. Det russiske militæret freistar å unngå dette området for ikkje å terge venen til Putin, den ungarske statsministeren Viktor Orbán.

Men denne gongen, og takka går til det ukrainske luftvernet, var det ingen drepne eller skadde i Zakarpatska, og ingen dronar eller missil kom inn i ungarsk luftrom. Ein drone kom likevel inn i polsk luftrom, og det var drepne i femten ukrainske regionar, inkludert Kyiv.

Sommaren endar på dynamisk vis og med ein gloande hete. Det ser ut til at vi går mot eit toppunkt i den nylege eskaleringa av krigen. Utan å nemne detaljar kunngjorde Peskov, pressetalsmannen til Putin, at Putin hadde funne eit svar på den ukrainske erobringa av delar av Kursk-regionen.

Gjengjeldingsåtak var venta 24. august, den ukrainske frigjeringsdagen, men dei kom to dagar seinare. Dei ser ut til å markere byrjinga på ei åtaksbølgje som kjem til å halde fram inn i hausten, og som truleg blir følgd av alle slags tiltak frå Russland og Russlands allierte, Belarus.

25. august såg ukrainarane spent mot Belarus. Den ukrainske regjeringa kom med eit krav om at «president» Lukasjenko skulle trekkje belarusiske troppar og utstyr attende frå grensa til Ukraina, og også einingar av russiske leigesoldatar frå den private «Wagner»-hæren, tidlegare leia av Jevgenij Prigozjin. Da, når alle ukrainarar venta på provokasjonar frå Belarus, skaut Russland på Ukraina frå sitt eige territorium og frå den annekterte Krimhalvøya.

Dette er ikkje det same som at sjølvstendedagen til Ukraina gjekk fredeleg føre seg. 24. august gjennomførte Russland eit målretta bombeåtak med høgpresisjonsmissil mot eit hotell i Kramatorsk der utanlandske og ukrainske journalistar til vanleg bur.

Ein tryggingsrådgjevar for Reuters, briten Ryan Evans, vart drepen, og den ukrainske kameramannen til gruppa vart alvorleg skadd. Fem andre journalistar fekk mindre skadar.

Vi har no eit oversyn over desse målretta åtaka. Det syner at offera er sivile, i hovudsak journalistar og framståande offentlege figurar. For eit år sidan øydela eit liknande missil ein pizzarestaurant i Kramatorsk. Den ukrainske forfattaren Victoria Amelina vart dødeleg såra. Ei gruppe latinamerikanske journalistar og skribentar som var saman med Amelina, slapp unna på mirakuløst vis utan alvorlege skadar. Før det trefte eit russisk missil plattforma på jernbanestasjonen i Kramatorsk, der hundrevis av menneske frå byen venta på eit evakueringstog. Om lag 70 døydde, for det meste kvinner og born.

Russland freistar framleis demonstrativt å drepe folk som er kjende for proukrainske og proeuropeiske haldningar, med målretta missilåtak. Eit russisk missil trefte nyleg heimen til presidenten for Det nasjonale Kharkiv-universitetet, Tetjana Kaganovska. Til alt hell var ho ikkje heime da missilet trefte. Like etterpå råka eit missil heimen til ein kjend person i Kharkiv, forretningsmannen Jurij Sopronov, men også han var heldig. Korkje han eller familien hans var heime da eksplosjonen øydela bygningen fullstendig.

Mindre heldig var den tidlegare representanten i den russiske dumaen – ein av leiarane i den russiske opposisjonen – Ilja Ponomarev, som busette seg i nærleiken av Kyiv etter å ha flykta frå Russland. Ein iransk drone med 40 kilo sprengstoff flaug rett inn gjennom eit vindauge på huset hans. Ponomarev vart skadd av mange granatsplintar, men overlevde.

Den stadige bruken av missil og dronar i svært målretta operasjonar mot eit individ eller ei lita gruppe av menneske kan verke underleg, men er i røynda eit prov på bruken av sovjetiske KGB-tradisjonar i denne krigen. Operasjonsprinsippet for KGB kan summerast i fire ord: «Ingen person – ingen problem!»

Likevel er det ikkje slik at Russland er fullstendig oppslukt av denne krigen med Ukraina og ønsket om å feie vekk alle leiarane av opinionen og ikoniske personlegdomar som motiverer det ukrainske samfunnet til å slåst for sjølvstende og ei europeisk framtid.

Russland held òg fram med å leve sitt vanlege, noko kafkaske kulturelle og sosiale liv, som er grunna på dei «grunnleggjande verdiane» til den russiske ortodoksien og ideen om «moralsk hegemoni» over folk i Vesten. Samstundes ser Russland behovet for nokre sider ved vestleg kultur, men endrar dei slik at dei framhevar Russlands eiga ære. Til dømes nekta den russiske dumaen også før krigen franske importørar av champagne å bruke dette namnet på drikken sin. På russisk territorium kunne berre russiskprodusert musserande vin seljast som champagne.

Frankrike protesterte ikkje, og byrja selje champagnen sin i Russland som simpel musserande vin. Denne historia er godt kjend, men det er ei anna historie – som er praktisk tala ukjend utanfor Russland – som viser den same tendensen.

I midten av august kom ein «nobelpris»-delegasjon til den tsjetsjenske hovudstaden Groznyj for å gje ein «nobelpris» til leiaren for Den tsjetsjenske republikken og Helt av Russland, Ramzan Kadyrov. Nei, det var ikkje ein delegasjon frå Svenska Akademien. Det var ein delegasjon frå Ludvig Nobel-prisen, som vart oppfunnen i Russland i 2005, slik at dei kunne dele ut sin eigen russiske nobelpris til russiske notabilitetar.

Ludvig Nobel var den eldre broren til Alfred Nobel, som grunnla den verkelege nobelprisen. Da Ludvig var elleve år, flytta far hans familien til St. Petersburg. Der starta faren og seinare sønene som slo seg saman med han, fleire fabrikkar, og dei var involverte i utviklinga av oljeindustri og godstransport med tog.

Far til Ludvig og Alfred tok til og med imot statsborgarskap i det russiske imperiet, men etter revolusjonen i 1917 vart alle fabrikkane tekne frå den russiske greina av Nobel-familien og nasjonaliserte. Ludvig Nobel sjølv døydde i Frankrike, i Cannes.

I midten av august kom ein «nobelpris»-delegasjon til den tsjetsjenske hovudstaden Groznyj for å gje ein «nobelpris» til leiaren for Den tsjetsjenske republikken og «Helt av Russland», Ramzan Kadyrov.

I Tsjetsjenia, i den vesle fjellandsbyen Sterc-Ketch, vart det einaste minnesmerket over brørne Nobel i Russland avduka i 2020. Der har dei òg laga «Nobel-stien» for turistar – ein 3,5 kilometer lang turistveg til oljefelta som vart oppdaga av Ludvig Nobel og forretningspartnarane hans. Kan hende er dette årsaka til at Ramzan Kadyrov vart tildelt den falske nobelprisen. I 2008 fekk også president Putin denne prisen, men ingen veit heilt kva han fekk han for.

Og medan Ramzan Kadyrov er nøgd med å kunne kalle seg sjølv nobelprisvinnar, tek den personlege «nasjonalgarden» hans framleis del i militære operasjonar inne i Ukraina og i Kursk-regionen i Den russiske føderasjonen.

Igjen går det evakueringstog frå Donbas til Vest-Ukraina, særleg frå Pokrovsk, ein by som ligg berre ti kilometer frå frontlina som nærmar seg. Denne gongen er evakueringstoga overfylte, med liten plass til bagasje. Og flyktningane som forlèt Donbas, tek svært lite med seg. Så å seie alt blir verande i husvære og hus, inkludert møblar og teppe.

I Zakarpatska blir fastbuande bedne av frivillige om å levere dei gamle sovjetiske teppa sine til oppsamlingspunkt, men dei er ikkje berekna på flyktningane som kjem. Dei innsamla teppa som er sjekka for møll og elles reingjorde, blir sende i motsett retning – austover, til Donbas, Kharkiv-regionen, og frontlina nær Zaporizjzja.

Det kan vere varmt no, men kulda nærmar seg, og det er på tide å tenkje på å gjere skyttargraver og forsterkingar litt meir komfortable for ukrainske soldatar. Nyleg vart over 300 teppe sende frå den vesle byen Mukasjeve til frontlina. I krigssona vil dei bli nytta til å dekkje jordgolva i dei militære stillingane. Det blir deira siste heroiske rolle, den endelege bruken av desse tidlegare kultobjekta frå livet i Sovjet.

I mellomtida grev ukrainske bønder og småbrukarar opp poteter, haustar avlingane, og leitar etter dei beste lagringstilhøva for produkta slik at dei kan vare til våren. Livet i Ukraina går sin gang medan den russiske fullskala aggresjonen pløyer seg forbi dei første 900 dagane.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis