JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Traktorar og forrædarar

I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
29 kvinner i Kremenets-regionen har fått førarkort for traktor dei seinaste vekene.

Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB

11388
20240322
11388
20240322

Denne våren vil markene og grønsakhagane i Sumy-regionen, på grensa til Russland, liggje brakk. Trass i daglege granatåtak frå den russiske sida har innbyggjarane i Belopolskyj og andre distrikt i regionen freista overleve her i to år.

Men no har situasjonen blitt så mykje verre at sjølv dei mest stivnakka innbyggjarane gjer seg klare til å evakuere. Det er berre det at det ikkje finst noka organisert evakuering – folk forlèt landsbyane til fots eller på sykkel, og tek med seg berre dokument og dei mest naudsynte tinga. For nokre dagar sidan forlét dei siste innbyggjarane landsbyen Ryzjivka.

Eldre kvinner gjekk til fots med kyrne sine, følgde av ein annan landsbybuar på traktor, med eit kvitt flagg festa på ei stong. Da ein lokal mann freista kome seg vekk med familien sin i bil, eksploderte ein russisk granat rett ved sida av dei. Til alt hell klarte dei å kaste seg ut før bilen stod i flammar. I kjellarane i forlatne hus står settepoteter og grønsakfrø att ubrukte. Dei kjem ikkje til å hamne i den fruktbare, svarte jorda i Ukraina.

Russisk artilleri har lenge øydelagt område som ein gong var fulle av liv, men som ligg tett ved grensa. Ryddar dei vegen for eit framtidig åtak på Ukraina frå nord, eller er det slik russisk artilleri gjennomfører ordren frå Putin om å skape ei «demilitarisert sone» mellom ukrainsk og russisk territorium? Det var akkurat dette uttrykket Putin nytta for nokre dagar sidan i det første intervjuet etter nok ein «siger», i presidentvalet.

Kampane på den sørlege fronten og i Donbas syner ingen teikn til å stilne av, nett som dei daglege åtaka på Ukraina med dronar og missil trugar landet heile tida. I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven, og det må dei gjere under vanskelege tilhøve og utilstrekkeleg med våpen.

«Det finst alt landsbyar i Ukraina der det ikkje er fysisk sterke menn att – dei er alle mobiliserte. Det er ingen til å køyre traktorar og skurtreskjarar.»

I mange ukrainske byar ser folk på dei lokale teatera med sorgtunge blikk. Framom nesten kvart teater er ordet «born» no skrive med store bokstavar på asfalten. Av og til brenn det eit stearinlys ved sida av dette ordet.

For to år sidan, den 16. mars, sleppte eit russisk bombefly tunge, superkraftige bomber på eit teater i Mariupol, der hundrevis av vaksne og born gøymde seg for russiske granatar. Framom teateret var dette ordet skrive med digre bokstavar, spesielt meint for dei russiske pilotane. Men ordet kunne ikkje stogge øydelegginga av teateret og hundrevis av byfolk.

Den 16. mars i år måla skodespelarar frå Mariupol-teateret dette ordet framom teateret i Uzjhorod, der dei lever og arbeider no. Dei måla ordet «born» til minne om alle dei sivile som døydde i Mariupol, alle dei som har døydd i Ukraina. Denne datoen er ikkje ein offisiell minnedag. Den ukrainske regjeringa tok han ikkje med i den offentlege kalenderen for minnemarkeringar.

Folket sjølv minner landet om datoar for tragediar som skjedde for kort tid sidan, om russiske brotsverk mot menneskja i ein krig som er langt frå å vere over. Ukrainarane sjølve går ut på gatene for å heidre minnet om dei soldatane og frivillige som vart drepne av Russland i leiren for krigsfangar i Olenivka den 29. juli 2022, for å minnast offera for bombene og granatane ved jernbanestasjonen i Kramatorsk 8. april 2022 som etterlét meir enn 60 personar døde, for å hugse offer for missilåtak mot bustadområde i Vinnytsia og Dnipro, i Kharkiv og Odesa.

Fastbuande i Odesa har no fått enda ein sørgjedag på kalenderen sin – minnedagen for offera for russiske granatar 15. mars 2024. Blant dei 21 døde og over 45 skadde er det mange politifolk og redningsarbeidarar. Kommunale embetsfolk som drog til staden der granatåtaket skjedde, vart òg drepne og skadde av det andre russiske missilet. Borgarmeisteren, Gennadij Trukhanov, som før den russiske aggresjonen vart rekna som ein prorussisk politikar, vart mirakuløst nok ikkje skadd.

Ein annan borgarmeister som òg vart sett på som prorussisk før krigen, er borgarmeisteren i heimbyen til president Zelenskyj, Kryvyj Rih, Juryj Vilkul. I dag er han leiar for den militære byadministrasjonen og gjer alt han kan for å verne Kryvyj Rih mot russiske åtak.

Fastbuande i Odesa har no fått enda ein sørgjedag på kalenderen – minnedagen for offera for russiske granatar 15. mars 2024. Ei kvinne vitjar eit provisorisk minnesmerke.

Foto: Stringer / AP / NTB

Det er ingen prorussiske politikarar att i Ukraina, men det er framleis ordinære borgarar som for pengar eller på grunn av den prorussiske haldninga si hjelper det russiske militæret med å velje mål for missilåtak. Adressene til dei stadene i Odesa der politi og militærpersonell var mellombels innkvarterte, vart gjevne til dei russiske spesialtenestene av ei kvinne som budde i nabolaget. Ho er alt arrestert, og i telefonen hennar vart det funne korrespondanse med russiske leiarar. Ho hadde sendt dei opplysningar om bygningen dei to russiske missila råka 15. mars.

Informantar for russisk etterretningsteneste blir arresterte kvar dag. Likevel er det framleis somme som driv frivillig med dette, sjølv om dei er lette å ofre for Russland. Når dei først er arresterte, er dei ikkje lenger av interesse for russarane, og det blir ikkje gjort freistnader på å utveksle dei mot ukrainske krigsfangar.

Nyleg vart ein gateseljar arrestert i Kyiv. Han valde seg ein arbeidsplass ved sida av hovudkvarteret for den ukrainske tryggingstenesta. Han fotograferte bygningen og skilta på bilane som køyrde inn i bakgarden.

Den 32 år gamle mannen synte seg å vere ein internt fordriven flyktning frå Kherson. Etter å ha flytta til Kyiv averterte han på meldingstenesta Telegram at han ønskte å tene ekstra pengar. Ein tilsett ved dei russiske spesialtenestene frå Rostov-na-Donu svara og rekrutterte han, og lova faste «honorar» for informasjon om militære og andre viktige anlegg i Kyiv.

Honorar betalte av russiske etterretningstenester til ukrainske informantar er ikkje særleg høge – i gjennomsnitt 200–300 euro for informasjon om eitt objekt. Pengar blir overførte til elektroniske lommebøker. Men denne gateseljaren får ikkje lenger høve til å bruke fortenesta si. Han får truleg ein dom på 15 år i fengsel.

Ukrainske spesialtenester arresterte nyleg også ein far og son i nærleiken av Kyiv som arbeidde for russisk etterretning. Interessant nok fekk dei først i oppgåve å sjå etter leivningar av russiske soldatar i Kyiv-regionen, fotografere dei og gravleggje dei i skogen, medan dei merka seg koordinatane for kvar grav.

Dette må ha vore ein lojalitetstest på dei nye agentane. Etter dette vart dei spurde om å finne plasseringa av militære objekt i Kyiv-området, så vel som adressene og koordinatane til produsentar av militært utstyr.

Faren og sonen oppdaga og overførte til oppdragsgjevarane adressene til stadene der det vart produsert dronar. Men produksjonen vart flytta til ein annan stad før russarane fekk tid til å bruke informasjonen. Fleire grupper av militærpersonell laut også finne seg ein annan stad å vere, ettersom adressene deira òg var overførte til Russland av far-og-son-duoen.

I dag er det hundrevis av forrædarar i ukrainske fengsel. Av omsyn til tryggleiken til desse fangane blir det kan hende ein gong i framtida bygd eit eige fengsel for dei – eit fengsel for forrædarar av fedrelandet. Faktum er at i eit vanleg fengsel kunne dei bli offer for profesjonelle kriminelle som ser på seg sjølve som Ukraina-patriotar. Men det er framleis eit spørsmål om kva ein skal gjere med desse folka når tida kjem for å setje dei fri. Vil fengsel gjere dei meir lojale til Ukraina? Vil dei ønskje å flytte til Russland etter å ha sona fengselsstraffa? Og vil Russland akseptere dei?

«Om denne gjensidige bombarderinga av oljelager og oljeraffineri held fram, kan det bli knapt med bensin til landbruket i både Ukraina og Russland.»

Dette er sjølvsagt spørsmål som høyrer ei fjern framtid til. I mellomtida er det viktigaste temaet, etter krigen, den komande våronna. Trass i krigen er Ukraina framleis ein av verdas største eksportørar av jordbruksprodukt. Men med kvar ny vår opplever ukrainske bønder og jordbruksverksemder ein aukande mangel på arbeidskraft. Det finst alt landsbyar i Ukraina der det ikkje er fysisk sterke menn att – dei er alle mobiliserte. Det er ingen til å køyre traktorar og skurtreskjarar.

For å gjere noko med dette problemet har lokale styresmakter i fleire regionar lyst ut gratis kurs i traktorkøyring for soldatkoner. Nyleg fekk sju kvinner i Kremenets-distriktet i Ternopil-regionen førarkort for traktor.

Viktoria Burisjka frå landsbyen Ploske har ein traktor og ein stor privat gard – fire hektar med jord. Tidlegare brukte mannen hennar traktoren til arbeid med jorda, men han vart mobilisert i 2022 og har vore ved fronten heile tida sidan. No er det Viktoria som gjer arbeidet på garden. Alt i alt er det 29 kvinner i Kremenets-regionen som har fått førarkort for traktor dei seinaste vekene.

No uroar alle ukrainske bønder seg for forsyning av drivstoff til landbruksmaskinar. Alle skjønar at forsyningar til militæret har førerang. Førre året var det drivstoff nok til både militæret og landbruket, og så langt har situasjonen vore den same. Men russarane har freista øydeleggje olje-, gass- og diesellager med missilåtak.

Det ukrainske militæret går òg etter russiske oljelager og oljeraffineri. I seinare tid har eit titals store russiske oljeraffineri blitt øydelagde og tvinga til å avgrense eller stogge drivstoffproduksjonen. Den russiske regjeringa har til og med stogga bensineksporten. Nokre av dei skadde fabrikkane ligg tusen kilometer frå den ukrainske grensa.

Om denne gjensidige bombarderinga av oljelager og oljeraffineri held fram, kan det bli knapt med bensin til landbruket i både Ukraina og Russland.

Men sjølvsagt treng det ukrainske militæret mindre drivstoff, ettersom det har færre pansra køyretøy og stridsvogner. Det særeigne ved russisk militærteknologi er at motorane slett ikkje er energieffektive. Den sovjetiske T-72-stridsvogna bruker opptil eit halvt tonn diesel per 100 kilometer. For kvart åtak med panserkøyretøy treng det russiske militæret titals tonn med drivstoff, som må leverast til fronten og vernast mot ukrainske droneåtak.

Russland utfører gjennomsnittleg 70 åtak per dag på ukrainske posisjonar. Det verkar som det russiske militæret ikkje har ei heldig hand med forsyningsliner for drivstoff. Russisk infanteri har nyleg gått til åtak på ukrainske forsvarsliner utan hjelp frå stridsvogner eller pansra personellkøyretøy, noko som har ført til svære tap. Likevel er kommandantane nøgde med denne taktikken. Dei veit at etter «presidentvalet» i Russland vil Putin gje ordre om auka mobilisering. Dei menneskelege ressursane i Russland er enorme, og det vil ikkje kome protestar.

Det er framleis svært få innbyggjarar frå russiske byar i det russiske militæret, og mobilisering gjeld stort sett menn som bur i rurale område der det einaste arbeidet er å finne i landbruket. Difor, til liks med Ukraina, kan vi snart vente å sjå russiske kvinner på kurs for å lære å køyre traktor og skurtreskjar. Jordbruksonnene blir ikkje stansa av krigen, men han gjer dei mykje vanskelegare.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis